Forslag frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
I lov 17. juli
1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal ny
§ 15-10 andre ledd siste punktum lyde:
Eleven sin rett
til informasjon og å uttale seg fritt må ivaretakast.
Forslag 2
I lov 4. juli 2003
nr. 84 om frittståande skolar skal ny § 7-9 andre ledd siste punktum
lyde:
Eleven sin rett
til informasjon og å uttale seg fritt må ivaretakast.
Forslag 3
I lov 17. juni
2005 nr. 64 om barnehager skal ny § 47 a andre ledd siste punktum
lyde:
Barnets rett til
informasjon og å uttale seg fritt må ivaretas.
Forslag frå Høgre, Venstre og
Kristeleg Folkeparti:
Forslag 4
I lov 17. juli
1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa gjøres
følgende endringer:
§ 2-12 tredje
ledd skal lyde:
For private grunnskolar
gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-11,
8-2, 8-4,
9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, 9-7, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2,
10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-5, 13-7a,
13-10, 14-1, 14-4, 15-3, 15-4 og 15-10.
Forslag 5
Ny § 8-4 skal lyde:
§ 8-4 Fjernundervisning
Delar av opplæringa
kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane
som fjernundervisning. Fjernundervisning kan brukast dersom kommunen
og fylkeskommunen kan godtgjere at det er gode grunnar for det og
opplæringa vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg. Fjernundervisninga
må gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt med
tekniske hjelpemiddel.
At det må vere gode
grunnar til å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning, betyr
at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre
opplæringa slik. Fordelar kan mellom anna vere moglegheit til å
få tilbod i fag som elles ikkje ville vore mogleg, og moglegheit
til å få betre tilpassing ut frå nivå.
I vurderinga av
om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa
som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane
si moglegheit til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle.
Det skal også takast omsyn til om skolen har nødvendig og eigna
utstyr og kompetanse til å gi slik opplæring.
At elevane og læraren
må kunne kommunisere effektivt, betyr at elevane må ha tilsvarande
moglegheit for fagleg hjelp og oppfølging som om læraren var fysisk til
stades. Dessutan må læraren ha tilsvarande moglegheit til å gi opplæring,
gjere vurderingar og registrere eventuelt fråvær. Dei tekniske løysingane
som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid
eller med kort responstid.
Elevane skal som
hovudregel få fjernundervisning på skolen. Ein elev i grunnskolen
kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle.
Ein elev i vidaregåande skole kan få fjernundervisning andre stader
enn på skolen i særlege tilfelle eller etter avtale med rektor.
Departementet kan
gi forskrift om fjernundervisning, mellom anna om ytterlegare innskrenkingar
eller krav til fjernundervisninga.
Forslag 6
I lov 4. juli 2003
nr. 84 om frittståande skolar gjøres følgende endringer:
§ 1-2 tredje
ledd skal lyde:
Lova gjeld ikkje kjøp av opplæringstenester
med unntak av kjøp av opplæringstenester ved gjennomføring av fjernundervisning
i samsvar med § 3-4c.
Forslag 7
Ny § 3-4c skal
lyde:
§ 3-4c Fjernundervisning
Delar av opplæringa
kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane
som fjernundervisning. Fjernundervisning kan brukast dersom styret
ved skolen kan godtgjere at det er gode grunnar for det og opplæringa
vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg. Fjernundervisninga må gjennomførast
slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt med tekniske hjelpemiddel.
At det må vere gode
grunnar til å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning, betyr
at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre
opplæringa slik. Fordelar kan mellom anna vere moglegheit til å
få tilbod i fag som elles ikkje ville vore mogleg, og moglegheit
til å få betre tilpassing ut frå nivå.
I vurderinga av
om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa
som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane
sin moglegheit til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle.
Det skal også takast omsyn til om skolen har nødvendig og eigna
utstyr og kompetanse til å gi slik opplæring.
At elevane og læraren
må kunne kommunisere effektivt, betyr at elevane må ha tilsvarande
moglegheit for fagleg hjelp og oppfølging som om læraren var fysisk til
stades. Dessutan må læraren ha tilsvarande moglegheit til å gi opplæring,
gjere vurderingar og registrere eventuelt fråvær. Dei tekniske løysingane
som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid
eller med kort responstid.
Elevane skal som
hovudregel få fjernundervisning på skolen. Ein elev i grunnskolen
kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle.
Ein elev i vidaregåande skole kan få fjernundervisning andre stader
enn på skolen i særlege tilfelle eller etter avtale med rektor.
Departementet kan
gi forskrift om fjernundervisning, mellom anna om ytterlegare innskrenkingar
eller krav til fjernundervisninga. Departementet kan òg gi forskrift
om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning.
Forslag 8
§ 6A-7 skal lyde:
§ 6A-7 Andre føresegner
Følgjande føresegner
i denne lova gjeld så langt dei passar for skolar etter dette kapittelet:
-
a) § 1-2 om verkeområdet
-
b) § 2-2 om krav til verksemda
til skolen, med unntak av tredje ledd. Dersom ein skole etter dette
kapittelet har færre enn 10 elevar tre skoleår i samanheng, fell
godkjenninga bort
-
c) § 2-4 om krav til skoleanlegg
og skolemiljø
-
d) § 3-3 tredje ledd om skolegangen
-
e) § 3-4 om organisering
av elevane i klassar eller basisgrupper
-
f) § 3-4a om tilpassa opplæring
-
g) § 3-4c om fjernundervisning
-
h) § 3-9 om ordensreglement
-
i) § 3-15 om forbod mot bruk
av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet
-
j) § 4-1 om leiing
-
k) § 5-1 om styret, med unntak
av bokstavane a og c
-
l) § 5-2 om styret sine oppgåver,
med unntak av bokstavane a og e
-
m) § 5-3 om elevråd, med
unntak av første ledd første og andre punktum
-
n) § 7-1 om budsjett, rekneskap
og rapportering
-
o) § 7-2 om tilsyn m.m.
-
p) § 7-2a om moglege reaksjonsformer,
med unntak av fjerde ledd.
-
q) § 7-2b om karantene
-
r) § 7-3 om teieplikt
-
s) § 7-9 første og femte ledd om
behandling av personopplysningar.