vedtak til lov
§ 1 Føremål
Føremålet med lova
er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande
språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar
av samfunnslivet i Noreg. Lova skal fremje likestilling mellom bokmål
og nynorsk og sikre vern og status for dei språka som staten har
ansvar for.
Føremålet med lova
er også å sikre at
-
a) offentlege organ
tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk
-
b) offentlege organ
tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje samiske språk, jf. reglane
i sameloven kapittel 3
-
c) offentlege organ
tek ansvar for å verne og fremje kvensk, romani, romanes og norsk
teiknspråk.
Ansvaret etter andre
ledd bokstav a omfattar eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som
det minst bruka norske skriftspråket.
§ 2 Definisjonar
I denne lova tyder
-
a) dokument: ei
logisk avgrensa informasjonsmengd som blir lagra på eit medium for
seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande
-
b) allment tilgjengelege
dokument: dokument som blir utferda og sendt ut av eit organ som
er omfatta av lova her, og som ikkje er stila til enkeltadressatar
-
c) statsorgan:
alle organ for staten og sjølvstendige rettssubjekt der staten har
ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav
c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav
d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum
-
d) offentleg organ:
statsorgan etter bokstav c, alle organ for kommune og fylkeskommune
og sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har
ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav
c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav
d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum
-
e) sentrale statsorgan:
statsorgan med heile landet som tenestekrins
-
f) regionale statsorgan:
statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.
§ 3 Verkeområde
Når det ikkje er
fastsett noko anna, gjeld lova for
-
a) staten, fylkeskommunane
og kommunane
-
b) andre rettssubjekt
i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift
-
c) sjølvstendige
rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller
indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av røystene
i det øvste organet i rettssubjektet
-
d) sjølvstendige
rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller
indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med
røysterett i det øvste organet i rettssubjektet.
Første punktum
bokstav c og d omfattar ikkje rettssubjekt som hovudsakleg driv
næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.
Reglane i §§ 12
til 18 gjeld ikkje for
-
a) kommunane
-
b) sjølvstendige
rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel
eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet
som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d
-
c) interkommunale
samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne
rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar
-
d) Stortinget,
Riksrevisjonen, Sivilombodsmannen og andre organ for Stortinget.
Lova gjeld ikkje
for intern sakshandsaming.
Reglane i §§ 12
til 18 gjeld berre for den administrative delen av verksemda ved
universiteta, dei statlege høgskulane og andre statlege skular,
vidaregåande skular, domstolane, forliksråda og påtalemakta.
Departementet kan
gje forskrift om at §§ 12 til 18 heilt eller delvis heller ikkje
skal gjelde for organ og sjølvstendige rettssubjekt som lova elles
gjeld for, og om val av skriftspråk i samband med eksamen ved universiteta,
dei statlege høgskulane og andre statlege skular.
§ 4 Norsk språk
Norsk er det nasjonale
hovudspråket i Noreg.
Bokmål og nynorsk
er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet.
I offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk.
§ 5 Samiske språk
Samiske språk er
urfolksspråk i Noreg.
Samiske språk og
norsk er likeverdige språk. Dei er jamstilte språk etter sameloven
kapittel 3.
§ 6 Nasjonale minoritetsspråk
Kvensk, romani og
romanes er nasjonale minoritetsspråk i Noreg.
Som språklege og
kulturelle uttrykk er kvensk, romani og romanes likeverdige med
norsk.
§ 7 Norsk teiknspråk
Norsk teiknspråk
er det nasjonale teiknspråket i Noreg.
Som språkleg og
kulturelt uttrykk er norsk teiknspråk likeverdig med norsk.
§ 8 Skandinaviske språk
Alle har rett til
å bruke svensk eller dansk i kontakt med offentlege organ. Offentlege
organ kan svare på norsk.
§ 9 Klart språk
Offentlege organ
skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa.
§ 10 Offisiell rettskriving for
bokmål og nynorsk
Offentlege organ
skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk.
Statsorgan skal
ha namn på norsk, både bokmål og nynorsk. Namna skal følgje offisiell
rettskriving.
§ 11 Kommunale og fylkeskommunale
språkvedtak
Ein kommune eller
ein fylkeskommune kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke
berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen
eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal
vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune skal
reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko slikt
vedtak.
Kommunar og fylkeskommunar
skal melde frå til Språkrådet om språkvedtak etter første ledd.
§ 12 Fleirtalsspråk
Fleirtalsspråket
i ein tenestekrins er det norske skriftspråket, anten bokmål eller
nynorsk, som over halvparten av kommunane i ein tenestekrins gjer
språkvedtak om etter § 11. Eit regionalt statsorgan skal bruke fleirtalsspråket
i tenestekrinsen. Dersom det ikkje er noko fleirtalsspråk i ein
tenestekrins, skal eit regionalt statsorgan reknast som språkleg
nøytralt.
§ 13 Veksling mellom bokmål og nynorsk
i allment tilgjengelege dokument
Sentrale statsorgan
skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i
allment tilgjengelege dokument. Regionale statsorgan som har anten
bokmål eller nynorsk som fleirtalsspråk i tenestekrinsen, skal bruke
fleirtalsspråket i allment tilgjengelege dokument.
Eit språkleg nøytralt
regionalt statsorgan som i tenestekrinsen har kommunar med språkvedtak
om bokmål eller nynorsk etter § 11, skal veksle mellom skriftspråka
slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege
dokument. Dersom minst ein fjerdedel av kommunane i ein tenestekrins
har gjort vedtak om å krevje same skriftspråk, skal eit språkleg
nøytralt regionalt statsorgan veksle mellom skriftspråka slik at det
over tid blir minst 25 prosent av dette skriftspråket i allment
tilgjengelege dokument. Dersom minst éin kommune, men mindre enn
ein fjerdedel av kommunane i ein tenestekrins har gjort vedtak om
å krevje nynorsk, skal det regionale statsorganet veksle mellom skriftspråka
slik at det over tid blir minst 10 prosent nynorsk i allment tilgjengelege
dokument.
Dersom kommunar
i eit geografisk avgrensa område har eit fleirtalsspråk, skal statsorgan
bruke dette språket i dokument som er retta mot desse kommunane.
Det same gjeld når dokument har særleg tilknyting til eit slikt
geografisk avgrensa område. Dersom eit dokument har særleg tilknyting
til berre éin kommune, skal statsorgan følgje det språkvedtaket
denne kommunen har gjort.
§ 14 Parallell bruk av bokmål og
nynorsk hos statsorgan
Statsorgan skal
gjere skjema og andre sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål
og nynorsk samtidig.
Dersom eit privat
rettssubjekt krev at løyve og faste formular som direkte gjeld rettssubjektet,
skal vere på anten bokmål eller nynorsk, skal statsorgan oppfylle kravet.
Statsorgan skal
gje ut dokument som er meinte til bruk i skulen, på både bokmål
og nynorsk samtidig.
§ 15 Bruk av bokmål og nynorsk til
private rettssubjekt og enkeltkommunar
I dokument som er
retta mot eit privat rettssubjekt, skal statsorgan og fylkeskommunar
bruke det norske skriftspråket som det private rettssubjektet sjølv
har bruka i kommunikasjonen med organet, eller som det private rettssubjektet
på annan måte har meldt frå at det ønskjer.
I dokument som er
retta mot ein kommune eller ein fylkeskommune som har gjort språkvedtak
etter § 11, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det vedtekne skriftspråket.
§ 16 Krav til skrivekompetanse
Statsorgan og fylkeskommunar
skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å
kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her.
§ 17 Klagerett
Er det bruka feil
skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren
klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28
til 35 gjeld for saker etter første punktum.
§ 18 Påpeiking av feil bruk av skriftspråk
hos statsorgan
Språkorganisasjonar
kan påpeike overfor eit statsorgan at dei meiner organet bryt føresegnene
nemnt i §§ 14 og 15, jamvel om saka ikkje vedkjem organisasjonane
sjølve.
§ 19 Språkrådet
Språkrådet er statens
forvaltningsorgan i språkspørsmål og forvaltar dei offisielle skriftnormalane
for bokmål og nynorsk.
Språkrådet skal
gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før det blir gjort
vedtak om namn på statsorgan.
Språkrådet fører
tilsyn med korleis statsorgan etterlever reglane i § 10 andre ledd
og §§ 12 til 17.
Språkrådet skal
rettleie offentlege organ om reglane i denne lova.
§ 20 Opplysningsplikt overfor Språkrådet
Statsorgan skal
gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber
om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til
17.
§ 21 Iverksetjing og overgangsreglar
Lova gjeld frå den
tida Kongen fastset. Frå same tidspunkt blir lov 11. april 1980
nr. 5 om målbruk i offentleg teneste oppheva.
Forskrifter som
er gjevne i medhald av lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg
teneste, held fram å gjelde så langt dei ikkje er i strid med i
lova her.
§ 22 Endringar i andre lover
Frå den tida lova
tek til å gjelde, skal desse endringane gjerast i andre lover:
1. I lov 17. juli
1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal desse
endringane gjerast:
§ 2-5 overskrifta skal
lyde:
Bokmål og nynorsk i grunnskolen
§ 2-5 første ledd skal
lyde:
Kommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere
hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg
opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane
sjølve om dei skal bruke bokmål
eller nynorsk som skriftleg hovudmål.
§ 2-5 tredje ledd første
punktum skal lyde:
Foreldra vel skriftspråket i lærebøkene
til elevane til og med 7. årstrinnet.
§ 2-5 sjette ledd fyrste
punktum skal lyde:
Dei to siste åra
i grunnskolen skal elevane ha opplæring i både bokmål og nynorsk.
§ 9-4 andre ledd andre punktum
blir oppheva. Noverande andre ledd tredje punktum blir andre punktum.
§ 9-4 tredje ledd skal
lyde:
Lesebøkene i norskfaget
i grunnskolen skal ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at
elevane lærer å lese begge skriftspråka.
§ 15-6 andre ledd skal
lyde:
Det er likevel
foreldra til barnet som har rett til å velje privat skole, jf. § 2-1,
samtykke til fritak frå heile opplæringsplikta, jf. § 2-1, velje skriftspråk, jf. § 2-5,
krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller
livssyn, jf. § 2-3a, og krevje opplæring i kvensk eller finsk og
i og på samisk, jf. §§ 2-7 og 6-2.
2. I lov 14. desember
2007 nr. 116 om studentsamskipnader skal § 11 første ledd lyde:
Forvaltningsloven,
lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv og språklova gjelder ikke
for studentsamskipnadene.
3. I lov 16. juni
2017 nr. 50 om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda
skal § 10 fjerde ledd lyde:
Vedtak og beslutning etter første,
annet og tredje ledd kan fattes av nemndleder.