Bakgrunn
for lovframlegget
Ved behandlinga av
representantforslag 8:3 S (2016–2017) bad Stortinget i Innst. 63
S (2016–2017) regjeringa om å utarbeide og eventuelt foreslå nasjonale reglar
som sikrar at ansikta til elevar, studentar og lærarar skal vere
fullt ut synlege på skolar, universitet og høgskolar.
Opprinneleg foreslo
regjeringa at forbodet skulle gjelde på heile utdanningsinstitusjonens
område, og i heile arbeidstida. Etter ny regjeringsplattform og
innspel i høyringa har regjeringa endra forslaget. Forbodet skal
kun gjelde mens undervisning føregår.
I barnehagar, skolar,
på universitet og høgskolar og ved andre undervisningsstader er
det i undervisningssituasjonar ønskjeleg at ansikta til tilsette,
barn, elevar, studentar og deltakarar i opplæring etter introduksjonslova
er synlege. Dersom tilsette, elevar, studentar eller deltakarar
i opplæring etter introduksjonslova nyttar plagg som heilt eller
delvis dekkjer ansiktet, kan dette vere til hinder for god samhandling
og kommunikasjon. God samhandling og kommunikasjon er avgjerande
for eit godt læringsutbytte.
Eit nasjonalt forbod
mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, vil ramme
plagg som nikab og burka. Nikab er ein kombinasjon av hovud- og
ansiktsplagg som kan nyttast på fleire måtar, men vanlegvis dekkjer
plagget heile ansiktet så nær som auga. Burka dekkjer heile kroppen
og har eit tekstilgitter framfor auga. Forbodet vil òg omfatte andre
plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, som finlandshetter
med stoff framfor ansiktet. Hijab, som berre dekkjer håret og halsen,
er ikkje eit plagg som dekkjer ansiktet.
Departementet foreslår
at forbodet ikkje skal gjelde når bruken av ansiktsdekkjande plagg
er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige
forhold.
Lovavdelinga i Justis-
og beredskapsdepartementet har vurdert innføring av eit forbod mot
bruk av ansiktsdekkjande plagg i private og offentlege barnehagar
og ved utdanningsinstitusjonar opp mot dei menneskerettslege og
konstitusjonelle rammene som følgjer av Grunnlova og internasjonale
menneskerettskonvensjonar. Lovavdelinga konkluderer med at forbodet
ikkje er i strid med prinsippa om religionsfridom og retten til privatliv
eller forbodet mot diskriminering. Lovavdelinga konkluderte òg med
at forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i undervisningssituasjonen
kan reknast som forholdsmessig, fordi det knyter seg stor samfunnsmessig
interesse til at elevane har utbytte av undervisninga, både i skolane
og i vaksenopplæringa. For å sikre at forbodet ikkje er uforholdsmessig
inngripande har særleg departementet lagt vekt på omsyn til krav
om differensiering, krav til grunngiving og korleis forbodet vil
bli praktisert, i vurderingane knytte til utforminga av forbodet
i lovproposisjonen.