Søk

Innhold

13. Forbrukerutfordringer på dagligvaremarkedet

13.1 Sammendrag

13.1.1 Utviklinga og konkurransen på daglegvaremarknaden

Daglegvaremarknaden er viktig for forbrukarane. Ein god daglegvaremarknad er kjenneteikna av at forbrukarane kan gjere informerte val i tråd med eigne preferansar.

Ifølgje SSB utgjorde utgiftene til mat og alkoholfrie drikkevarer 11 pst. av dei totale forbruksutgiftene til hushalda i 2017. Denne prosentdelen har lege stabilt dei siste åra.

Omsetninga av daglegvarer i Noreg passerte 176 mrd. kroner i 2018 (AC Nielsen 2019), og talet på butikkar har vore stabilt (3 843 butikkar ved utgangen av 2017). Meir enn 96 pst. av marknaden blir kontrollert av tre paraplykjeder: NorgesGruppen (43,1 pst.), Coop Norge (29,7 pst.) og Rema 1000 (23,4 pst.). Dei resterande prosentane blir i hovudsak dekte av Bunnpris (3,8 pst.). Grensehandelen kjem i tillegg og utgjorde i 2017 drygt 15 mrd. kroner. Nettbutikken Kolonial.no omsette i 2017 for 801 mill. kroner.

Rapporten som Oslo Economics gav ut i 2017 om etableringshinder på daglegvaremarknaden, slår fast at det er vanskeleg for nye aktørar å etablere seg på daglegvaremarknaden. Oslo Economics meiner likevel at dersom den aktuelle veksten i netthandelen og omsetninga av matkasser held fram, vil dette utgjere det største konkurransepresset på dei tre store daglegvarekjedene i tida framover. Utviklinga i denne delen av marknaden framstår likevel førebels som usikker, både med omsyn til omfang og lønnsemd. Slik situasjonen er i dag, ser nettaktørane ut til å utøve eit avgrensa konkurransetrykk på dei tradisjonelle daglegvarekjedene.

I stortingsmeldinga om handelsnæringa, Meld. St. 9 (2018–2019) Handelsnæringen – når kunden alltid har rett, har regjeringa gjort greie for utfordringar med konkurransen på daglegvaremarknaden og kva tiltak ein jobbar med for å løyse desse.

13.1.2 Fordelsprogramma til kjedene

Kvar av dei tre største daglegvarekjedene tilbyr kundane eit fordelsprogram, det vil seie ei form for medlemskap som gir ulike former for utbyte, bonus eller rabatt. Til gjengjeld får kjedene betre kunnskap om kundane, høve til å individualisere tilbod – og kanskje ein viss kundelojalitet.

Regjeringa meiner det er positivt at forbrukarane kan nytte seg av tilbod og rabattar på marknaden. På den andre sida er det viktig at fordelsprogramma ikkje skaper nye, eller forsterkar eksisterande, utfordringar på daglegvaremarknaden. Regjeringa vil følgje med på utviklinga i bruken av kundedata frå fordelsprogram og tette kunnskapshol om korleis dette påverkar forbrukarane på daglegvaremarknaden.

13.1.3 Nye marknadsplassar – nye høve for forbrukarane

Ei stadig større mengde mat og næringsmiddel blir omsett via internett, formidla gjennom nettbutikkar, sosiale medium og privat delingsøkonomi.

Regjeringa er oppteken av at ein skal ha eit fleksibelt regelverk og tilsyn, slik at ein kan tilpasse det i takt med utviklinga av nye marknadsplassar. Dette er viktig for å sikre forbrukarane trygg mat og trygge næringsmiddel. Mattilsynet jobbar med å utvikle tilsynet med netthandel og naudsynte støtteverktøy for slikt tilsyn.

13.1.4 Forbrukarinformasjon på daglegvaremarknaden

Samanhengen mellom mat og helse, miljø og etikk ved produksjon og forbruk av mat har fått mykje merksemd.

Regjeringa arbeider for at forbrukarane skal få god og rett kunnskap om samanhengane mellom kosthald, ernæring og helse. Dette er viktig for å kunne nyttiggjere seg av informasjon om matvarer og navigere i eit uoversiktleg mediebilete. Helsestyresmaktene har ei viktig oppgåve i å leggje til rette for at alle skal få tydeleg og lettfatteleg informasjon om desse temaa. I tråd med dette la regjeringa i 2017 fram ein nasjonal handlingsplan for kosthald.

Helseministeren etablerte i 2014 ei næringslivsgruppe på matområdet med mål om å samarbeide om betre kosthald hos innbyggjarane. For å gjere arbeidet til gruppa meir heilskapeleg og føreseieleg inngjekk partane ein eigen intensjonsavtale i 2016. Om lag 100 verksemder i matbransjen er no tilknytte denne avtalen.

13.1.5 Merking av matvarer

Korrekt, relevant og lett tilgjengeleg matinformasjon er ein føresetnad for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val, setje saman eit sunt kosthald og utøve forbrukarmakt på matmarknaden.

Regelverket for matinformasjon, inkludert merking, er heimla i matlova. Matinformasjonsforskrifta inneheld generelle krav til merking og næringsdeklarasjon av matvarer.

Forbrukarrådet har ved fleire høve gjort undersøkingar som viser at produkt i daglegvarehandelen ikkje alltid inneheld det som blir lovt på pakningane.

Eit viktig argument for å innføre sunnheitsmerking har vore at det kan vere vanskeleg å forstå og tolke varedeklarasjonar. Helsestyresmaktene rår forbrukarane til å sjå etter nøkkelholsmerket for å gjere betre og sunnare val.

Haldbarheitsmerking

Haldbarheitsmerkinga gir viktig informasjon om mattryggleik. Krava til haldbarheitsmerking følgjer av matinformasjonsforskrifta.

I samband med oppfølginga av bransjeavtalen om matsvinn har regjeringa sett i verk ei rekkje tiltak i samarbeid med matbransjen. Store delar av matbransjen blei i 2018 samde om å nytte den frivillige tilleggsmerkinga «best før (dato), ofte god etter». Mattilsynet er einig i at denne frivillige tilleggsmerkinga kan brukast. Målet er å stimulere forbrukarane til å nytte sansane sine for å vurdere om matvarer er skjemde eller etande. Matbransjen har også utvikla eit felles «sjå, lukt, smak»-symbol for å hjelpe forbrukarane.

Mattilsynet vil i samarbeid med Forbrukarrådet vurdere ytterlegare tiltak for å gi forbrukarane større kunnskap om haldbarheitsmerking og korleis dei handsamar og oppbevarer mat på rett måte. Organisasjonen Matvett AS arbeider for å redusere matsvinnet blant forbrukarane. Regjeringa vil saman med matbransjen halde fram med å arbeide aktivt for å hjelpe forbrukarane å kaste mindre mat.

Nye reglar for merking av alkoholhaldige drikkevarer

Alkoholhaldige drikkevarer med meir enn 1,2 volumprosent alkohol er unnatekne frå det obligatoriske kravet i matinformasjonsforordninga om merking med ingrediensliste og næringsdeklarasjon.

Regjeringa meiner at alkoholhaldige drikkevarer bør merkast på lik linje med andre matvarer. Det er viktig for folkehelsa at forbrukarane får vite kva produkta inneheld, slik at dei kan gjere informerte val. Frå norsk side er det ønskjeleg med ei regulering, og Noreg har teke opp dette med EU-kommisjonen ved fleire høve. Helse- og omsorgsdepartementet følgjer saka i EU.

13.1.6 Merkeordningar på daglegvaremarknaden

Siktemålet med ei merkeordning er at ho skal vere informativ og gi objektive fakta. Eitt av hovudvilkåra for all merking av mat, inkludert private merkeordningar, er at merkinga ikkje skal vere villeiande. Utover dette kravet er det stor fridom til å utforme private merkeordningar.

Nøkkelholet er ei nordisk, offentleg og frivillig merkeordning for sunnare matvarer. Ordninga blei innført i 2009. Stiftinga Matmerk administrerer fleire merkeordningar for norsk mat, mellom anna Nyt Norge og Spesialitet, som er den største merkeordninga for lokalmat i Noreg.

Omgrepet «økologisk» er verna gjennom det offentlege regelverket for økologisk produksjon. Regelverket er ein del av EØS-avtalen og dekkjer heile matproduksjonskjeda. Debio fører tilsyn med at produkt som blir marknadsførte som økologiske, tilfredsstiller krava som regelverket stiller til økologisk produksjonsmetode.

For å styrkje effekten av merkeordningar som forbrukarrettleiing utarbeidde Forbrukarrådet i 2012 ei nettbasert informasjonsløysing for dei vanlegaste merkeordningane på daglegvaremarknaden. Merkeoversikta gir lettfatteleg informasjon om mellom anna kven som står bak kvart merke, og kva kriterium som gjeld for bruken av dei ulike merka.

13.1.7 Marknadsføring av usunn mat og drikke til barn

I 2013 blei det i eit samarbeid mellom Virke, Annonsørforeningen (ANFO) og NHO utarbeidd frivillige retningslinjer for marknadsføring av usunn mat og drikke til barn og unge. Virke, ANFO og NHO etablerte Matvarebransjens Faglige Utvalg (MFU), som administrerer retningslinjene. Retningslinjene tredde i kraft i januar 2014 og fungerer no som ei sjølvreguleringsordning for matbransjen.

Målet med ordninga er å hindre marknadsføring av visse typar mat og drikke retta mot barn under 13 år. Retningslinjene er eit supplement til, og ei konkretisering av, gjeldande regelverk (m.a. marknadsføringslova).

Matbransjen sjølv ønskjer å halde fram med ordninga og viser til positive resultat. Regjeringa skal evaluere retningslinjene på nytt i 2019. Det vil vere viktig at retningslinjene er tilstrekkeleg omfattande, godt kjende og tilgjengelege – spesielt for marknadsførarane. I tillegg er det viktig at ordninga har tillit frå styresmaktene si side.

13.1.8 Regjeringa vil

  • tette kunnskapshol om korleis kvardagen til forbrukarane blir påverka av måten daglegvarekjedene samlar inn og bruker kundedata på

  • vurdere tiltak for å beskytte barn og unge mot helseskadar som kjem av eit høgt konsum av energidrikkar

  • følgje opp og evaluere dei frivillige retningslinjene for marknadsføring av usunn mat overfor barn og unge i 2019.

13.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til at kapitlet beskriver utviklingstrekk i dagligvarebransjen og sentrale utfordringer for forbrukere knyttet til digitalisering, merking, merkeordninger og markedsføring av mat overfor barn og unge. Konkurransesituasjonen i dagligvaremarkedet er kort omtalt i forbrukermeldingen, da det er tema i stortingsmeldingen om handelsnæringen, Meld. St. 9 (2018–2019).

Komiteen viser til at konkurransesituasjonen i dagligvaremarkedet er preget av høy konsentrasjon i leverandørleddet og detaljistleddet. Det kan medvirke til høye priser og begrenset utvalg. Mer enn 96 pst. av markedet blir kontrollert av tre paraplykjeder: NorgesGruppen, Coop Norge og Rema 1000. Komiteen viser til Konkurransetilsynets kartlegging av innkjøpsbetingelsene i dagligvaremarkedet, som tilsynet presenterte den 13. november 2019. Kartleggingen viser at NorgesGruppen – som eier Kiwi, Spar, Joker og Meny – alltid får bedre betingelser i netto innkjøpspris. Komiteen registrerer at tilsynet vil iverksette etterforskning for å undersøke om prisforskjellene kan være brudd på konkurranseloven.

Komiteen viser til at kapitlet også gir en gjennomgang av viktigheten av korrekt og lett tilgjengelig matinformasjon, og slik sett bidra til at forbrukerne kan gjøre informerte valg, sette sammen et sunt kosthold og ikke minst utøve forbrukermakt. Komiteen er enig med regjeringen i at forbrukerne skal få god og rett kunnskap om sammenhengen mellom kosthold, ernæring og helse. Komiteen registrerer at meldingen også adresserer markedsføring av usunn mat og drikke til barn, og viser til at regjeringen blant annet skal vurdere tiltak for å beskytte barn og unge mot helseskader som følge av høyt forbruk av energidrikk.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Senterpartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, viser til at Konkurransetilsynet i 2018 fikk i oppdrag av Nærings- og fiskeridepartementet å kartlegge dagligvarekjedenes innkjøpspriser. Kartleggingen som ble lagt frem i november 2019, viser at det er store forskjeller i dagligvarekjedenes innkjøpspriser. Flertallet viser til at Konkurransetilsynets undersøkelse viser stor variasjon mellom leverandørene. Noen leverandører har små prisforskjeller, mens andre har store. I de aller fleste tilfellene er det den største kjeden som får de beste betingelsene. Flertallet er bekymret for at dette har ført til en svekkelse av konkurransen i bransjen som er til ugunst for forbrukerne, og et tap av mangfold både av kjeder og produkter. Flertallet viser til at Nærings- og fiskeridepartementet jobber med en stortingsmelding om konkurransen i dagligvaremarkedet. Flertallet har forventninger om at Konkurransetilsynets funn følges opp i meldingen.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at næringskomiteen har til behandling lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden, jf. Prop. 33 L (2019–2020), som blir viktig for å sikre ryddigere forhold i forhandlingene mellom dagligvarebransjen og leverandørene. Disse medlemmer viser også til at regjeringen har varslet at det i løpet av våren 2020 vil komme en stortingsmelding om konkurransen i dagligvaremarkedet, og har klare forventninger til at denne vil inneholde konkrete tiltak for å sikre en mer balansert makt, og et større mangfold av aktører, i verdikjeden for mat og dagligvarer.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet registrerer at regjeringen skal vurdere tiltak for å beskytte barn og unge mot helseskader som følge av høyt forbruk av energidrikk, og viser til disse medlemmers merknader i forbindelse med behandlingen av folkehelsemeldingen, Meld. St. 19 (2018–2019).

Energidrikker har på få år fått stort innpass i ungdomsmiljøer og konsumeres av barn ned i tiårsalder. Disse medlemmer vil fremheve behovet for føre-var-tiltak og mener det må vurderes virkemidler som kan begrense barns bruk av energidrikker. Dette er i tråd med anbefalingene fra Mattilsynet om å overvåke utviklingen i markedet og understøttes av salgstall fra Bryggeri- og drikkevareforeningen, som viser at salget av energidrikk er økende.

Disse medlemmer viser til at selvregulering – som energidrikkbransjens selvpålagte enighet om ikke å markedsføre energidrikker overfor ungdom under 16 år, samt om ikke å drive markedsføring overhodet overfor barn under 13 år – ikke ser ut til å ha hatt særlig virkning på utviklingen hittil, og mener det høye forbruket av energidrikk blant barn og unge, og den kraftig økende salgsutviklingen, gir grunn til bekymring.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen utrede virkemidler og fremme et forslag for Stortinget med tiltak for å begrense barns bruk av energidrikker.»