Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra
Arbeiderpartiet, Jone Blikra, Tom Einar Karlsen og Marte Mjøs Persen,
fra Høyre, Liv Kari Eskeland, Trond Helleland og Erlend Larsen,
fra Senterpartiet, lederen Sigbjørn Gjelsvik, Geir Adelsten Iversen
og Geir Inge Lien, fra Fremskrittspartiet, Morten Stordalen og Frank
Edvard Sve, fra Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, og fra Venstre,
André N. Skjelstad, viser til Representantforslag 229 S (2022–2023)
fra stortingsrepresentantene Liv Kari Eskeland, Ove Trellevik, Olve
Grotle, Alfred Jens Bjørlo, Mathilde Tybring-Gjedde, Svein Harberg
og Kjell Ingolf Ropstad om utvida bruk av maritim ladeinfrastruktur.
Komiteen viser
til brev av 10. mai 2023, der den daværende statsråden foretar
en vurdering av de konkrete forslagene som ligger i representantforslaget,
samt brev av 19. september 2023, der statsråden svarer på spørsmål
fra komiteens medlemmer fra Høyre. Disse brevene følger som vedlegg
til denne innstillingen.
Komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti og Venstre, vil understreke at elektrifisering
av transportsektoren er sentralt for å nå nasjonale og internasjonale
mål for reduksjon av lokale og globale utslipp. En storstilt elektrifisering
av transport på vei, bane, sjø og i lufta krever en pålitelig og effektiv
ladeinfrastruktur. Det er viktig å se på flere grep enn landstrøm
for å redusere utslippene, og flertallet vil
understreke at elektrifisering samt god og effektiv tilgang på landstrøm
vil være de tiltakene som i vesentlig grad vil kunne bidra til å
nå målet om halvering av utslippene fra skipsfarten innen 2030.
Flertallet erkjenner
at den maritime sektoren står overfor en betydelig utfordring i
å redusere klimagassutslippene fremover. Utslippene må ned, samtidig som
det forventes at transportbehovet øker.
Flertallet er av
den oppfatning at Norge har en sterk teknologi- og kompetansebase
innen sjøfart. I kombinasjon med at offentlige myndigheter legger
forholdene til rette, er dette et solid grunnlag for videre utvikling
og verdiskaping.
Eit anna fleirtal,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Venstre,
viser til den dåverande statsråden sitt svarbrev, der han synleggjer
at tematikken og framlegga i dette representantframlegget grip inn
i fleire departement sine ansvarsområde. Dette
fleirtalet er glad for at det er lagt ned eit godt arbeid
i å forankre svaret hjå dei respektive departementa som jobbar med
desse problemstillingane.
Videre viser dette fleirtalet til
statsråden si vurdering når det gjeld trongen for å tydeleggjere
unntak frå søknadsplikta for etablering av mindre ladestasjonar
til fartøy og køyretøy, der kommunar oppfattar rundskrivet ulikt.
I svarbrevet vert det lagt opp til at ein vil vurdere trongen for
tydeleggjering og presisering. Også Kommunal- og distriktsdepartementet
ser at det kan vere trong for ei slik klargjering ved å gå gjennom gjeldande
rundskriv.
Vidare merkar dette fleirtalet seg
at departementet no har motteke «Plan for ladestasjoner for tunge kjøretøy
langs riksvei», eit arbeid igangsett av departementet med basis
i Nasjonal ladestrategi utarbeidd av regjeringa. Planen vart overlevert
frå Statens vegvesen, Nye Veier og Enova til departementet 26. juni
2023.
I dette arbeidet kom det fram at staumtilførsel
og stor nok effekt til tungbillading er ei stor utfordring, og at
det kan vere opp mot 10 års ventetid før ein får allokert tilstrekkeleg
kapasitet i nettet til ladeinfrastruktur enkelte stader. Dette fleirtalet meiner difor at den kapasiteten
som er ført fram til ferjer og hurtigbåtar, og som berre vert brukt
få timar av døgnet, bør tilgjengeleggjerast for tyngre køyretøy. Dette fleirtaleter difor glad for at
også statsråden ønskjer å sjå nærare på eit slikt alternativ. Det
kan framskunde etablering av ladeinfrastruktur for tungbil, og tida
ein står og ventar på ferje, kan nyttast til lading av dei tunge
køyretøya.
Dette fleirtalet merkar
seg at teknologiutviklinga også for skipsfarten skyt fart med omsyn
til nullutslepp. Spesielt gjeld dette nærskipsfart og for offshoreflåten.
Regjeringa har i Hurdalsplattforma varsla at dei vil stille krav til
offshore supplyskip om å ha nullutslepp i 2030. Skal ein få det
til, må infrastrukturen på land vere på plass. Vidare merkar dette fleirtalet seg det arbeidet departementet
har sett i gang gjennom oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 831 (2020–2021),
der Stortinget har bedt regjeringa om å legge fram ein nasjonal
plan for å gjere land- og ladestraum, hydrogen, ammoniakk og andre
grøne drivstoff tilgjengelege, jf. Innst. 338 S (2020–2021).
Et tredje flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Senterpartiet, viser til
statsråden sine svarbrev. Dette flertallet registrerer
at statsråden tilkjennegir at det er et behov for å tydeliggjøre
unntak fra søknadsplikt for etablering av mindre ladestasjoner for
fartøy og kjøretøy, da dette i flere kommuner oppleves som uklart
i dagens retningslinjer og rundskriv.
Dette flertallet viser
til at statsråden er enig i at det i noen tilfeller trolig er hensiktsmessig
at ladeinfrastruktur, som i utgangspunktet er reservert for én eller
et fåtall brukere, gjøres tilgjengelig for flere.
Et fjerde flertall,
medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti
og Venstre, fremmer følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringa sette
i gang eit arbeid der ein vurderer korleis og på kva måte infrastruktur
på land for etablerte elektriske ferjer eller andre maritime fartøy
kan gjerast tilgjengeleg for annan sjø- og landtransport, gjerne
gjennom kommersielle lade- og landstraumaktørar.»
«Stortinget ber regjeringa sikre
at det for komande offentlege anbod for kommersielle ferjer og hurtigbåtar blir
vurdert korleis el-infrastrukturen kan tilgjengeleggjerast for andre
brukarar, og stille krav om dette i dei komande anboda.»
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet vil påpeke at krav om
at el-infrastrukturen for ferjer og hurtigbåter skal gjøres tilgjengelig
for andre brukere i forbindelse med offentlige anbud, må vurderes
nærmere før det innarbeides. Både fordeling av merkostnader og behov
for større areal knyttet til lading av større kjøretøy er noe som
må avklares nærmere.
Medlemene i
komiteen frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Venstre fremjar
følgjande framlegg:
«Stortinget ber regjeringa utarbeide
retningslinjer som klargjer handlingsrommet kommunane har til å inngå
leigeavtalar der kommunen er grunneigar, ved neste oppdatering av
rettleiaren.»
«Stortinget ber regjeringa vurdere
om det bør stillast krav om at nye bustads- og næringsprosjekt som
vert etablerte i strandsona, skal leggje til rette for landstraum
og lading av elbåtar der det også vert etablert kaianlegg.»
«Stortinget ber regjeringa greie
ut høve til å stille krav om ladeinfrastruktur til nye marinaer
over ein viss storleik, samt ombygging av eksisterande marinaer,
slik at elektrisk ladeinfrastruktur vert gjort tilgjengeleg for eit
visst minimum av el-fritidsbåtar.»
«Stortinget ber regjeringa intensivere
arbeidet med å få bygd ut landstraum og annan infrastruktur som
er naudsynt for å nå målet om nullutslepp frå offshoreflåten innan
2030.»
«Stortinget ber regjeringa intensivere
arbeidet med å byggje ut landstraum og ladestraum i relevante fiskerihamner
og hamner som ofte blir nytta av fiskeflåten. Utbygginga av landstraum
må, der det er mogeleg, vareta også andre brukarar, som t.d andre
fartøy, elbilar m.m.»
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Sosialistisk Venstreparti vil peke på det viktige
potensialet som ligger i fleksibel sambruk av infrastruktur i havnene,
som vil kunne gi kostnadseffektiv drift og god utnyttelse av tilgjengelig
energi for flere næringer. Ladeanlegg for ferger og annen kollektivtrafikk
må kunne benyttes av flere brukere i havna, og tilskudd til etablering må
medføre betingelser om dette. Eierskap må kunne overføres etter
en tid, f.eks. når et transportselskap har fullført en anbudsperiode.
Det må sikres en viss offentlig styring, og viktig infrastruktur
må ikke privatiseres slik at det hindrer allmenn tilgang til ladeanlegg
i havner og på parkeringsplasser. Det må også stilles krav om enkle
og sikre betalingsløsninger for ladeanlegg.
Et annet eksempel på felles utnyttelse av grønn
infrastruktur i havner og parkeringsanlegg er som en backup-funksjon
for bedrifter og institusjoner når ordinær strømtilførsel svikter.
Store elfartøy som ligger i havna, har kapasitet til å forsyne landsiden
med strøm i et antall timer i krisetilfeller. Det samme kan en flåte
med store elektriske kjøretøy gjøre. Dette er lite utprøvd enda,
men blir en viktig ressurs å ha med i lokal kriseberedskap.
Medlemene i
komiteen frå Høgre og Venstre fremjar også følgjande framlegg:
«Stortinget ber regjeringa gå gjennom
rundskrivet ‘H-4/21 Etablering av ladepunkter og ladestasjoner for elektrisk
drevne kjøretøy (elbiler) og fartøy med batterielektrisk fremdrift
– forholdet til plan- og bygningsloven mv.; der formålet er å liste
opp kva tiltak som er fritekne frå søknadsplikt, slik at dette blir
klarare for kommunane. Ladeanlegg for fartøy og køyretøy må nemnast
direkte som eit tiltak unnateke søknadsplikt i byggjesaksforskrifta
(SAK 10), slik at ein sikrar lik tolking og bruk av regelverket
i alle kommunar.»
Desse medlemene merkar
seg at kommersielle aktørar opplever at kommunar har varierande
kompetanse og kunnskap når det gjeld etablering av ladeinfrastruktur,
leigeavtalar osv. på kommunal grunn, og at det vert brukt mykje
tid på å avklare leigeforhold mellom kommunen og dei respektive
aktørane. Desse medlemene merkar seg
vidare at også statsråden i svarbrevet sitt vedgår at generell rettleiing
om utleige av areal ikkje alltid vil kunne svare på konkrete problemstillingar som
ein kommune står overfor. Vidare merkar desse medlemene seg
at Nærings- og fiskeridepartementet har utarbeidd ein rettleiar
som er tilgjengeleg på departementet sine nettsider, men at departementet
er opent for å ta inn meir spesifikk rettleiing om utleige av areal
i han ved framtidige oppdateringar. Dette omfattar også høve der
ladeoperatørar inngår typisk leigeavtale, og der grunneigar blir
kompensert økonomisk med fast leige eller som del av omsetning.
Desse medlemene merkar
seg vidare at statsråden ikkje ser at det er naudsynt å stille krav
om ladeanlegg for fartøy for bustads- og næringsbygg etablerte i strandsona,
ettersom plan- og bygningslova ikkje set krav om etablering av båtplassar. Desse medlemene meiner at i den grad
det vert lagt til rette for kaiareal langs slike bygg, vil det vere
naturleg å sjå for seg at også små og større båtar vil nytte kaiarealet
til landligge. På same måte som at bustader og næringsbygg legg
til rette for lading av personbilar og næringstransport, vil tilsvarande bygg
lokalisert ved sjøen, der det også vert etablert kaianlegg, på sikt
få etterspørsel etter land- og ladestraum når person- og nyttetrafikk
på sjøen etter kvart får krav om å vere utsleppsfri. Det er difor
av interesse å få vurdert korleis eit krav om innføring av land-
og ladestraum kan implementerast der det vert lagt til rette for
kaianlegg i forbindelse med bustads- og næringsbygg i strandsona.
Desse medlemene merkar
seg vidare at krav til elektriske anlegg ikkje er omfatta av plan-
og bygningslova, men at kommunen har heimel i plan- og bygningslova for
å stille krav om ladepunkt både i arealdelen av kommuneplanen og
i reguleringsplanen for nye marinaer. Videre merkar desse medlemene seg at med basis i forbodet i
Grunnlova § 97 mot å gje lover tilbakeverkande kraft er det ikkje
høve til å stille krav om dette i eksisterande marinaer. Dette kan
likevel gjerast dersom det vert søkt om endring av marinaen, f.eks.
ved ombygging eller utviding.
Desse medlemene merkar
seg at statsråden også legg vekt på at det er nokre praktiske omsyn
som må på plass, som plassering av bilar på kaiarealet mv., men desse medlemene ser at dette også kan
løysast med innovativ produktutvikling dersom det vert opna for
å ta i bruk kapasiteten på straum og effekt som i dag er reservert
for ferjer og hurtigbåtar. Desse medlemene understrekar
at dei maritime farkostane har første-rett til lading når dei ligg
til kai, men at tungtransporten kan nytte effekten når fartøya siglar.
Likevel ser desse medlemene at
etablering av lade- og landstraum er eit nødvendig signal til den
maritime næringa om å sikre at ein effektiv infrastruktur vil bli
prioritert frå regjeringa si side. Det hastar difor med å få dette
etablert der slike fartøy har sine naturlege hamner og landligge.
Komiteens medlemmer
fra Fremskrittspartiet mener at når det politiske flertallet
arbeider for å flytte det meste av transportsektoren over på kraftnettet,
må det også være et offentlig ansvar å sørge for tilstrekkelig ladeinfrastruktur,
slik at bruk av transportmidler blir praktisk mulig i hele landet. Disse medlemmer mener det er uakseptabelt
at det politisk gjøres vedtak om elektrifisering, mens det pålegges
private aktører å sørge for etablering av ladeinfrastruktur.
Disse medlemmer mener
det er grunn til å påpeke at alle elektrifiseringsprosjektene som
ønskes gjennomført, innebærer en høy risiko, særlig for husholdninger
og næringsvirksomhet. Det er i flere sektorer umoden teknologi med
svak brukervennlighet sammenliknet med konvensjonell teknologi. Disse medlemmer vil advare mot innføring
av et politisk teknologimonopol. Disse medlemmer vil
ha konkurranse mellom flere teknologier om å gi husholdninger og næringsliv
de meste brukervennlige løsningene.
Disse medlemmer mener
videre at det må være samsvar mellom kraftproduksjon og forbruk
av strøm. Når stadig nye sektorer skal inn på strømnettet uten at produksjonen
øker, innebærer det at landets tidligere fortrinn med lave kraftpriser
vil bli tapt permanent. Disse medlemmer vil
advare mot at det politisk besluttes ukritisk forbruksøkning uten
samtidig å legge til rette for ny kraftproduksjon også på kort sikt.
Komiteens medlemmer
fra Sosialistisk Venstreparti og Venstre ønsker å slå fast
at transportsektoren står for om lag en tredjedel av alle klimagassutslippene
i Norge, og disse skal halveres innen 2030. Vi trenger å få fart
på det grønne skiftet med utslippskutt og avkarbonisering av Norge.
Skal man få til dette, trengs det en radikal endring i alle deler
av transportsektoren, også sjøfarten. Infrastruktur med ladeanlegg vil
i denne sammenhengen bli svært viktig.
Disse medlemmer mener
at utvikling av klimavennlig teknologi og innfasing av denne for
å skape grønn omstilling i næringslivet krever samhandling i en grønn
verdikjede. I likhet med forslagsstillerne mener disse
medlemmer at kommunen som havnemyndighet skal regulere areal
og godkjenne tiltak i havna. Her må det likevel presiseres at ladeanlegg
må anses som et nødvendig teknisk anlegg på parkeringsplasser, i havner
og i kaianlegg. Videre må det avklares hvordan infrastruktur for
elektrifisering enkelt kan etableres i samarbeid med kommunene,
uten omfattende saksbehandling i enkeltsaker. Uten forenkling av
regelverk og saksbehandling for ladeanlegg og samtidig styrking
av økonomiske incentiver som letter etableringsfasen, vil ikke omlegging
til utslippsfri sjøtransport og landtransport kunne skje. Dermed
går Norge glipp av en fremtidsrettet utvikling med lave klimautslipp
og viktig innovasjon med grønn teknologi langs kysten.
Disse medlemmer vil
derfor slå fast at juridiske spørsmål og formaliteter i plan- og
byggesaksbehandling i kommunene må avklares raskt, og enklere rutiner må
på plass. Dagens praksis er en barriere for å nå målene om 55 pst.
utslippskutt innen 2030. Det er svært viktig at saksbehandling av
godkjenning av ladeanlegg forenkles og bidrar til rask etablering
av ladekapasitet med god lokal utnytting av energi og infrastruktur.
Komiteens medlem
fra Sosialistisk Venstreparti mener grønn kompetanse må utvikles
lokalt, ikke bare kjøpes fra store konsulentselskap.
Dette medlem mener
at Kystverket, som har ansvar for farledstiltak, også bør få et
tydeligere ansvar for å medvirke til tilrettelegging av nødvendig
infrastruktur for utslippsfrie havner og farleder.
Dette medlem er
bekymret for at det blir en for rask og sterk privatisering av grønn
infrastruktur. Dette kan f.eks. motvirkes med krav om allmenn tilgjengelighet
og/eller kommunal overtakelse etter en tid. Her kan det være naturlig
å se nærmere på offentlig-privat samarbeid (OPS) for å få bygd kostbare
anlegg også når kommunen har dårlig økonomi.
I tillegg mener dette
medlem at tilskudd til etablering av ladeanlegg og annen infrastruktur
i havnene må styrkes og tilpasses det faktiske behovet. Nå er det stort
press i en kritisk utbyggingsfase, og det er viktig at flere aktører
kommer i gang, hvis klimamålene skal nås. Det ligger et stort potensial
i samhandling og sambruk, og tilskudd må ikke baseres kun på antall
kWh kapasitet på ladeanlegg. Like viktig er det at flere små strømbrukere
har en jevn og balansert bruk av ladeanlegg ut fra kapasiteten i
strømnettet for det aktuelle området.