Hovudinnhaldet i proposisjonen
I proposisjonen blir det lagt fram forslag til endringar
i lov 10. desember 2004 nr. 82 om Overenskomst om internasjonal
jernbanetrafikk (COTIF-lova).
Endringane skal bringe regelverket under Overenskomst
om internasjonal jernbanetrafikk av 9. mai 1980 (COTIF) i samsvar
med regelverk i EU og EØS-avtala om sikkerheit og tekniske forhold
på jernbaneområdet og gjer teksten i overeinskomsten meir tilgjengeleg
og oppdatert.
COTIF etablerer den mellomstatlege organisasjonen
for internasjonal jernbanetrafikk (OTIF). Den har eksistert sidan
1893 og har for tida 51 medlemsstatar i Europa, Asia og Afrika og
eitt assosiert medlem. I tillegg er EU medlem. Organisasjonen arbeider
med å fremje, forbetre og forenkle internasjonal jernbanetransport.
OTIF syter for juridisk og teknisk samtrafikk
for internasjonal jernbanetransport, i nært samarbeid med EU, EU
sitt jernbanebyrå, Den internasjonale jernbanetransportkomiteen
(CIT), Den internasjonale jernbaneunionen (UIC) mfl. OTIF administrerer
regelverk for internasjonal transport av personar og gods, jamvel
farleg gods.
Noreg har tatt del i OTIF sitt arbeid med å
forberede regelendringane som er omfatta av denne proposisjonen,
og stemte for dei framlagte endringane på 12. og 13. generalforsamling
i 2015 og 2018. For at desse endringane skal kunne tre i kraft,
må 2/3 av medlemsstatane godkjenne endringane. Etter artikkel 34
§ 2 i COTIF trer endringar i sjølve overeinskomsten i kraft tolv
månader etter at 2/3 av medlemsstatane har godkjent dei. Det er framleis
ikkje eit tilstrekkeleg tal på medlemsstatar som har godteke desse
endringane, og tidspunktet for ikrafttreding av desse endringane
er difor uvisst.
Nytt vedlegg H, som vart vedtatt på den 13.
generalforsamlinga, gjer det naudsynt å endre COTIF-lova. I og med
at denne endringa i overeinskomsten gjer det naudsynt å endre lova,
er det òg naudsynt med Stortinget sitt samtykke til å godkjenne
endringane i medhald av Grunnlova § 26 andre ledd.
Lovframlegget reiser etter departementet sitt
syn få prinsipielle spørsmål av noko særleg omfang. Endringane er
i tråd med norsk jernbanepolitikk gjennom ei årrekkje under skiftande
regjeringar og bidreg til å styrke dei internasjonale jernbanesambanda
i Europa, Asia og Afrika. Nasjonale myndigheiter i Noreg vil halde
fram med å utøve myndigheit og treffe vedtak med verknad for Noreg
på same måte som før ved etterleving av COTIF.