Sammendrag
Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen fram forslag om auka kostnadsramme for prosjektet
rv. 13. Ryfast. Som følgje av ein tvist mellom Statens vegvesen
og entreprenøren om sluttoppgjeret har det vore gjennomført forliksforhandlingar
med sikte på å finne ei løysing utan rettssak. Forliket vil innebere
ein ytterlegare kostnadsauke på om lag 180 mill. kroner.
Det blir opplyst
i proposisjonen at Samferdselsdepartementet i Prop. 29 S (2021–2022)
Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet
opplyste om ein kostnadsauke for prosjektet rv. 13 Ryfast, som følgje
av auka arbeidsomfang knytt til fleire forhold. Stortinget har ved
behandlinga av Prop. 29 S (2021–2022) gjort vedtak om endra kostnadsramme
for prosjektet i samsvar med departementet sitt forslag, jf. Innst.
81 S (2021–2022) Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen
om Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet
og Endringer i statsbudsjettet 2021 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Samferdselsdepartementet
varsla òg i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021
under Samferdselsdepartementet at det framleis er uvisse om dei
endelege kostnadane, som følgje av ein tvist mellom Statens vegvesen
og entreprenøren om sluttoppgjeret. Det har vore gjennomført mekling
mellom Statens vegvesen og entreprenøren hausten 2021, med sikte
på å finne ei løysing utan rettssak. Gjennom meklinga vart det lagt
fram ei skisse til forlik som begge partane er villige til å akseptere.
Ut frå ei samla vurdering av tid, kostnadar, ressursar og risiko
knytt til å føre saken for retten, tilrår Samferdselsdepartementet
at det blir inngått forlik, og at Stortinget sluttar seg til forslaget
til endra kostnadsramme.
Forliket vil innebere
ein ytterlegare kostnadsauke på om lag 180 mill. kroner. Samferdselsdepartementet foreslår
å auke kostnadsramma i samsvar med dette til 9 172 mill. kroner,
jf. forslag til romartalsvedtak.
Vidare inneheld proposisjonen
ei utgreiing for status i tvistesaka for prosjektet E39 Eiganestunnelen. Samferdselsdepartementet
opplyste i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021
under Samferdselsdepartementet om ein kostnadsauke for prosjektet E39
Eiganestunnelen og foreslo å auke kostnadsramma for prosjektet.
Kostnadsauken var ei følgje av auka arbeidsomfang knytt til fleire
forhold. Stortinget gjorde ved behandling av proposisjonen vedtak
om endra kostnadsramme for prosjektet i samsvar med departementet
sitt forslag, jf. Innst. 81 S (2021–2022) Innstilling frå transport-
og kommunikasjonskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2021 under
Samferdselsdepartementet og Endringer i statsbudsjettet 2021 under Kommunal-
og moderniseringsdepartementet.
Samferdselsdepartementet
varsla i Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021
under Samferdselsdepartementet òg at det framleis er uvisse om dei
endelege kostnadane, som følgje av ein tvist mellom Statens vegvesen
og entreprenøren. Det har vore forsøkt å løyse tvisten utanfor rettsapparatet,
men utan hell. Usemja vart handsama i Sør-Rogaland tingrett i juni
2021. Domen frå tingretten gjekk i Statens vegvesen sin favør. Entreprenøren
har anka tingretten si avgjersle. Framdrifta for vidare rettsbehandling
er førebels ikkje avklart. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til
saka når det ligg føre nærare avklaringar i rettssystemet.