Søk

Innhold

10. Forbrukerutfordringer på kredittmarkedet

10.1 Sammendrag

10.1.1 Innleiing

Regjeringa ser med uro på veksten i marknaden for usikra forbrukskreditt og har starta ei rekkje tiltak for å få denne marknaden til å fungere betre.

Regjeringa vil arbeide for ein forsvarleg utlånspraksis av usikra forbrukskreditt og mindre press i marknadsføringa av denne typen kredittar. Forbrukarar i ein sårbar livssituasjon skal ikkje bli freista til å ta opp dyr kreditt som seinare vil setje dei i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

10.1.2 Utviklingstrekk

Gjeldssituasjonen i norske hushald

Per i dag har norske hushald i gjennomsnitt ei gjeld som svarer til meir enn to gonger den disponible inntekta. Det er høgt både historisk og samanlikna med andre land. Særleg yngre hushald har høg gjeld i høve til inntekta. Den usikra forbruksgjelda til innbyggjarane utgjer no meir enn 110 mrd. kroner, og om lag halvparten av denne summen er kredittkortgjeld.

Gjennomsnittsrenta på usikra forbrukskreditt har ifølgje Noregs Bank lege stabilt på rundt 13–14 pst. sidan 2005.

Finansdepartementet vedtok 12. februar 2019 ei forskrift med krav til utlånspraksisen bankane har for forbrukslån. Målet med forskrifta er å dempe risikoen som den aukande forbruksgjelda til norske hushald utgjer for norsk økonomi.

Utvikling i gjeldsproblem

Utviklinga i inkassosaker og utleggsforretningar, pluss pågangen etter gjeldsrådgivingstenester hos Nav, tyder på at stadig fleire forbrukarar har problem med tilbakebetaling. Inkassoselskapa fekk over 8,6 millionar nye inkassosaker i 2017, noko som svarer til ein årleg auke på ni prosent sidan 2012. Dei siste to åra har ein dessutan sett ein klar auke i talet på forbrukslån som går til inkasso. Aldersgruppa med flest forbrukslån til inkasso er dei mellom 25 og 30 år. Også omfanget av utleggsforretningar – det vil seie saker der namsmannen stiftar pant, trekkjer inntekt eller ikkje finn noko å ta utlegg i – har auka kraftig dei siste åra. Talet er nesten dobla sidan 2006, og i 2016 var det omtrent 350 000 utleggsforretningar. Pågangen etter gjeldsrådgivingstenester hos Nav har vore stabilt høg og auka jamleg. Om lag 16 000 personar fekk rådgiving i 2016, og rundt 9 000 personar tok kontakt med Nav via økonomirådtelefonen. Talet på saker etter gjeldsordningslova har likevel gått ned etter toppen i 2011, då det blei opna gjeldsforhandling for om lag 3 400 personar. I 2017 var talet om lag 2400. Saksmengda i 2018 var noko lågare.

Regjeringa følgjer nøye med på korleis gjeldssituasjonen i hushalda utviklar seg. Meldinga gjer greie for nokre viktige utfordringar som hushalda har på kredittområdet, og korleis regjeringa vil jobbe med desse framover. Søkjelyset er særleg retta mot utfordringar knytte til uheldig opptak av usikra forbrukskreditt, då ein ser at denne typen gjeld har problematiske sider – spesielt for hushald som slit med å betale gjelda si.

Regulering av kredittavtaler i ny finansavtalelov

Eit utkast til ny finansavtalelov var på høyring fram til 15. desember 2017. Med utgangspunkt i dette utkastet og innspela frå høyringa arbeider regjeringa no med ein lovproposisjon med forslag til endringar som samla vil styrkje forbrukarvernet ved inngåing av kredittavtaler.

Etter at forslaget til ny finansavtalelov har blitt lagt fram for Stortinget, vil regjeringa sjå nærare på om ein treng strengare reglar for marknadsføring av kreditt, reglar om rett til kontant betaling, avtalereglar om såkalla «folkefinansiering» og reglar om leigefinansiering ved til dømes privatleasing av bil.

10.1.3 Utfordringar og tiltak

Stort omfang av kredittmarknadsføring

Det er grunn til å sjå den kraftige veksten i usikra kreditt i samanheng med den omfattande marknadsføringa.

Regjeringa har gjennom ei ny forskrift stramma inn på reglane for kredittmarknadsføring. Målet har vore å hindre at forbrukarar i ein sårbar livssituasjon blir freista til å ta opp dyr kreditt som seinare vil setje dei i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Forbrukartilsynet har rapportert at omfanget og presset i marknadsføringa ikkje ser ut til å ha blitt mindre etter at forskrifta blei innført.

Etter at forslaget til ny finansavtalelov har blitt lagt fram for Stortinget, vil regjeringa sjå nærare på om ein treng strengare reglar for marknadsføring av kreditt.

Hyppig bruk av forenkla kredittvurderingar

I dag er det enkelt å skaffe seg forbrukslån, ikkje berre frå éin långivar, men frå fleire. Dette har samanheng både med korleis kredittvurderinga blir utført og det faktum at utlånarane ikkje har informasjon om kunden si eksisterande forbruksgjeld.

Regjeringa vil i den nye finansavtalelova mellom anna føreslå ein regel om at kredittytaren skal gjere ei forsvarleg kredittvurdering på grunnlag av opplysingar frå kunden sjølv og andre relevante kjelder (t.d. gjeldsinformasjonsføretak). Vurderinga bør ta utgangspunkt i om kunden har økonomisk evne til å betale tilbake lånet etter dei vilkåra som er føreslåtte, inkludert ved ein tilsvarande rentemargin som for bustadlån. Ein bør ikkje kunne basere vurderinga på kredittscore åleine.

Regjeringa vil også føreslå at resultatet av kredittvurderinga skal formidlast til kunden i form av eit «trafikklyssystem».

Regjeringa vil følgje med på utviklinga på marknaden for forbrukslån og vurdere behovet for ytterlegare regulering for å bidra til at slike lån blir gitte på ein forsvarleg måte.

Svakheiter i forbrukarvernet ved misleghald

Inkassolova byggjer på ein vanskeleg balansegang mellom omsynet til effektiv innkrevjing på den eine sida og omsynet til rettstryggleik for skuldnaren på den andre sida.

Justis- og beredskapsdepartementet sette i oktober 2018 ned ei arbeidsgruppe som skal utgreie endringar i inkassoregelverket. Regelverksarbeidet har som mål å redusere inkassosalæra og sikre at inkassosakene blir handsama på ein forsvarleg måte.

I fleire europeiske land har ein innført rentetak. Rentetak er ei form for prisregulering av kreditt, der det blir sett ei grense for kor høg nominell eller effektiv rente eit lån kan ha. Målet med rentetak er å verne forbrukarar mot høge kostnader ved misleghald og å bidra til ein meir restriktiv utlånspraksis som skal hindre at sårbare grupper tek opp for mykje gjeld.

I nokre land der ein har innført rentetak, har ein valt å kombinere rentetaket med eit tak på dei samla kostnadene ved lånet – eit såkalla kostnadstak. Eit kostnadstak skal hindre at forbrukarar med betalingsproblem får urimeleg høge kostnader og ein ukontrollert gjeldsvekst ved langvarig misleghald.

I finansmarknadsmeldinga for 2019 la regjeringa fram ei utgreiing av ulike typar modellar for rentetak. I tillegg blir moglegheitene for å regulere kostnadstak drøfta. Konklusjonen er at ein ikkje bør innføre rentetak eller kostnadstak på forbrukslån no. Regjeringa legg særleg vekt på at desse tiltaka ikkje vil vere treffsikre nok til å forsvare faren for uønskte konsekvensar, slik den norske marknaden ser ut i dag.

Regjeringa følgjer utviklinga i marknaden for forbrukslån og effektane av innførte tiltak nøye, og vil vurdere om det er naudsynt med ytterlegare regulering. Stortinget vil få ei oppdatert orientering i finansmarknadsmeldinga for neste år.

Press på offentlege hjelpetenester

Det er eit forbrukarpolitisk mål å leggje til rette for at hushalda kan meistre økonomien sin.

Tilbodet om økonomisk rådgiving ligg hos Nav-kontora i kommunane. Mange kommunar har eigne gjeldsrådgivarar. Ved sida av det offentlege tilbodet har det lenge funnest eit tilbod om gratis gjeldsrådgiving gjennom studentdrivne rettshjelptiltak og betalte, private gjeldsrådgivarar.

Økonomi- og gjeldsrådgiving er ein del av rettleiingsplikta som sosialtenesta har etter sosialtenestelova.

I 2017 fekk 13 790 sosialhjelpmottakarar økonomisk rådgiving som følgje av mellombelse eller varige betalingsvanskar, mens 16 707 personar fekk økonomisk rådgiving utan å ha stønad.

Det er gjennomført fleire tiltak for å betre kompetansen, kvaliteten og tilgangen når det gjeld tilbodet om økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving i kommunane.

Ved sida av den økonomiske rådgivinga ved Nav-kontora i kommunane har Nav ei landsomfattande telefonteneste for personar med økonomiske problem.

Gjeldsordningslova tredde i kraft 1. januar 1993. Siktemålet med lova er å gi personar med alvorlege gjeldsproblem høve til å få kontroll over eigen økonomi. I ei gjeldsordning skal skuldnaren sikrast eit rimeleg livsopphald og ein akseptabel bustad før resten av pengane blir fordelte på kreditorane. Saksmengda viser at det lenge har vore, og framleis er, eit stort behov for gjeldsordningslova.

Hittil har lova vore revidert to gonger, høvesvis i 2002 og i 2012. Regjeringa vil setje i gang eit arbeid med å gå gjennom gjeldsordningslova med sikte på ein relativt omfattande revisjon.

Regjeringa vil arbeide vidare med å styrke samarbeidet mellom namsmennene og dei økonomiske rådgivarane hos Nav.

Regjeringa har også gått i gang med å samlokalisere sakshandsamarar i gjeldsordningssaker hos namsmennene for å skape større fagmiljø og betre sakshandsaming.

Kunnskap om personleg økonomi er viktig

Regjeringa har lenge arbeidd for å styrkje opplæringa i personleg økonomi. Temaet er godt dekt i læreplanane i skulen, både i dei noverande planane og i dei nye som blei sende på høyring i mars 2019. Det er også sett i gang ei rekkje initiativ for å styrkje opplæringa, delvis i samarbeid med private aktørar.

Regjeringa vil utarbeide ein strategi for å styrkje økonomiforståinga hos innbyggjarane. SIFO har derfor fått i oppdrag å lage ein analyse av korleis den økonomiske kunnskapen og erfaringsbakgrunnen til forbrukarane påverkar vala dei tek, og den økonomiske tryggleiken dei oppnår.

10.1.4 Regjeringa vil

  • arbeide vidare for å verne forbrukarane betre på kredittmarknaden

  • følgje med på utviklinga i marknaden for forbrukslån og vurdere behovet for ytterlegare regulering av marknaden

  • førebyggje gjeldsproblem blant forbrukarane, mellom anna ved å utarbeide ein strategi for å styrkje økonomiforståinga hos innbyggjarane

  • setje i gang eit arbeid med å gå gjennom gjeldsordningslova med sikte på ein relativt omfattande revisjon

  • arbeide vidare med å styrkje samarbeidet mellom namsmennene og økonomiske rådgivarar i arbeids- og velferdsforvaltinga (Nav).

10.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til kapitlet om forbrukerutfordringer på kredittmarkedet. Komiteen deler regjeringens bekymring over veksten i markedet for usikre forbrukslån. Det er også bekymringsfullt at utviklingen i inkassosaker tyder på at stadig flere forbrukere får problemer med tilbakebetaling. Komiteen registrerer at utviklingen de siste to årene viser en klar økning i forbrukslån som går til inkasso. De med flest forbrukslån til inkasso er unge mennesker i aldersgruppen 25–30 år.

Komiteen viser til at det i senere tid er iverksatt tiltak på finansområdet for å løse dette problemet. Eksempler på tiltak er forbrukslånsforskriften og gjeldsregisteret fra i år.

Komiteen merker seg at innstramming av reglene for kredittmarkedsføring foreløpig ikke har resultert i mindre markedsføring. Komiteen viser til at regjeringen i 2017 sendte ut på høring forslag til ny finansavtalelov. Arbeid med ny finansavtalelov pågår fortsatt, og regjeringen varsler at de vil se nærmere på om det er behov for strengere regler for markedsføring av kreditt.

Komiteen mener det er særdeles viktig med effektive tiltak for å stagnere utviklingen av usunn og uforsvarlig høy forbruksgjeld blant nordmenn. Komiteen viser til at regjeringen presenterer ulike tiltak i meldingen med sikte på å verne forbrukere på kredittmarkedet og forebygge gjeldsproblemer.

Komiteen støtter opp under tiltak som skal bidra til å dempe kredittveksten, og vil i den anledning anmode regjeringen til å prioritere arbeidet med ny finansavtalelov.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser videre til Prop. 87 L (2016–2017), Innst. 356 L (2016–2017) om gjeldsinformasjonsloven, som Stortinget vedtok i 2017. Disse medlemmer mener gjeldsinformasjonsordningen er et viktig grep som vil bidra til å begrense gjeldsproblemene i private hushold. Disse medlemmer vil understreke at bankene må utvise mer ansvarlighet og ikke godkjenne forbrukslån til personer som har høy gjeld fra før. Disse medlemmer er glad for at gjeldsregisteret er i drift, og mener det er viktig å høste erfaringene fra registeret og videreutvikle det.

På denne bakgrunn fremmes følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med ny finansavtalelov klargjøre långiveres plikt til å innhente gjeldsopplysninger.»

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, viser til at i tillegg til de tiltakene regjeringen har gjort for å dempe veksten i boligprisene, er det for å dempe gjeldsveksten i husholdningene også innført en rekke forbrukerbeskyttende tiltak som betydelige innstramminger på bankenes adgang til å gi forbrukslån, det er innført krav om maksimal avdragstid for forbrukslån på fem år, og i tillegg tiltak mot aggressiv markedsføring av forbrukslån, jf. Innst. 366 S (2018–2019). Flertallet viser til at regjeringen vil følge utviklingen i utlånsmarkedet tett og om nødvendig stramme inn ytterligere.

Flertallet viser til at gjeldsregistrene, som kom sommeren 2019, beskytter ytterligere mot uønsket vekst i usikret gjeld. Gjeldsoversikten omhandler i første omgang usikret gjeld eller forbruksgjeld, og flertallet vil bemerke at det bør vurderes om all gjeld skal legges inn i gjeldsregistrene på sikt, for raskt og effektivt å kunne fremstille et mest mulig helhetlig bilde av den enkelte lånsøkers gjeldsgrad.

Flertallet fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen vurdere utvidelse av gjeldsinformasjonsordningen til å omfatte flere typer gjeld, for eksempel boliggjeld og studiegjeld, i forbindelse med planlagt evaluering i 2021.»

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til merknader fra Arbeiderpartiets fraksjon i finanskomiteen i forbindelse med Finansmarkedsmeldingen, og vil understreke at det nasjonale gjeldsregisteret er nødvendig og viktig for å sikre en reell frarådingsplikt, særlig ved opptak av forbrukslån.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at dagens gjeldsregister ble innført så sent som i juli 2019, men at det både ble gjennomført en utredning av et offentlig gjeldsregister og fremmet et konkret forslag for Stortinget mange år tidligere. Dette ble trukket av den sittende regjeringen Solberg etter stortingsvalget i 2013.

En stor svakhet ved dagens gjeldsregister er at denne kun omhandler usikret gjeld eller forbruksgjeld, og disse medlemmer fremhever behovet for å utvide gjeldsregisteret til å omfatte all gjeld, slik at man raskt og effektivt skal kunne fremstille et mest mulig helhetlig bilde av den enkelte lånsøkers gjeldsgrad.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å utvide gjeldsregisteret slik at det inneholder all gjeld, senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2021.»

Disse medlemmer er bekymret over den høye husholdningsgjelden i Norge og utviklingen i forbrukslånmarkedet, der lån gis til kunder som ikke har betjeningsevne.

Disse medlemmer vil påpeke at bankene i dag har for vide rammer til å gi forbrukslån uten selv å ta risiko for tap, og viser til at gjeld blir solgt og videresolgt til inkassoselskaper før namsmannen får ansvar og kan arbeide med innkrevingen. Dette er godt dokumentert i Finanstilsynets rapport fra stedlige tilsyn i forbrukslånsbankene som ble lagt frem 10. mai 2019. Tilgjengeligheten til et effektivt namsmannsapparat, også for inndriving av lån som er i strid med lov og forskrift, er med på å redusere bankenes risiko for tap.

Disse medlemmer mener det må vurderes tiltak slik at risikoen for tap ved lån som er innvilget i strid med lov og forskrift, i større grad må bæres av utlåner.

Disse medlemmer vil understreke at tilgangen til Finansklagenemnda er viktig, men at mange skyldnere ikke har de ressursene som skal til for å henvende seg dit for å få et lovstridig lån lempet. Forskrift om krav til finansforetakenes utlånspraksis for forbrukslån må derfor gjøres permanent, og disse medlemmer mener det samtidig må vurderes om det er behov for unntakskvoten på 5 pst.

Disse medlemmer påpeker videre at det må være et krav at finansforetakslovens bestemmelse om god forretningsskikk og forbrukslånsforskriften er etterlevet før kreditor kan benytte inkasso og inndriving via namsmannen for å inndrive misligholdte lån. Disse medlemmer er positive til et kostnadstak som begrenser hvor høye de akkumulerte kostnadene ved et forbrukslån kan bli. Alle renter og gebyrer frem til lånet er nedbetalt samt kostnader som påløper som følge av mislighold, bør inngå, dette for å sikre at kreditor selv må dekke overskytende kostnader ved inndrivelse.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et lovforslag som sikrer at forbrukslånsbankene ikke kan selge forfalte forbrukslån og heller ikke benytte det offentlige innkrevingsapparatet hvis de ikke kan dokumentere at kravene for å innvilge lån var oppfylt.»

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til Stortinget om et kostnadstak som beskytter forbrukere i betalingsvanskeligheter mot urimelig høye kostnader og en ukontrollert gjeldsvekst.»

Disse medlemmer viser til at usikrede forbrukslån ofte innebærer høye kostnader og i noen tilfeller langvarige og ødeleggende betalingsproblemer for låntakerne. Dette kan være en reell fattigdomsfelle og øke de økonomiske forskjellene.

Disse medlemmer viser til at det er innført rentetak på lån og kreditt i mange land i verden, blant disse flere EU-land. Rentene som enkelte aktører i dag tar for usikret gjeld i Norge, er uforholdsmessig høye og rammer spesielt dem med dårligst betalingsevne. Disse medlemmer viser til at det ofte er sårbare grupper som har større tendens enn gjennomsnittsnordmannen til å ta opp forbrukslån.

Disse medlemmer vil understreke behovet for å redusere folks risiko for mislighold og gjeldsproblemer, og viser til at en utredning fra EU i 2010 viste at et rentetak kan redusere tilgang på kreditt, særlig blant lavinntektsgrupper.

For å hindre at lån blir gitt til personer med dårlig betalingsevne, mener disse medlemmer at det må igangsettes en utredning av et rentetak knyttet til lån uten krav om sikkerhet, med mål om å avskjære leverandørene av de verste kredittproduktene.

Disse medlemmer synes det er positivt at regjeringen har gjennomført noen tiltak for å demme opp for noen av problemene med forbrukslån. Samtidig er det uheldig at viktige virkemidler, som for eksempel rentetak, ikke innføres. Disse medlemmer har merket seg at det er innført rentetak på lån og kreditt i mange land i verden, herunder i 14 EU-land, senest i Sverige (SOU 2016:68) og Finland. Rentetak vil ha den virkningen at det ikke lenger vil være lønnsomt for bankene å gi lån til de personene som har høyest kredittrisiko, det vil si den gruppen som står i størst fare for å få betalingsvansker og på lengre sikt omfattende gjeldsproblemer. Med andre ord er rentetak et målrettet virkemiddel. Organisasjoner som Forbrukerrådet, Huseiernes Landsforbund og Gjeldsofferalliansen har tatt til orde for å innføre rentetak i Norge. Også krefter innad i bransjen anbefaler dette.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2021 legge frem et forslag om innføring av rentetak i Norge på omtrent samme nivå som det finske rentetaket.»

Disse medlemmer er bekymret over det økende omfanget av saker som innbefatter svindel med BankID. Dette gjelder tilfeller der folk har fått misbrukt sin BankID gjennom identitetstyveri, og tilfeller med svindel i nære relasjoner, der ektefelle/samboer har misbrukt den andres BankID til å inngå kredittavtaler i dennes navn. I begge tilfeller er det den som har blitt svindlet, som har hatt ansvar for å tilbakebetale lånene, noe som har bidratt til at folk havner i økonomisk uføre. Disse medlemmer understreker viktigheten av at bankkunder er trygge på at deres personopplysninger ivaretas på en god måte og at bankene må ta større ansvar for å sikre dette.

Disse medlemmer viser til at Justis- og beredskapsdepartementet for to år siden hadde et utkast til ny finansavtalelov på høring, med høringsfrist desember 2017, der det blant annet ble foreslått at misbruk av BankID skal dekkes av banken, så lenge misbruket ikke kunne ha blitt oppdaget i forkant. Det ble også foreslått at forbrukernes stilling skulle styrkes ved at en større del av bevisbyrden skulle legges over på bankene. I dag er det nesten utelukkende opp til forbruker å bevise sin uskyld.

Disse medlemmer mener at bankene i større grad må stilles til ansvar når de gir lån, og at det haster med å få ny finansavtalelov til behandling i Stortinget.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet etterlyser samtidig fremdriften i regjeringens arbeid med å få på plass eID og viser til anmodningsvedtak 519 (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake med en plan for utstedelse av våpenkort og pass i den nye tjenestestrukturen, som sikrer en god balanse mellom kvalitet, sikkerhet og brukertilgjengelighet.»

Disse medlemmer vil trekke frem at etablering av eID kan bidra til å styrke forbrukersikkerheten, dersom denne utformes for også å svare på finansnæringens utfordringer. Disse medlemmer viser til at eID opprinnelig skulle bli lansert i 2016.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil trekke frem viktigheten av en ordning med fri rettshjelp, slik at de som ikke har ressurser kan få prøvd sine saker og hevdet sine rettigheter i rettssystemet. Rettsikkerheten i Norge er under press, noe som spesielt har kommet til syne i trygdeskandalen høsten 2020.

Disse medlemmer viser også til at rettssikkerhet er et skjevfordelt gode i Norge og at rettsikkerheten til en borger påvirkes av hvor stor lommeboka er.

Disse medlemmer viser til at ordningen med fri rettshjelp er et av de få tiltakene som finnes for å sikre tilgang til nødvendig juridisk hjelp til personer som ellers ikke har muligheter til å skaffe seg det. Inntektsgrensene for ordningen er ikke prisjustert siden 2009, og dagens grense på 246 000 kroner gjør at få personer i dag oppfyller kriteriene. Eksempelvis vil en enslig person som lever på minstesatsen for uføretrygd, i dag motta 247 000 kroner, og vil dermed ikke tilfredsstille kriteriene for fri rettshjelp.

Disse medlemmer mener risikoen for å bli tilkjent betydelige saksomkostninger i en sivil sak er en utfordring for rettssikkerheten til vanlige folk,og det er behov for å iverksette tiltak for å redusere saksomkostningene ved konfliktløsning i domstolene. Dette handler ikke bare om fri rettshjelp og sakførsel for den med svært lav inntekt. Det handler om vanlige folk, vanlige tvister og vanlige saker.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til Arbeiderpartiets forslag i Dokument 8:152 S (2017–2018) om å styrke folks rettsikkerhet slik at de som har rett, kan få rett, og at det er behov for en ny rettshjelpsmodell. Forslaget handlet om å sikre flere bedre rettshjelp ved blant annet utvidet anvendelsesområde, graderte egenandeler og heving av inntektsgrensen.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener at kredittmarkedet byr på store uløste samfunnsproblem. Disse medlemmer viser til at den usikrede forbruksgjelden i Norge nå utgjør mer enn 10 mrd. kroner, og ca. halvparten av denne summen er kredittkortgjeld. I inkassobransjen har man vært vitne til en gigantisk og skremmende økning i antall saker, som tyder på at nordmenn har store problemer med å betale tilbake gjelden. I tillegg er utviklingen i antall saker om ID-tyveri og svindel skremmende, samtidig som bankkundenes og forbrukernes rettslige vern er altfor dårlig. Disse medlemmer mener at det er på høy tid å gå kraftigere til verks for å løse disse problemene, fordi dagens system åpner for at ressurssterke aktører kan utnytte mennesker i sårbare situasjoner.

Disse medlemmer mener at man må gjøre mer for å snu trenden i utviklingen av forbrukslån og forbrukskreditt. Som regjeringen selv påpeker i meldingen, skal ikke sårbare forbrukere bli fristet til å ta opp dyr kreditt som senere vil sette dem i en økonomisk vanskelig situasjon. De peker også på at det er grunn til å se den kraftige veksten i usikret kreditt i sammenheng med den omfattende markedsføringen. Forbrukertilsynet har rapportert at omfanget og presset i markedsføringen heller ikke har blitt mindre etter forskriften som kom i januar 2019. Dette medlem mener derfor at det er to viktige tiltak som må gjøres for hindre dette. Det ene er å gjøre kreditt billigere, og det andre er å fjerne forbrukslånbankenes mulighet til å markedsføre slike kreditter og lån.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget senest våren 2021 med et forslag om å forby markedsføring av forbrukslån og forbrukerkreditt.»

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å innføre rentetak på forbrukslån og kreditt.»

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener at situasjonen i inkassobransjen den siste tiden har vært ute av kontroll. Dette medlem er glad for at det i januar kom nytt forslag til inkassolov som senker salærsatsene på små krav betydelig, og som innebærer et sterkere vern av forbrukerne. Dette medlem mener imidlertid at salærsatsene på større krav også må begrenses. I denne anledning vil dette medlem vise til Sosialistisk Venstrepartis forslag i Dokument 8:97 S (2018–2019) om mer rettferdig inkasso og ulike tiltak for hindre at flere havner i gjeldsfeller, hvor det foreslås å regulere inkassobransjen enda kraftigere.

Dette medlem viser til at man har et nytt stort problem som utarter seg i tilknytning til kredittmarkedet. Antall personer som utsettes for ID-tyveri og svindel gjennom nettbank, øker dramatisk. Det rapporteres om at rettsvesen og forliksråd oversvømmes av saker. E24 kunne melde at de siste to årene har over 100 000 personer blitt utsatt for ID-tyveri. Det er svært problematisk i seg selv, men det blir enda verre når dagens finansavtalelov ikke sikrer kundene og forbrukerne tilstrekkelig rettslig vern. Det fleste sakene i rettsvesenet handler om at banken til offeret for ID-tyveriet saksøker offeret og krever tilbake pengene som har blitt svindlet. E24 kan også melde at i de aller fleste sakene vinner banken frem, og den som har blitt svindlet for mange hundretusen, må betale tilbake dette til banken.

Dette medlem mener dette er totalt uakseptabelt og at det haster veldig med å få styrket kundenes og forbrukernes vern. Dette medlem påpeker at forslaget til ny finansavtalelov som kom for snart 2,5 år siden, ville betydd et større rettslig vern, og mest sannsynlig hindret at mange ofre må stå som erstatningspliktig. Dette medlem viser videre til at selv om de fleste eksperter mente at forslaget var godt, møtte det massiv mostand og mobilisering fra finansbransjen. Dette medlem er bekymret for at grunnen til at regjeringen ikke har kommet til Stortinget med forslag til ny finansavtalelov, er at de ikke vil komme på kant med finansbransjen. Dette medlem synes dette er svært uansvarlig med tanke på hvor mange som i mellomtiden har blitt offer, og som per dags dato i praksis straffes dobbelt ved å stå som erstatningspliktig for svindel og tyveri de selv har blitt utsatt for.