Søk

Innhold

Del III

Kunst og kultur for og med barn og unge

0.10 Innleiing

Denne delen går nærmare inn på kultur som blir skapt for og med barn og unge.

Kapittel 10 i medlinga gir oversikt over innspela frå barn og unge knytte til temaet og kva statlege verkemiddel som legg til rette for at det blir produsert og formidla kunst og kultur til barn og unge.

0.11 Relevant, tilgjengeleg og mangfaldig kunst og kultur for barn og unge

Kapittel 11 ser på verkemiddel for å skape eit relevant, tilgjengeleg og mangfaldig kunst- og kulturtilbod til barn og unge. Kapittelet går inn på ansvaret og rolla dei ulike kunstfelta har i produksjonen og formidlinga av kunst og kultur for og med barn og unge. Kapittelet foreslår også tiltak for å styrkje medverknaden i utforminga av kunsttilbodet retta mot målgruppa.

0.11.1 Språket som kulturberar

Alle språk ber på og formidlar både identitet, kultur og kulturarv. Det er eit nasjonalt kulturpolitisk mål å styrkje norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar.

Eit norskspråkleg og samiskspråkleg kultur- og medietilbod legg til rette for at befolkninga kan delta breitt, ikkje minst gjeld det barn og unge.

I § 1 i framlegg til språklova gis det offentlege eit ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk, jamfør Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk. Av dette vil det følgje eit ansvar for å leggje til rette for eit rikt og tilgjengeleg norskspråkleg kultur- og medietilbod. Barn og unge er viktige for å sikre bruken av mindretalsspråka: At dei blir brukte og overlever avheng av nye generasjonar.

Å stimulere til brei produksjon og bruk av blant anna litteratur, musikk og levande bilete på norsk er med å auke sjansen for at folk vel dei norskspråklege tilboda i konkurransen med dei engelskspråklege. Regjeringa har stor tru på verdien som ligg i å oppleve kunst, kultur og medieuttrykk på eige språk.

Regjeringa vil

  • at institusjonar og organisasjonar som får tilskott frå staten til å produsere, gjere tilgjengeleg og formidle kunst- og kulturuttrykk, skal arbeide aktivt for å fremje alle dei offisielle språka, inkludert samisk

0.11.2 Kunst og kultur for barn og unge

Arbeidet Norsk kulturråd gjer som fagetat og som sekretariat for dei kollegiale organa, er svært sentralt for at vi skal halde ved lag utviklinga av kunstproduksjonar og formidlingsarenaer for barn og unge.

Regjeringa vil sikre at Kulturrådet og Kulturfondet, Fond for lyd og bilde og Statens kunstnarstipend skal halde fram med å bidra til å stimulere til at det blir utvikla relevante produksjonar og eit mangfald av formidlingsarenaer for kunst til barn og unge.

Kultursektoren og kulturpolitikken kan ikkje sørgje for kunst og kultur for barn og unge heilt aleine, men er avhengige av å ha forpliktande samarbeid med og ressursar i andre sektorar – og da særleg i utdanningssektoren. Regjeringa ønskjer at utdanningar i utøvande og skapande kunstfag skal vurdere å introdusere studentane for dei moglegheitene som ligg i å utvikle kunst retta mot målgruppa barn og unge.

Regjeringa forventar at utdanningar i utøvande og skapande kunstfag skal følgje opp ambisjonane i arbeidsrelevansmeldinga om å utvikle betre samspel mellom høgare utdanning og arbeidslivet.

Regjeringa vil

  • sikre at det blir utvikla gode og relevante produksjonar og formidlingsarenaer for barn og unge, og at medverknaden til barn og unge blir prioritert

  • Kulturrådet, Kulturtanken og Norsk filminstitutt skal samarbeide tettare om innsatsen for målgruppa barn og unge

  • føre vidare Kulturtankens arbeid med å forankre Den kulturelle skolesekken i kunstutdanningane

0.11.3 Kunst og kultur med barn og unge

Barne- og ungdomskulturpolitikken må i større grad sørgje for at det finst eit mangfaldig norskspråkleg kulturtilbod på dei digitale flatene. Da er det behov for eit oppdatert kunnskapsgrunnlag i kryssingsfeltet mellom digitalisering, barn og ungdom, kunst og kultur.

For å sikre eit relevant, tilgjengeleg og mangfaldig kunst- og kulturtilbod må barn og unge vere med og inkluderast. Her blir det viktig å utnytte og samordne den fagkunnskapen og kompetansen som organisasjonane og fagmiljøa har, og dei tiltaka som kultursektoren har.

Aktørane innanfor kunstfeltet må halde fram med å prioritere barn og unge som målgruppe i det kunstnariske virket sitt.

Regjeringa vil etablere ein arena for å utveksle erfaringar. Der kan dei store og små institusjonane og verksemdene på Kulturdepartementets budsjett dele erfaringane sine rundt arbeidet med å utvikle produksjonar for målgruppa og andre relevante erfaringar. Det er Kulturtanken som skal ha som oppgåve å systematisere og dele denne erfaringsutvekslinga.

Regjeringa vil

  • styrkje kunnskapen om barn og unge, digitalisering og kunst og kultur

  • leggje til rette for at heile kulturlivet, både kunstnarar, institusjonar, etatar og verksemder, prioriterer medverknad frå barn og unge i arbeidet sitt

  • leggje til rette for at kulturinstitusjonane er i dialog med barn og unge om å utvikle nye formidlingsmetodar, og at dei lagar fleire tilbod tilpassa ulike aldersgrupper

  • at kulturinstitusjonane skal arbeide med å utvikle produksjonar for barn og unge

  • etablere ein arena for å utveksle erfaringar mellom institusjonane og verksemdene på Kulturdepartementets budsjett

0.11.4 Litteratur og bibliotek for og med barn og unge

Eitt av dei nasjonale kulturpolitiske måla er at kulturlivet skal bidra til danning og kritisk refleksjon. Leseevne og leselyst er ein nøkkel til å oppnå dette

Regjeringa vil

  • sikre at det blir skapt eit mangfaldig litteraturtilbod til barn og unge gjennom blant anna Kulturrådets støtteordningar

  • vurdere korleis det kan leggjast til rette for at det blir produsert og formidla meir litteratur på nynorsk

  • stimulere til at det blir formidla meir litteratur i Den kulturelle skolesekken

  • at Nasjonalbiblioteket gjennom utlysing av prosjektmidlar blant anna skal bidra til å styrkje biblioteka som formidlarar av litteratur til barn og unge

  • bidra til auka leselyst gjennom støtte til dei nasjonale leseorganisasjonane

0.11.5 Musikk for og med barn og unge

Sidan musikk er tilgjengeleg via mobiltelefonen eller nettbrettet, gjer det at musikk for mange barn og unge er det kunstuttrykket som er mest integrert i kvardagen deira og speler ei sentral rolle i livet deira.

I omlegginga av Rikskonsertane til Kulturtanken blei midlane som tidlegare gjekk til å produsere musikk, frå 2016 fordelte til fylkeskommunar og direktekommunar. Regjeringa meiner det ikkje bør opprettast nye strukturar på nasjonalt nivå for å utvikle musikkproduksjonar til barn og unge. Vi bør heller styrkje dei strukturane som allereie er på plass regionalt.

Regjeringa vil

  • sikre at det blir skapt eit mangfald av musikkproduksjonar retta mot barn og unge

  • utrede moglegheiter for ordningar som gir kompensasjon for tapte inntekter ved konsertar for ungdom under 18 år

  • utrede moglegheiter for ordningar som stimulerer til auka kompetanse om å programmere og arrangere for den unge publikumsgruppa

0.11.6 Scenekunst for og med barn og unge

Scenekunst blir vist på eit mangfald av arenaer, både innandørs og utandørs. Regjeringa vil halde fram med å leggje til rette for eit mangfald av scenekunstarenaer. Nye formidlingsmetodar, som oppsøkjande scenekunst eller digital formidling, bør prioriterast for at scenekunsten skal nå nye målgrupper.

Regjeringa vil

  • sikre at det blir utvikla relevant og representativ scenekunst for barn og unge gjennom gode støtteordningar for produksjon og formidling

0.11.7 Visuell kunst for og med barn og unge

Barn og unge skal møte eit breitt utval av kunstartar og uttrykksformer og få sjansen til utvikle måten dei uttrykkjer seg sjølve på gjennom kunstnariske ytringar. Visuell kunst retta mot barn og unge må visast på mange ulike arenaer, òg gjennom digitale plattformer.

Regjeringa vil

  • sikre at det blir utvikla kunstproduksjonar og formidlingsarenaer for visuell kunst retta mot barn og unge

  • sikre at barn og unge får møte kunst i blant anna museum, kunsthallar, KORO (Kunst i offentlege rom) og digitale arenaer

0.11.8 Kulturarv for og med barn og unge

Når barn og unge får møte både immateriell og materiell kulturarv, får dei moglegheita til å forstå meir av samfunnet dei er ein del av.

Regjeringa vil

  • sikre at kulturarv blir vidareført til barn og unge

  • vurdere å gi utvalde museum eit utvida mandat til å hjelpe med kompetanseheving og rettleiing til relevante aktørar innanfor DKS

0.11.9 Levande bilete for og med barn og unge

Barn og unge skal få eit variert filmtilbod. Mangfald bidreg til å styrkje forståinga barn og unge har av seg sjølve og gir viktig innsikt i det samfunnet som omgir dei. Å skape og halde ved lag ei breidde og ein variasjon i tilbodet av kvalitetsfilm for barn og unge er derfor ei sentral utfordring i åra som kjem.

Meldinga omtalar verkemidler vi har i dag og som legg godt til rette for å produsere og formidle innhald til barn og unge. Dei legg òg til rette for at barn og unge er ei prioritert målgruppe både i Norsk filminstitutt (NFI) og NRK. Regjeringa ønskjer at dette framleis skal vere eit prioritert område.

Kulturtanken har sett i gang eit arbeid for å styrkje film som kulturuttrykk i Den kulturelle skolesekken.

Regjeringa vil

  • sikre at det blir utvikla og produsert levande bilete av høg kvalitet til barn og unge gjennom verkemiddel som Norsk filmfond, dei regionale filmsatsingane og NRK

  • styrkje arbeidet med filmformidling i skolen gjennom Kulturtanken og Norsk filminstitutt sitt arbeid

0.12 Den kulturelle skolesekken

Den kulturelle skolesekken (DKS) er ei unik ordning. Det er eit kulturtilbod til alle elevane i skolen.

DKS er eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå.

Å leggje til rette for at samarbeidet og samhandlinga mellom kultursektoren og utdanningssektoren skal fungere best mogleg, er eit kontinuerleg utviklingsarbeid. Regjeringa foreslår eit breitt spekter av tiltak for å byggje opp under og styrkje arbeidet som gjennomførast av eit stort mangfald av aktørar.

0.12.1 Nasjonal ordning med lokal forankring

Regjeringa vil

  • at Den kulturelle skolesekken (DKS) skal vere ei nasjonal ordning der dei som jobbar med kultur og opplæring i staten, fylkeskommunen og kommunen, samarbeider for å sikre at barn og unge får oppleve, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst og kultur i tråd med dei nye nasjonale måla med ordninga

  • føre vidare dei statlege midlane til DKS frå overskottet til Norsk Tipping AS

  • at dei statlege pengemidlane til DKS skal bidra til å sikre at alle barn og unge får oppleve og gjere seg kjende med profesjonelle kunstnarar og utøvarar, uavhengig av kvar dei bur i landet, og uavhengig av om det finst få eller mange lokale kunst- og kulturtilbod der dei bur

  • halde på Kulturtanken som forvaltningsorgan med eit mandat for arbeidet med DKS-ordninga som er fastsett av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet i fellesskap

  • vidareutvikle DKS-portalen som eit felles fagsystem for alle som jobbar med administrasjon av DKS, og leggje til rette for heilskaplege prosessar der opplysningar om ordninga blir samla på éin stad

0.12.2 Likeverdige tilbod av høg kvalitet

Regjeringa vil

  • at Den kulturelle skolesekken (DKS) skal vere eit gratis kunst- og kulturtilbod med høg kvalitet som blir tilbydd jamleg til alle barn og unge i grunnskolen og vidaregåande skole

  • opne opp for at fylkeskommunar og kommunar gjer lokale og regionale prioriteringar når det gjeld kunst- og kulturuttrykk som er del av ordninga

  • ha som vilkår for å tildele statlege midlar at fylkeskommunane og kommunane har eit system for å velje ut innhaldet i ordninga der dei er opne om kva mål og omsyn dei legg til grunn

  • at Kulturrådet skal støtte produksjonar retta mot barn og unge, som også kan omfatte produksjonar som blir viste i DKS. Norsk filminstitutt og Kulturtanken skal samarbeide om å styrkje filmtilbodet i DKS

  • at Kulturtanken skal bidra i arbeidet med nasjonale visningsarenaer og i samarbeid med fylkeskommunane leggje til rette for at det blir utvikla nye produksjonar til DKS på regionalt nivå

  • at Kulturtanken skal føre vidare arbeidet med DKS-portalen og la elevane vere meir med i vurdering, evaluering og utvikling av tilbodet

0.12.3 Relevante og representative tilbod

Regjeringa vil

  • at Den kulturelle skolesekken (DKS) skal formidle eit mangfaldig og variert kulturtilbod som er relevant og representativt for mangfaldet av elevar i skolen

  • styrkje kunnskapen om mangfaldet i tilbodet som elevane møter, både med tanke på innhaldet, utøvarane og kulturarbeidarane i ordninga

  • at medverknaden til barn og unge skal vektleggjast i alle delar av DKS-ordninga

  • at utøvarane og kulturformidlarane som har oppdrag i tilknyting til DKS, gjer avvegingar slik at dei treffer målgruppa best mogleg

  • stimulere til eit større tilfang av samiske produksjonar, nasjonale minoritetsproduksjonar og produksjonar med nynorsk som målform

  • samle gode erfaringar og eksempel på arbeidet med kulturelt mangfald og sørgje for at desse er lett tilgjengelege for ulike aktørar som påverkar innhaldet i ordninga

  • styrkje kunnskapen om kva betydning DKS har for barn og unge med ulik bakgrunn

0.12.4 Samarbeid og samhandling

Regjeringa vil

  • at Den kulturelle skolesekken (DKS) skal vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging

  • at kunst- og kulturformidlinga i DKS må utformast slik at ho blir opplevd som relevant for barn og unge og kan bli sett i samanheng med aktivitetane på skolen

  • at Kulturtanken skal ta i vare oppgåva som nasjonalt koordinerande organ for DKS-ordninga og bli følgd opp i eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet

  • sikre at representantar frå både kultursektoren og utdanningssektoren regelmessig og systematisk blir involverte i arbeidet med å oppnå dei nasjonale måla med DKS-ordninga

  • i dialog med KS etablere ein permanent samarbeidsstruktur med representantar frå både kultur og skole på dei ulike forvaltningsnivåa

  • styrkje samarbeidet med universitets- og høgskolesektoren om forsking og utviklingsarbeid i ulike fagmiljø og vurdere å etablere ein permanent struktur med deltakarar frå kunstutdanningane og lærarutdanningane

  • stille krav til fylkeskommunane om å involvere både kultursektoren og utdanningssektoren på dei ulike forvaltningsnivåa i den vidare fordelinga av dei statlege midlane til DKS-ordninga

  • utarbeide ei rettleiing med gode eksempel og råd frå kommunar og fylkeskommunar i arbeidet for å sikre og ta i vare samarbeid og samhandling

  • at Den kulturelle skolesekken inkluderer barnehagen i tilboda og bidreg til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn

0.12.5 Direktekommunar

Hovudmodellen for å fordele spelemidlar vidare til fylkeskommunane og kommunane er at minimum ein tredjedel av tilskottet som er berekna til grunnskolen, blir fordelt vidare til kommunane. Fylkeskommunane forvaltar ein tredjedel sjølv, og vedtar i dialog med kommunane fordelinga av den siste tredjedelen.

Tolv kommunar har i dag ei særskild ordning der dei får tildelt midlar direkte for å ta seg av ansvaret for tilbodet til grunnskolen i sin kommune (direktekommunar). Direktekommuneordninga blei etablert som ei prøveordning da Den kulturelle skolesekken (DKS) blei oppretta i 2001.

Regjeringa vil

  • føre vidare direktekommuneordninga som ei søknadsbasert ordning med kriterium fastsette av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet i fellesskap

  • stille krav til kommunar som ønskjer å ta eit sjølvstendig ansvar for tilbodet til barn og unge i grunnskolen (direktekommunar), om at dei må forplikte seg til å følgje opp dei nasjonale måla med DKS-ordninga og delta i samarbeidet på regionalt og nasjonalt nivå