Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Mani Hussaini, Stein Erik Lauvås, Linda Monsen Merkesdal, leiaren
Marianne Sivertsen Næss og Hadia Tajik, frå Høgre, Nikolai Astrup,
Bård Ludvig Thorheim, Ove Trellevik og Mathilde Tybring-Gjedde,
frå Senterpartiet, Siv Mossleth, Ole André Myhrvold og Gro-Anita
Mykjåland, frå Framstegspartiet, Terje Halleland og Marius Arion
Nilsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken og Birgit Oline
Kjerstad, frå Raudt, Sofie Marhaug, frå Venstre, Ola Elvestuen,
frå Miljøpartiet Dei Grøne, Signe Bakke Sølberg, og frå Kristeleg
Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, viser til at representantforslag
om Røldal og Suldal kraftanlegg også vart handsama av Stortinget
i 2021. Komiteen viser
til Dokument 8:82 S (2020–2021), jf. Innst. 222 S (2021–2022), med
votering 23. februar 2021.
Komiteen viser til Prop. 1
S (2021–2022), der det blir gjort greie for korleis dei to vedtaka
gjorde i handsaminga av Dokument 8:82 S (2020–2021) er fylgde opp. Konsesjon
og omgjering av konsesjonsvilkår for Røldal–Suldal vart avgjorde
ved kongeleg resolusjon 11. juni 2021, med grunnlag i gjeldande
lovverk. Same dag sende Olje- og energidepartementet (OED) brev
til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), der departementet
ber NVE opne revisjonssak. Komiteen viser til svarbrev
frå olje- og energiminister Terje Aasland datert 12. september 2022,
der han opplyser at vilkårsrevisjon for Røldal–Suldal Kraft (RSK)
vart opna 17. mars 2022, og at det vart halde oppstartsmøte av revisjonen
23. mai 2022 der NVE, Landssamanslutninga for Vasskraftkommunar
(LVK), berørte kommunar og Lyse Kraft DA deltok. Vurderinga av om
det er særskilt grunnlag for å opprette næringsfond eller andre
økonomiske vilkår i samband med denne konsesjonen, skal gjerast
av konsesjonsstyresmaktene i samband med den pågåande revisjonen.
Komiteen har gjennomført ei
skriftleg høyring, og det er motteke 48 høyringsinnspel – Nokre
frå miljøorganisasjonar, men dei fleste frå grunneigarar og folk som
bur eller har tilknyting til området. Ein god del av innspela handlar
om tilhøve som det er opp til forvaltninga å avklare i den pågåande
revisjonsprosessen.
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei
Grøne og Kristeleg Folkeparti registrerer at mange av dei
innsende høyringssvara inneheld sterke personlege historier som
skildrar kor store menneskelege og miljømessige konsekvensar neddemminga
av Valldalen, reguleringa av Røldalsvatnet og Votna og tørrlegginga
av Novlefossen har hatt for natur, næringsliv, kultur, livskvalitet
og identitet. Dette gjeld særleg i fjellbygda Røldal, som i si tid
var vidkjend for Røldalsosten. Det er tydeleg at dette har vore
eit traume som sjølv etter 60 år pregar folk sterkt, også dei som
er fødde etter kraftutbygginga. Lokalsamfunnet har levd i trua på
at det skulle bli ein sjanse til å få retta opp urett når tida for
fornying og heimfall skulle skje. Mykje av det som er skildra, er
knytt til det ein reknar som «allmenne interesser» slik som tilkomst
til fjellområda, vatna, liene og inngangsporten til Hardangervidda
– Areala som ligg over det kunstige oppdemte vatnet i Valldalen. Å
kunne bruke dei attståande områda som før, slik som var lova den
gongen, har ifylgje høyringssvara ikkje vore mogleg i praksis, verken
sommar eller vinter. Desse
medlemene legg til grunn at det er skapt enorme økonomiske
verdiar for samfunnet i form av kraftproduksjon i Røldal-Suldal-anlegget,
medan lokalsamfunnet har sete att med tapet og traumet som vart
påført ved staten sine vedtak om konsesjon i 1962. Høyringsinnspela
forsterkar desse
medlemene sitt inntrykk av at dette er ei spesiell sak mellom
dei mange konsesjonssakene som står føre revisjon i åra som kjem.
Komiteen viser
til at utbyggingen på 1960-talet var et av Norges største vannkraftanlegg
og representerer store verdier og inntekter til eierne, storsamfunnet og
kommunene. Anleggene innebærer store naturinngrep som tørrlagt Novlefoss,
neddemming av Valldal med 18 støler som hadde stor betydning for
landbruksbygda Røldal, og at Røldalsvatnet midt i bygda ble reguleringsmagasin
med inntil 17 meters reguleringshøyde. Neddemmingen i Valldalen
og tørrlegging av fossefall har sammen med store reguleringshøyder
påført dyrelivet og lokalbefolkningen en betydelig belastning gjennom
tap av næringsgrunnlag, bruksmuligheter av utmark og friluftsliv,
som de har båret på vegne av storsamfunnet. Innbyggerne i området
lever fortsatt under konsekvensene av de betydelige naturinngrepene
og behandlingen av grunneierrettigheter kraftutbyggingen førte med
seg på 1960-tallet.
Norge vil i nær fremtid
ha behov for store mengder ny fornybar kraft, og lokal aksept er
i denne sammenheng svært viktig. Komiteen understreker at lokale erfaringer
med eksisterende kraftproduksjon vil være sentralt for viljen til
nye lokalsamfunn for å åpne for kraftproduksjon i sine nærområder.
Det er derfor avgjørende i saker der det har vært betydelig lokal
motstand mot dagens kraftproduksjon, at revisjonsprosessene tar hensyn
til lokale bekymringer, som kan bidra til å styrke og gjenoppbygge
den lokale legitimiteten til kraftproduksjonen.
Komiteen viser til Retningslinjer
for revisjon av konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringer som fastslår at
det må foreligge helt spesielle hensyn før det kan være aktuelt
å pålegge næringsfond og andre økonomiske vilkår i revisjonssaker,
og merker seg at det som ledd i en alminnelig vilkårsrevisjon er
konsesjonsmyndighetene som på faglig grunnlag skal vurdere om det
er spesielle forhold som kan tilsi at det blir fastsatt økonomiske
vilkår knyttet til tiltaket. Byggingen av Røldal–Suldal kraftanlegg
innebar store naturinngrep som har hatt en betydelig påvirkning
på lokalbefolkningen. Den belastningen lokalsamfunnet opplever,
har kommet tydelig frem i høringssvarene. Komiteen mener det er riktig at
opprettelse av næringsfond skal vurderes i den pågående revisjonssaken
for Røldal–Suldal, og understreker viktigheten av en god prosess
som kan motvirke mange av de negative effektene for lokalsamfunnene.
Det er oppfatningen til komiteen at
det i Røldal–Suldal-saken finnes spesielle hensyn behandlingen av
revisjonssaken må ivareta, i tråd med føringene fra Stortingets anmodningsvedtak
i forbindelse med behandlingen av Dokument 8:82 S (2020–2021), jf.
Innst. 222 S (2020–2021).
Komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet og Fremskrittspartiet,
ønsker å påpeke at Stortinget ikke skal drive saksbehandling, og
at regjeringen er ansvarlig for at dagens lovverk følges opp i tråd med
lovgivers intensjon. 23. mai 2022 ble det gjennomført et oppstartsmøte
mellom Norges vassdrags- og energidirektorat, berørte kommuner,
Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar og Lyse Kraft DA, der aktørene fant
en omforent løsning på veien videre for revisjonsprosessen. Flertallet forutsetter
at regjeringen sørger for en god videre prosess som tar hensyn til
lokalsamfunnenes bekymringer og finner gode omforente løsninger
som kan dempe konfliktnivået lokalt.
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne viser
til tidlegare handsaming av saka og merknadane til Senterpartiet,
Sosialistisk Venstreparti, og Miljøpartiet Dei Grøne i Innst. 222
S (2020–2021). I innstillinga er det gjort grundig greie for saka
og historia knytt til prosessen med krav om revisjon av konsesjonsvilkåra.
Både Ullensvang og Suldal kommune har engasjert seg og arbeidd for
ei modernisering av den 60 år gamle konsesjonen som skulle gå ut
i 2022. Det er også vist til at i Olje- og energidepartementet i
sine lovtekniske oppdateringar av vassdragsreguleringslova og industrikonsesjonslova
i 2017 sa at
«[F]or konsesjoner
som ikke har vilkår om revisjon bør det, samtidig med omgjøring
av vilkår om varighet, også settes vilkår om revisjon. Revisjonstidspunktet
bør settes som om den opprinnelige konsesjonen ble gitt tidsubegrenset.
Er dette tidspunktet passert bør revisjonstidspunktet settes til
tidspunktet for omgjøringsvedtaket.»
I innstillinga er
det også vist til ein høyringsuttale frå Hydro i samband med vassforvaltningsplanane
i Rogaland, datert 31. desember 2014. Der ordlegg selskapet seg
på ein måte som peikar fram mot ei mogleg fornying av konsesjonen,
og det er ikkje rart om kommunane og lokalsamfunnet forventa at
det skulle kome ein meir omfattande revisjon når konsesjonen skulle
fornyast.
Desse medlemene meiner at det
som kom fram i handsaminga av Røldal–Suldal-saka i 2021 og dei mange
høyringsinnspela i samband med handsaminga no, gir god grunn for
Stortinget til å forsterke kravet om at regjeringa bør gjennomføre
ei grundig modernisering av konsesjonen og gjere det som kan gjerast
for å gi ei meir rettferdig handsaming av lokalsamfunnet som har ofra
så mykje for storsamfunnet og industrien. Det trengst ei modernisering
av konsesjonsvilkåra der ny kunnskap om miljøkonsekvensar må ligge
til grunn. Desse
medlemene legg til grunn høyringssvara som syner at føresetnader
for den gamle konsesjonen ikkje er godt nok innfridde frå konsesjonæren
si side. Dette gjeld særleg trygg ferdsel og tilgang til dei beiteareala som
er att, samt ferdsel på og langs vatna. Desse medlemene meiner at det
er eit offentleg ansvar å sjå til og krevje at konsesjonæren får
konkrete krav og at desse blir oppfylte. Det skal ikkje vere opp
til velviljen til konsesjonæren kva som skal skje med dette. Desse medlemene får
opplyst at konsesjonæren har halde møter der spørsmåla om rasfare
og problem med ferdsel har vorte tekne opp mange gonger, men grunneigarlaget opplyser
at lite har blitt gjort for å betre situasjonen. Dette har med grunnleggande
menneskerettar å gjere og prinsippet i artikkel 17 om at ingen vilkårleg
skal fråtakast sin eigedom. Avtalen var at lokalbefolkninga skulle
kunne bruke restareala som før i Valldalen. I praksis har det vorte
svært vanskeleg som fylgje av neddemminga fordi vegen er dårleg
bygd og det stadig skjer erosjon i reguleringssona.
Den sørvestlege inngangsporten
til Hardangervidda via Valldalen er ifylgje høyringsinnspela i praksis stengd
for allmenn ferdsel store delar av året på grunn av rasfare og dårleg
veg. Røde Kors Hjelpekorps ser til dømes dette som ei ulempe i samband
med deira redningsteneste knytt til Hardangervidda vinterstid.
Desse medlemene viser dei gamle
filmane og bileta frå området som syner at naturinngrepa og det kulturelle
og økonomiske tapet som lokalsamfunnet vart påført då det vart gitt
konsesjon, er spesielle og svært omfattande, og at dette er noko
som regjeringa må legge vekt på i det oppstarta revisjonsarbeidet.
Gardane i Røldal miste 75 pst. av grunnlaget for drift då Valldalen vart
neddemd, og dette førte mellom anna indirekte til at bygdemeieriet
vart nedlagt. Konsekvensane går langt ut over det reint materielle,
noko som kjem tydeleg fram i dei mange høyringssvara som er komne
inn i samband med komiteen si handsaming av saka.
Desse medlemene meiner det
kviler eit stort moralsk ansvar på storting og regjering om å ikkje
berre vareta dei økonomiske interessene til den som har konsesjon,
men også lokalsamfunnet som har venta på denne revisjonen i over
60 år. Desse medlemene viser til
statsråden sitt svar og «Retningslinjer for revisjon av konsesjonsvilkår
for vassdragsreguleringer», som slår fast at ein revisjon ikkje
kan gå inn i og vurdere alle spørsmål i ein konsesjon, og at privatrettslege
forhold ikkje er omfatta av ein revisjon, jf. Ot.prp. nr. 50 (1991–92).
På grunnlag av høyringsuttalane og dei faktiske forholda i denne
saka må ein spørje seg om dagens lovverk tek godt nok i vare lokalsamfunn
og lokalbefolkninga sine interesser ved forlenging og omgjering
til ein tidsuavgrensa konsesjon.
Desse medlemene vil peike på
at det verkar urimeleg at lokalsamfunn som har ofra svært mykje
for fellesskapen, har fått svekt sine juridiske rettar så mykje
i lovendringar som kom i vassressurslova i 2017. I samtaler med
grunneigarlaget i Røldal har det kome fram at det kom som ei overrasking
på dei at retten til å få gjennomført nytt skjøn og vurdert erstatning
for seinskadar er borte. Det er heller ikkje urimeleg at lokalsamfunnet oppfatta
at skjønet som i si tid vart gjennomført i samband med konsesjonen,
gjaldt kompensasjon for dei 60 åra konsesjonen varte, og at dette
dermed er utilstrekkeleg og forelda med tanke på at konsesjonen
no er omgjord til ein tidsuavgrensa konsesjon.
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt meiner det i lys av
ein liberalisert europeisk kraftmarknad verkar urimeleg at lokalbefolkninga
skal måtte ta risikoen med å fremje eit søksmål mot mektige ressurssterke
konsesjonærar med store økonomiske musklar for å få gjennomført
nytt skjøn. Medan grunneigarane har mista driftsgrunnlag, har motparten
i dag store inntekter frå fallrettane som i si tid vart eksproprierte
mot grunneigarar og lokalsamfunn sin vilje. Kraftproduksjonen representerer
enorme økonomiske verdiar og er utan tvil kome storsamfunnet til
nytte, men det er urettvist at lokalsamfunnet skal bli sitjande
att med symbolske erstatningar vedtekne i det gamle skjønet, medan
storsamfunnet og konsesjonærane tener grovt på naturinngrepa som
det i si tid vart gitt løyve til. Menneskerettar og lokalsamfunnsomsyn
er løfta fram som eit viktig tema i samband med IPBES sitt arbeid
med naturavtalen. Denne saka i Røldal og Suldal er på mange måtar
eit godt eksempel på korleis eit lokalsamfunn må bere ulempene medan
andre får fordelane.
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne meiner
at tilliten mellom sentrale styresmakter og folk ute i landet er
ein av dei viktigaste verdiane i det norske samfunnet. Difor er
det viktig at staten tek ansvar for å gjere nødvendige endringar
i lover og lovpraksis dersom desse er i strid med den alminnelege rettskjensla
til folket. Med tanke på framtidige revisjonar og kraftutbyggingar
er det difor desse
medlemene sitt syn viktig å få gjort lovendringar som gir lokalbefolkninga
høve til å få prøvd gamle skjøn om erstatningar i samband med forlenging
av konsesjonar, utan å måtte ta risikoen med å gå til søksmål. Konsesjon vart
i si tid gitt for 60 år, og det gamle skjønet gjaldt denne konsesjonen
og ikkje ein tidsuavgrensa konsesjon. Desse medlemene meiner det
er grunn til å vurdere endringar i vassdragsreguleringslova og vassressurslova slik
at grunneigarar og lokalsamfunn får tilbake retten til å få prøvd
gamle skjøn utan å måtte ta risikoen med å gå til søksmål. Desse medlemene meiner
at grunneigarorganisasjonen burde ha rett til representasjon i NVE
sine møte om revisjon, då desse ofte har god lokalkunnskap som det
kan vere vanskeleg for ein kommuneadministrasjon å ha full oversikt
over.
Desse medlemene fremjar difor
fylgjande framlegg:
«Stortinget
ber regjeringa fremje forslag til endringar i vassressurslova og
vassdragsreguleringslova som betrar lokalsamfunn og grunneigarar
sine legitime interesser ved omgjering og revidering av gamle konsesjonar.»
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei
Grøne meiner at denne saka og andre revisjonar av eldre vasskraftprosjekt
også må sjåast i samanheng med at Noreg nyleg har underskrive naturavtalen,
der vi som land skal arbeide for å stanse naturtap og restaurere
øydelagd natur. Noreg skal ikkje berre styrke vern av natur, men
arbeide for 100 pst. berekraftig forvaltning av all natur. Naturavtalen
vil måtte føre til ei sterkare vektlegging og endra praksis i saker som
omhandlar store naturinngrep, også i saker som denne.
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne vil
peike på at regulerbar vasskraft er svært viktig for forsyningstryggleik,
balansering av kraftsystemet og tilgang til fornybar energi, men
forvaltninga av vasskraftressursane må utviklast og drivast med
minst mogleg negative miljøkonsekvensar, slik mellom anna vassressurslova
slår fast. Så om Hydro AS og det nystifta eigarselskapet Lyse DA
har fått omgjort konsesjonen etter vassdragsreguleringslova § 9,
og vassfallrettigheitsloven § 5 og § 10, og såleis har greidd å
unngå heimfall gjennom ein selskapskonstruksjon, gjeld vassressurslova
og dei andre lovene sine krav om at det skal takast omsyn til private
og almenne interesser jamfør vassressurslova § 5:
«Enhver skal opptre
aktsomt for å unngå skade eller ulempe i vassdraget for almenne
og private interesser.
Vassdragstiltak skal
planlegges og gjennomføres slik at de er til minst mulig skade og
ulempe for almenne og private interesser. Denne plikten gjelder
så langt den kan oppfylles uten uforholdsmessige utgift eller ulempe.
Vassdragsmyndigheten kan ved forskrift fastsette nærmere regler
om planlegging gjennomfring og drift av bestemte typer vassdragstiltak.
Vassdragstiltak skal
fylle alle krav som med rimelighet kan stilles til sikring mot fare
for mennesker miljø eller eigedom.»
Desse medlemene vil
understreke at vasskrafthistoria vår truleg ikkje har tilsvarande
døme på naturøydeleggingar som neddemminga av eit heilt dalføre i
aktiv bruk, Valldalen, tørrlegging av fossefall og store reguleringshøgder
i Røldalsvatnet midt i bygda Røldal. Desse medlemene syner til høyringsinnspela
frå Sabima, Norsk Friluftsliv, Noregs Jeger- og Fiskarforbund, Naturvernforbundet,
Den Norske Turistforeininga og WWF Verdas naturfond, som peikar
på kor naudsynt det er å endre miljøvilkåra i norske vassdrag. Dei
peikar på at utbygginga av Røldal–Suldal kraftverk skjedde i ei
tid med fråvær av moderne miljøtilpassingar. Organisasjonane syner
mellom anna til at vi i dag har auka og oppdatert kunnskap om vassdraga,
at utbyggingane har blitt større og fleire sidan 1960-talet, at liberaliseringa
av kraftmarknaden og klimaendringar påverkar vassdraga, at artar
som villrein og vill-laks er truga som følgje av utbygginga. Desse
tilhøva krev strengare miljøvilkår i revisjonen av Røldal–Suldal kraftverk.
Noregs Miljøvernforbund, Naturvernforbundet i Rogaland og Motvind
Noreg er inne på fleire av dei same problema.
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei
Grøne peikar vidare på at både Ullensvang og Suldal kommune,
i tillegg til LO i Indre Hardanger, Røldal bygdelag og ei rekkje
grunneigarar og einskildpersonar, er opptekne av å ta større miljøomsyn
i revisjonen av Røldal–Suldal kraftverk. Fleire er særleg lite nøgde
med tilkomsten til Valldalen. Valldalsvatnet er eit av dei vassdraga
i Noreg med størst forskjell på høgast og lågast fylling. Dette
får store konsekvensar både for menneske og natur.
På denne bakgrunnen
fremjar desse medlemene følgjande
forslag:
«Stortinget
ber regjeringa syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved
nye vasskraftutbyggingar i dag, blir lagde til grunn når konsesjonsvilkåra
for Røldal–Suldal-anlegget blir reviderte.»
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne fremjar
følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal–Suldal
kraftanlegg og vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte
på å byggje om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein
meir berekraftig måte, med langt betre natur- og miljøomsyn i tråd
med vertskommunane Ullensvang og Suldal sine krav.»
«Stortinget
ber regjeringa syte for at manøvreringsreglementet for Røldal–Suldal
kraftanlegg blir oppdatert i tråd med innspela frå kommunestyra
i Ullensvang og Suldal.»
Desse medlemene syner
til at mange av høyringsinnspela syner, som komiteen har vore inne
på, at utbygginga av Røldal–Suldal kraftverk har ført til store sår
i lokalsamfunnet Røldal. Utholinga av heimfallsretten og regjeringa
Solberg og stortingsfleirtalet si overføring i evig tid av kraftverket
til Hydro-Lyse i førre stortingsperiode blir opplevd som eit grovt
brot på den opphavelege konsesjonen frå 1962.
På denne bakgrunnen
fremjar desse medlemene følgjande
forslag:
«Stortinget
ber regjeringa leggje til grunn at dei nye vilkåra for vertskommunane
for Røldal–Suldal kraftanlegg skal byggje på føresetnadene og lovnadene
gjennom vedtak om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde
i 1962.»