Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra
Arbeiderpartiet, Rune Støstad, Siri Gåsemyr Staalesen, Terje Sørvik
og lederen Lene Vågslid, fra Høyre, Mudassar Kapur, Anne Kristine
Linnestad og Mari Holm Lønseth, fra Senterpartiet, Heidi Greni,
Kathrine Kleveland og Kari Mette Prestrud, fra Fremskrittspartiet,
Helge André Njåstad og Erlend Wiborg, fra Sosialistisk Venstreparti,
Birgit Oline Kjerstad, og fra Rødt, Tobias Drevland Lund,
viser til at i denne innstillingen behandles Representantforslag
210 S (2022–2023) om reform av UNE. Forslaget er fremmet av representanter
fra Sosialistisk Venstreparti. Komiteen viser
til at det i representantforslaget fremmes fire forslag. Komiteen viser til avholdte høring 27. april 2023,
hvor tre høringsinstanser deltok. Komiteen viser
videre til statsråd Emilie Mehls vurderinger av representantforslaget
i svarbrev til komiteen av 26. april 2023. Brevet følger vedlagt
denne innstillingen.
Komiteens medlemmer
fra Høyre viser til at regjeringen Solberg gjorde en rekke
endringer for å bedre rettssikkerheten i Utlendingsnemnda. Blant
annet ble det forskriftsfestet at det som hovedregel skal gis rett
til innsyn i saksfremstillingen i merknader fra sekretariatet som
er utarbeidet til et nemndmøte, og at rapporter eller vurderinger
som er utarbeidet av Landinfo i anledning den konkrete saken, som
hovedregel skal fremlegges for utlendingen.
Komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Senterpartiet, har merket
seg at Utlendingsnemnda i 2022 hadde en økt andel tapssaker i domstolene.
Dette har sammensatte årsaker, for eksempel knyttet til prinsippavklaring
av saker. Flertallet mener det er viktig
at regjeringen følger nøye med på utviklingen i tapstallene i domstolene
over tid, og eventuelt vurderer behovet for å sette inn tiltak for
å snu utviklingen. Det er viktig for å sikre at utlendingsmyndighetene
har høy tillit.
Komiteens medlemmer
fra Fremskrittspartiet mener en rask og rettferdig asylprosess
er viktig, både for samfunnet og ikke minst for den enkelte søker.
Dagens system fører i mange tilfeller til en altfor lang prosess
før en asylsøknad får en endelig avklaring. Dagens system legger
også i for stor grad til rette for trenering av søknader. Disse medlemmer viser til Fremskrittspartiets
tidligere forslag om å endre asylsystemet slik at det blir tilpasset
dagens samfunn. Asylinstituttet ble etablert for å sikre en trygg
havn for enkelte dissidenter i totalitære samfunn, ikke for å håndtere millioner
av migranter. Disse medlemmer mener man
derfor bør se på hele asylsystemet, ikke kun UNE.
Medlemene
i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt meiner alle
i Noregs langstrekte land må sikrast rettstryggleik. Desse medlemene viser til at formålet
med å opprette av Utlendingsnemnda (UNE) var å sikre rettstryggleiken
til den enkelte ved å handsame klager i utlendingssaker og statsborgarsaker. Desse medlemene merkar seg likevel at
dei færraste får legge fram saka si munnleg og direkte for UNE,
noko som svekker høvet til kontradiksjon. Vidare er det i praksis
ofte ein nemndleiar som eine og aleine handsamar klagene. Desse medlemene viser til at UNE tapa
nesten halvparten av sakene som vart prøvde for retten i 2022. På
denne bakgrunnen meiner desse medlemene at
det er grunnlag for å stille spørsmål ved kor korrekte vedtak UNE
fattar etter dagens ordning. Desse medlemene viser
til at ei rekkje rapportar og utgreiingar viser behovet for endringar
i UNE, så som NOU 2017:8. Etter mange år med rettmessig kritikk
meiner desse medlemene at det er på
tide med ei reform av UNE.
Desse medlemene meiner
at retten til kontradiksjon og munnleg høyring bør styrkast gjennom
ein topartsprosess. Ein topartsprosess inneber at UDI og asylsøkaren
begge møter i nemnda som motpartar. Slik vert det mogleg å stille
UDI spørsmål om avslag både av nemnda, asylsøkaren og advokaten. Desse medlemene viser til høyringsinnspelet
frå NOAS, der det vert understreka at moglegheita til å motseie
forvaltinga er viktig for å styrke rettstryggleiken til den enkelte,
så vel som for å oppklare misforståingar og få fram naudsynt informasjon,
slik at det påfølgjande vedtaket vert rett. Som NOAS påpeikar, er
dette særleg alvorleg på eit saksområde der konsekvensane av eit
urett vedtak i verste fall kan vere fatale. Ein topartsprosess er
særleg viktig i saker med stor tvil. Desse
medlemene meiner topartsprosess er særleg viktig i saker med
stor tvil, i saker der truverdet står i sentrum, og i saker som
omfattar konvertittar eller skeive.
Desse medlemene viser
til at berre 7 prosent av asylsøkarane fekk høve til å forklare
seg munnleg for UNE i 2022. I andre typar saker er det berre om
lag 1 prosent av klagarane som får dette høvet. Desse
medlemene viser til Redd Barna sitt høyringsinnspel og FNs barnekonvensjon,
som legg til grunn at barn i langt større grad må få høve til å
verte høyrt munnleg og direkte.
Desse medlemene viser
til utlendingslova § 78, som fastslår at det berre er saker som
«ikke byr på vesentlige tvilsspørsmål» som kan avgjerast av nemndleiar
aleine. Likevel vart berre 4,7 prosent av sakene i UNE handsama
i nemndmøte i 2022, og berre 3,5 prosent fekk forklare seg munnleg. Desse medlemene viser til høyringsinnspelet
frå Jussbuss, som erfarer at «saker som burde anses for å by på
vesentlige tvilsspørsmål etter utlendingsforskrifta § 16-9 behandles
av nemndleder alene». Desse medlemene meiner
at terskelen for når det skal haldast nemndmøte, bør senkast i utlendingsforskrifta,
slik at fleire får høve til å forklare seg munnleg.
Desse medlemene viser
til statsråden sitt svarbrev datert 26. april 2023, der det vert
påpeika at reglane om nemndmøte er «ment å gi en fornuftig balanse
mellom hensynet til tidsbruk, kostnader, rettssikkerhet og tillit».
Statsråden viser til ein gjennomsnittleg meirkostnad for nemndmøter
med personleg frammøte på 53 000 kroner. Desse
medlemene meiner Noreg kan bruke 53 000 kroner for å sikre
rettstryggleiken for den einskilde asylsøkaren, og at det strengt
tatt er ein låg sum å betale i dei tilfella der feil vedtak fører
til fatale konsekvensar for den enkelte. Desse
medlemene meiner at når UNE tapar halvparten av sakene som
vert prøvde for retten, så står tilliten til klageinstansen openbert
på spel.
På dette grunnlaget fremjar desse
medlemene følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa fremje
forslag om å innføre ein topartsprosess i Utlendingsnemnda.»
«Stortinget ber regjeringa senke
terskelen i utlendingsforskrifta slik at fleire asylsøkarar får
høve til å forklare seg munnleg.»
«Stortinget ber regjeringa kome tilbake
med forslag om meir rettshjelp til asylsøkarar i tråd med tilrådingar frå
rettshjelpsutvalet.»
«Stortinget ber regjeringa sørge
for at det vert innført relevante kompetansekrav som vilkår for
å vere nemndmedlem i UNE.»