1.1 Personopplysningar
Bakgrunnen for forslaget
er EUs personvernforordning (Europaparlaments- og rådsforordning
(EU) 2016/679), heretter personvernforordninga eller forordninga, som
også er innlemma i EØS-avtalen.
Det rettslege grunnlaget
for å behandle personopplysningar følger av dei lovfesta oppgåvene
som skal utførast under dei enkelte lovene, som legg rammene for kva
for nokre og i kva utstrekning opplysningane kan behandlast. Personopplysningslova
og forordninga stiller krav om ein tydeleg og føreseieleg praksis,
og at behandlingsgrunnlaga er klare og tydelege. På Kunnskapsdepartementets
ansvarsområde er dette særleg viktig fordi dei registrerte som hovudregel
er barn og unge. Departementet gjer derfor framlegg om å lovfeste
eit tydelegare supplerande rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar
i barnehage og skole.
Departementet foreslår
å endre barnehagelova. Barnehagane og kommunen som barnehagestyresmakt har
ein rekke plikter etter lova som føreset behandling av opplysningar
om barna. Personopplysningar blir behandla blant anna i samband
med opptak, oppfølging av rettar til for eksempel spesialpedagogisk
hjelp, teiknspråkopplæring og tilrettelegging på grunn av nedsett funksjonsevne,
og i kontakten mellom barnehagen og foreldra. Også særlege kategoriar
av personopplysningar blir behandla, for eksempel helseopplysningar.
Departementet foreslår
ei generell føresegn om at kommunar, fylkeskommunar og private barnehagar skal
kunne behandle personopplysningar så langt det er nødvendig for
å utføre oppgåver etter lova. Vidare foreslår departementet å lovfeste
at deling av personopplysningar mellom barnehagar og frå barnehage
til skole kan gjerast så langt foreldra gir løyve til det. Utdanningsdirektoratets
innsamling, behandling og deling av personopplysningar til bruk
i forsking, analyse og statistikk blir foreslått klargjort.
Forslaga til lovendringar
er eit ledd i regjeringa si oppfølging av to oppmodingsvedtak frå
Stortinget som kom i samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016)
Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.), jf. Innst. 344 L (2015–2016).
Oppmodingsvedtak nr. 789 og nr. 791 av 7. juni 2016 handlar om behandlingsgrunnlaget
for barnehagar når dei behandlar personopplysningar.
Departementet foreslår
å endre opplæringslova og friskolelova. I grunnopplæringa blir det
behandla mange personopplysningar om mange barn, unge og vaksne,
og over ein lang tidsperiode. Samtidig medverkar den stadig aukande
digitaliseringa til at det blir lagra store mengder personopplysningar
i skolen. Auka digitalisering kan mellom anna gi utfordringar når
det gjeld å få oversikt over kva for opplysningar som er lagra om den
enkelte, og det gjer at personopplysningar kan samanstillast og
brukast på andre måtar enn før.
Skolesektoren er
òg karakterisert ved at det i stor grad er skulane sjølv som genererer
personopplysningar. Dette vil typisk vere gjennom arbeidet og innsatsen elevane
gjer på skolen, og dei mange faglege vurderingane og tilbakemeldingane
skolen kjem med til og om elevane. I tillegg vil ein del personopplysningar
også bli genererte gjennom det dei tilsette på skolen har plikt
til å dokumentere, for eksempel i skolen si oppfølging av skolemiljøsaker
etter opplæringslova kapittel 9 A.
Departementet foreslår
ei generell føresegn om at dei som driv skole, skal kunne behandle
personopplysningar så langt det er nødvendig for å utføre oppgåver etter
opplæringslova og friskolelova. Vidare foreslår departementet regulering
av deling av personopplysningar ved skolebyte og ved overgang frå
grunnskole til vidaregåande opplæring. Utdanningsdirektoratets innsamling,
behandling og deling av personopplysningar til bruk i forsking,
analyse og statistikk blir foreslått klargjort. Dette omhandlar
blant anna innhenting av alle vitnemålopplysningar frå 10. klasse,
resultat for alle elevar i vidaregåande opplæring og opplysningar
frå nasjonale prøver og undersøkingar. Departementet foreslår å lovregulere
nasjonal vitnemålsdatabase som verktøy for opptak til høgare utdanning
og for lagring av og tilgang til digitale vitnemål frå vidaregåande
opplæring, friskular, fagskular og andre kompetansebevis.
Departementet har
vurdert behov for behandling av personopplysningar ved klagebehandling,
tilsyn og tilskotsforvaltning, og for nokre andre skoleslag. Departementet
foreslår å lovfeste eit supplerande rettsgrunnlag i friskolelova
kapittel 6A for diverse skular som tilbyr yrkesretta utdanningar,
si behandling av personopplysningar. Vidare foreslår departementet
ein ny forskriftsheimel i friskolelova § 6-1 femte ledd, for å kunne
regulere Utdanningsdirektoratets innhenting av opplysningar for
kontroll av elevtal.