Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jorodd Asphjell, Sigurd Myrvoll, Elise Waagen og Bente Irene Aaland,
frå Høgre, Margret Hagerup, Kari-Anne Jønnes og Tore Vamraak, frå
Senterpartiet, Maren Grøthe og Torleik Svelle, frå Framstegspartiet,
Himanshu Gulati, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård,
frå Raudt, leiaren Hege Bae Nyholt, og frå Venstre, Abid Raja,
viser til representantforslaget.
Kunnskapsminister
Tonje Brenna uttala seg om forslaget i brev 29. mars 2022. Brevet
fylgjer som vedlegg til innstillinga.
Komiteen inviterte til skriftleg
høyring i saka med frist 5. april 2022. Det har ikkje kome inn nokon høyringsfråsegn
innan fristen.
Komiteen understrekar behovet
for at økonomien må rettast inn mot å bli stadig meir fornybar,
sirkulær og berekraftig for at Noreg skal nå vedtekne klimamål. Det
er derfor naudsynt at også utdanningssystemet, på alle nivå, bidreg
til å utvikle kompetanse som stør opp om klimamåla innan alle fagfelt.
Komiteen er kjend med at berekraftig
utvikling allereie er eit av dei tre tverrfaglege temaa i fagfornyinga, med
grunngjeving om at dette er ei svært sentral samfunnsutfordring. Komiteen syner
til at struktur og innhald for yrkesfaga i vidaregåande opplæring,
fagskoletilboda og bransjeprogramma blir utvikla i nært samarbeid
med partane i arbeidslivet for å sikre at strukturen og innhaldet
i tilboda er i tråd med arbeidslivet sitt behov for kompetanse.
Dette inkluderer også framlegg til nye lærefag.
Komiteen meiner at utdanningssystemet
speler ei viktig rolle for å sikre at arbeidslivet og økonomien
kan rettast inn mot å bli meir fornybar, sirkulær og berekraftig
slik at Noreg når klimamåla. Komiteen er derfor opptatt
av at utdanningssystemet, på alle nivå, kan bidra til å utvikle
nødvendig kompetanse innan alle fagfelt.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet merkar seg at desse temaa
allereie blir spegla i kompetansemåla i læreplanane innan fleire
utdanningsprogram, til dømes er det tverrfaglege temaet berekraftig
utvikling eit læreplanmål innan bygg- og anleggsteknikk og teknologi-
og industrifag. Gjennom læreplanane får elevane som vel lærefag
innan desse utdanningsprogramma, kompetanse til å velje berekraftige
løysingar som gjev lite miljøavtrykk. Desse medlemene er kjende med
at byggmontasjefaget vart fastsett som nytt lærefag i starten av
mars 2022. Desse
medlemene merkar seg at faget handlar om å produsere nye bygningar
og konstruksjonar og demontere konstruksjonar for ombruk i nye bygg.
Desse medlemene viser til satsinga
på midlar til utstyr i vidaregåande opplæring i statsbudsjettet
for 2022 og desse
medlemene sine ambisjonar om eit utstyrsløft for fagopplæringa,
noko som vil gje betre moglegheit for skulane til å investere i
kostnadskrevjande utstyr, slik at til dømes anleggsmaskinar med
nullutslepp lettare kan integrerast i dei aktuelle utdanningsprogramma.
Desse medlemene vil påpeike
at fagopplæringa er eit felles ansvar for utdanningsstyresmaktene
og partane i arbeidslivet, der partane er aktive deltakarar i utviklinga
innan sine fagområde. Desse
medlemene viser til at framlegg til nye lærefag blir fremja
av partane og blir behandla i dei faglege råda før endeleg godkjenning
i Kunnskapsdepartementet.
Desse medlemene legg til grunn
at strukturen og innhaldet i tilboda vil fange opp arbeidslivet
sitt behov for kompetanse, og at partane tar sitt samfunnsansvar
for berekraftig utvikling på alvor.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti,
Raudt og Venstre, meiner det av fleire årsaker er viktig å
få eit utdanningsløp for dei som jobbar med riving og demontering.
I dag er det lite og inga utdanning hjå dei som er i bransjen, noko
som også fører til at det ikkje er kunnskap og kompetanse for å handtere
byggematerial på ein måte som bidrar til meir sirkularitet innan
sektoren. Ein bransje som ikkje har grunnleggjande utdanningsbase,
er også prega av arbeidstakarar som ikkje blir lenge i faget, noko
som også gjev dårleg kontinuitet og innsikt i faget. Det er frå
bransjen sin ståstad eit ønske om å gje yrke innan demontering ein
status som er likeverdig med den andre bransjefag har. For å lykkast
med dette må det ei meir formalisert utdanning på plass.
Fleirtalet meiner at dersom
samfunnet vårt skal lykkast med i betydeleg grad å redusere klimagassutslepp
innanfor bygg og anlegg, må vi få på plass meir effektiv ombruk
og ressursutnytting som ein del av sirkulærøkonomien. Det krev heving
av fagkompetansen og auka rekruttering til relevante fag og utdanningsprogram
og ein auka del av fagarbeidarar med erfaring, kunnskap og kompetanse.
Kunnskap om demontering og kva krav som blir sett til material som
kan gjenbrukast, er òg viktig for at fagarbeidaren skal kunne gje kunnskapserfaring
tilbake til arkitektane, ingeniørane, utdanningsinstitusjonane og
materialprodusentane for å utvikle nye byggemetodar og material
for bygg som i framtida skal optimaliserast for høg grad av gjenbruksmoglegheiter.
Fleirtalet viser til udir.no,
der byggmontasjefaget under tverrfaglege tema blir omtalt slik:
«I vg3 byggmontasjefaget
handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å velje
energieffektive arbeidsmetodar, om materiale og verktøy, om å handtere
avfall på ein sikker måte som tar omsyn til miljøet, og om gjenbruk
av bygningsdelar. Gjennom å vurdere produkt, materiale og konstruksjonar
kritisk blir lærlingane bevisst på dei økonomiske, miljømessige
og sosiale dimensjonane ved berekraftig utvikling.»
Fleirtalet meiner dette er
bra, men peikar på det store behovet det er for etter- og vidareutdanning
av arbeidarar som har lang erfaring i bransjen, men som må tileigne
seg ny kunnskap for å leve opp til dagens krav og forventningar
og bli ein del av løysinga i det grøne skiftet. Fleirtalet viser til at for
å dekke noko av etterspørselen etter auka kompetanse treng vi ei
breidde i tilbodet av etter- og vidareutdanning, og dessutan fleire fleksible
løp for vaksne som har behov for å fullføre vidaregåande opplæring. Fleirtalet erfarer
at bransjen melder om eit behov for ordinære løp i vidaregåande skule,
men også for skreddarsydde løysingar og strukturbasert vidaregåande
opplæring.
På denne bakgrunnen
fremmar fleirtalet følgjande
forslag:
«Stortinget
ber regjeringa vurdere korleis ein kan løfte og formalisere kompetansen
for yrkesutøvarar innan demontering og gjenbruk i bygg- og anleggs- bransjen
i utdanningssektoren, og kome tilbake til Stortinget med ein plan
for gjennomføring. Planen bør særleg ha tema som:
-
korleis berekraft,
sirkulærøkonomi og gjenbruk blir synleggjort i fagplanane for modulstrukturert
fag- og yrkesopplæring som skal fornyast sommaren 2023
-
korleis demontering
og gjenbruk kan passe inn i dei yrkesfaglege løpa.»
Medlemene i komiteen
frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre meiner
at ved innføring av sirkulærøkonomi som tverrfagleg tema er det
viktig at det òg blir satsa på etter- og vidareutdanning av lærarar
som har oppdatert kompetanse på temaet, spesielt på yrkesfag.
Desse medlemene fremmar derfor
følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa sikre at lærarutdanningane og etter- og vidareutdanningstilbod
til lærarar gjev auka forståing for berekraftig utvikling og fagleg
og pedagogisk arbeid med berekraft i alle fag, i tråd med innføringa
av berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema i læreplanane
gjennom fagfornyinga.»
Desse medlemene peikar
òg på at anleggsmaskiner og utstyr no gjennomgår ei utvikling i
form av meir miljøvennlege komponentar. Det er viktig at elevane
får kjennskap til korleis desse blir opererte og blir brukte. Vidare
meiner desse medlemene at
det er viktig at elevane, når dei går ut i arbeid, kan vere pådrivarar
til at bransjen tar i bruk utstyr som går på fornybare energikjelder
og energiberarar.
Desse medlemene fremmar derfor
følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa vurdere korleis nye anleggsmaskiner og utstyr som
er baserte på nullutslepp, kan bli integrerte i utdanningsløpa.»
Komiteens medlem
fra Fremskrittspartiet støtter intensjonen til forslagsstillerne. Dette medlem er
av den oppfatning at det allerede i dag er et stort fokus i bransjen
på gjenbruk og sortering av materialer som kan gjenbrukes. Her spiller
gjenvinningsstasjonene en stor rolle.
Dette medlem mener det viktigste
i utdanningen er å bli gode fagpersoner, og at det derfor må fokuseres
på god fagkunnskap i utdanningsinstitusjonene. Dette medlem oppfatter bransjen
som fremoverlent og med et allerede sterkt fokus på det som skisseres
i forslaget. Dette
medlem viser videre til at det ikke kom inn høringsinnspill
til forslaget.
Dette medlem viser til at flere
anbudskonkurranser krever nullutslippskjøretøy, som gjør det vanskeligere
for mindre entreprenører å konkurrere på like vilkår med større
entreprenører som har sterkere kapital og råd til nullutslippskjøretøy.
På samme måte mener dette
medlem at det kan bli svært kostbart å integrere nullutslippskjøretøy
i utdanningsløpet, med allerede krevende budsjetter. Dette medlem vil
imidlertid påpeke at Norge allerede er kommet langt og er fremst
i verden på andel el- og nullutslippsbiler, med en elbilandel på
over 80 pst. av solgte nybiler i januar 2022.