Forslag frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
komme tilbake til Stortinget med forslag om kva sanksjonar som skal
gjelde ved brot på språklova.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringen
komme tilbake til Stortinget med en sak om symbolspråk, der det
foreslås hvordan retten til symbolspråk kan innlemmes i språkloven.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa
sikre at utviklinga og bruken av norsk språk i fortid og samtid
blir vitskapleg dokumentert, og at dokumentasjon og normering av norsk
språk skal vere eit offentleg oppdrag ved ein norsk vitskapleg institusjon.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa
seinast innan revidert nasjonalbudsjett for 2021 komme tilbake til
Stortinget med eit forslag til endring i språklova der det blir
presisert at det offentlege har ansvar for å utvikle og bruke norsk
terminologi og fagspråk og å gjere det tilgjengeleg på begge målformer
innanfor sitt fagområde.
Forslag frå Høgre, Senterpartiet
og Kristeleg Folkeparti:
Forslag 5
§ 13 fjerde ledd
skal lyde:
Fylkeskommunar som
er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka
slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument.
Forslag frå Arbeidarpartiet
og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 6
§ 3 andre ledd
bokstav e skal lyde:
e) intern sakshandsaming.
Lovforslaget
fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.
Forslag 7
§ 16 andre og tredje
ledd skal lyde:
Statsorgan skal
krevje at tilsette skal skrive både nynorsk og bokmål i arbeidet.
Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for
tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.
Departementet kan
gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.
Forslag 8
§ 13 fjerde ledd
skal lyde:
Fylkeskommunar som
er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka
med utgangspunkt i kvantifiseringane i § 13 andre ledd.
Forslag 9
§ 17 første punktum
skal lyde:
Er det bruka feil
skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren
eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at
dokumentet blir utferda på nytt.
Forslag 10
§ 19 tredje ledd
skal lyde:
Språkrådet fører
tilsyn med korleis statsorgan og fylkeskommunar etterlever reglane
i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.
Forslag 11
§ 20 skal lyde:
Statsorgan og fylkeskommunar
skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet
ber om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12
til 17.
Forslag frå Høgre og Kristeleg
Folkeparti:
Forslag 12
§ 16 andre og tredje
ledd skal lyde:
Statsorgan og fylkeskommunar
skal kunne krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk.
Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført
sidemålsopplæring i grunnopplæringa.
Departementet kan
gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.
Forslag frå Framstegspartiet
og Senterpartiet:
Forslag 13
Stortinget ber regjeringen
komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en sak om hvordan
særlig barn og unge som mangler tale eller tegnspråk, kan inkluderes
bedre i samfunnet ved hjelp av bl.a. ASK/symbolspråk.
Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 14
Stortinget ber regjeringen
fremme sak om at retten til gratis tolketjenester fjernes for de
som har oppholdt seg i landet i mer enn fem år eller har norsk statsborgerskap,
herunder i behandlingen av sivilrettslige saker.
Forslag 15
Stortinget ber regjeringen
kommer tilbake med forslag til ytterligere tiltak for å få ned det
offentliges utgifter og begrense rettigheten til gratis tolketjenester,
herunder i forbindelse med gjennomføringen av straffesaker.
Forslag 16
Stortinget ber regjeringen
om å innføre valgfritt sidemål i skolen og komme tilbake til Stortinget
med sak om eventuelle lovendringer som er nødvendig for å gjennomføre
dette.
Forslag 17
Stortinget ber regjeringen
komme tilbake til Stortinget med et lovforslag som tillater den
enkelte innbygger og det enkelte offentlige organ å velge målform
etter eget ønske. Det skal være opp til den offentlige ansatte å benytte
målformen man måtte ønske, uavhengig av hvilken kommune eller annet
offentlig organ vedkommende er ansatt i og hvilken målform en henvendelse
er kommet i.
Forslag frå Senterpartiet:
Forslag 18
§ 16 andre og tredje
ledd skal lyde:
Tilsette i statsorgan
skal skrive bokmål og nynorsk etter dei reglane som kvar tid gjeld
for målbruk i tenesta. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette
gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring
i grunnopplæringa.
Departementet kan
gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.