Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortinget ber regjeringa sikre at modellane for internfinansiering i dei regionale helseføretaka ikkje gir helseføretaka økonomiske insitament til å velje vekk ideelle aktørar.
Stortinget ber regjeringa sikre at dei regionale helseføretaka, ved kontraktsinngåing med ideelle aktørar, stiller krav om at tenesteytaren ikkje kan endre driftsform frå ideell til kommersiell undervegs i kontraktsperioden.
Stortinget ber regjeringa avvikle kravet om auka konkurranse og meir kjøp av private tenester gjennom anbod, som vart innført gjennom reforma fritt behandlingsval.
Stortinget ber regjeringa gi dei regionale helseføretaka i oppdrag å rullere sine strategiplanar for ideell vekst, med krav om at minst 10 pst. av tenestene deira skal vere drivne av ideelle aktørar innan 2030.
Stortinget ber regjeringa sikre at ideelle sjukehus får langsiktige avtalar, og at helseføretaka får i oppdrag å vurdere moglegheita for auka opptaksområde og nytt tenestevolum for ideelle sjukehus i sine utviklingsplanar.
Stortinget ber regjeringen fremme en samlet plan med kortsiktige og langsiktige tiltak for å øke bruken av ideelle aktører, som erstatning for kommersielle aktører, i hele bredden av helse- og omsorgstjenesten, og legge den fram for Stortinget på egnet måte.
Stortinget ber regjeringa fremme ein samla plan med kortsiktige og langsiktige tiltak for å auke bruk av ideelle aktørar i heile breidda av helse- og omsorgstenesta og legge han fram for Stortinget på eigna måte.
Stortinget ber regjeringa sikre at dei regionale helseføretaka ikkje kjøper opp eller overtek ideelle aktørar sine spesialisthelsetenestetilbod, og at eventuelle forslag om dette må handsamast i føretaksmøte.