Innstilling frå utdannings- og forskningskomiteen om Endringar i opplæringslova, friskolelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.)

Til Stortinget

1. Samandrag

Kunnskapsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i barnehagelova, opplæringslova og friskolelova. Forslaga gjeld særleg to område. Det første er regulering av behandling av personopplysningar innan barnehage og grunnopplæringa. Det andre gjeld gjennomføring av opplæringa som fjernundervisning.

1.1 Personopplysningar

Bakgrunnen for forslaget er EUs personvernforordning (Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/679), heretter personvernforordninga eller forordninga, som også er innlemma i EØS-avtalen.

Det rettslege grunnlaget for å behandle personopplysningar følger av dei lovfesta oppgåvene som skal utførast under dei enkelte lovene, som legg rammene for kva for nokre og i kva utstrekning opplysningane kan behandlast. Personopplysningslova og forordninga stiller krav om ein tydeleg og føreseieleg praksis, og at behandlingsgrunnlaga er klare og tydelege. På Kunnskapsdepartementets ansvarsområde er dette særleg viktig fordi dei registrerte som hovudregel er barn og unge. Departementet gjer derfor framlegg om å lovfeste eit tydelegare supplerande rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar i barnehage og skole.

Departementet foreslår å endre barnehagelova. Barnehagane og kommunen som barnehagestyresmakt har ein rekke plikter etter lova som føreset behandling av opplysningar om barna. Personopplysningar blir behandla blant anna i samband med opptak, oppfølging av rettar til for eksempel spesialpedagogisk hjelp, teiknspråkopplæring og tilrettelegging på grunn av nedsett funksjonsevne, og i kontakten mellom barnehagen og foreldra. Også særlege kategoriar av personopplysningar blir behandla, for eksempel helseopplysningar.

Departementet foreslår ei generell føresegn om at kommunar, fylkeskommunar og private barnehagar skal kunne behandle personopplysningar så langt det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Vidare foreslår departementet å lovfeste at deling av personopplysningar mellom barnehagar og frå barnehage til skole kan gjerast så langt foreldra gir løyve til det. Utdanningsdirektoratets innsamling, behandling og deling av personopplysningar til bruk i forsking, analyse og statistikk blir foreslått klargjort.

Forslaga til lovendringar er eit ledd i regjeringa si oppfølging av to oppmodingsvedtak frå Stortinget som kom i samband med behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.), jf. Innst. 344 L (2015–2016). Oppmodingsvedtak nr. 789 og nr. 791 av 7. juni 2016 handlar om behandlingsgrunnlaget for barnehagar når dei behandlar personopplysningar.

Departementet foreslår å endre opplæringslova og friskolelova. I grunnopplæringa blir det behandla mange personopplysningar om mange barn, unge og vaksne, og over ein lang tidsperiode. Samtidig medverkar den stadig aukande digitaliseringa til at det blir lagra store mengder personopplysningar i skolen. Auka digitalisering kan mellom anna gi utfordringar når det gjeld å få oversikt over kva for opplysningar som er lagra om den enkelte, og det gjer at personopplysningar kan samanstillast og brukast på andre måtar enn før.

Skolesektoren er òg karakterisert ved at det i stor grad er skulane sjølv som genererer personopplysningar. Dette vil typisk vere gjennom arbeidet og innsatsen elevane gjer på skolen, og dei mange faglege vurderingane og tilbakemeldingane skolen kjem med til og om elevane. I tillegg vil ein del personopplysningar også bli genererte gjennom det dei tilsette på skolen har plikt til å dokumentere, for eksempel i skolen si oppfølging av skolemiljøsaker etter opplæringslova kapittel 9 A.

Departementet foreslår ei generell føresegn om at dei som driv skole, skal kunne behandle personopplysningar så langt det er nødvendig for å utføre oppgåver etter opplæringslova og friskolelova. Vidare foreslår departementet regulering av deling av personopplysningar ved skolebyte og ved overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Utdanningsdirektoratets innsamling, behandling og deling av personopplysningar til bruk i forsking, analyse og statistikk blir foreslått klargjort. Dette omhandlar blant anna innhenting av alle vitnemålopplysningar frå 10. klasse, resultat for alle elevar i vidaregåande opplæring og opplysningar frå nasjonale prøver og undersøkingar. Departementet foreslår å lovregulere nasjonal vitnemålsdatabase som verktøy for opptak til høgare utdanning og for lagring av og tilgang til digitale vitnemål frå vidaregåande opplæring, friskular, fagskular og andre kompetansebevis.

Departementet har vurdert behov for behandling av personopplysningar ved klagebehandling, tilsyn og tilskotsforvaltning, og for nokre andre skoleslag. Departementet foreslår å lovfeste eit supplerande rettsgrunnlag i friskolelova kapittel 6A for diverse skular som tilbyr yrkesretta utdanningar, si behandling av personopplysningar. Vidare foreslår departementet ein ny forskriftsheimel i friskolelova § 6-1 femte ledd, for å kunne regulere Utdanningsdirektoratets innhenting av opplysningar for kontroll av elevtal.

1.2 Fjernundervisning

Departementet foreslår endringar i opplæringslova og friskolelova som gjeld gjennomføring av opplæring med tekniske hjelpemiddel utan at læraren er til stades saman med elevane (fjernundervisning). Føresegnene departementet foreslår, regulerer i kva utstrekning og på kva vilkår det i ein normalsituasjon vil vere høve til å bruke fjernundervisning i offentlege grunnskular og vidaregåande skular og i skular godkjende etter friskolelova.

Departementet tek sikte på å sende eit heilskapleg forslag til ny opplæringslov på høyring seinare i år. Med bakgrunn i blant anna regjeringa si satsing på digitalisering, og erfaringane med bruk av digital heimeopplæring under koronapandemien, har departementet lagt opp til at reglane for bruk av fjernundervisning blir behandla i eit eige løp, slik at nye føresegner i opplæringslova og friskolelova eventuelt kan ta til å gjelde hausten 2021.

Forslaget inneber at det blir opna generelt for fjernundervisning på visse vilkår. Vilkåra er at skoleeigaren kan godtgjere at det er gode grunnar til å organisere opplæringa slik, og at det er trygt og pedagogisk forsvarleg. I tillegg må læraren og elevane kunne kommunisere effektivt. Forslaget inneber at elevane som hovudregel må få fjernundervisning på skolen, men at læraren kan vere ein annan stad. I særlege tilfelle kan elevane få fjernundervisning andre stader enn på skolen, og i vidaregåande skular kan dette avtalast mellom den enkelte eleven og rektor.

Departementet understreker at den fjernundervisninga som blir foreslått, ikkje er det same som den heimeopplæringa elevane fekk då skulane var stengde våren 2020, og når skular driv med avgrensingar etter smittevernlova. Ein hovudforskjell er at elevane i utgangspunktet skal få fjernundervisning på skolen. Vidare foreslår departementet strengare vilkår for og krav til fjernundervisninga enn det som har vore tilfellet for den heimeopplæringa som skulane blei pålagde å gjennomføre på grunn av pandemien.

1.3 Bruk av retten til vidaregåande opplæring for ungdom som har gått Vg3 påbygging til generell studiekompetanse skoleåra 2020–2021 og 2021-2022

Departementet foreslår ei mindre endring i opplæringslova for å vareta rettane til ungdom som har gått Vg3 påbygging skoleåra 2020–2021 og 2021–2022.

Det følger av den mellombelse lova om tilpassingar i blant anna opplæringslova (midlertidig lov 26. mai 2020 nr. 52 om tilpasninger i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19) at ungdom som er tekne inn til Vg3 påbygging til generell studiekompetanse (Vg3 påbygg) skoleåret 2020–2021, ikkje bruker av ungdomsretten til vidaregåande opplæring det skoleåret. Med heimel i den mellombelse lova er det i forskrift fastsett tilsvarande utviding for dei som blir tekne inn til Vg3 påbygg skoleåret 2021–2022.

Den mellombelse lova gjeld i ein avgrensa periode. Utvidinga av ungdomsretten vil likevel ha verknad for inntak til vidaregåande opplæring eller utbetaling av lærlingtilskot fram i tid, også etter at den mellombelse lova er oppheva. Departementet foreslår derfor å ta inn ei føresegn i opplæringslova som klargjer at dei som har teke Vg3 påbygg skoleåra 2020–2021 og 2021–2022, ikkje har brukt av ungdomsretten til vidaregåande opplæring det året. Siktemålet med forslaget var å sikre at retten til meir opplæring er synleg også etter at den mellombelse lova blir oppheva.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Høgre, Marianne Synnes Emblemsvåg, Kent Gudmundsen, Turid Kristensen og Mathilde Tybring-Gjedde, frå Arbeidarpartiet, Jorodd Asphjell, Nina Sandberg og Torstein Tvedt Solberg, frå Framstegspartiet, leiaren Roy Steffensen og Hanne Dyveke Søttar, frå Senterpartiet, Marit Arnstad og Marit Knutsdatter Strand, frå Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, frå Venstre, Solveig Schytz, og frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, viser til proposisjonen.

Komiteen har halde skriftleg høyring i saka, og fem høyringsinstansar har sendt inn fråsegner innan fristen. Komiteen viser til at proposisjonen omhandlar framlegg til endringar i barnehagelova, opplæringslova og friskolelova på to område. Det fyrste framlegget gjeld regulering av behandling av personopplysningar innan barnehage og grunnopplæringa. Det andre framlegget gjeld gjennomføring av opplæringa i grunnskolen og i vidaregåande skole som fjernundervisning.

I tillegg viser komiteen til at proposisjonen omhandlar framlegg til ei mindre endring i opplæringslova for å vareta rettane til ungdom som har gått Vg3 påbygging skoleåra 2020–2021 og 2021–2022.

Komiteen viser til brev frå statsråden i Kunnskapsdepartementet datert 20. april 2021, der statsråden gjer merksam på feil i ordlyden i teksten nedst på side 116 i den trykte utgåva og i den publiserte PDF-utgåva. Feilen gjeld framlegget til to nye reglar i opplæringslova: ny § 3-14 og ny § 8-4. Komiteens tilråding er endra i tråd med rettebrevet. Brevet fylgjer i trykt vedlegg til innstillinga.

2.1 Behandling av personopplysningar i barnehagar og grunnopplæringa

Komiteen merkar seg at lovframlegget mellom anna er ei oppfylging av to oppmodingsvedtak frå Stortinget; oppmodingsvedtak nr. 789 og nr. 791 av 7. juni 2016, som vart vedtekne i samband med behandlinga av endringar i barnehagelova. Komiteen er kjend med at bakgrunnen for framlegget er EUs personvernforordning (Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/679).

Komiteen registrerer at regjeringa meiner det kan vere nødvendig med ytterlegare og meir detaljerte reglar om behandling av personopplysningar, men at meir utdjupande føresegner bør fastsetjast i forskrift for å unngå ein for detaljert og omfangsrik lovparagraf.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, viser til at etter folkeregisterloven har friskolene, som utfører oppgaver på vegne av det offentlige, rett til få utlevert ikke-taushetsbelagte opplysninger fra Folkeregisteret. Friskolene har derimot ikke tilgang til opplysninger om taushetsbelagte forhold. Flertallet merker seg med dette at friskoleloven ikke gir nødvendig hjemmel til friskolene til å hente opplysninger om hvem som er foreldre til skolens elever og videre til at friskoler på linje med offentlige skoler er pålagt å holde kontakt med foreldre. Flertallet er opptatt av at friskolene skal ha de nødvendige verktøyene for å kunne ivareta det viktige samarbeidet mellom skole og hjem, og mener at det må utredes hvordan friskoler skal kunne innhente opplysninger fra Folkeregisteret på linje med offentlige skoler.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at etter personvernforordninga har barn og vaksne i utgangspunktet dei same rettane til vern om personopplysningar. Punkt 38 i fortalen fastset likevel at barns personopplysningar fortener eit særskilt vern. Dette blir grunngitt med at barn kan vere mindre medvitne om aktuelle risikoar, konsekvensar og garantiar og på kva rettar dei har når det gjeld behandling av personopplysningar. Desse medlemene meiner barn sin rett til informasjonstryggleik ikkje berre gjeld kva plattformer informasjonen blir delt, men også barns tryggleik og tillit til kva som blir delt av informasjon. For at barn skal ha tillit til vaksenpersonar i barnehage og skule er det viktig at dei er informert og ikkje opplever at fortruleg informasjon om dei blir delt med andre utan at dei er medvitne om det. Det vil kunne svekke tillitsforholdet på ein måte som er skadeleg for barna og deira relasjon til vaksne i barnehage og skule. Desse medlemene meiner det er naudsynt at det i lova blir presisert at barn skal informerast om kva informasjon som blir delt. Eleven sin rett til informasjon og rett til å uttale seg fritt må ivaretakast.

Desse medlemene fremmar følgjande forslag:

«I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal ny § 15-10 andre ledd siste punktum lyde:

Eleven sin rett til informasjon og å uttale seg fritt må ivaretakast.»

«I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar skal ny § 7-9 andre ledd siste punktum lyde:

Eleven sin rett til informasjon og å uttale seg fritt må ivaretakast.»

«I lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager skal ny § 47 a andre ledd siste punktum lyde:

Barnets rett til informasjon og å uttale seg fritt må ivaretas.»

2.2 Fjernundervisning

Komiteen merkar seg at framlegget inneber ei generell opning for fjernundervisning på visse vilkår. Lovframlegget regulerer i kva utstrekning, og på kva vilkår, det i ein normalsituasjon vil vere høve til å bruke fjernundervisning i offentlege grunnskular og vidaregåande skular, og i skular godkjende etter friskolelova. Komiteen registrerer at vilkåra er at skoleeigaren må kunne godtgjere at det er gode grunnar til å organisere opplæringa slik at det er trygt og pedagogisk forsvarleg. Eit anna vilkår er at læraren og elevane må kunne kommunisere effektivt.

Komiteen viser til at framlegget inneber at elevane som hovudregel må få fjernundervisning på skolen, men at læraren kan vere ein annan stad. I særlege tilfelle kan elevane få fjernundervisning andre stader enn på skolen, og i vidaregåande skolar kan dette avtalast mellom den enkelte eleven og rektor ved skolen.

Komiteen viser til at grunnskoleelevane etter opplæringslova har rett til å gå på den skolen som ligg nærast, eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til, jf. § 8-1, og at elevane skal delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosial tilhøyrsle, jf. § 8-2. Komiteen understrekar at desse rettane ligg fast – også når undervisninga vert gjennomført som fjernundervisning.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at departementet tar sikte på å sende et helhetlig forslag til ny opplæringslov på høring senere i år, men at de ønsker en behandling av fjernundervisning i et eget løp, slik at nye bestemmelser i opplæringsloven og friskoleloven eventuelt skal kunne gjelde fra høsten 2021.

Flertallet viser til at gjeldende opplæringslov i dag kun regulerer noen få tilfeller der opplæringen kan gjennomføres som fjernundervisning, mens forslaget nå overlater vurderingen til kommunalt skjønn, og at dette vil gi en betydelig utvidelse av adgangen til fjernundervisning.

Flertallet viser til at vi er midt inne i en pandemi og at den hjemmeundervisningen elever har, og har hatt, kan gi gode erfaringer, også når det gjelder fjernundervisning. Flertallet mener derfor det blir for tidlig å foreta disse endringene nå, og mener det er bedre med en helhetlig vurdering i forbindelse med behandlingen av ny opplæringslov.

Flertallet mener, i likhet med Utdanningsforbundet og Barneombudet, at lovforslaget om fjernundervisning inneholder for mange ubesvarte problemstillinger og flere utilsiktede konsekvenser som i større grad må belyses før en eventuell lovendring. Flertallet mener det er viktig at et nytt og omfattende regelverk som skal stå seg over tid, blir gjenstand for en helhetlig behandling hvor de ulike bestemmelsene blir sett på og vurdert i den sammenhengen de skal inngå i.

Flertallet viser til at Kunnskapsdepartementet har varslet at et forslag til ny opplæringslov skal oversendes Stortinget i 2022. Flertallet understreker at det ikke er noe umiddelbart behov for å øke omfanget av fjernundervisning når skolene kommer i normalt gjenge etter pandemien. Snarere tvert imot, da vil både elever og lærere ha et stort behov for å gjenopprette og forsterke de sosiale dimensjonene i opplæringen.

Flertallet viser til de skriftlige innspill komiteen har fått, der høringsinstansene også ber regjeringen avvente dette til lovproposisjonen skal behandles. Flertallet vil på denne bakgrunn stemme imot regjeringens forslag til lovbestemmelser om regulering av fjernundervisning.

Flertallet fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om fjernundervisning i lovproposisjonen om ny opplæringslov.»

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti er svært kritiske til at departementets lovforslag til endring i reglene om fjernundervisning ikke tar hensyn til den sammenhengen som bestemmelsen skal inngå i, og disse medlemmer mener det kan føre til en svekkelse av elevenes rettigheter.

Disse medlemmer viser til at gjeldende opplæringslov i dag kun regulerer noen få tilfeller der opplæringen kan gjennomføres som fjernundervisning, mens lovforslaget overlater til kommunens skjønn å velge om fjernundervisning skal gis eller ikke dersom vilkårene er oppfylt. Lovforslaget innebærer altså en betydelig utvidelse i adgangen til fjernundervisning sammenlignet med dagens regelverk og medfører vide fullmakter til kommunene og fylkeskommunene til å ta dette i bruk. Disse medlemmer mener at risikoen for at økonomiske hensyn legges større vekt på enn de pedagogiske hensynene, er åpenbar. Blant annet argumenteres det for at fjernundervisning er en viktig løsning for å møte utfordringen med mangel på kvalifiserte lærere. Disse medlemmer mener tvert imot at dette vil kunne gi insentiver for kommunene og fylkeskommunene til ikke å gjøre sitt ytterste for å ansette kvalifiserte lærere eller for å avsette økonomiske ressurser til å kvalifisere de som ikke har godkjent lærerkompetanse.

Disse medlemmer er spesielt bekymret for lovforslagets vilkår om at kommunen må kunne godtgjøre «gode grunner» for å gjennomføre opplæringen som fjernundervisning. I proposisjonen skriver departementet:

«Vilkåret om gode grunnar inneber at det skal vere ein viss terskel for å organisere opplæringa som fjernundervisning. Ordinær opplæring av lærarar på skulen er normalordninga, medan fjernundervisning krev god grunngiving.»

Disse medlemmer mener at denne terskelen fra å avvike fra normalordningen er altfor lav. Konsekvensen av dette kan bli at det tilbudet som gis vil variere for mye mellom kommunene og på den måten svekke målet om likeverdig opplæring for alle elevene. Disse medlemmer viser til at erfaringene fra hjemmeundervisning under koronapandemien er svært blandet, blant annet når det gjelder læreres mulighet til å følge opp elevene, konsekvenser for læringsmiljøet og ivaretakelsen av særskilt utsatte elever. Hjemmeundervisning for det store flertallet av elever fungerer dårligere enn opplæring som foregår i et sosialt fellesskap mellom elever og lærer. Disse medlemmer vil også understreke den klare sammenhengen mellom et godt samarbeid mellom hjem og skole og elevenes faglige og sosiale læring og utvikling. I lovforslaget drøftes ikke hvordan dette samarbeidet kan ivaretas på en god nok måte ved bruk av fjernundervisning. Disse medlemmer viser her til at Foreldreutvalget for grunnopplæringen fikk gjennomført en undersøkelse i starten av koronapandemien som viste at fjernundervisning bød på betydelige utfordringer i kontakten mellom elevenes foreldre og skolene.

Disse medlemmer mener at kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt når det ikke er tatt inn noe om erfaringer med hjemmeundervisning under koronapandemien. Disse medlemmer viser til at da opplæringslovutvalget la frem sin utredning i desember 2019, var det før koronapandemien med de konsekvensene denne har hatt for elevenes opplæringstilbud. Disse medlemmer er bekymret for at lange perioder med fjernundervisning under koronapandemien har betydning for hvordan mer fjernundervisning vil virke inn på elevenes læring, og betydning for om fjernundervisning vil være til deres beste. I en barnerettighetsvurdering mener disse medlemmer at et oppdatert kunnskapsgrunnlag er en nødvendig forutsetning for en eventuell lovendring.

Disse medlemmer viser til innspill fra Utdanningsforbundet som understreker at erfaringer fra fjernundervisning under pandemien er at det kreves avsatt mer tid til individuell oppfølging enn i vanlig opplæring for å oppnå gode resultater. Samtidig åpner fjernundervisning for at et svært stort antall elever kan følge opplæringen til én lærer. Disse medlemmer viser til lovforslagets fjerde ledd:

«elevane må ha tilsvarande moglegheit for fagleg hjelp og oppfølging som om læraren var fysisk til stades. Dessutan må læraren ha tilsvarande moglegheit til å gi opplæring, gjere vurderingar og registrere fråvær.»

Disse medlemmer er enige med Utdanningsforbundet i at dette fremstår som lite realistisk, og innebærer en nedvurdering av kompleksiteten i lærergjerningen og en underkommunisering av at mange elever ikke vil kunne dra veksler av hjelp og oppfølging fra en fremmed lærer via skjerm. Svært mange elever vil vegre seg for å åpne seg om utfordringer og be om hjelp fra en person eleven ikke er trygg på. Som flere av høringsinstansene har gitt uttrykk for, mener disse medlemmer at det er svært viktig å ikke forhaste seg med å innføre nye regler om fjernundervisning. Det er en rekke problemstillinger som trenger å bli belyst bedre, og det er behov for å gå grundig gjennom det kunnskapsgrunnlaget som er utarbeidet og som vil komme på grunnlag av erfaringene som er gjort under koronapandemien.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet meiner det er behov for å klårgjere gjeldande reglar om fjernundervisning, mellom anna når det gjeld i kva omfang slik fjernundervisning kan nyttast, både i det enkelte fag og i den totale opplæringa. Samstundes meiner desse medlemene at framlegget i proposisjonen også må tydeleggjerast, mellom anna for å trygge elevane sine rettar når deler av opplæringa gjennomførast som fjernundervisning. Lovregulering på dette området bør ikkje behandlast separat, mens ses i samband med øvrige endringar i lova som kjem til behandling neste år.

Desse medlemene vil understreke at auka moglegheit til å organisere undervisninga som fjernundervisning, ikkje må nyttas til å sentralisere skular og utdanningstilbod. Samstundes ser desse medlemene at fjernundervisning i til dømes fellesfag, i kombinasjon med opplæring i bedrift, kan gjere det mogleg å gje elevane eit utdanningstilbod nære heimstaden, slik at unge elevar slepp å flytte på hybel.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti viser til at det i dag er uklare rammer rundt bruken av fjernundervisning, og at det er behov for å avklare rettstilstanden. Det er kjent at fjernundervisning ble brukt i større omfang enn det som er regulert i lovverket i dag, også før pandemien. Det er grunn til å tro at dette vil fortsette eller øke etter pandemien. Det er dermed viktig å raskt få på plass regler om fjernundervisning, slik at det blir klart når opplæring kan gis som fjernundervisning, og ikke minst rammene for det. Disse medlemmer vil peke på at en åpning for fjernundervisning er særlig viktig i et land som Norge med store avstander. Uten mulighet til å få noe av opplæringen som fjernundervisning, vil elevenes tilbud begrenses av det som tilbys på elevens skole. Uten endring i bestemmelsen om fjernundervisning vil fjernundervisning som hovedregel ikke være tillatt. Dette kan hindre skolene i å gi elever opplæring tilpasset sitt nivå, f.eks. deltakelse i virtuelle klasserom for høyt presterende elever, og forhindre skolene i å tilby elevene en større mengde fag, som f.eks. språkfag. Dette kan også bidra til å opprettholde elevtallet ved mindre skoler, siden elevene også kan få mulighet til å velge fag skolen ikke har fysisk tilbud om. Disse medlemmer vil også peke på at, selv om fjernundervisning i dag er tillatt som et supplement til elever som må få opplæring hjemme pga. langvarig sykefravær, er det ingen vilkår eller rammer for denne fjernundervisningen. Dersom forslaget om fjernundervisning ikke vedtas, vil det fortsatt være uklare rettslige rammer for bruk av fjernundervisning overfor elever som ikke kan komme på skolen pga. helsemessige utfordringer.

Disse medlemmer er enige i at erfaringene med pandemien vil kunne gi nyttig kunnskapsgrunnlag, men mye av kunnskapsgrunnlaget fra pandemien er knyttet til at elevene får digital opplæring hjemme. Hovedregelen etter forslaget om fjernundervisning i Prop. 145 L (2020–2021) er at elevene skal få fjernundervisning på skolen, men at faglæreren kan være et annet sted. Det ligger også i forslaget at ordinær undervisning skal være normalordningen, og at bare deler av opplæringen skal kunne gis som fjernundervisning. Det forutsettes også at det er gode grunner for bruk av fjernundervisning, at det er trygt og pedagogisk forsvarlig og at læreren og eleven kan kommunisere effektivt.

Disse medlemmer vil også peke på at i friskoleloven er fjernundervisning som hovedregel helt forbudt. Friskolene har bare adgang til å tilby fjernundervisning i helt spesielle tilfeller, typisk ved langvarig sykdom. Forslaget om fjernundervisning har vært på en egen høring for friskolene, og det fikk stor støtte fra friskolene og deres organisasjoner.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa gjøres følgende endringer:

§ 2-12 tredje ledd skal lyde:

For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-11, 8-2, 8-4, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, 9-7, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-5, 13-7a, 13-10, 14-1, 14-4, 15-3, 15-4 og 15-10

«Ny § 8-4 skal lyde:

§ 8-4 Fjernundervisning

Delar av opplæringa kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane som fjernundervisning. Fjernundervisning kan brukast dersom kommunen og fylkeskommunen kan godtgjere at det er gode grunnar for det og opplæringa vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg. Fjernundervisninga må gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt med tekniske hjelpemiddel.

At det må vere gode grunnar til å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning, betyr at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa slik. Fordelar kan mellom anna vere moglegheit til å få tilbod i fag som elles ikkje ville vore mogleg, og moglegheit til å få betre tilpassing ut frå nivå.

I vurderinga av om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane si moglegheit til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle. Det skal også takast omsyn til om skolen har nødvendig og eigna utstyr og kompetanse til å gi slik opplæring.

At elevane og læraren må kunne kommunisere effektivt, betyr at elevane må ha tilsvarande moglegheit for fagleg hjelp og oppfølging som om læraren var fysisk til stades. Dessutan må læraren ha tilsvarande moglegheit til å gi opplæring, gjere vurderingar og registrere eventuelt fråvær. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid.

Elevane skal som hovudregel få fjernundervisning på skolen. Ein elev i grunnskolen kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle. Ein elev i vidaregåande skole kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle eller etter avtale med rektor.

Departementet kan gi forskrift om fjernundervisning, mellom anna om ytterlegare innskrenkingar eller krav til fjernundervisninga.»

«I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar gjøres følgende endringer:

§ 1-2 tredje ledd skal lyde:

Lova gjeld ikkje kjøp av opplæringstenester med unntak av kjøp av opplæringstenester ved gjennomføring av fjernundervisning i samsvar med § 3-4c

«Ny § 3-4c skal lyde:

§ 3-4c Fjernundervisning

Delar av opplæringa kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane som fjernundervisning. Fjernundervisning kan brukast dersom styret ved skolen kan godtgjere at det er gode grunnar for det og opplæringa vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg. Fjernundervisninga må gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt med tekniske hjelpemiddel.

At det må vere gode grunnar til å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning, betyr at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa slik. Fordelar kan mellom anna vere moglegheit til å få tilbod i fag som elles ikkje ville vore mogleg, og moglegheit til å få betre tilpassing ut frå nivå.

I vurderinga av om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane sin moglegheit til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle. Det skal også takast omsyn til om skolen har nødvendig og eigna utstyr og kompetanse til å gi slik opplæring.

At elevane og læraren må kunne kommunisere effektivt, betyr at elevane må ha tilsvarande moglegheit for fagleg hjelp og oppfølging som om læraren var fysisk til stades. Dessutan må læraren ha tilsvarande moglegheit til å gi opplæring, gjere vurderingar og registrere eventuelt fråvær. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid.

Elevane skal som hovudregel få fjernundervisning på skolen. Ein elev i grunnskolen kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle. Ein elev i vidaregåande skole kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle eller etter avtale med rektor.

Departementet kan gi forskrift om fjernundervisning, mellom anna om ytterlegare innskrenkingar eller krav til fjernundervisninga. Departementet kan òg gi forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning.»

Ǥ 6A-7 skal lyde:

§ 6A-7. Andre føresegner

Følgjande føresegner i denne lova gjeld så langt dei passar for skolar etter dette kapittelet:

  • a) 1-2 om verkeområdet

  • b) § 2-2 om krav til verksemda til skolen, med unntak av tredje ledd. Dersom ein skole etter dette kapittelet har færre enn 10 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort

  • c) § 2-4 om krav til skoleanlegg og skolemiljø

  • d) § 3-3 tredje ledd om skolegangen

  • e) § 3-4 om organisering av elevane i klassar eller basisgrupper

  • f) § 3-4a om tilpassa opplæring

  • g) 3-4c om fjernundervisning

  • h) § 3-9 om ordensreglement

  • i) § 3-15 om forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet

  • j) § 4-1 om leiing

  • k) § 5-1 om styret, med unntak av bokstavane a og c

  • l) § 5-2 om styret sine oppgåver, med unntak av bokstavane a og e

  • m) § 5-3 om elevråd, med unntak av første ledd første og andre punktum

  • n) § 7-1 om budsjett, rekneskap og rapportering

  • o) § 7-2 om tilsyn m.m.

  • p) § 7-2a om moglege reaksjonsformer, med unntak av fjerde ledd.

  • q) § 7-2b om karantene

  • r) § 7-3 om teieplikt

  • s) § 7-9 første og femte ledd om behandling av personopplysningar.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet fremmer et forslag om å endre friskoleloven § 1-2 slik at forbudet mot fjernundervisning ikke gjelder fjernundervisning som er tillatt i offentlige skoler.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti varsler at disse medlemmer vil støtte dette forslaget subsidiært.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet fremmer følgende forslag:

«I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar gjøres følgende endringer:

§ 1-2 tredje ledd skal lyde:

Lova gjeld ikkje fjernundervisning og kjøp av opplæringstenester utanom fjernundervisning som det er tillate å gi i offentlege skolar. Departementet kan gi forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning.

§ 6A-7 skal lyde:

  • § 6A-7 Andre føresegner

Følgjande føresegner i denne lova gjeld så langt dei passar for skolar etter dette kapittelet:

  • a) § 1-2 om verkeområdet

  • b) § 2-2 om krav til verksemda til skolen, med unntak av tredje ledd. Dersom ein skole etter dette kapittelet har færre enn 10 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort

  • c) § 2-4 om krav til skoleanlegg og skolemiljø

  • d) § 3-3 tredje ledd om skolegangen

  • e) § 3-4 om organisering av elevane i klassar eller basisgrupper

  • f) § 3-4a om tilpassa opplæring

  • g) § 3-9 om ordensreglement

  • h) § 3-15 om forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet

  • i) § 4-1 om leiing

  • j) § 5-1 om styret, med unntak av bokstavane a og c

  • k) § 5-2 om styret sine oppgåver, med unntak av bokstavane a og e

  • l) § 5-3 om elevråd, med unntak av første ledd første og andre punktum

  • m) § 7-1 om budsjett, rekneskap og rapportering

  • n) § 7-2 om tilsyn m.m.

  • o) § 7-2a om moglege reaksjonsformer, med unntak av fjerde ledd.

  • p) § 7-2b om karantene

  • q) § 7-3 om teieplikt

  • r) § 7-9 første og femte ledd om behandling av personopplysningar.»

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener at fjernundervisning kan være en hensiktsmessig løsning i noen tilfeller, for eksempel for elever med langtidssykefravær dersom visse vilkår er oppfylt. Erfaringene fra våren 2020 viser også at fjernundervisning kan fungere som en nødløsning i en krisetid.

Dette medlem viser til Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, og er enig i vurderingen om at å åpne opp for mer bruk av fjernundervisning vil kunne bidra til at flere elever kan få et større og bedre tilbud i fremmedspråk i den videregående opplæringen fordi det kan åpne for å gi tilbud også på skoler der elevgrunnlaget ikke er stort nok i det enkelte faget. I dag er det flere skoler som tilbyr et begrenset antall fremmedspråk fordi de ikke har tilgang på kvalifiserte lærere, og dette medlem viser til forslag fra Sosialistisk Venstreparti om å sette i gang forsøksprosjekter med digitalundervisning i fremmedspråk ved videregående skoler i der elevgrunnlaget ikke er stort nok i det enkelte faget og/eller skolen ikke har tilgang på kvalifiserte lærere. Forslaget innebærer at prosjektet skal se på om dette kan bidra til å sikre like muligheter for elever på mindre skoler med færre studietilbud.

2.3 Bruk av retten til vidaregåande opplæring for ungdom som har gått Vg3 påbygging til generell studiekompetanse skoleåra 2020–2021 og 2021–2022

Komiteen meiner det er nødvendig å avhjelpe dei negative konsekvensane av pandemien, som til dømes manglande læreplassar og forseinka fagprøver, og slik forhindre at elevar og lærlingar kjem i ein vanskeleg situasjon seinare i opplæringa. Komiteen viser til proposisjonen og framlegget om ei føresegn i opplæringslova for å klargjere at dei som har gått Vg3 påbygging skoleåra 2020–2021 og 2021–2022, ikkje har brukt av ungdomsretten det aktuelle skoleåret. Komiteen er samd i behovet for å sikre at retten til meir opplæring er lovfesta – også etter at den mellombelse lova vert oppheva, slik at desse elevane framleis har igjen ungdomsrett og moglegheit til seinare å teikne lærekontrakt og utløyse basistilskot I, gå Vg3 i skole, eller gjere omval i tråd med opplæringslova § 3-1 fjerde ledd.

2.4 FNs barnekonvensjon

Komiteen viser til den komande revideringa av opplæringslova og barnehagelova og fremmar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa sikre at ny opplæringslov og barnehagelov er i tråd med FNs barnekonvensjon sine grunnleggjande rettar for framgangsmåte om barns rett til informasjon, til å uttale seg fritt, barns rett til privatliv og at alle handlingar og avgjerder som omhandlar barn, blir gjorde til barnets beste.»

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal ny § 15-10 andre ledd siste punktum lyde:

Eleven sin rett til informasjon og å uttale seg fritt må ivaretakast.

Forslag 2

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar skal ny § 7-9 andre ledd siste punktum lyde:

Eleven sin rett til informasjon og å uttale seg fritt må ivaretakast.

Forslag 3

I lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager skal ny § 47 a andre ledd siste punktum lyde:

Barnets rett til informasjon og å uttale seg fritt må ivaretas.

Forslag frå Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti:
Forslag 4

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa gjøres følgende endringer:

§ 2-12 tredje ledd skal lyde:

For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-11, 8-2, 8-4, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, 9-7, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-5, 13-7a, 13-10, 14-1, 14-4, 15-3, 15-4 og 15-10.

Forslag 5

Ny § 8-4 skal lyde:

§ 8-4 Fjernundervisning

Delar av opplæringa kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane som fjernundervisning. Fjernundervisning kan brukast dersom kommunen og fylkeskommunen kan godtgjere at det er gode grunnar for det og opplæringa vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg. Fjernundervisninga må gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt med tekniske hjelpemiddel.

At det må vere gode grunnar til å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning, betyr at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa slik. Fordelar kan mellom anna vere moglegheit til å få tilbod i fag som elles ikkje ville vore mogleg, og moglegheit til å få betre tilpassing ut frå nivå.

I vurderinga av om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane si moglegheit til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle. Det skal også takast omsyn til om skolen har nødvendig og eigna utstyr og kompetanse til å gi slik opplæring.

At elevane og læraren må kunne kommunisere effektivt, betyr at elevane må ha tilsvarande moglegheit for fagleg hjelp og oppfølging som om læraren var fysisk til stades. Dessutan må læraren ha tilsvarande moglegheit til å gi opplæring, gjere vurderingar og registrere eventuelt fråvær. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid.

Elevane skal som hovudregel få fjernundervisning på skolen. Ein elev i grunnskolen kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle. Ein elev i vidaregåande skole kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle eller etter avtale med rektor.

Departementet kan gi forskrift om fjernundervisning, mellom anna om ytterlegare innskrenkingar eller krav til fjernundervisninga.

Forslag 6

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar gjøres følgende endringer:

§ 1-2 tredje ledd skal lyde:

Lova gjeld ikkje kjøp av opplæringstenester med unntak av kjøp av opplæringstenester ved gjennomføring av fjernundervisning i samsvar med § 3-4c.

Forslag 7

Ny § 3-4c skal lyde:

§ 3-4c Fjernundervisning

Delar av opplæringa kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane som fjernundervisning. Fjernundervisning kan brukast dersom styret ved skolen kan godtgjere at det er gode grunnar for det og opplæringa vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg. Fjernundervisninga må gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt med tekniske hjelpemiddel.

At det må vere gode grunnar til å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning, betyr at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa slik. Fordelar kan mellom anna vere moglegheit til å få tilbod i fag som elles ikkje ville vore mogleg, og moglegheit til å få betre tilpassing ut frå nivå.

I vurderinga av om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane sin moglegheit til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle. Det skal også takast omsyn til om skolen har nødvendig og eigna utstyr og kompetanse til å gi slik opplæring.

At elevane og læraren må kunne kommunisere effektivt, betyr at elevane må ha tilsvarande moglegheit for fagleg hjelp og oppfølging som om læraren var fysisk til stades. Dessutan må læraren ha tilsvarande moglegheit til å gi opplæring, gjere vurderingar og registrere eventuelt fråvær. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid.

Elevane skal som hovudregel få fjernundervisning på skolen. Ein elev i grunnskolen kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle. Ein elev i vidaregåande skole kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle eller etter avtale med rektor.

Departementet kan gi forskrift om fjernundervisning, mellom anna om ytterlegare innskrenkingar eller krav til fjernundervisninga. Departementet kan òg gi forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning.

Forslag 8

§ 6A-7 skal lyde:

§ 6A-7 Andre føresegner

Følgjande føresegner i denne lova gjeld så langt dei passar for skolar etter dette kapittelet:

  • a) § 1-2 om verkeområdet

  • b) § 2-2 om krav til verksemda til skolen, med unntak av tredje ledd. Dersom ein skole etter dette kapittelet har færre enn 10 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort

  • c) § 2-4 om krav til skoleanlegg og skolemiljø

  • d) § 3-3 tredje ledd om skolegangen

  • e) § 3-4 om organisering av elevane i klassar eller basisgrupper

  • f) § 3-4a om tilpassa opplæring

  • g) § 3-4c om fjernundervisning

  • h) § 3-9 om ordensreglement

  • i) § 3-15 om forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet

  • j) § 4-1 om leiing

  • k) § 5-1 om styret, med unntak av bokstavane a og c

  • l) § 5-2 om styret sine oppgåver, med unntak av bokstavane a og e

  • m) § 5-3 om elevråd, med unntak av første ledd første og andre punktum

  • n) § 7-1 om budsjett, rekneskap og rapportering

  • o) § 7-2 om tilsyn m.m.

  • p) § 7-2a om moglege reaksjonsformer, med unntak av fjerde ledd.

  • q) § 7-2b om karantene

  • r) § 7-3 om teieplikt

  • s) § 7-9 første og femte ledd om behandling av personopplysningar.

Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 9

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar gjøres følgende endringer:

§ 1-2 tredje ledd skal lyde:

Lova gjeld ikkje fjernundervisning og kjøp av opplæringstenester utanom fjernundervisning som det er tillate å gi i offentlege skolar. Departementet kan gi forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning.

§ 6A-7 skal lyde:

  • § 6A-7 Andre føresegner

Følgjande føresegner i denne lova gjeld så langt dei passar for skolar etter dette kapittelet:

  • a) § 1-2 om verkeområdet

  • b) § 2-2 om krav til verksemda til skolen, med unntak av tredje ledd. Dersom ein skole etter dette kapittelet har færre enn 10 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort

  • c) § 2-4 om krav til skoleanlegg og skolemiljø

  • d) § 3-3 tredje ledd om skolegangen

  • e) § 3-4 om organisering av elevane i klassar eller basisgrupper

  • f) § 3-4a om tilpassa opplæring

  • g) § 3-9 om ordensreglement

  • h) § 3-15 om forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet

  • i) § 4-1 om leiing

  • j) § 5-1 om styret, med unntak av bokstavane a og c

  • k) § 5-2 om styret sine oppgåver, med unntak av bokstavane a og e

  • l) § 5-3 om elevråd, med unntak av første ledd første og andre punktum

  • m) § 7-1 om budsjett, rekneskap og rapportering

  • n) § 7-2 om tilsyn m.m.

  • o) § 7-2a om moglege reaksjonsformer, med unntak av fjerde ledd.

  • p) § 7-2b om karantene

  • q) § 7-3 om teieplikt

  • r) § 7-9 første og femte ledd om behandling av personopplysningar.

4. Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen A blir fremja av ein samla komité.

Tilrådinga frå komiteen B romertal I blir fremja av ein samla komité.

Tilrådinga frå komiteen B romertal II blir fremja av Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
A.
vedtak til lov

om endringar i opplæringslova, friskolelova og barnehageloven (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.)

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-12 tredje ledd skal lyde:

For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, 9-7, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-5, 13-7a, 13-10, 14-1, 14-4, 15-3, 15-4 og 15-10.

Ny § 3-1 a skal lyde:
§ 3-1 a Bruk av rett for dei som tok Vg3 påbygging til generell studiekompetanse før læretid skoleåra 2020–2021 og 2021–2022

Ungdom som blei tatt inn til Vg3 påbygging skoleåret 2020–2021 og skoleåret 2021– 2022, har ikkje brukt av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1 første ledd det skoleåret.

Ny § 3-14 skal lyde:
§ 3-14 Nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse

Nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse skal legge til rette for:

  • a) samling av sannferdig informasjon om og oppbevaring av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring

  • b) kontroll av at vitnemåla er gyldig førte i samsvar med gjeldande reglar

  • c) opptak til høgare utdanning og til høgare yrkesfagleg utdanning

  • d) deling av vitnemål og dokumentasjon av kompetanse

Fylkeskommunar og andre som tilbyr vidaregåande opplæring skal utan hinder av teieplikt, levere alle vitnemål og kompetansebevis frå vidaregåande opplæring til databasen. Departementet kan i forskrift fastsetje unntak frå denne plikta.

Databasen kan også innehalde vitnemål og dokumentasjon om kompetanse frå anna opplæring og utdanning når det oppfyller eitt eller fleire av formåla i første ledd.

Databasen kan dele ein persons fødselsnummer, D-nummer og informasjon om at databasen har opplysningar om personens vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-14. Vitnemål og dokumentasjon av kompetanse kan berre delast når den registrerte har bestemt det.

Opplysningane i databasen kan brukast som grunnlag for analyse, statistikk og forsking.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er behandlingsansvarleg for databasen. Departementet kan gi forskrift om behandling og registrering av personopplysningar i databasen.

§ 14-4 nytt andre ledd skal lyde:

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, så langt dette er nødvendig for å evaluere opplæringsverksemda som er omfatta av denne lova. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk. Departementet kan gi forskrift om kva opplysningar Utdanningsdirektoratet kan behandle, og om behandlinga.

Ny § 15-10 skal lyde:
§ 15-10 Behandling av personopplysningar

Kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.

Ved skolebyte kan skolar hente inn personopplysningar frå andre skolar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnopplæring og retten til dokumentasjon på opplæringa.

Fylkeskommunar kan hente inn personopplysningar frå grunnskolar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, førebygge fråvær i opplæringa og følge opp dei som er i målgruppa til oppfølgingstenesta.

Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar, inkludert personopplysningar som er nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det.

Utlevering av personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.

Departementet kan gi forskrift om behandlinga, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast, kven det kan behandlast personopplysningar om, bruk av automatiserte avgjerder, vidarebehandling, utlevering og tilgang til personopplysningar.

II

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar blir det gjort følgjande endringar:

I § 6A-7 skal ny bokstav q lyde:
  • q) § 7-9 første og femte ledd om behandling av personopplysningar.

I § 7-2 blir tredje ledd sletta. Noverande fjerde og femte ledd blir nye tredje og fjerde ledd.
Ny § 7-2c skal lyde:
§ 7-2c Informasjonsinnhenting og evaluering

Departementet kan gi forskrift som pålegg dei ansvarlege for opplæringsverksemda og dei som mottek opplæring, å gi opplysningar og delta i evalueringar og rapportere om forhold som er av betydning for evaluering av opplæringsverksemda.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, så langt dette er nødvendig for å evaluere opplæringsverksemda som er omfatta av denne lova. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk. Departementet kan gi forskrift om kva opplysningar Utdanningsdirektoratet kan behandle, og om behandlinga.

Ny § 7-9 skal lyde:
§ 7-9 Behandling av personopplysningar

Skolar kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Kommunar og fylkeskommunar kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.

Ved skolebyte kan skolar hente inn personopplysningar frå andre skolar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnopplæring og retten til dokumentasjon på opplæringa.

Vidaregåande skolar kan hente inn personopplysningar frå grunnskolar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring og førebygge fråvær i opplæringa.

Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar, inkludert personopplysningar som er nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det.

Utlevering av personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.

Departementet kan gi forskrift om behandlinga, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast, kven det kan behandlast personopplysningar om, bruk av automatiserte avgjerder, vidarebehandling, utlevering og tilgang til personopplysningar.

Ny § 7-10 skal lyde:
§ 7-10 Plikt til å levere vitnemål frå vidaregåande opplæring til nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse

Skolar som tilbyr vidaregåande opplæring skal utan hinder av teieplikt, levere resultat frå alle vitnemål og kompetansebevis frå vidaregåande opplæring til nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, jf. opplæringslova § 3-14. Departementet kan i forskrift fastsetje unntak frå denne plikta.

III

I lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 a første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Barnehagen må ha tillatelse fra barnets foreldre for å utlevere personopplysninger om barnet til skolen.

Ny § 47 a skal lyde:
§ 47 a Kommuner, fylkeskommuner og private barnehagers behandling av personopplysninger

Kommuner, fylkeskommuner og private barnehager kan behandle personopplysninger, herunder personopplysninger som nevnt i personvernforordningen artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgaver etter loven.

Ved bytte av barnehage kan barnehagen levere ut personopplysninger, inkludert personopplysninger som nevnt i personvernforordningen artikkel 9 og 10, som er nødvendige for at den nye barnehagen kan gi barnet et tilbud i samsvar med loven, men bare så langt foreldrene har gitt tillatelse.

Departementet kan gi forskrift om behandling av personopplysninger etter første og andre ledd, blant annet om formålet med behandlingen, behandlingsansvar, hvilke personopplysninger som kan behandles, hvem det kan behandles personopplysninger om, bruk av automatiserte avgjørelser, adgang til viderebehandling, utlevering og tilgang til personopplysninger.

§ 48 skal lyde:
§ 48 Plikt til å gi opplysninger om tjenestedata og regnskapsdata

Kommunale barnehager skal rapportere til Utdanningsdirektoratet tjenestedata som er nødvendige for å vurdere tilstanden og utviklingen innenfor barnehagesektoren. Eier av private barnehager skal rapportere slike tjenestedata og regnskapsdata til kommunen og til Utdanningsdirektoratet. Tjenestedataene skal ikke inneholde direkte identifiserbare personopplysninger. Departementet kan gi forskrift om rapportering av tjenestedata og regnskapsdata, og om Utdanningsdirektoratets behandling av disse.

§ 50 første ledd skal lyde:

Før et barn begynner i barnehage, skal det legges frem en erklæring om barnets helse til barnehagen slik at barnehagen kan legge forholdene til rette for barnet. Dersom barnet har møtt til ordinære undersøkelser på helsestasjon, kan slik erklæring gis av barnets foreldre.

IV

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i kraft dei ulike føresegnene til ulik tid.

B.
I

Stortinget ber regjeringa sikre at ny opplæringslov og barnehagelov er i tråd med FNs barnekonvensjon sine grunnleggjande rettar for framgangsmåte om barns rett til informasjon, til å uttale seg fritt, barns rett til privatliv og at alle handlingar og avgjerder som omhandlar barn, blir gjorde til barnets beste.

II

Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om fjernundervisning i lovproposisjonen om ny opplæringslov.

Oslo, i utdannings- og forskningskomiteen, den 20. mai 2021

Roy Steffensen

Marit Arnstad

leiar

ordførar