Søk

Sammendrag

Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen blir det lagt fram forslag til endringar i lov 10. desember 2004 nr. 82 om Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk (COTIF-lova).

Endringane skal bringe regelverket under Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk av 9. mai 1980 (COTIF) i samsvar med regelverk i EU og EØS-avtala om sikkerheit og tekniske forhold på jernbaneområdet og gjer teksten i overeinskomsten meir tilgjengeleg og oppdatert.

COTIF etablerer den mellomstatlege organisasjonen for internasjonal jernbanetrafikk (OTIF). Den har eksistert sidan 1893 og har for tida 51 medlemsstatar i Europa, Asia og Afrika og eitt assosiert medlem. I tillegg er EU medlem. Organisasjonen arbeider med å fremje, forbetre og forenkle internasjonal jernbanetransport.

OTIF syter for juridisk og teknisk samtrafikk for internasjonal jernbanetransport, i nært samarbeid med EU, EU sitt jernbanebyrå, Den internasjonale jernbanetransportkomiteen (CIT), Den internasjonale jernbaneunionen (UIC) mfl. OTIF administrerer regelverk for internasjonal transport av personar og gods, jamvel farleg gods.

Noreg har tatt del i OTIF sitt arbeid med å forberede regelendringane som er omfatta av denne proposisjonen, og stemte for dei framlagte endringane på 12. og 13. generalforsamling i 2015 og 2018. For at desse endringane skal kunne tre i kraft, må 2/3 av medlemsstatane godkjenne endringane. Etter artikkel 34 § 2 i COTIF trer endringar i sjølve overeinskomsten i kraft tolv månader etter at 2/3 av medlemsstatane har godkjent dei. Det er framleis ikkje eit tilstrekkeleg tal på medlemsstatar som har godteke desse endringane, og tidspunktet for ikrafttreding av desse endringane er difor uvisst.

Nytt vedlegg H, som vart vedtatt på den 13. generalforsamlinga, gjer det naudsynt å endre COTIF-lova. I og med at denne endringa i overeinskomsten gjer det naudsynt å endre lova, er det òg naudsynt med Stortinget sitt samtykke til å godkjenne endringane i medhald av Grunnlova § 26 andre ledd.

Lovframlegget reiser etter departementet sitt syn få prinsipielle spørsmål av noko særleg omfang. Endringane er i tråd med norsk jernbanepolitikk gjennom ei årrekkje under skiftande regjeringar og bidreg til å styrke dei internasjonale jernbanesambanda i Europa, Asia og Afrika. Nasjonale myndigheiter i Noreg vil halde fram med å utøve myndigheit og treffe vedtak med verknad for Noreg på same måte som før ved etterleving av COTIF.