Dokument 8:5 S (2018-2019) om
reforhandling av Bymiljøpakken for Nord-Jæren
Eg viser til brev
av 10. oktober 2018 vedlagt Dokument 8:5 (2018-2019) frå representantane
Sverre Myrli, Ingalill Olsen, Kirsti Leirtrø, Øystein Langholm Hansen, Julia
Wong, Torstein Tvedt Solberg og Hege Haukeland Liadal om reforhandling
av bymiljøpakken for Nord-Jæren.
Representantane
fremjar følgjande forslag:
"1. Stortinget ber
regjeringen ta initiativ til reforhandling av Bymiljøpakken for
Nord-Jæren, og ber om at reforhandlingen avsluttes innen årsskiftet
2018/2019. I reforhandlingene skal man utrede en ny modell for innretning
på rushtidsavgiften som vil være mindre belastende for befolkningen.
Konsekvensen av rushtidsavgift for innbyggere og næringsliv må utredes
grundigere, og det må etableres forsvarlige avbøtende tiltak.
2. Stortinget ber
regjeringen ta initiativ til at ny teknologi/veiprising testes ut
på Nord-Jæren.
3. Stortinget ber
regjeringen utrede alternative finansieringsopplegg ved eventuelle
kostnadsøkninger på riksveier og sykkelstamveier i bypakker, også
der ikke hele belastningen finansieres med bompenger.
4. Staten dekker
70 prosent av investeringskostnadene for «Bussveien» i Bymiljøpakken
for Nord-Jæren.
5. Det må avklares
hvilke andre prosesser knyttet til Bymiljøpakken for Nord-Jæren
som eventuelt krever behandling i Stortinget."
Vurderingane mine
av desse forslaga følgjer nedanfor.
Forslag nr. 1 om reforhandling
av Bymiljøpakken
Stortinget handsama
og vedtok i mars 2017 ei sak om finansiering av Bypakke Nord-Jæren
(Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar), jf. Prop. 47 S (2016-2017)
og Innst. 214 S (2016-2017). Det har vore drøftingar lokalt rundt
oppstartstidspunkt og innretting av det nye bompengeopplegget, men
innkrevjinga starta likevel som planlagt 1. oktober 2018.
Denne vurderinga
er gjort lokalt, og etter at eg orienterte ordførarane i Randaberg,
Sandnes, Sola, Stavanger og Rogaland fylkeskommune om at dei hadde
fridom til å fastsette dette tidspunktet sjølve.
Det er eit viktig
prinsipp ved bompengefinansiering at det ligg til grunn eit lokal
initiativ om slik finansiering. Staten pålegg ikkje bompengeinnkrevjing.
Eg har registrert at dei lokale partane er samde om å starte forhandlingar
om revisjon av den bompengefinansierte bypakken (Bymiljøpakken).
Ein revidert pakke må forankrast gjennom nye lokalpolitiske vedtak.
Større endringar vil kunne medføre krav om ekstern kvalitetssikring
(KS2).
Når dette er på
plass, vil Samferdselsdepartementet og regjeringa kunne leggje eit
nytt forslag fram for Stortinget. Eg vil ikkje leggje føringar for
det lokale arbeidet med å revidere bompengeopplegget, verken når
det gjeld rushtidsavgift eller tidsplanen for arbeidet.
Bymiljøpakken er
ein del av den gjeldande byvekstavtalen for Nord-Jæren.
Det pågår no reforhandlingar av denne avtalen mellom staten, fylkeskommunen
og dei fire kommunane. Det lokale arbeidet med å revidere bompengeopplegget
må sjåast i samanheng med dette. Det er ein føresetnad frå staten
at byvekstavtalen bidreg til å nå målet om nullvekst i persontransport
med bil. Det er vidare viktig at det i reforhandlingane blir lagt
til grunn at dei økonomiske rammene som staten bidreg med i Bymiljøpakken,
allereie er avklart gjennom stortingshandsaming. Ut over dette har
dei lokale styresmaktene stor fridom til å utforme pakken sjølv,
men det må vere balanse mellom inntekter og utgifter.
Slik eg vurderer
forslag 1 i representantforslaget legg Arbeiderpartiet opp til å
flytte initiativet for lokal finansiering til staten. Forslag om
at staten skal krevje nye modellar for fastsettelsen av bompengar
vil eg på prinsipielt grunnlag rå sterkt i frå. Slik framlegget
frå Arbeiderpartiet er innretta vil altså det medføre at staten
tek ei langt meir aktiv rolle i å fastsette bompengar eller annan
type finansiering frå bilistane si side. Dette vil kunne medføre
at lokaldemokratiet vert unøding overstyrt, og det vil kunne bidra
til meir bompengar over tid.
Arbeiderpartiet
sitt forslag om større statleg overstyring av lokale prosessar bør
avvisast.
Forslag nr. 2 om ny teknologi/vegprising
Samferdselsdepartementet
har, i samråd med Klima- og miljødepartementet og Finansdepartementet, nyleg
lagt ut eit anbod på ei utgreiing av eit nytt system for vegprising.
Dette arbeidet er ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak frå handsaminga
av Innst. 2 S (2016- 2017) 5. desember 2016: "Stortinget ber regjeringen utrede
satellittbasert veiprising for tungtransport. Utredningen skal også
inneholde en vurdering av hvordan et slikt system vil slå ut for
nullutslippsbiler og overgang til biodrivstoff."
Eit system med vegprising
for tunge køyretøy vil kunne gi ei rettare prising av eksterne kostnader
og føre til at norske og utanlandske køyretøy i større grad betaler
for vegslitasje, utslepp, køar og ulukker.
Ei slik utgreiing
vil svare på mange spørsmål om mellom anna positiv og negativ påverknad
ved eit slikt system, samfunnsøkonomisk lønnsemd, økonomiske og
administrative konsekvensar og personvernomsyn. Det vil òg se på
kva for nokre av dagens verkemiddel som bør inngå i eit system med
vegprising og forholdet til dei verkemidla som eventuelt ikkje blir
tilrådde inkluderte i eit system med vegprising, kva for deler av vegnettet
som skal inkluderast, konsekvensar for utviklinga i køyretøyparken
(inkl. bruk av biodrivstoff) og konsekvensar for støy, lokal luftforureining,
klima, vegslitasje og framkomst. Utgreiinga vil òg kartleggje
tekniske løysingar for vegprising og det må sikrast kompatibilitet
med gjeldande og komande system for vegprising i utlandet.
Det er med andre
ord eit komplekst tema, og det er behov for ei utgreiing før vi
eventuelt kan starte eit pilotprosjekt. Det er per dags dato heller
ikkje heimel for forsøk med vegprising. Etter at utgreiinga er ferdigstilt, vil
regjeringa ta stilling til vidare arbeid med eit nytt system for
vegprising.
Staten bør uansett
ikkje pålegge eit byområde ei bestemt løysing ein lokalt ikkje ønsker.
Forslaget frå Arbeiderpartiet opnar i stor grad for meir overstyring
av lokale myndigheiter. På sikt vil det kunne auke bruken av bompengar
og vegprising utover det det er lokal tilslutning til. Eg ser ingen
grunn til å vedta forslag som potensielt kan medføre større belastning
for bilistane er det er lokalpolitisk tilslutning til.
Forslag nr. 3 om alternative
finansieringsopplegg i bypakkar
Det er eit fastsett
prinsipp for bompengefinansierte bypakker i dei større byområda
at dei skal porteføljestyrast, jf. mellom anna Prop. 47 S (2016-2017)
Finansiering av Bypakke Nord-jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og
Stavanger kommuner i Rogaland. Dette er eit viktig prinsipp fordi
det inneber at inntektssida og kostnadssida må speglast, og det
må gjerast reelle prioriteringar dersom det ikkje er rom for å gjennomføre
alle dei prosjekta og tiltaka som er ønskt innanfor ei gitt økonomisk
ramme.
Dersom det blir
kostnadsauke på einskilde prosjekt – anten dette gjeld prosjekt
staten eller lokale styresmakter har ansvar for, skal det handterast
innanfor pakka. Eg ser ikkje grunnlag for å endre denne praksisen,
som òg er innarbeidd i andre bompengefinansierte bypakker.
Eg minner også om
at det statlege bidraget til dei fire storbyområda er vesentleg
forbetra frå når Arbeiderpartiet sat i regjering. Eg legg også til
grunn at det statlege bidraget i denne bypakken er fastsett av Stortinget.
Forslag nr. 4 om 70 prosent
statleg finansiering av Bussveien
Gjennom Nasjonal
transportplan 2018-2029 blei det fastsett at staten skulle dekke
50 prosent av prosjektkostnadene for dei viktigaste kollektivtransportløysingane
i dei fire største byområda.
Ei utviding av 50/50-ordninga
til ei 70/30-fordeling gir behov for ein betydeleg auke av den økonomiske ramma
i Nasjonal transportplan. Etter mi vurdering vil ei eventuell endring
i ordninga med statleg finansieringstilskot ikkje berre kunne gjelde
Bussveien på Nord-Jæren. Det ville òg måtte gjelde dei andre aktuelle
50/50-prosjekta. I Nasjonal transportplan 2018-2029 er det lagt
til grunn statleg delfinansiering av følgjande fem prosjekt; Fornebubanen
og Metrotunnel i Oslo og Akershus, Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen,
Metrobuss trinn 1 i Trondheim og Bussveien på Nord-Jæren. Dersom
staten skal dekke 70 prosent av kostnadene ved disse prosjekta,
gir det eit auka behov på nærare 10 mrd. kr i planperioden.
Dersom Stortinget
vel å gjere dette i strid med gjeldande NTP vil dette gå ut over
andre prosjekt i eller utanfor dei store byområda. Vegar og kollektivtilbod
i distrikta vil fort være taparen med Arbeiderpartiet sitt forslag.
Alternativt vil vedlikehaldsetterslepet igjen auke, slik det oftast
har gjort når Arbeiderpartiet har vore i regjering. Det kan også
tenkast at det vil forsinke framdrifta på intercity.
Forslag nr. 5 om vurdering av
prosessar som kan krevje handsaming i Stortinget
Som omtalt under
forslag nr. 1, har Stortinget vedtatt eit bompengeopplegg for Nord-Jæren.
Dette blei innført 1. oktober i år. Dersom det blir fatta lokalpolitiske
vedtak om ei revidert bompengepakke, vil eg komme tilbake til Stortinget
for eit nytt samtykke.