Innstilling frå Stortingets presidentskap om gjenoppnemning av Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga

Dette dokument

  • Innst. 36 S (2023–2024)
  • Utgiver: Stortingets presidentskap
  • Sidetall: 1
Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

Etter lov 18. juni 2021 nr. 121 om Stortingets ombud for kontroll med forvaltningen (sivilombudsloven) § 2 første ledd oppnemner Stortinget, med minst to tredjedels fleirtal, sivilombodet for ein periode på fire år.

Det følgjer av sivilombudsloven § 30 at sivilombodet må ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Sivilombodet må også tilfredsstille høge krav til faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar og ha betydeleg relevant erfaring. Sivilombodet kan ikkje vera medlem av Stortinget.

Førre val vart gjort 22. oktober 2019, jf. Innst. 20 S (2019–2020) om valg av Stortingets ombudsmann for forvaltningen. Stortinget valde då Hanne Harlem til nytt sivilombod etter Aage Thor Falkanger. Harlem tiltredde vervet 1. februar 2020.

Sivilombudsloven § 35 andre ledd første punktum har ei overgangsføresegn som tyder at Hanne Harlem er sivilombod i fire år frå ho vart oppnemnd, uavhengig av valperioden. Ho kan utnemnast for éin ny periode, og det er ikkje krav om kunngjering av vervet ved gjenoppnemning, jf. § 2 andre ledd andre punktum i lova.

Merknader frå presidentskapet

Hanne Harlem har på førespurnad erklært seg villig til å verta oppnemnd for ein ny fireårsperiode. Presidentskapet tilrår oppnemning av det noverande ombodet.

Tilråding frå presidentskapet

Tilrådinga vert fremja av eit samla presidentskap.

Presidentskapet viser til ovanståande og rår Stortinget til å gjera følgjande

vedtak:

Til Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga for tidsrommet 1. februar 2024–1. februar 2028 vert oppnemnd: Hanne Harlem.

Oslo, i Stortingets presidentskap, den 26. oktober 2023

Masud Gharahkhani

Svein Harberg

Nils T. Bjørke

Morten Wold

Kari Henriksen

Ingrid Fiskaa