Søk

Innhold

Del I

Barne- og ungdomskultur

0.2 Barn og unge som målgruppe

Kapittel 2 i meldinga går nærmare inn på barn og unge som målgruppe og korleis stemmene til barn og unge har blitt høyrde i arbeidet med meldinga.

Kapittelet beskriv kva som er meint med kunst og kultur for, av og med barn og unge og understrekar kor viktig det er at barn og unge må medverke i alle delar av barne- og ungdomskulturen.

Regjeringa vil løfte fram kunst og kultur for, med og av barn og unge. Målet er

  • å gi alle barn og unge, uavhengig av bakgrunn, tilgang til kunst og kultur

  • å sikre at kunst og kultur som blir skapt for og formidla til barn og unge, er av høg kvalitet

  • å gi alle barn og unge moglegheita til å oppleve og å skape kultur på eigne premissar

Dei nasjonale kulturpolitiske måla frå Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft ligg til grunn for kulturpolitikken for barn og unge.

Eit døme på involveringa av barn og unge i arbeidet med meldinga er innspel frå rundt 1 000 barn og unge frå heile landet, samla i ein rapport, BUSK-rapporten, ei forkorting for «Barn og unges stemmer – kunst og kultur».

0.3 Kjenneteikn ved barne- og ungdomskulturen før og no

Kapittel 3 beskriv barne- og ungdomskulturtilbodet før og no. Oppveksten til barn og unge blir stadig meir digital, noko som er tydeleg i ulike kultur- og medieundersøkingar. Kino er det kulturtilbodet som blir brukt mest. Bruken av tradisjonelle medium som radio, papiraviser, fjernsyn og teikneseriar har minka betrakteleg mellom 1991 og 2018, mens digitale spel og internett er dei mest brukte media. Lydmedium, som strøyming av musikk, ligg òg høgt når det gjeld tidsbruken.

Sjølv om barn og unge bruker meir tid framfor skjerm no enn tidlegare, ser deltakinga i organiserte fritidsaktivitetar ut til å ha halde seg relativt stabil over dei siste tiåra. Idrett er den aktiviteten som dominerer.

Undersøkingar viser òg at det er sosiale forskjellar og skeivskapar i bruken av og deltakinga i kultur for barn og unge. Ungdom frå heimar med høgast sosioøkonomisk status har nesten dobbelt så høg sjanse for å delta i organiserte fritidsaktivitetar samanlikna med dei som kjem frå heimar med lågast sosioøkonomisk status. Forskjellane varierer likevel mellom ulike type aktivitetar.

Det er vidare ein kjønnsdimensjon i kva organiserte kultur- og fritidsaktivitetar barn og ungdom driv med. Innspel frå organisasjonar og BUSK-rapporten peiker òg på hindringar for deltaking som særskilt rammar personar med funksjonsnedsetjing og krav til universell utforming

0.4 Ansvaret det offentlege har for barne- og ungdomskulturen

Staten har ei plikt til å oppfylle, respektere og beskytte rettane til barn. Kapittel 4 beskriv ansvaret det offentlege har for barne- og ungdomskulturen. Rettane til barn og unge er verna gjennom ei rekkje internasjonale regelverk som er ein del av norsk lovgiving. Kapittel 4 i meldinga et går nærmare inn på dette regelverket og kulturlova, barnehagelova, opplæringslova og lova om universitet og høgskolar.

Barnekonvensjonen artikkel 4 pålegg staten å setje inn alle veleigna lovgivingsmessige, administrative og andre tiltak for å oppfylle dei forpliktingane staten har etter barnekonvensjonen. Når myndigheitene gjennomfører ny politikk eller lagar nye lover, skal dei gjere det som blir kalla ei barnerettsvurdering. Det vil seie at myndigheitene må vurdere kva for konsekvensar dei foreslåtte tiltaka vil få for om vi klarer å oppfylle rettane barna har. Barne- og ungdomspolitikken må derfor ta utgangspunkt i rettane til barna og det ansvaret myndigheitene har, slik det blant anna er nedfelt i internasjonale regelverk og det norske lovverket. I meldinga vert det gjort greie for rammene som gjeld for barne- og ungdomskulturpolitikken.

0.5 Barne- og ungdomskultur som politikkområde

Kapittel 5 ser på barne- og ungdomskultur som politikkområde. Kapittelet viser til ei rekkje ulike verkemiddel og tiltak både på statleg, regionalt og kommunalt nivå. Regjeringa meiner det er nødvendig å gjere ansvaret fylkeskommunane og kommunane har i kultursektoren generelt og for barne- og ungdomskultur spesielt, meir tydeleg. I kapittelet blir det foreslått tiltak for å sikre at kulturfeltet blir trekt inn i kommunale plan- og prioriteringsprosessar.

Regjeringa vil

  • greie ut eit lovforslag som utvidar kulturlova med planføresegner etter modell av folkehelselova. Ei slik eventuell planføresegn vil gjelde heile den kommunale kultursektoren, inkludert kulturskolen som formelt er heimla i opplæringslova

  • setje i gang eit pilotprosjekt for å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging

  • betre informasjonen til fylkeskommunar og kommunar om forpliktingar og forventningar til kommunal planlegging på kulturfeltet, i tillegg til å formidle eksempel på gode lokale planprosessar og samarbeidsmodellar