-
Stortinget ber regjeringa
fremme ein samla plan med kortsiktige og langsiktige tiltak for
å auke bruk av ideelle aktørar i heile breidda av helse- og omsorgstenesta
og legge han fram for Stortinget på eigna måte.
-
Stortinget ber regjeringa
gi dei regionale helseføretaka i oppdrag å rullere sine strategiplanar
for ideell vekst, med krav om at minst 10 pst. av tenestene deira
skal vere drivne av ideelle aktørar innan 2030.
-
Stortinget ber regjeringa
vedta ei forskrift til lov om offentlige anskaffelser som gir tydeleg
heimel for å reservere konkurransar for ideelle aktørar.
-
Stortinget ber regjeringa
sikre at dei 12 løpande avtalane med ideelle sjukehus får langsiktige
avtalar og at helseføretaka får i oppdrag å vurdere moglegheita
for auka opptaksområde og nytt tenestevolum for ideelle sjukehus
i sine utviklingsplanar.
-
Stortinget ber regjeringa
sikre at modellane for internfinansiering i dei regionale helseføretaka
ikkje gir helseføretaka økonomiske insitament til å velje vekk ideelle
aktørar, slik «Magnussen-modellen» har bidrege til.
-
Stortinget ber regjeringa
sikre at dei regionale helseføretaka ikkje kjøper opp eller overtek
ideelle aktørar sine spesialisthelsetenestetilbod, og at eventuelle
forslag om dette må handsamast i føretaksmøte.
-
Stortinget ber regjeringa
sikre at dei regionale helseføretaka, ved kontraktsinngåing med
ideelle aktørar, stiller krav om at tenesteytaren ikkje kan endre
driftsform frå ideell til kommersiell undervegs i kontraktsperioden.
-
Stortinget ber regjeringa
avvikle kravet om auka konkurranse og meir kjøp av private tenester
gjennom anbod, som vart innført gjennom reforma fritt behandlingsval.»
Det vises
til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.