2.1.2 Meir av forbruket skjer digitalt
Dei aller fleste
nordmenn bruker i dag nettet regelmessig. Tilgangen til internett
viser seg att i innbyggjarane sine forbruksvanar. Tal frå SSB viser
at omsetninga til nettbutikkane aukar.
Omgrepet «tinga sitt
internett» skildrar ei utvikling der gjenstandar som bilar, kjøleskåp,
låsar og straumbrytarar blir kopla til internett. Tinga blir utstyrte
med sensorar, og ein kan ofte styre dei gjennom smarttelefonen.
Når dei daglegdagse tinga vi omgir oss med, blir «smarte» og kan
kommunisere med brukarane og kvarandre, opnar det store moglegheiter
for forbrukarane.
Store digitale plattformer
som Amazon, Facebook, eBay, Google, Airbnb, Uber, Netflix og Spotify
har på kort tid utfordra tradisjonelle forretningsmodellar og verdikjeder
i bransjar som finans, musikk og film, overnatting og varehandel.
Dette har ført til at forbrukarane har fått tilgang til ei rekkje
nye varer og tenester.
Digitale plattformer
gir forbrukarane nye moglegheiter. Dei fungerer som inngangsportar
for forbrukarane til informasjon og tilgang til varer og tenester
frå heile verda. Tilbydarane får på si side tilgang til ein stor kundemasse
og kan tilby noko som det elles kanskje ikkje ville vore mogleg
å omsetje utan ei stor digital kontaktflate mot forbrukarane.
Ein del av desse
plattformene inngår i det som ofte blir omtala som «delingsøkonomien».
Uber og Airbnb er kjende døme på plattformer i delingsøkonomien.
I Noreg er Finn.no og Nabobil.no døme på delingsplattformer.
Delingsøkonomiutvalet
presenterte i 2017 si utgreiing om moglegheiter og utfordringar
i delingsøkonomien. Utvalet understreka at framveksten av delingstenester
representerte ei positiv utvikling for forbrukarane. Det fann lite
empirisk bevis for utbreidde forbrukarproblem ved bruk av delingstenester.
Mange av dei digitale
plattformene har ein datadriven forretningsmodell. I staden for
at forbrukarane må betale for å bruke plattforma, får dei tilgang
i byte mot persondata.
Når forbrukarar betaler
for digitale tenester med personopplysingane sine, kjem det ikkje
direkte til uttrykk som ein økonomisk storleik på lik linje med
utgifter til bustadlån, transport, mat og klede. Det er likevel ein
transaksjon som både inneber ein ny type kostnad for forbrukarane
og ei inntektskjelde for mange næringsdrivande i den digitale økonomien.
Ein framtidsretta forbrukarpolitikk må derfor også sikre forbrukarane
sine rettar i eit personvernperspektiv.