Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Samtykke til godkjenning av endringar av 30. september 2015 og 26. september 2018 i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk
Dette dokument
- Innst. 415 S (2022–2023)
- Kildedok: Prop. 70 LS (2022–2023)
- Utgiver: transport- og kommunikasjonskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
1. Sammendrag
1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Det blir i proposisjonen lagt fram forslag om endringar i lov 10. desember 2004 nr. 82 om Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk (COTIF-lova).
Endringane skal bringe regelverket under Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk av 9. mai 1980 (COTIF) i samsvar med regelverk i EU og EØS-avtala om sikkerheit og tekniske forhold på jernbaneområdet og gjer teksten i overeinskomsten meir tilgjengeleg og oppdatert.
På den 12. generalforsamlinga i organisasjonen 29. –30. september 2015 og den 13. generalforsamlinga 25.–26. september 2018 vart det vedtatt endringar i COTIF. Nytt vedlegg H, som vart vedtatt på den 13. generalforsamlinga, gjer det naudsynt å endre COTIF-lova. I og med at denne endringa i overeinskomsten gjer det naudsynt å endre lova, er det òg naudsynt med Stortinget sitt samtykke til å godkjenne endringane i medhald av Grunnlova § 26 andre ledd.
Lovframlegget reiser etter departementet sitt syn få prinsipielle spørsmål av noko særleg omfang. Endringane er i tråd med norsk jernbanepolitikk gjennom ei årrekkje under skiftande regjeringar og bidreg til å styrke dei internasjonale jernbanesambanda i Europa, Asia og Afrika. Nasjonale myndigheiter i Noreg vil halde fram med å utøve myndigheit og treffe vedtak med verknad for Noreg på same måte som før ved etterleving av COTIF.
Endringane i COTIF i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
1.2 Omtale av endringar i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk
COTIF arbeider kontinuerleg for å fornye og oppdatere regelverket i COTIF i takt med den teknologiske utviklinga, utviklinga av anna relevant regelverk og andre endringar i samfunnsutviklinga, slik at det er harmoniserte og oppdaterte rammevilkår for internasjonal jernbanetransport. Endringane som er omtala i proposisjonen, bidreg til denne harmoniseringa.
Medan EU sitt regelverk har utvikla seg raskt dei siste tiåra, særleg med tanke på forenkling og samordning av det tekniske og sikkerheitsmessige regelverket for å oppnå eit felles europeisk jernbaneområde, vart det tilsvarande regelverket under COTIF ikkje tilsvarande oppdatert. Denne utviklinga førte til at det gjaldt ulike reglar om vilkår for å ta i bruk jernbanekøyretøy og for sikkerheitssertifisering av togselskap etter COTIF og EU/EØS-regelverket. Dette førte til ulike rammevilkår for å utføre internasjonale jernbanetransporttenester innanfor EU/EØS og COTIF sitt område. Ein god del av OTIF sine medlemsstatar følgjer òg EU/EØS-lovgiving på det tekniske og sikkerheitsmessige området. Det var difor ønskeleg for OTIF å samordne desse regelsetta på ein effektiv måte, utan å endre monaleg det juridiske rammeverket som gjeld innanfor COTIF sitt verkeområde. Ein har difor ikkje endra teksten i overeinskomsten og vedlegga i større omfang enn det som var naudsynt for å oppnå tilstrekkeleg rettsharmoni, og på ein slik måte at regelverket under COTIF ikkje har nye folkerettslege konsekvensar for medlemsstatane. Det er t.d. ikkje lagt opp til noka overnasjonal myndigheitsutøving tilsvarande som for EU sitt jernbanebyrå. Endringane som vart vedtekne på den 12. og 13. generalforsamlinga, vil syte for eit moderne og harmonisert teknisk og sikkerheitsmessig regelverk innanfor både EU/EØS og COTIF sitt verkeområde. Desse endringane vil styrke vilkåra for internasjonal jernbanetransport, særleg over lengre avstandar utover EU/EØS.
Dei materielle endringane som er omfatta av proposisjonen, går i hovudsak ut på å innføre ordningar som allereie gjeld i Noreg etter EØS-avtala. Dei viktigaste endringane er:
-
Ny artikkel 3 § 2 i COTIF slår fast at plikter etter COTIF for medlemsstatar som òg er partar i EØS-avtala, ikkje går føre pliktene deira etter EØS-avtala. Denne endringa speglar innhaldet i tiltredingsavtala til EU. Same avtale artikkel 11 omtalar høve der tredjeland – som Noreg i denne samanhengen – som brukar det same regelverket som EU etter avtale med EU og tredjelandet, erklærer at dei pliktene som går fram av avtala med EU, går føre dei som følgjer av COTIF når dei er i motstrid med kvarandre. Det betyr at plikter etter COTIF for medlemsstatar som òg er partar i EØS-avtala, ikkje går føre pliktene deira som følgjer av EØS-avtala.
-
Nytt vedlegg H til overeinskomsten, einskaplege rettsreglar om sikker togdrift i internasjonal trafikk (EST): Det er dette nye vedlegg H som krev lovendring for å bli ein del av intern norsk rett. Det gjeld allereie reglar i Noreg med eit tilsvarande materielt innhald etter jernbanelovgivinga. Dette omfattar krav til sikkerheitssertifikat for jernbaneføretak, krav til sikkerheitsstyring av togdrifta og reglar om utøving av myndigheit og tilsyn.
-
For øvrig er endringane i hovudsak tidsriktige oppdateringar av teksten i overeinskomsten og einskilde vedlegg og endringar av redaksjonell art.
Endringane i sjølve overeinskomsten vil etter artikkel 34 § 2 tre i kraft 12 månader etter at 2/3 av medlemsstatane har godtatt endringane. Det er framleis ikkje eit tilstrekkeleg tal på medlemsstatar som har godteke desse endringane, og tidspunktet for ikrafttreding av desse endringane er difor uvisst.
2. Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jone Blikra, Kirsti Leirtrø og Nils Kristen Sandtrøen, fra Høyre, Liv Kari Eskeland, Trond Helleland og Erlend Larsen, fra Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen, Geir Inge Lien og lederen Erling Sande, fra Fremskrittspartiet, Morten Stordalen og Frank Edvard Sve, fra Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, og fra Venstre, André N. Skjelstad, viser til Prop. 70 LS (2022–2023) om endringer i lov om Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk (COTIF-lova) og samtykke til godkjenning av endringer av 30. september 2015 og 26. september 2018 i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk.
I denne innstillingen behandles spørsmålet om Stortingets samtykke til godkjenning av endringene av 30. september 2015 og 26. september 2018 i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk.
Komiteen viser videre til at det i proposisjonen foreslås endringer i lov om Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk (COTIF-loven). Disse endringene behandles i Innst. 414 L (2022–2023).
Komiteen viser til at de foreslåtte endringene skal bringe gjeldende regelverk under Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk av 9. mai 1980 (COTIF) i samsvar med regelverket i EU og EØS-avtalen om sikkerhet og tekniske forhold på jernbaneområdet samt gjøre teksten mer tilgjengelig og oppdatert.
Komiteen vil understreke at endringene er i tråd med norsk jernbanepolitikk gjennom en årrekke under skiftende regjeringer og vil bidra til å styrke internasjonal jernbanetrafikk i Europa, Asia og Afrika.
Komiteen tilrår at Stortinget samtykker i godkjenning av endringer av 30. september 2015 og 26. september 2018 i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, viser til at det i proposisjonen fremheves at de endringene som er gjort i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk, vil styrke vilkårene for internasjonal jernbanetrafikk, og at Norge har stemt for disse endringene på COTIF sine generalforsamlinger i 2015 og 2018.
Flertallet understreker at det allerede gjelder regler i Norge med tilsvarende materielt innhold som det som beskrives i nytt vedlegg til overenskomsten, men at den foreslåtte lovendringen er nødvendig for at det nye vedlegget til overenskomsten skal bli del av intern norsk rett.
Flertallet oppfatter det som riktig og nødvendig å samtykke i godkjenning av endringene som er foreslått i overenskomsten og som en konsekvens av det den foreslåtte endringen av loven.
Flertallet understreker at disse endringene er i tråd med norsk jernbanepolitikk i en årrekke under skiftende regjeringer, da den ikke legger opp til noen overnasjonal myndighetsutøvelse.
3. Uttalelse fra utenriks- og forsvarskomiteen
Transport- og kommunikasjonskomiteen avga den 11. mai 2023 foreløpig innstilling til saken. Innstillingen ble sendt utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse. Utenriks- og forsvarskomiteen svarer i sitt brev datert 16. mai 2023 følgende:
«Utenriks- og forsvarskomiteen viser til transport- og kommunikasjonskomiteens utkast til innstilling vedrørende Prop. 70 LS (2022–2023) Samtykke til godkjenning av endringar av 30. september 2015 og 26. september 2018 i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk, og har ingen ytterligere merknader.»
4. Komiteens tilråding
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende
Stortinget samtykker i godkjenning av endringer av 30. september 2015 og 26. september 2018 i Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk.
Erling Sande |
Jone Blikra |
leder |
ordfører |