Innstilling fra næringskomiteen om Lov om røystingsrådgjevarar og lov om endringar i føretakslovgjevinga (retting av feil m.m.)

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og fiskeridepartementet legg i proposisjonen fram forslag til ny lov om røystingsrådgjevarar. Forslaget skal gjennomføre reglar i endringsdirektiv (EU) 2017/828 (SRD II) som endrar direktiv 2007/36/EF med omsyn til å fremme langsiktig aksjeeigarengasjement, som Noreg har plikt til å gjennomføre etter EØS-avtalen. Røystingsrådgjevarar (engelsk: «proxy advisors», bokmål: «voteringsrådgivere») er føretak som tilbyr aksjeeigarar tenester knytte til utøving av aksjeeigarrettar på generalforsamling. Lovforslaget gjennomfører SRD II artikkel 3j. Forslaget til ny lov om røystingsrådgjevarar er omtalt nærare i kapittel 2 og 3 i proposisjonen.

I proposisjonen fremmar Nærings- og fiskeridepartementet òg forslag til retting av feil m.m. i fem lover som høyrer under departementet; aksjeloven, allmennaksjeloven, føretaksregisterlova, lov om Innovasjon Norge og prokuralova. Rettingane er av ulik art. I nokre tilfelle har lovteksten blitt utdatert som ei følgje av endringar i andre lover. I andre tilfelle dreier det seg om redaksjonelle feil eller inkuriar. Forslaga er omtalte nærare i kapittel 4 i proposisjonen.

1.2 Bakgrunnen for lovforslaget

Europaparlaments- og rådsdirektiv (EU) 2017/828 (Shareholder Rights Directive II, SRD II) endrar direktiv 2007/36/EF med omsyn til å fremme langsiktig aksjeeigarengasjement. SRD II vart vedteke 17. mai 2017. Det overordna føremålet med SRD II er å auke aksjeeigarar sin innverknad og leggje til rette for langsiktig eigarskap i noterte selskap.

Forslag til gjennomføring av reglar i SRD II er fremma i tre tidlegare proposisjonar til Stortinget:

  • Regjeringa fremma Prop. 135 L (2018–2019) Endringer i aksjelovgivningen mv. (langsiktig eierskap i noterte selskaper), for Stortinget 21. juni 2019. I proposisjonen vart det foreslått reglar for å gjennomføre SRD II artikkel 3g, 3h, 3i, 9a, 9b og 9c. Dette gjeld reglar om institusjonelle investorar og kapitalforvaltarar, openheit om lønna til leiinga og anna godtgjering og transaksjonar mellom selskapet og nærståande til det. Forslaga i Prop. 135 L (2018–2019) vart gjennomførte ved endringslov 6. desember 2019 nr. 77.

  • I Prop. 136 LS Endringer i aksjelovgivningen mv. (åpenhet om eierskap og deltakelse på generalforsamlingen) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 235/2020 og 236/2020 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv (EU) 2017/828 og forordning (EU) 2018/1212, vart det foreslått reglar som gjennomfører SRD II artikkel 3a til 3e. Dette gjeld reglar om identifikasjon av aksjeeigarar, overføring av opplysningar mellom selskapet og aksjeeigarar og tilrettelegging for utøving av aksjeeigarrettar. I proposisjonen kapittel 1 står det at: «Forslag til regler som gjennomfører krav i SRD II artikkel 3j om voteringsrådgivere vil bli fremmet i en egen proposisjon til Stortinget. Det tas sikte på at dette skjer våren 2021».

  • Forslag til reglar som skal gjennomføre krav i SRD II artikkel 3c nr. 2 om stadfesting og kontroll med elektronisk stemmegjeving på generalforsamlinga vart fremma i Prop. 140 L (2020–2021) Endringer i foretakslovgivningen (gjennomføring av møter og geografiske tilknytningskrav).

Prop. 136 LS (2020–2021) og Prop. 140 L (2020–2021) vart begge fremma for Stortinget 9. april 2021.

Dei tre proposisjonane omhandlar til saman alle føresegnene i SRD II, utan artikkel 3j om røystingsrådgjevarar. Denne artikkelen blir foreslått gjennomført gjennom dette lovforslaget. For nærare omtale av SRD II artikkel 3j viser departementet til punkt 3.2 i proposisjonen.

Ei generell omtale av krava i aksjonærrettsdirektivet og SRD II finst i Prop. 136 LS (2020–2021) punkt 2.2. Uoffisiell omsetjing av SRD II følgjer som vedlegg til den proposisjonen.

Nærings- og fiskeridepartementet sende 18. november 2019 på offentleg høyring «Høringsnotat om ny lov om røystingsrådgjevarar og endringer i aksjelovgivningen mv. (SRD II, åpenhet og innflytelse)». Høyringsfristen var 6. januar 2020.

Departementet foreslo i høyringsnotatet at SRD II artikkel 3j blir gjennomført ved ny lov om røystingsrådgjevarar. Næringslivets Hovedorganisasjon skreiv at dei er einige i at føresegna blir gjennomført ved ny lov. Ingen andre høyringsinstansar har motsette seg forslaget. Departementet opprettheld i det vesentlege forslaget frå høyringsnotatet.

1.3 Retting av feil i lovverket m.m.

Departementet foreslår retting av feil og inkuriar i fem lover som høyrer under Nærings- og fiskeridepartementet. Rettingane gjeld følgjande føresegner:

  • lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak § 3-2

  • lov 21. juni 1985 nr. 80 om prokura § 1 og § 2

  • lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper § 8-10

  • lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper § 1-4, § 3-11, § 3-13, § 3-16, § 3-19 og § 8-10

  • lov 19. desember 2003 nr. 130 om Innovasjon Norge § 6, § 7 e og § 32

Rettingane er omtalte nærare i kapittel 6 i proposisjonen.

1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget til ny lov om røystingsrådgjevarar vil påføre plikter og administrative byrder på røystingsrådgjevarar, men vil òg kunne bidra til å skape tillit omkring arbeidet deira. Departementet kjenner ikkje til røystingsrådgjevarar med forretningskontor i Noreg. Forslaget er venta ikkje å ha vesentlege negative næringspolitiske konsekvensar. Forslaga om rettingar reduserer risikoen for misforståingar hos brukarane av lovene. Rettingane inneber ikkje endringar av realiteten og har ikkje andre økonomiske eller administrative konsekvensar.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsunn Lyngedal, Cecilie Myrseth, Nils Kristen Sandtrøen og Terje Aasland, fra Høyre, Margunn Ebbesen, Guro Angell Gimse, Kårstein Eidem Løvaas og Tom-Christer Nilsen, fra Fremskrittspartiet, Sivert Bjørnstad og Bengt Rune Strifeldt, fra Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen og lederen Geir Pollestad, fra Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, fra Venstre, André N. Skjelstad, og fra Kristelig Folkeparti, Steinar Reiten, viser til Prop. 207 L (2020–2021) Lov om røystingsrådgjevarar og lov om endringar i føretakslovgjevinga (retting av feil m.m).

Komiteen viser til at regjeringen foreslår en ny lov om voteringsrådgivere. Dette har tidligere ikke vært lovregulert i Norge. Voteringsrådgivere er aktører som tilbyr tjenester knyttet til bruk av stemmeretten til aksjeeiere. Komiteen merker seg at regjeringen ikke er kjent med voteringsrådgivere med forretningskontor i Norge. Komiteen merker seg videre at lovforslaget er ment å sikre åpenhet rundt vurderingene og informasjonsgrunnlaget for voteringsrådgiverne.

Komiteen viser videre til at regjeringen foreslår rettinger av feil og inkurier i fem lover som hører under Nærings- og fiskeridepartementet. Komiteen merker seg at dette gjelder åpenbare feil og mindre tekniske tilpasninger og presiseringer i lovverket, og slutter seg til disse.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lover:
A.
Vedtak til lov

om røystingsrådgjevarar

§ 1 Sakleg verkeområde

(1) Lova gjeld for røystingsrådgjevarar. Røystingsrådgjevar tyder i lova her ein juridisk person som på profesjonelt og kommersielt grunnlag analyserer opplysningar frå selskap og annan relevant informasjon om selskap med sikte på å gje aksjeeigarar informasjonsgrunnlag for røysting på generalforsamlinga, gjennom undersøkingar, råd eller røystingstilrådingar knytte til utøving av røysterett.

(2) Lova gjeld berre for tenester etter første leddet som gjeld aksjar i selskap som har forretningskontoret sitt i ein EØS-stat, og som har aksjar tekne opp til handel på ein regulert marknad i EØS.

(3) Departementet kan gje forskrift med nærare føresegner om røystingsrådgjevarar.

§ 2 Stadleg verkeområde

(1) Lova gjeld verksemd som er driven av røystingsrådgjevarar med forretningskontor i Noreg.

(2) Lova gjeld òg verksemd som er driven av røystingsrådgjevarar frå andre land om:

  • a) røystingsrådgjevaren har hovudkontor i Noreg, men ikkje forretningskontor innanfor EØS, eller

  • b) røystingsrådgjevaren driv verksemd i Noreg utan at røystingsrådgjevaren har forretningskontor eller hovudkontor innanfor EØS.

(3) Kongen kan gje forskrift om bruken av lova på Svalbard og fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.

§ 3 Åtferdsnorm for verksemda

(1) Ein røystingsrådgjevar skal offentleggjere ei tilvising til ei åtferdsnorm som rådgjevaren nyttar, og rapportere om korleis norma er følgd.

(2) Om røystingsrådgjevaren ikkje nytta nokon åtferdsnorm, skal røystingsrådgjevaren gje ei tydeleg og grunngjeven forklaring for dette. Om røystingsrådgjevaren nyttar ei åtferdsnorm, men fråvik nokon av tilrådingane i åtferdsnorma, skal røystingsrådgjevaren angje kva tilrådingar som er fråvikne, grunngje fråvika og opplyse om eventuelle alternative tiltak som er gjorde.

(3) Opplysningar som nemnde i første og andre ledd skal vere offentleg og kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden til røystingsrådgjevaren. Opplysningane skal oppdaterast kvart år.

(4) Opplysningane skal offentleggjerast på norsk eller eit anna språk som er ålment godkjent i finansmarknaden.

§ 4 Særlege opplysningar

(1) Ein røystingsrådgjevar skal kvart år offentleggjere følgjande opplysningar om korleis rådgjevaren førebur undersøkingar, råd og røystingstilrådingar:

  • a) hovuddraga i dei metodane og modellane som er nytta

  • b) dei viktigaste informasjonskjeldene som er nytta

  • c) framgangsmåtane som er innførte for å sikre kvaliteten på undersøkingane, rådgjevinga og røystingstilrådingane og kvalifikasjonane til dei tilsette som deltek

  • d) om og eventuelt korleis dei tek omsyn til tilhøve i dei nasjonale marknadene og til juridiske, regulatoriske og selskapsspesifikke tilhøve

  • e) hovuddraga i retningslinene for stemmegjeving som dei nyttar for den einskilde marknaden

  • f) om dei har dialog med selskapa som undersøkingane, rådgjevinga eller røystingstilrådingane gjeld, og med interessentar i desse selskapa, og i så fall omfanget og karakteren til dialogen

  • g) retningslinene for førebygging og handtering av potensielle interessekonfliktar.

(2) Opplysningane som er nemnde i bokstav a til g skal vere offentleg og kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden til røystingsrådgjevaren i minst tre år etter datoen for offentleggjeringa. Dette gjeld ikkje opplysningar som allereie er offentleggjorde etter § 3. § 3 fjerde leddet gjeld på tilsvarande måte.

§ 5 Plikt til å opplyse om interessekonfliktar

Ein røystingsrådgjevar skal utan opphald identifisere og opplyse kundane sine om faktiske eller potensielle interessekonfliktar, inkludert forretningssamband, som kan påverke førebuinga av undersøkingar, råd eller røystingstilrådingar. Røystingsrådgjevaren skal samstundes opplyse om kva for tiltak som er gjorde for å fjerne, avgrense eller handtere desse interessekonfliktane.

§ 6 Tilsyn, registreringsplikt og opplysningsplikt

(1) Finanstilsynet fører tilsyn etter finanstilsynslova med verksemd som røystingsrådgjevarar driv etter lova her.

(2) Departementet kan gje forskrift med utfyllande føresegner om plikt til å registrere seg for å drive verksemd som røystingsrådgjevar og opplysningsplikta røystingsrådgjevarar har overfor Finanstilsynet.

§ 7 Pålegg og lovbrotsgebyr

(1) Dersom ein røystingsrådgjevar bryt pliktene sine etter lova her eller forskrift gjeven i medhald av lova her, kan Finanstilsynet påleggje rådgjevaren å rette brota innan ei viss tid.

(2) Finanstilsynet kan gje lovbrotsgebyr ved brot på føresegnene i lova her eller føresegner gjevne i medhald av lova her. Lovbrotsgebyret skal ikkje vere høgare enn 10 millionar kroner.

(3) Høvet for Finanstilsynet til å gje lovbrotsgebyr vert forelda fem år etter at brota på føresegnene vart stansa. Fristen vert avbroten når Finanstilsynet gjev førehandsvarsel eller tek avgjerd om lovbrotsgebyr.

(4) Departementet kan gje forskrift med nærare føresegner om pålegg og lovbrotsgebyr.

§ 8 Ikraftsetjing

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

B.
Vedtak til lov

om endringar i føretakslovgjevinga (retting av feil m.m.)

I

Lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak blir endra slik:

Tittelen på lovaskal lyde:

Lov om registrering av foretak (foretaksregisterloven)

§ 3-2 andre ledd skal lyde:

For samvirkeforetak, boligbyggelag og gjensidige forsikringsselskaper skal registeret også inneholde opplysninger om foretaket er underlagt krav til kjønnsrepresentasjon i styret etter lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak § 69, lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag § 6-4 a og lov 10. april 2015 nr. 17 om finansforetak og finanskonsern § 8-4 femte ledd. Dersom foretaket er underlagt et krav til kjønnsrepresentasjon, skal registeret også inneholde opplysninger om styremedlemmers og varamedlemmers kjønn, og om de er valgt blant de ansatte etter reglene i lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak § 67, lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag § 6-4 og lov 10. april 2015 nr. 17 om finansforetak og finanskonsern § 8-4 tredje og fjerde ledd.

II

Lov 21. juni 1985 nr. 80 om prokura blir endra slik:

§ 1 andre ledd skal lyde:

Om registrering av prokura gjelder bestemmelsene i foretaksregisterloven.

§ 2 andre punktum skal lyde:

Annen innskrenkning i prokuristens fullmakt etter § 1 kan ikke registreres (jf. foretaksregisterloven § 3-7 tredje ledd) og heller ikke gjøres gjeldende overfor godtroende tredjemann.

III

Lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper blir endra slik:

§ 8-10 åttande ledd andre punktum skal lyde:

Innsideinformasjon etter markedsmisbruksforordningen artikkel 7, jf. verdipapirhandelloven § 3-1, skal ikke sendes Foretaksregisteret.

§ 8-10 tiande ledd andre punktum skal lyde:

Tilsvarende gjelder for erverv av aksjer av eller for ansatte i selskap i samme konsern eller foretaksgruppe som nevnt i § 8-7 fjerde ledd nr. 3.

IV

Lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper blir endra slik:

§ 1-4 skal lyde:
§ 1-4 Selskaper som er likestilt med konsernselskaper

(1) Følgende regler om morselskap gjelder også når morselskapet er aksjeselskap: § 3-8, § 6-5, § 6-16 første ledd, § 6-35 femte ledd, § 8-5, §§ 8-7 til 8-10 og § 9-8.

(2) Følgende regler om datterselskap gjelder også for datterselskap med utenlandsk morselskap: § 3-8, § 4-25, § 6-16 første ledd, § 8-7 første og tredje ledd, §§ 8-8 til 8-10, § 9-1 første ledd og § 9-8. Reglene i §§ 4-25 og 6-16 gjelder ikke for utenlandsk datterselskap.

§ 3-11 tredje ledd første punktum skal lyde:

Ved vurderingen av om en avtale er vesentlig etter første ledd skal avtaler som selskapet eller et annet foretak i samme konsern eller foretaksgruppe, jf. § 8-7 fjerde ledd nr. 3, har inngått med samme tilknyttet part i samme regnskapsår, regnes sammen.

§ 3-13 andre punktum skal lyde:

Ved avstemningen kan stemmerett ikke utøves for aksjer som eies av den tilknyttede parten eller av et annet foretak i samme konsern eller foretaksgruppe, jf. § 8-7 fjerde ledd nr. 3, som den tilknyttede parten.

§ 3-16 nr. 6 skal lyde:
  • 6. avtale som omfattes av § 8-7 fjerde ledd første punktum nr. 2 og 3, jf. annet punktum, dersom morselskapet eller den juridiske personen eier samtlige aksjer i selskapet,

§ 3-19 tredje ledd første punktum skal lyde:

Ved vurderingen av om en avtale er vesentlig etter annet ledd skal avtaler som datterselskapet eller et annet foretak i samme konsern eller foretaksgruppe, jf. § 8-7 fjerde ledd nr. 3, har inngått med samme tilknyttet part i samme regnskapsår, regnes sammen.

§ 8-10 sjuande ledd andre punktum skal lyde:

Innsideinformasjon etter markedsmisbruksforordningen artikkel 7, jf. verdipapirhandelloven § 3-1, skal ikke sendes Foretaksregisteret.

§ 8-10 niande ledd andre punktum skal lyde:

Tilsvarende gjelder for erverv av aksjer av eller for ansatte i selskap i samme konsern eller foretaksgruppe som nevnt i § 8-7 fjerde ledd nr. 3.

V

Lov 19. desember 2003 nr. 130 om Innovasjon Norge blir endra slik:

§ 6 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister og lov 16. juni 2017 nr. 67 om statens ansatte mv. gjelder ikke for ansatte i selskapet.

Lov 22. juni 2018 nr. 83 om kommuner og fylkeskommuner § 14-19 gjelder ikke for indirekte garantier som fylkeskommunene stiller overfor selskapet.

§ 7 e første ledd skal lyde:

Utdeling av selskapets midler til eierne som ikke skjer ved nedsettelse av innskuddskapitalen, jf. § 7 d eller ved oppløsning, jf. § 36 a, kan bare foretas som utdeling av utbytte.

§ 32 tredje ledd første punktum skal lyde:

Protokollen skal underskrives av møtelederen og en annen person som velges blant de tilstedeværende.

VI

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Oslo, i næringskomiteen, den 7. juni 2021

Geir Pollestad

Sivert Bjørnstad

leder

ordfører