2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Solveig Horne, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk
Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Venstre, Terje Breivik,
og uavhengig representant Ulf Isak Leirstein, viser til at
Stortingets eksterne organ er offentlege organ oppretta direkte
under Stortinget. Dei er sjølvstendige og uavhengige av Stortinget
i verksemda si. Dei eksterne organa opptrer ikkje på vegner av Stortinget
og utøver ikkje noka form for delegert konstitusjonell kompetanse
for Stortinget.
Komiteen understrekar at Stortingets
eksterne organ skal vera uavhengige i verksemda si. Sjølvstendet deira
gjev tillit til at undersøkingar, vurderingar og utsegner støttar
seg på eit objektivt og relevant grunnlag og ikkje på usaklege omsyn.
Tillit er avgjerande for at organ som ikkje har mynde til å ta bindande
avgjersler skal fungera effektivt.
Komiteen legg vekt på at konsekvensen
av sjølvstendet og forankringa i Stortinget er at Stortingets eksterne
organ reelt er uavhengige av og har begrensa mynde over dei som
vert kontrollerte. Av di organa er oppretta av og ligg under Stortinget,
er dei utanfor styringshierarkiet i den utøvande makta og er uavhengige av
forvaltninga.
Komiteen ser det slik at Stortingets
eksterne organ korkje har eller bør ha formell mynde til å instruera
eller overprøva avgjersler i forvaltninga. Dette hindrar ikkje at organa
kan pålegga forvaltninga å gje tilgang til naudsynt informasjon
eller krevja tilgang til lokaler eller stader som er naudsynt for
å utføre undersøkingar. Forvaltningsorgana sin rådgjevande funksjon
er meir nyansert. Rådgjevinga må aldri gjennomførast på ein slik
måte at blandinga av roller kan vera egna til å tilsløre tilhøvet mellom
den lovgjevande og den utøvande makta.
Komiteen viser til at kontrollen
med forskrifter, eller korleis regjeringa utøver den lovgjevingskompetansen
som Stortinget har delegert, er eit viktig tema. Etterprøvinga av
forskrifter bør òg omfatta ei vurdering av om det materielle innhaldet
i forskrifta er i tråd med Stortinget sine føresetnadar. Departementa
har ansvar for denne typen forskriftskontroll og må ha naudsynt tilsyn
med at forskriftene er i tråd med intensjonen til lovgjevar. Komiteen føreset
at departementa har system som gjev oversikt over kva for forskrifter
som vert vedtekne, og som kan ha innverknad på Stortinget sin kontroll.
Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen gjennomfører kontroll i einskilde
saker. Riksrevisjonen sin kontroll bør òg femna om tverrgåande kontrollar
av departementa sine system for tilsyn med at innhaldet i forskriftene
er i tråd med intensjonen til lovgjevar.
Komiteen peiker på at i den
grad det er sakleg samanfall mellom oppgåvene til dei eksterne organa
som er bestemde i lov og instruks, og Stortinget sine konstitusjonelle
kontrollfunksjonar, er dei eksterne organa eit verkemiddel i Stortinget
sin kontroll. Stortingets eksterne organ er eit verkemiddel for
Stortinget si utøving av den parlamentariske kontrollen på generelt
grunnlag, som ein demokratisk garanti for å sikra det folkevalde Stortinget
si stilling opp mot regjeringa og embetsverket og for å sikra ei
effektiv og ansvarleg forvaltning, jf. Dokument nr. 14 (2002–2003).
Komiteen viser til at dei
eksterne organa kan vera eit verkemiddel knytt til andre av Stortinget
sine konstitusjonelle oppgåver. Til dømes går det fram av NIM-loven
§ 3 at NIM skal gje råd til Stortinget om gjennomføringa av menneskerettane.
Slike råd er ikkje avgrensa til å gjelda Stortinget sin kontroll.
Dei kan òg gjelda Stortinget si handsaming av lov- og budsjettforslag.
Dei eksterne organa
avgjer sjølve innhaldet i, omfanget av og formen på rapporteringa
til Stortinget. Komiteen legg
vekt på at omfanget av rapporteringa må vera tilpassa Stortinget
sin kapasitet til å behandla rapportane, og rapportane må vera relevante
for Stortinget sitt arbeid. Komiteen viser til Dokument
nr. 7 (1972–73) om at det i kontrollen er av sentral interesse for
Stortinget å kunna vurdera om den målsetjinga som ligg til grunn
for Stortinget sitt vedtak, er oppnådd. Dessutan bør Stortinget
vera orientert om tilhøve som omhandlar rasjonalisering og effektivisering
av forvaltninga, og om ressursbehov og ressurstilgang.
Komiteen støttar utvalet si
vurdering av at Stortinget, ved kontroll- og konstitusjonskomiteen,
bør ha ein viss tilgang til dialog med dei eksterne organa for at dei
skal kunna opplysa om særskilde undersøkingar Stortinget kan ha
nytte av, når Stortinget treng å få greidd ut ei sak uavhengig av
regjeringa og forvaltninga. Ein slik dialog føreset at organa sitt
sjølvstende er vareteke ved at dei sjølve vurderer om oppgåva kan
løysast innanfor tilgjengelege ressursar, og at dei sjølve avgjer korleis
ein slik førespurnad frå Stortinget kan løysast. Når dei har løyst
ei slik oppgåve, er det naturleg at dei avgjev ei særskild melding
til Stortinget.
Komiteen støttar utvalet si
oppfatning om at Stortingets presidentskap må ha ansvaret for gjennomgangen
av lovendringar som kan eller bør få konsekvensar for Stortingets
eksterne organ. Det er i prinsippet uheldig at verksemda i organa
er regulert i instruks i tillegg til lov. Komiteen legg vekt på at forvaltningsorgan
ikkje skal kunne rå over Stortingets eksterne organ om det aktuelle
eksterne organet gjennomfører kontroll med forvaltningsorganet og
bruken av forvaltninga si mynde kan påverka det eksterne organet
si uavhengige og upartiske utøving av oppgåvene sine. Det same må gjelda
for dei øvrige eksterne organa som fører kontroll med forvaltninga.
Komiteen registrerer at Stortingets
eksterne organ har ulike mandat og arbeidsformer, ulik organisering
og ulik tilknyting til Stortinget. Stortinget med Stortingets presidentskap
og administrasjon varetek ulike administrative og styringsmessige
funksjonar. Komiteen støttar
utvalet si vurdering av at det prinsipielt bør vera eit styre eller
eit kollegialt organ, anten det vert kalla nemnd eller noko anna,
som bør vera det øvste ansvarlege organet i alle dei eksterne organa
til Stortinget. Det er i tråd med organa si særleg sjølvstendige
stilling. Ein slik modell vil sikra at ulike interesser kan vera
representerte i det styrande organet. Komiteen støttar utvalet si
vurdering av at Sivilombodet framleis bør ha ein direktørmodell.
Komiteen legg vekt på at dei
kollegiale organa bør nemnast opp av Stortinget i plenum på same
måte som sivilombodet, for å sikra naudsynt autoritet og legitimitet.
I dei kollegiale organa med styrefunksjon vil rolla til den administrative
leiaren vera å ha den daglege leiinga, førebu saker, vera sekretær
for styret og gjennomføra avgjerslene. Det kollegiale organet bør
tilsetja sin næraste medarbeidar og stå til ansvar overfor Stortinget
for organet si verksemd. Komiteen støttar utvalet si
vurdering om at alle dei eksterne organa til Stortinget har ein
administrativ leiar på åremål på seks år, med mogelegheit til å
forlenga det éin gong.
Komiteen meiner at i Riksrevisjonen
bør leiinga vera et kollegium som i dag, som sjølv tilset administrativ
leiar med ansvaret for det daglege arbeidet. Dette bør vera ein
åremålsstilling på seks år med mogelegheit til å forlenga det éin
gong til maksimalt tolv år. Riksrevisor leier møta i kollegiet og
har den primære kontakten med Stortinget. Riksrevisor skal ikkje
lenger ha det personell- og driftsmessige ansvaret. Kollegiet bør,
som i dag, bestå av erfarne politikarar. Talet på medlemmar i kollegiet
bør vera som nå, fem medlemmar.
Komiteen meiner at Sivilombodet
skal oppretthalda dagens modell, slik at det ikkje er eit styre
eller kollegialt organ som leier verksemda. Sivilombodet skal sjølv
ta avgjersle i saker som er til handsaming. Det bør opnast for at
ombodet kan ha eit utval eller eit råd til støtte i strategiske
val og prioriteringar og som sikrar ein viss pluralisme og kontakt
med det sivile samfunnet.
Komiteen meiner at oppnemninga
av EOS-utvalet bør endrast slik at medlemmane i utvalet vert nemde opp
for fire år av gongen, og at maksimal funksjonstid er åtte år, på
same måten som i dei andre kollegiale organa. Utvalet skal sjølv
tilsetja leiaren av sekretariatet, ikkje presidentskapet etter innstilling
frå utvalet som i dag.
Komiteen meiner at Noregs
institusjon for menneskerettar bør ha modellen med eit styre som
er nemnt opp av Stortinget. Styret bør tilsetja direktør.
Komiteen meiner at Ombodsmannsnemnda
for Forsvaret skal fungera som eit styre og ha meir ansvar for styring
og kontroll med ombodet sitt arbeid enn i dagens ordning. Nemnda
skal ha fem medlemmar og ikkje sju som i dag. Nemnda sine medlemmar
skal nemnast opp av Stortinget for fire år av gongen. Medlemmane
kan verta oppnemde på nytt éin gong kvar. For å sikra kontinuitet
bør ikkje meir enn tre nye medlemmar bli nemde opp kvar gong. Nemnda
sin leiar skal kallast forsvarsombodet, men vil ikkje vera leiar
av det daglege arbeidet som i dag. Nemnda tilset administrativ leiar, som
vert tilsett på åremål for seks år. Åremålet kan forlengast éin
gong til totalt tolv år.
Komiteen registrerer at sidan
Stortingets eksterne organ har ulik storleik, tek Stortinget hand
om ei rekke administrative oppgåver. Dette kan vera ei utfordring for
sjølvstendet, men samstundest gje stordriftsfordelar. Det kan vera
føremålstenleg med ein gjennomgang av kva for oppgåver Stortingets
administrasjon kan og bør utføra for dei eksterne organa.
Stortinget fastset
dei eksterne organa sitt budsjett ved at budsjettforslaga vert sende
til Stortinget for handsaming i presidentskapet. Komiteen støttar utvalet si vurdering
om at Stortinget må få informasjon om dei opphavelege budsjettframlegga
til organa når Stortinget handsamar budsjetta. Stortingets eksterne
organ bør ha eit lønnsnivå som reflekterer at dei er Stortinget
sine organ, og følgje føringa frå Stortinget for leiarar i staten.
Komiteen legg merke til at
Stortinget sin administrasjon er klareringsmyndigheit for Sivilombodsmannen,
for Ombodsmannen for Forsvaret og for EOS-utvalet sine medlemmar
og tilsette i sekretariatet. Riksrevisjonen er eiga klareringsmyndigheit. Komiteen viser
til at spørsmålet om ei felles klareringsordning for alle Stortingets
eksterne organ må venta til vurderinga av om Riksrevisjonen framleis
skal revidera Stortingets administrasjon, er klar.
Komiteen støttar utvalet si
vurdering om at i lys av sjølvstendet til Stortingets eksterne organ
og valet av styremodell er det naturleg at dei øvste organa i verksemda fastset
personalreglement etter forhandlingar mellom leiinga og dei tillitsvalde.
Det er òg naturleg at dei øvste organa i verksemda fastset økonomireglement,
og at staten sitt økonomireglement vert lagt til grunn.
Komiteen fremjar følgjande
forslag:
«Stortinget
ber presidentskapet om å følgja opp naudsynte lovendringar på bakgrunn
av utvalet sine forslag og komiteen sine føringar i denne innstillinga.»