Innstilling fra næringskomiteen om Endringar i sjølova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

I proposisjonen vert det lagt fram forslag til endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjølova). Lova vert føreslått endra slik at Sjøfartsdirektoratet får heimel i lov til framleis å kunne hente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når det er naudsynt for utøving av oppgåver etter sjølova, jf. folkeregisterlova § 10-2. Det vert i samband med dette føreslått endringar i sjølova § 13.

Sjøfartsdirektoratet har tidlegare hatt løyve frå Skattedirektoratet til å hente desse opplysningane med heimel i folkeregisterlova 16. januar 1970 nr. 1 § 14. Lovendringane inneber soleis ikkje endringar i den faktiske rettstilstanden. Etter folkeregisterlova av 2016 § 10-2 er det krav om at heimel for utlevering av opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, må stå i regelverket som gjeld for dei ulike saksområda. Skal Sjøfartsdirektoratet framleis ha tilgang til dette, må heimelen soleis stå i sjølova.

Skipsregistra NIS/NOR er underlagt Sjøfartsdirektoratet og er eit realregister for skip og rettar i skip, tilsvarande tinglysing av fast eigedom hos Statens Kartverk. Reglane i sjølova om skipsregistrering svarar i all hovudsak til reglane for tinglysing av fast eigedom i tinglysingslova, men medan heimel til opplysningar omfatta av teieplikt vart vedteken samstundes som ny folkeregisterlov, jf. tinglysinglova § 38d, vart det ikkje gjort tilsvarande endring for sjølova.

For å kunne utføre lovpålagde plikter etter sjølova, treng Skipsregistra opplysningar frå Folkeregisteret. Dette gjeld både opplysningar som er omfatta av teieplik, og opplysningar som ikkje er omfatta av teieplikt. Sjølova har til dømes reglar om eigars nasjonalitet og bustad i § 1, og for å kunne fange opp om registrerte eigarar er utvandra frå Noreg, treng Skipsregistra tilgang til informasjon om registreringsstatus. Vidare treng Skipsregistra informasjon om familieforhold, det vil seie ektefelle, barn, foreldre og søsken, blant anna for å følge opp saker der registrert eigar er død, og ved saksbehandling for å undersøke om vitne er nærståande til den som får ein rett ved eit dokument til registrering, jf. sjølova § 15 og forskrift 30. juli 1992 nr. 593 om registrering av skip i NOR § 18 femte ledd.

Den føreslåtte lovendringa fører vidare rettstilstanden etter folkeregisterlova av 16. januar 1970 nr. 1 og er ei tilpassing i samsvar med den nye folkeregisterlova av 9. desember 2016 nr. 88. Departementet la difor til grunn at det openbert ikkje var naudsynt å sende forslaget om endringa i sjølova på allmenn høyring, jf. punkt 3-3 i utgreiingsinstruksen.

Endringane fører vidare gjeldande rett, og forslaget vil difor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ruth Grung, Cecilie Myrseth, Nils Kristen Sandtrøen og Terje Aasland, fra Høyre, Margunn Ebbesen, Linda C. Hofstad Helleland, Kårstein Eidem Løvaas og Tom-Christer Nilsen, fra Fremskrittspartiet, Morten Ørsal Johansen og Bengt Rune Strifeldt, fra Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen og lederen Geir Pollestad, fra Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, fra Venstre, André N. Skjelstad, og fra Kristelig Folkeparti, Steinar Reiten, slutter seg til regjeringens forslag i Prop. 38 L (2018–2019) Endringar i sjølova.

Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringar i sjølova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

I

I lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten skal § 13 nytt fjerde ledd lyde:

Sjøfartsdirektoratet skal, uten hinder av taushetsplikt, ha tilgang til opplysninger i Folkeregisteret som er nødvendige for utførelsen av oppgaver etter denne loven.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Oslo, i næringskomiteen, den 5. mars 2019

Geir Pollestad

Margunn Ebbesen

leder

ordfører