Sammendrag

Kunnskapsdepartementet foreslår i denne proposisjonen å innføre forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i barnehagar og i undervisningssituasjonar. Forbodet vil gjelde i både offentlege og private institusjonar og vil omfatte barnehagar, grunnskolar og vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, folkehøgskolar, fagskolar, universitet og høgskolar og opplæring som blir gitt med heimel i introduksjonslova.

Bakgrunn for lovframlegget

Ved behandlinga av representantforslag 8:3 S (2016–2017) bad Stortinget i Innst. 63 S (2016–2017) regjeringa om å utarbeide og eventuelt foreslå nasjonale reglar som sikrar at ansikta til elevar, studentar og lærarar skal vere fullt ut synlege på skolar, universitet og høgskolar.

Opprinneleg foreslo regjeringa at forbodet skulle gjelde på heile utdanningsinstitusjonens område, og i heile arbeidstida. Etter ny regjeringsplattform og innspel i høyringa har regjeringa endra forslaget. Forbodet skal kun gjelde mens undervisning føregår.

I barnehagar, skolar, på universitet og høgskolar og ved andre undervisningsstader er det i undervisningssituasjonar ønskjeleg at ansikta til tilsette, barn, elevar, studentar og deltakarar i opplæring etter introduksjonslova er synlege. Dersom tilsette, elevar, studentar eller deltakarar i opplæring etter introduksjonslova nyttar plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, kan dette vere til hinder for god samhandling og kommunikasjon. God samhandling og kommunikasjon er avgjerande for eit godt læringsutbytte.

Eit nasjonalt forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, vil ramme plagg som nikab og burka. Nikab er ein kombinasjon av hovud- og ansiktsplagg som kan nyttast på fleire måtar, men vanlegvis dekkjer plagget heile ansiktet så nær som auga. Burka dekkjer heile kroppen og har eit tekstilgitter framfor auga. Forbodet vil òg omfatte andre plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, som finlandshetter med stoff framfor ansiktet. Hijab, som berre dekkjer håret og halsen, er ikkje eit plagg som dekkjer ansiktet.

Departementet foreslår at forbodet ikkje skal gjelde når bruken av ansiktsdekkjande plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.

Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet har vurdert innføring av eit forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i private og offentlege barnehagar og ved utdanningsinstitusjonar opp mot dei menneskerettslege og konstitusjonelle rammene som følgjer av Grunnlova og internasjonale menneskerettskonvensjonar. Lovavdelinga konkluderer med at forbodet ikkje er i strid med prinsippa om religionsfridom og retten til privatliv eller forbodet mot diskriminering. Lovavdelinga konkluderte òg med at forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i undervisningssituasjonen kan reknast som forholdsmessig, fordi det knyter seg stor samfunnsmessig interesse til at elevane har utbytte av undervisninga, både i skolane og i vaksenopplæringa. For å sikre at forbodet ikkje er uforholdsmessig inngripande har særleg departementet lagt vekt på omsyn til krav om differensiering, krav til grunngiving og korleis forbodet vil bli praktisert, i vurderingane knytte til utforminga av forbodet i lovproposisjonen.

Barnehagar

Departementet foreslår at forbodet ikkje skal gjelde for barna i barnehagen, fordi erfaring viser at barn i barnehagealder ikkje bruker ansiktsdekkjande plagg som nikab og burka.

Departementet foreslår å lovfeste at personar som er fast eller mellombels tilsette i barnehagen, ikkje skal bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i arbeidstida. Forbodet skal gjelde uavhengig av lengda på tilsetjingsforholdet. Det betyr at forbodet òg skal gjelde for vikarar og andre på korttidsengasjement. Departementet foreslår at forbodet òg skal gjelde for andre personar som utfører pedagogiske oppgåver med heimel i barnehagelova.

Departementet foreslår at forbodet skal gjelde heile arbeidsdagen, men berre når personen oppheld seg på barnehageområdet eller deltek i aktivitetar i regi av barnehagen.

Skolar regulerte av opplæringslova

Departementet foreslår å innføre eit forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, for elevar og dei som arbeider på skolen i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i offentlege skolar. Departementet foreslår vidare at forbodet skal gjelde for både elevar og tilsette i grunnskoleopplæringa i private grunnskolar som ikkje får statstilskot etter friskolelova.

Departementet foreslår at forbodet skal gjelde for elevar i undervisninga og vurderingssituasjonar, på turar og arrangement i regi av skolen, når skoleeigaren tilbyr leksehjelp, og i skolefritidsordninga. Forbodet skal òg gjelde for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar når dei får opplæring i bedrift.

Departementet foreslår at forbodet skal gjelde personar som underviser på skolen, når dei underviser elevane. Forslaget omfattar tilsette i leksehjelpa og SFO, med unntak for når dei ikkje er saman med barna.

Skolar regulerte av friskolelova

Departementet foreslår et tilsvarande forbod i friskolelova. Departementet foreslår at forbodet skal gjelde for elevar i undervisninga og vurderingssituasjonar, på turar og arrangement i regi av skolen, når skoleeigaren tilbyr leksehjelp, og i skolefritidsordninga. Forbodet gjeld ikkje i friminutt og pausar. Forbodet er òg foreslått å gjelde for elevar som bur på internat i tilknyting til skolen, når elevane får undervisning, og på turar utanfor skolen og internatet. Forbodet gjeld ikkje på fritida til elevane og på private turar.

Departementet foreslår at forbodet skal gjelde personar som underviser på skolen, når dei underviser elevane.

Skolar godkjende etter vaksenopplæringslova

Departementet foreslår at føresegna om forbod mot ansiktsdekkjande plagg i friskolelova blir gjord gjeldande så langt ho passar, for skolar som er godkjende etter vaksenopplæringslova kapittel 4. Dette inneber at forbodet mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, vil gjelde for elevar og dei som underviser på desse skolane, når dei underviser.

Folkehøgskolar

Departementet foreslår å innføre eit forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, for elevar og dei som underviser på folkehøgskolen, når dei underviser elevane.

Departementet foreslår at forbodet berre gjeld når elevane får undervisning på folkehøgskolen, ikkje i pausar og friminutt og ikkje på fritida til elevane. Forbodet er foreslått å gjelde på turar utanfor folkehøgskolen i regi av skolen, men ikkje på private turar.

Universitet, høgskolar og fagskolar

Departementet foreslår eit forbod mot at studentar bruker ansiktsdekkjande plagg, både i samband med undervisning og liknande i tilknyting til undervisninga, og på skriftleg og munnleg eksamen. Forbodet gjeld turar, ekspedisjonar og liknande i tilknyting til undervisninga eller verksemda ved universitetet, høgskolen eller fagskolen. Forbodet omfattar studentar i praksis. Forbodet omfattar ikkje dei tilfella der studentane oppheld seg på institusjonsområdet utan å vere i ein undervisningssituasjon, til dømes ved sjølvstudium, i kantina og liknande.

Forbodet gjeld statlege og private universitet, høgskolar og fagskolar, og forbodet gjeld òg for tilsette i samband med undervisning.

Ordningane etter introduksjonslova

Departementet foreslår eit forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i alle opplæringssituasjonar etter introduksjonslova. Deltakarar i introduksjonsprogram som er utplasserte i arbeidspraksis, vil òg vere omfatta. Forbodet gjeld tilsvarande for lærarar og andre personar som i opplæringssituasjonar bidrar til at kommunen oppfyller pliktene i lova.

Departementet foreslår at også private aktørar som har etablert samarbeid med kommunane om gjennomføring av pliktene kommunen har etter introduksjonslova, er omfatta av forbodet. Departementet foreslår ikkje at forbodet skal gjelde private aktørar utanfor samarbeidet med kommunen, eller opplæring i regi av private aktørar som ikkje har etablert eit samarbeid med ein kommune. Slike private aktørar er ikkje omfatta av introduksjonslova, men blir godkjende av Kompetanse Noreg som private tilbydarar av opplæring i norsk og samfunnskunnskap i tråd med ei etablert godkjenningsordning.

Reaksjonar ved brot på forbodet

Departementet foreslår at skoleeigar eller styret kan vedta reaksjonar overfor elevar, studentar og deltakarar som bryt forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg. Departementet understrekar at ein skal vere varsam når ein vurderer bortvising som reaksjon.

Når det gjeld reaksjonar overfor dei som arbeider i barnehagen, skolen, på universitet og høgskolar som bruker ansiktsdekkjande plagg i strid med forbodet, foreslår departementet at styret skal gi vedkommande pålegg om å fjerne plagget som skjuler ansiktet. Gjentekne brot på forbodet kan gi grunnlag for oppseiing. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette. Departementet føreset at ein alltid freistar å løyse situasjonen med dialog før dei set i verk eventuelle reaksjonar.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet meiner at forslaget vil gi administrative konsekvensar knytte til at kommunar og fylkeskommunar må gjennomgå ordensreglementet for skolar og reglar for reaksjonar overfor deltakarar som opptrer i strid med forbodet mot ansiktsdekkjande plagg i vaksenopplæringa og i opplæring etter introduksjonslova. Også friskolar, skolar som er godkjende etter vaksenopplæringslova kapittel 4, folkehøgskolar, fagskolar og universitet og høgskolar vil få noko meirarbeid knytt til å fastsetje reaksjonar for brot på forbodet, og i tillegg retningslinjer for handheving av forbodet. Departementet legg til grunn at forslaget om å forby bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i barnehagar og undervisningssituasjonar, vil ha få økonomiske og administrative konsekvensar ut over dette.

Høyringsfråsegner

Av dei høyringsinstansane som støttar forslaget om å lovfeste eit nasjonalt forbod, er det fleire høyringsinstansar som viser til at eit nasjonalt forbod vil sikre like reglar og sørgje for likebehandling av elevar og studentar. Av dei høyringsinstansane som ikkje støttar forslaget, er det mange som viser til at det ikkje er ønskjeleg at ansiktsdekkjande plagg skal brukast i studiesituasjonar. Desse høyringsinstansane meiner likevel at lovregulering er uheldig eller unødvendig, ut frå at bruken av ansiktsdekkjande plagg i utdanningssektoren er særs avgrensa i dag. Fleire av høyringsinstansane viser til at dagens ordning, der bruk av ansiktsdekkjande plagg kan regulerast med lokale forbod og eventuelt løysast ved dialog, er best eigna til å møte problem med tildekking i utdanningssektoren.