Søk

Bakgrunn

Etter lov 18. juni 2021 nr. 121 om Stortingets ombud for kontroll med forvaltningen (sivilombudsloven) § 2 første ledd oppnemner Stortinget, med minst to tredjedels fleirtal, sivilombodet for ein periode på fire år.

Det følgjer av sivilombudsloven § 30 at sivilombodet må ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Sivilombodet må også tilfredsstille høge krav til faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar og ha betydeleg relevant erfaring. Sivilombodet kan ikkje vera medlem av Stortinget.

Førre val vart gjort 22. oktober 2019, jf. Innst. 20 S (2019–2020) om valg av Stortingets ombudsmann for forvaltningen. Stortinget valde då Hanne Harlem til nytt sivilombod etter Aage Thor Falkanger. Harlem tiltredde vervet 1. februar 2020.

Sivilombudsloven § 35 andre ledd første punktum har ei overgangsføresegn som tyder at Hanne Harlem er sivilombod i fire år frå ho vart oppnemnd, uavhengig av valperioden. Ho kan utnemnast for éin ny periode, og det er ikkje krav om kunngjering av vervet ved gjenoppnemning, jf. § 2 andre ledd andre punktum i lova.