1.1 Innleiing
Med meldinga presenterer
regjeringa for første gongen barne- og ungdomskulturfeltet som eit
samla politisk satsingsområde på nasjonalt nivå.
Ei slik melding blei
varsla i kulturmeldinga Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft
– Kulturpolitikk for framtida, som regjeringa la fram hausten 2018.
Stortinget har i tillegg i eit oppmodingsvedtak bede regjeringa
om ei melding om kulturskolen. Kulturskolen har derfor ein sentral
plass i meldinga. Kulturmeldinga understreka at kultursektoren og
utdanningssektoren bidreg både saman og kvar for seg til å gi felles
kulturelle referansar, høve til å utvikle skapande evner, språkopplæring
og opplæring i demokratiske verdiar. Dei to politikkområda må sjåast
i samanheng for å utvikle ein kulturpolitikk for, med og av barn
og unge
Samfunnet vårt har
vore stilt overfor harde prøvelsar etter at koronapandemien blei
stadfesta våren 2020. Dei som lever av å produsere eller formidle
kunst og kultur, har vore særleg ramma. Barnehagane og skolene har vore
stengde, og dei ulike smitteverntiltaka har forandra kvardagen til
barna og elevane. Mange barn og unge har òg gått glipp av kultur-
og fritidstilbod i ein periode av livet som dei aldri får tilbake.
Alt dette gjer det særleg viktig å vurdere korleis vi skal innrette
og utforme offentlege verkemiddel på barne- og ungdomskulturfeltet.
I Grunnlova står
det at myndigheitene har eit ansvar for å leggje forholda til rette
for ytrings- og informasjonsfridom og eit velfungerande offentleg
rom. Ein viktig del av dette ansvaret er å sikre at det går an å
halde på med kunst- og kulturaktivitet, at føresetnadene er der. Barnehagen,
skolen, skolefritidsordninga (SFO) og kulturskolen har ei stor og
viktig rolle i danninga og utdanninga for barn og unge. At barn
og unge har rett til ytrings- og informasjonsfridom, kulturell deltaking
og utdanning, er dessutan nedfelt i internasjonale konvensjonar
som Noreg er bunde av.
Derfor er målet med
meldinga å leggje til rette for at alle norske barn og unge – uavhengig
av bustad, økonomi, funksjonsevne og sosial og etnisk bakgrunn –
får tilgang til eit breitt og mangfaldig kulturliv og får moglegheita
til sjølve å delta, skape, lære og meistre