1.3 Språksituasjonen
Punkt 3 i meldingsdelen
i proposisjonen gjev innsikt i korleis språksituasjonen i Noreg
kan skildrast ut frå omgrep som domenetap og språkskifte m.m. Det
å ta omsyn til mindretalet blir peika på som ein del av dei verkemidla
det liberale demokratiet har for å sikre mindre bruka språk.
Noreg har frå gamalt
av vore fleirspråkleg. Noreg har ratifisert Europeisk pakt om regions-
eller minoritetsspråk, som forpliktar den norske staten til å verne
og fremje seks språk: nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, kvensk,
romani og romanes.
Norsk teiknspråk
er ikkje omfatta av dei internasjonale konvensjonane som Noreg har
slutta seg til, men brukarane av norsk teiknspråk har rettar som
er sikra av staten.
I tillegg til desse
språka, som Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på, finst
det ei lang rekkje nye innvandrarspråk i Noreg.
For norsk språk generelt
er det fagleg grunnlag for å seie at den reelle trusselen er domenetap,
ikkje språkdød. Omgrepet domenetap blir nytta om situasjonar der
eit språk blir fortrengt av eit anna (større) språk innanfor ulike
domene. Det kan vere domene i tydinga samfunnsområde, til dømes
offentlege domene som politikk, religion, arbeidsliv, medium og
utdanning. Når engelsk vinn stadig sterkare innpass medan norsk
blir trengd tilbake, står vi overfor faren for slike domenetap.
I den grad domenetap
«smittar» frå eitt samfunnsdomene til eit anna, kan eit fullverdig
norsk språk vere truga. I desse tilfella snakkar ein om språkskifte. Språkskifte
refererer til den prosessen der eit språk tek over for eit anna
språk som førstespråk. Språkskifte er ei utfordring i fleirspråklege
samfunn. Språkskifte inneber at minoritetsspråklege, som samtidig
er tospråklege, går over til majoritetsspråket.
Ser vi spesielt på
utsiktene for norsk skriftkultur, er det eit problem at nynorsk
har ein så mykje veikare posisjon enn bokmål. Nynorsk er det minst
bruka språket sett i høve til bokmål, og nynorsk og nynorskbrukarar
er utsette for mange av dei same mekanismane som tradisjonelle minoritetsspråk
og minoritetsspråkbrukarar når det gjeld diskriminering.
Sjølv om det har
vore eit sentralt språkpolitisk mål å hindre målbyte frå nynorsk
til bokmål, har ein ikkje lukkast med å bremse denne utviklinga.
Språkleg mangfald
er viktig for demokratiet. Det representerer kulturell rikdom og
kan motverke politisk einsretting. Skal vi halde på det språklege
mangfaldet, må språkbrukarane vere medvitne om verdien i språket sitt.
Språkleg medvit trengst for at eit språk skal stå imot ytre press.
Derfor er det ei viktig språkpolitisk oppgåve å bidra til å styrkje
den språklege identiteten og sjølvkjensla til språkbrukarane. Særleg
dei minst bruka språka er under press. Staten har eit særleg ansvar
for dei minst bruka språka.
Å utvikle politikk
i eit demokrati vil også handle om å ta mindretalsomsyn gjennom
til dømes kvotereguleringar og særordningar. Språka må sikrast,
slik at dei kan brukast på så mange samfunnsområde som mogleg. Ei slik
særbehandling eller positiv diskriminering av mindre bruka språk
kan bidra til at språka overlever på lang sikt.
Norsk skal vere det
samfunnsberande språket i Noreg, og mellom anna derfor er den norske
språkpolitikken tufta på prinsippet om at alle som oppheld seg i
Noreg over tid, skal kunne lære seg og ta i bruk norsk språk.