1. Sammendrag

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg i proposisjonen fram følgjande saker under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet og kap. 502 Lønsoppgjeret i staten – tariffavtalte avsettingar.

  1. Lønsregulering frå 1. mai 2018 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv.

  2. Endringar i statsbudsjettet for 2018.

1.1 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2018 mv.

Lønsforhandlingane mv. per 1. mai 2018

Forhandlingane

Forhandlingane mellom staten, ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og hovudsamanslutningane for tenestemenn, LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat, om ny hovudtariffavtale i staten for perioden 1. mai 2018 til 30. april 2020 blei innleia 5. april 2018.

Forhandlingane med LO Stat, Unio og YS Stat heldt fram til 28. april.

Forhandlingane med Akademikerne heldt fram til 30. april. Staten og Akademikerne blei einige om innføring av eit nytt lønssystem. Så lenge det var brot med dei tre andre hovudsamanslutningane, kunne ikkje staten gje Akademikerne eit tilbod om ein fullstendig hovudtariffavtale.

Riksmeklaren blei varsla om brotet med alle hovudsamanslutningane. Meklinga blei opna i møte hos Riksmeklaren 2. mai. Den 15. og 16. mai 2018 kravde hovudsamanslutningane meklinga avslutta.

Meklinga heldt fram til 24. mai, der Riksmeklaren la fram forslag til ny hovudtariffavtale mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat og ny hovudtariffavtale mellom staten og Akademikerne. Forslaga blei same dag aksepterte av staten. LO Stat, Unio og YS Stat orienterte om at dei tilrådde meklingsresultatet og ville sende det ut til avrøysting, med frist 19. juni 2018. Akademikerne aksepterte forslaget.

Både avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat og avtalen med Akademikerne har ei ramme som inneber ein årslønsauke på 2,8 pst. for første avtaleår, på linje med arbeidslivet elles. Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2018 er for tidsrommet 1. mai–31. desember 2018 rekna ut til 2 434 mill. kroner.

Det vert vidare i proposisjonen gjeve ein omtale av dei punkta i avtalane som gjeld kompetanseutvikling, pensjon, fellesføresegnene, bustadlån og forhandlingsstader.

Nærare om avtalane med LO Stat, Unio og YS Stat og avtalen med Akademikerne

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til LO Stat, Unio og YS Stat

Med verknad frå 1. mai 2018 er det gjeve eit tillegg på 5 100 kroner frå og med lønstrinn 19 til og med lønstrinn 47 og eit likt prosenttillegg på lønstabellen tilsvarande 1,25 pst. frå og med lønstrinn 48 til og med lønstrinn 101. Alle tilsette i lønsrammealternativa 1 og 2 er flytta til alternativ 3. Desse tilsette får eitt til to lønstrinn i tillegg som følgje av dette.

Med verknad frå 1. juli 2018 skal det førast lokale forhandlingar innanfor ei økonomisk ramme på 1,9 pst. per dato av lønsmassen.

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til Akademikerne

Med verknad frå 1. mai 2018 skal det førast lokale forhandlingar innanfor ei økonomisk ramme på 2,8 pst. per dato av lønsmassen.

Andre endringar i hovudtariffavtalane

Det er gjort endringar i lønssystemet i avtalen med Akademikerne. Endringane er i hovudsak bortfall av minsteløner, med unnatak for stilling som krev akademisk utdanning, og at avtalen med Akademikerne no berre har ein tiårig lønsstige til erstatning for tidlegare 39 lønesrammer. I avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat er det ikkje gjort større endringar i lønssystemet, men alle lønesrammene har blitt oppjustert ved at dei to lågaste alternativa er tekne bort, og det er gitt to nye alternativ i toppen av ramma.

Anna

Staten har lagt stor vekt på å kome fram til løysingar som gjer hovudtariffavtalane meir fleksible og gjev dei lokale partane større handlefridom.

I Riksmeklaren sitt forslag til avtale med LO Stat, Unio og YS stat er 50 pst. av den disponible økonomiske ramma avsett til lokale forhandlingar. I avtalen med Akademikerne foreslår Riksmeklaren at heile den disponible økonomiske ramma blir avsett til lokale forhandlingar.

Vidare er det i Riksmeklaren sitt forslag til avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat fastsett mandat for å halde fram arbeidet med å vidareutvikle lønssystemet fram mot seinare lønsforhandlingar.

Lønsregulering mv. for dei embets- og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber om fullmakt til å gjere avtalen mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett.

Embets- og statstilsette i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får løns- og arbeidsvilkåra sine fastsette administrativt i kontrakt.

Dei uorganiserte skal, med bakgrunn i dei einskilde verksemdene sin lønspolitikk, sikrast lønnsutvikling på like linje med dei organiserte arbeidstakarane, og det er arbeidsgjevar sitt ansvar å ivareta dette.

1.2 Endringar på statsbudsjettet for 2018

Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

Post 1 Driftsutgifter

Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2018 er for tidsrommet 1. mai–31. desember 2018 rekna ut til 2 434 mill. kroner.

Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna. Vidare er meirutgifter til pensjonspremiebetaling medrekna.

Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter blir dekte innanfor budsjetta til verks-emdene.

Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølve dekke meirutgifta av lønsregulering innanfor eksisterande budsjett.

Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til 1 825 mill. kroner.

Kap. 502 Lønsoppgjeret i staten – tariffavtalte avsettingar

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under kap. 502 post 70

For perioden 1. mai 2018–30. april 2020 blir det avsett til saman 2 mill. kroner til kompetanseutvikling. Departementet foreslår i proposisjonen at 1 mill. kroner av avsettinga blir løyvd for 2018.

Post 70 Tilskot til kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under kap. 502 post 21

For perioden 1. mai 2018–30. april 2020 blir det avsett til saman 33 mill. kroner til kompetanseutvikling. Departementet foreslår i proposisjonen at 16,5 mill. kroner av avsettinga blir løyvd for 2018.

Post 71 Tilskot til midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde (OU-midlar)

Departementet foreslår i proposisjonen at tilskotet blir auka med 5,2 mill. kroner.

Kap. 2309 Tilfeldige utgifter

Post 1 Driftsutgifter

Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2018 til hausten.