Søk

Innhold

6. Den digitale hverdagen til barn og unge

6.1 Sammendrag

6.1.1 Innleiing

Barn og unge møter mange utfordringar som forbrukarar. Barn og unge er sårbare, både i tradisjonelle kjøpssituasjonar og på nettet. Nettet er ein marknadsplass for både seriøse og useriøse aktørar. Frå perspektivet til kvar enkelt forbrukar kan informasjonsmengda vere overveldande og freistingane og fallgruvene mange. På nettet opplever barn og unge utfordringar knytte til mellom anna marknadsføring, kroppspress og kjøpepress.

Regjeringa er oppteken av at barn og unge utviklar god digital forbrukarkompetanse. Dette omfattar mellom anna evna til å vere kritisk til målretta marknadsføring i sosiale medium. Regjeringa har styrkt tilsynet med reklame i digitale rom der barn og unge er, til dømes sosiale medium og spel. Målet er å avgrense det kommersielle presset mot barn og unge.

6.1.2 Barn og unge som sårbare forbrukarar på nettet

Å meistre den digitale marknadsplassen som forbrukar omfattar meir enn berre å ha grunnleggjande IKT-ferdigheiter. Ein treng også kritisk vurderingsevne og kunnskap om valmoglegheitene og rettane ein har på nettet.

Regjeringa meiner at det er viktig at barn og unge utviklar kunnskap om digitale rettar og valmoglegheiter. På oppdrag frå dåverande Barne- og likestillingsdepartementet undersøkte SIFO i 2018 kva barn i alderen 15–16 år gjer for å verne om eigne personverninteresser på sosiale medium, og kva som kan vere med på å auke den digitale forbrukarkompetansen til barn på dette området. Studien til SIFO viste at barn har bekymringar knytte til personvern, og at dei gjer tiltak for å sikre seg. Regjeringa vil fortsetje å kartleggje den digitale forbrukarkompetansen hos barn og unge for å vurdere målretta tiltak. På oppdrag frå BFD skal SIFO i 2019 byggje vidare på studien sin frå 2018. Målet er mellom anna å undersøkje korleis den digitale forbrukarkompetansen til barn utviklar seg.

6.1.3 Marknadsføringspress mot barn og unge

Digitaliseringa har ført med seg ei rekkje nye marknadsføringsmetodar på ulike typar digitale plattformer. For barn og unge fører utviklinga med seg større utfordringar enn for vaksne. Grunnen til dette er at barn og unge har større vanskar med å identifisere og forstå reklame.

Marknadsføring i sosiale medium

På oppdrag frå departementet har SIFO kartlagt marknadsføringa retta mot barn i alderen 15–16 år på sosiale medium. Undersøkinga viser at den digitale marknadsføringa barn møter, i stor grad er skreddarsydd etter dei personlege opplysingane deira, som kjønn, bustad, alder, etnisitet og digitale aktivitetar. Den tydelegaste skreddarsaumen gjeld kjønn.

SIFO har også undersøkt korleis barn forstår og relaterer seg til marknadsføringa dei får. Undersøkinga viser at barna lett identifiserer tradisjonell og merkt marknadsføring. Dette er marknadsføring barna forventar å finne, og som dei er kritiske til. Men barna er mindre kritiske til den marknadsføringa dei møter mest av på sosiale medium: sponsa lenkjer, kjendissponsing og rabattkodar. Dette er marknadsføringsstrategiar som gjer det vanskeleg å skilje kommersiell marknadsføring frå anna innhald.

Forbrukartilsynet har dei siste åra jobba aktivt for å førebyggje brot på marknadsføringslova i digitale rom.

Forbrukartilsynet og dei øvrige nordiske forbrukarstyresmaktene har utarbeidd eit felles nordisk standpunkt om skjult reklame overfor EU. EU-kommisjonen har også dei seinare åra retta søkjelys mot dette. Kommisjonen har mellom anna utarbeidd ei omfattande rettleiing om korleis ein skal forstå og handheve forbrukarregelverket i møte med den digitale røynda.

Ei utfordring med sosiale medium er det store omfanget, som gjer det omfattande og tidkrevjande å føre tilsyn med området. Forbrukarstyresmaktene vil utforske moglegheitene for å utvikle automatiserte digitale verktøy som kan skanne sosiale medium etter potensielle brot på marknadsføringslova. Dette vil kunne gjere tilsynet meir effektivt.

I tillegg til tilsyn og rettleiing til næringsdrivande er regjeringa oppteken av å formidle kunnskap til barn og unge om reklame og korleis reklame kan påverke oss.

Særleg om kroppspress i sosiale medium

Kroppspress har lenge vore eit problem blant barn og unge. Fleire forskingsrapportar, mellom anna ei undersøking gjennomført av NOVA, tyder på at det er ein samanheng mellom auka bruk av sosiale medium og auka kroppspress. Kroppspress er ifølgje studiane éin av fleire faktorar som kan ha noko å seie for den psykiske helsa til barn og unge. Sosiale medium kan dermed vere ein faktor som er med på å auke førekomsten av psykiske lidingar hos barn og unge.

Marknadsføring i sosiale medium er ein viktig del av dette biletet.

Dåverande Barne- og likestillingsdepartementet gav i 2018 Medietilsynet i oppdrag å utarbeide ei skisse til etiske retningslinjer for påverkarar, nettverk og annonsørar. Forbrukartilsynet tok del i arbeidet som ein fagleg ressurs med kunnskap og erfaring frå tilsynsarbeidet sitt. Endelege retningslinjer blir ferdigstilte av bransjen sjølv. Målet er å få bransjen til å ta eit større ansvar for den påverknaden dei har på unge i sosiale medium.

Regjeringa vil arbeide for å motverke kroppspress på sosiale medium og vil leggje til rette for det vidare arbeidet med etiske retningslinjer for påverkarbransjen. Retningslinjene skal fungere som felles køyrereglar. Dei skal komme i tillegg til gjeldande lovgiving. Regjeringa arbeider også med endringar i regelverket for kosmetiske injeksjonar og kosmetisk kirurgi. Endringar i marknadsføringslova, for å motverke kroppspress hos barn og unge, er også under utarbeiding. Dei føreslåtte endringane vil vere ein del av oppfølginga av oppmodingsvedtak frå Stortinget, og dei omfattar mellom anna reglar om merking av retusjert reklame.

Kjøpepress i digitale spel

Kjøp av virtuelle gjenstandar i dataspel har i lengre tid vore ei utfordring for barn og foreldre. Det finst mange døme på foreldre som har fått høge rekningar fordi barna har handla ting i slike spel.

I desember 2013 stilte forbrukarstyresmaktene i Europa felles krav til Apple og Google om endringar i marknadsføringa av spel gjennom appbutikkar. Det blei også utvikla retningslinjer for apputviklarar for å forhindre direkte kjøpsoppmodingar til barn. Trass i dette arbeidet er det framleis eit utbreidd problem at barn blir oppmoda til å kjøpe virtuelle gjenstandar i spel, og at foreldre opplever at barna belastar bankkortet til foreldra utan lov.

Dei store plattformene og spelutviklarane er globale aktørar som ein best kan påverke gjennom internasjonalt samarbeid. Norske forbrukarstyresmakter skal vere aktive pådrivarar i internasjonale forum for å vere med på å setje kjøpepress i digitale spel på dagsordenen.

6.1.4 Regjeringa vil

  • kartleggje den digitale forbrukarkompetansen med særleg vekt på barn og unge

  • særleg leggje vekt på tilsyn med digital marknadsføring retta mot barn og unge, gjennom å styrkje arbeidet til Forbrukartilsynet frå 2019

  • oppdatere undervisingsheftet om reklame, mellom anna ved å ta inn omtale av nye marknadsføringskanalar

  • leggje til rette for det vidare arbeidet med etiske retningslinjer for bloggarar, påverkarar, nettverk og annonsørar.

6.2 Komiteens merknader

Komiteen peker på at barn og unge møter mange utfordringer som forbrukere. Komiteen er bekymret for det økende kroppspresset og kjøpepresset barn og unge opplever i dag. Komiteen viser til anmodningsvedtak nr. 850 (2017–2018) fra behandlingen av Dokument 8:187 S (2017–2018), jf. Innst. 344 S (2017–2018). Et enstemmig storting vedtok å forsterke tilsynet med usunn reklame som retter seg mot barn og unge, særlig reklame som promoterer urealistiske skjønnhetsidealer og bidrar til kroppspress. Komiteen anser tilsyn med reklame og markedsføring rettet mot barn og unge som svært viktig og mener det må være en høyt prioritert oppgave.

Komiteen er på lik linje med regjeringen opptatt av at barn og unge skal utvikle god digital forbrukerkompetanse.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at barn og unge vokser opp i en digital tidsalder, der sosiale medier og stor tilgang på informasjon gjør dem utsatt for sosialt press og for uønsket markedsføring og reklame.

Disse medlemmer viser til at regjeringen konstaterer at markedsføringspresset kan være skadelig – spesielt i en stadig mer digital mediehverdag. Dessverre følger ikke regjeringen opp med tiltak mot dette, men viser til uforpliktende og vage ord som «kartlegging», «legge vekt på», «oppdatere» og «legge til rette». Disse medlemmer mener det er på høy tid at de skadelige effektene det kommersielle markedsføringspresset har på barn og unge, tas på alvor. Det er behov for strengere regulering som kan bidra til mindre kroppspress og bedre de unges psykiske helse.

Disse medlemmer støtter at barn og unges digitale forbrukerkompetanse må kartlegges og ivaretas, men at det er urettferdig og feil at alt ansvaret legges på barn og unge selv.

Disse medlemmer viser til at barn og unge er storforbrukere av sosiale medier og er en attraktiv forbrukergruppe. De er i en fase i livet hvor vaner og identitet etableres. Potensialet for å bygge livslang merkelojalitet er stort, og markedsføringspresset er en konsekvens av dette. Evner og motivasjon til å motstå slik markedsføring er mindre utviklet hos barn enn hos voksne. Barn og unge er i en sårbar fase av livet fysisk, psykisk og sosialt og utsettes for økonomisk press.

Disse medlemmer vil understreke at samtykkene til deling av informasjon og brukervilkårene på de digitale plattformene skal være tilgjengelige på et forståelig språk for barn og unge. Disse medlemmer etterlyser tiltak for å ansvarliggjøre bransjen og for å gi barn og unge kunnskap om sammenhengen mellom markedsføring og personvern, slik at de kan ta informerte valg. Dette innebærer kunnskap om hvor de rettslige grensene går, spesielt siden den digitale utviklingen skjer raskt og det er mange gråsoner.

Disse medlemmer viser til at markedsføring som øker kroppspresset, kan skape negativt stress og press som leder til psykiske helseplager. Reklame som spiller på seksualisering, utdaterte kjønnsroller og uoppnåelige skjønnhetsidealer, bidrar i feil retning. I FNs veiledende prinsipper for forbrukerbeskyttelse i politikkutforming vektlegges beskyttelsen av sårbare forbrukere og beskyttelse mot det som truer deres helse og sikkerhet.

Disse medlemmer mener staten ikke beskytter barn og unge godt nok mot skadelig markedsføringspress, slik at deres rett til å nyte godt av høyeste oppnåelige helsestandard og optimal utvikling – som nedfelt i barnekonvensjonen – ikke kan oppnås for alle barn. Disse medlemmer viser til at barnekapitlet i markedsføringsloven fyller elleve år i 2020. Loven har hatt en viktig funksjon, men teknologisk utvikling og sosiale medier har endret markedsføringstrykket mot barn og unge betydelig.

Disse medlemmer forutsetter at anmodningsvedtakene gjort av Stortinget i forbindelse med Representantforslag 187 S (2017–2018)fra representanter fra Sosialistisk Venstreparti blir gjennomført, og peker særlig på å innføre krav om merking av retusjert reklame.

Disse medlemmer viser til behandlingen av Representantforslag 174 S (2017–2018) fra representanter fra Arbeiderpartiet om et mer regulert marked for kosmetiske injeksjoner, jf. Innst. 348 S (2017–2018) og anmodningsvedtaket om strengere regulering av tilbud og bruk av fillers og kosmetiske injeksjoner. Dette arbeidet må prioriteres.

På denne bakgrunn vil disse medlemmer fremme følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå markedsføringslovens barnekapittel og komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan man kan sikre at barn og unge er godt nok beskyttet mot markedsføring i dagens moderne mediehverdag, og særlig når markedsføringen kan påvirke helsen negativt.»

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om tiltak for å begrense reklame i det offentlige rom, for eksempel gjennom å opprette reklamefrie soner i nær omkrets av skoler.»

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå forskrift om markedsføring av ikke-medisinske kosmetiske inngrep med formål om å innføre et forbud mot markedsføring av kosmetisk kirurgi som ikke er en del av medisinsk behandling.»

Komiteens medlem fra Senterpartiet viser til at det de senere årene har vært en sterk økning i markedsføring av kosmetisk kirurgi og annen markedsføring som har et sterkt kroppsfokus, og som fremmer visse typer skjønnhetsidealer. Dette medlem er bekymret for effekten slik markedsføring har på barn og unge, men også generelt på sårbare mennesker. Det er behov for i større grad å regulere den typen reklame.

Dette medlem viser til at flere kommuner har innført ulike reguleringer for eksempel innenfor retusjert reklame. Det gjelder bl.a. Tromsø, Kristiansand, Trondheim, Sandnes, Harstad og Oslo. Dette medlem finner det svært positivt at flere kommuner tar problemet på alvor og viser vilje til å regulere/forby retusjert reklame på offentlig eide steder.

Dette medlem er imidlertid i tvil om et forbud mot kommersiell markedsføring av kosmetisk kirurgi er rett vei å gå for å motvirke kroppspress. Et nasjonalt forbud i Norge vil eksempelvis ikke hindre utenlandske virksomheter i å påvirke potensielle kunder til å benytte seg av kosmetisk kirurgi. Med andre ord løser man ikke problemet, men forflytter det. Dette medlem mener det er nødvendig å utrede nærmere i hvilken grad og i hvilket omfang markedsføring av kosmetisk kirurgi kan og bør reguleres, og viser i den forbindelse til Dokument 8:187 S (2017–2018), jf. Innst. 344 S (2017–2018) og Dokument 8:174 S (2017–2018), jf. Innst. 348 S (2017–2018), hvor Stortinget blant annet gjorde følgende vedtak:

«Stortinget ber regjeringen utrede innstramming i reguleringen av kommersiell markedsføring av kosmetisk kirurgi, særlig reklame som bidrar til usunt kroppsideal og som også når barn og unge.»

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av og fremme forslag om regulering av tilbud og bruk av kosmetiske injeksjoner. Aldersbegrensninger, krav til behandlere og lokaliteter må være del av denne. Videre må sanksjonsmuligheter tydeliggjøres. Forbud mot markedsføring av kosmetiske injeksjoner og mot bestilling og bruk i private hjem bør være del av beslutningsgrunnlaget som fremlegges for Stortinget.»

Dette medlem merker seg at statsråd Bent Høie i svar på et skriftlig spørsmål fra representanten Kari Henriksen fra Arbeiderpartiet, datert 23. januar 2020, opplyser om at det i løpet av 2020 skal sendes ut høringsnotat som følger opp disse anmodningsvedtakene.