Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Noregs deltaking i den 71. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Sammendrag

FNs 71. generalforsamling var starten på eit nytt kapittel for FN. Valet av portugisaren António Guterres som ny generalsekretær i FN i oktober 2016 varslar om endring og ein ny giv i organisasjonen. Guterres vart utnemnd etter ein historisk inkluderande prosess med opne høyringar, i eit nyskapande samarbeid mellom Tryggingsrådet, presidenten for Generalforsamlinga og Generalforsamlinga. FN har fått ein sterk, tydeleg og proaktiv leiar. Den nye generalsekretæren har alt demonstrert handlekraft og gode leiareigenskapar som gjev håp om at FN skal utvikle seg vidare til å bli ein meir effektiv organisasjon som er tilpassa dei globale utfordringane vi har i dag.

Noreg har konsekvent forsvara multilaterale løysingar og internasjonalt samarbeid etter at FN-pakta vart vedteken sommaren 1945. FN utformar og held ved lag køyrereglar som både er i vår interesse og verkar som kollektive gode. Folkeretten, medrekna havretten, har vore avgjerande for utviklinga av økonomien og tryggleiken vår. På den andre sida investerer Noreg både økonomisk og politisk i dei tre FN-pilarane fred og tryggleik, utvikling og menneskerettar. Noreg er blant dei største gjevarane på utviklingssida og nyt stor tillit på freds- og tryggleiksområdet. Noreg set menneskerettane høgt på agendaen, både politisk og finansielt. FN-statistikken viste hausten 2016 at Noreg var den sjuande største gjevaren til FN. Då er både dei pliktige bidraga til organisasjonen og frivillige bidrag til utviklingssystemet og til den humanitære FN-innsatsen rekna med.

Statsministeren, utanriksministeren, tre andre statsrådar og ein statssekretær leidde den norske delegasjonen til opninga av den 71. sesjonen i Generalforsamlinga hausten 2016. Den norske delegasjonen var samansett av i alt 89 representantar, frå regjeringa, Stortinget, departementa, det sivile samfunnet og partane i arbeidslivet.

I generaldebatten var det konflikten i Syria, kampen mot terror, flyktningkrisa og migrasjon som fekk størst merksemd. Eit anna tema som òg mange var opptekne av, var atomprøvesprengingane til Nord-Korea og situasjonen på den koreanske halvøya.

Høgnivåsegmentet vart innleidd med eit toppmøte om flukt og migrasjon, det aller første i sitt slag i FN-historia. Seinare i veka vart det òg arrangert eit globalt toppmøte om det aukande problemet med antimikrobiellresistente organismar – det første i sitt slag i verda. Dette vitnar om at FN framleis har evne til å fange opp aktuelle og viktige tema, setje dei på den globale dagsordenen og trekkje til seg merksemda til leiarane i verda. Statsminister Erna Solberg spelte ei sentral rolle som paneldeltakar på begge toppmøta. Dei norske regjeringsmedlemmene heldt til saman 72 innlegg på ei rekkje av dei sidearrangementa som fann stad parallelt med generaldebatten.

Den historiske fredsavtalen i Colombia prega òg innleiinga av den 71. sesjonen av generalforsamlinga i FN med fleire sidearrangement, samlingar og samtalar. Som tilretteleggjar for fredsprosessen, saman med Cuba, var Noreg ein aktiv og sentral aktør.

Opninga av Generalforsamlinga og høgnivåveka vart etterfølgd av komitéarbeid.

Sesjonen i 1. komité, som arbeider med internasjonal fred og tryggleik, var prega av den internasjonale polariseringa rundt kjernefysisk nedrusting. Regjeringa viser i meldinga til at Noreg, saman med dei andre NATO-landa, ikkje kunne røyste for ein resolusjon som går inn for eit forbod mot kjernevåpen, utan at kjernevåpenstatane var med. Eit slikt forbod ville ikkje vere i tråd med allianseforpliktingane våre i NATO. Som ledd i arbeidet vårt for å leggje tilhøva til rette for ei balansert, gjensidig, irreversibel og verifiserbar avskaffing av atomvåpen, i tråd med stortingsvedtaket i 2016, fremja Noreg ein resolusjon om verifikasjon av kjernefysisk nedrusting som fekk brei støtte frå 177 medlemsland. Sju land avstod frå å røyste, og ingen land gjekk imot resolusjonen samla sett.

Arbeidet i 2. komité var dominert av forhandlingane om rammeresolusjonen for utviklingsaktivitetar (QCPR). For å oppnå ein meir samordna innsats på landnivå gjekk Noreg inn for å styrkje rolla til dei stadlege FN-koordinatorane og for harmonisering og forenkling av administrative prosedyrar.

I 3. komité for menneskerettar, humanitære og sosiale spørsmål prioriterte Noreg spesielt resolusjonen om rapporten frå FNs menneskerettsråd. Her var det viktig å unngå omkamp om viktige vedtak som var gjorde i Genève for å verne mandatet til ein uavhengig ekspert på vald og diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, som er oppnemnd av Menneskerettsrådet.

Debattane i 4. komité, som har ansvaret for særskilde politiske spørsmål, mellom anna avkolonialisering, palestinske flyktningar og dei fredsbevarande og politiske operasjonane til FN, følgde i stor grad faste mønster og motsetnader frå tidlegare år. Noreg medverka til å synleggjere den utfordrande økonomiske situasjonen for FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA).

I 5. komité for budsjett og administrative spørsmål var det til tider sterke motsetnader. Komiteen nådde ikkje fram til konsensus i fleire av sakene, mellom anna vedtaka om desentralisering av Kontoret for høgkommissæren for menneskerettar og sekretariatet sin del av finansieringa av FN-systemet for stadlege koordinatorar. Difor var det spesielt positivt at Noreg kunne medverke til eit godt resultat med omsyn til budsjetta for dei politiske operasjonane i Colombia og på Kypros.

I 6. komité for rettslege spørsmål leidde Noreg resolusjonsforhandlingane om Genève-konvensjonens tilleggsprotokollar og humanitære prinsipp på vegner av dei nordiske landa. Trass i motstand frå enkelte statar vart sluttresultatet tilfredsstillande.

Noreg heldt òg i 2016 ein høg profil i dei mange havrettsprosessane som gjekk direkte i Generalforsamlinga. For første gong koordinerte Noreg forhandlingane om den årlege fiskeriresolusjonen, som vart styrkt på ei rekkje viktige område, mellom anna berekraftig botnfiske, arbeidsvilkår til sjøs og høve til å gripe inn overfor statslause skip.

Av resolusjonar som går direkte i plenum i Generalforsamlinga, var det den årlege resolusjonen med krav om oppheving av USA sin handelsblokade mot Cuba som fekk størst merksemd. For første gong røysta ingen imot, og USA og Israel lét vere å røyste, noko som gjorde at resolusjonen vart samrøystes vedteken.

Dei nordiske landa samarbeider tett også i FN. Til saman er Norden ein viktig bidragsytar til FN, og landa har ofte samanfallande synspunkt. Delegasjonane møtest jamleg, og mange innlegg vert samordna. Dei nordiske landa freistar å vere representerte i Tryggingsrådet med jamne mellomrom og støttar kandidatura til kvarandre i val, slik Noreg aktivt støtta den vellukka kampanjen for svensk medlemskap i Tryggingsrådet i 2017–2018. Noreg har hatt sete i Tryggingsrådet fire gonger og stiller til val for perioden 2021–2022. Valet finn stad i 2020.

Kapittel 2 i meldinga gjev nærmare omtale av generaldebatten ved opninga av generalforsamlinga, høgnivåmøtet og arbeidet i komiteane. Kapittel 3 omtalar Tryggingsrådets arbeid, og kapittel 4 handlar om styrking av FN, reform og aktørar. Noregs prioriteringar til FNs 71. generalforsamling og statsminister Erna Solberg sitt hovudinnlegg i generaldebatten er lagde ved meldinga.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Anniken Huitfeldt, Martin Kolberg, Marianne Marthinsen, Eirik Sivertsen og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Hårek Elvenes, Trond Helleland, Ingjerd Schou og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Hans Andreas Limi, Christian Tybring-Gjedde og Kristian P. Wilsgård, fra Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, fra Sosialistisk Venstreparti, Gina Barstad, fra Venstre, Abid Q. Raja, og fra Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, har merket seg de viktigste temaene som preget den 71. generalforsamling i FN i 2016. Økende rivalisering mellom regionale og globale stormakter, autoritære strømninger, økende press mot grunnleggende menneskerettigheter og konflikter og kriser med dramatiske humanitære konsekvenser var et dystert bakteppe for generalforsamlingen og preget debattene. Konfliktene har bidratt til å drive over 65 millioner mennesker på flukt ved inngangen til 2016. Samtidig ser vi en positiv utvikling på flere områder. Millioner av mennesker er kommet ut av ekstrem fattigdom, og stadig flere får tilgang til utdanning og grunnleggende helsetjenester. Verdenssamfunnet har hatt stor framgang i bestrebelsene på å nå FNs tusenårsmål. Her har handel vært en viktig medvirkende faktor.

Komiteen merker seg at portugiseren António Guterres ble valgt som ny generalsekretær i oktober 2016 etter en historisk åpen og inkluderende prosess.

Komiteen merker seg at konfliktene i Syria, Sør-Sudan, Burundi og Libya preget dagsordenen i Sikkerhetsrådet i 2016. Situasjonen i Vest-Sahara, fredsprosessen i Midtøsten og menneskerettighetssituasjonen i Nord-Korea har også vært tema ved flere tilfeller.

Komiteen merker seg at Russlands brudd på folkeretten i Ukraina og aktive støtte til president Assad i Syria har preget forholdet til USA og de andre vestlige landene og påvirket arbeidet i Sikkerhetsrådet. Til tross for dette har rådet klart å samles om viktige vedtak om en felles front mot terrorisme, en enstemmig oppslutning om fredsprosessen i Colombia og valget av Guterres som generalsekretær.

Komiteen merker seg Norges innsats for å sikre en best mulig gjennomføring av sikkerhetsrådsresolusjonene om kvinner, fred og sikkerhet. Komiteen merker seg videre at det var flere debatter om kampen mot terrorisme og voldelig ekstremisme, og støtter Norges understrekning av hvor viktig det er å inkludere det sivile samfunnet, særlig ungdom og kvinner, i dette arbeidet.

Komiteen vil trekke fram 2030-agendaen og bærekraftsmålene, Parisavtalen med de nye klimamålene som trådte i kraft høsten 2016, og handlingsplanen fra Addis Abeba for finansiering av utvikling som viktige gjennombrudd i det internasjonale samarbeidet. Komiteen understreker viktigheten av at FNs medlemsland følger opp avtalen, og at det legges til rette for at FN-sekretariatet og generalsekretæren på en effektiv måte kan støtte landene i gjennomføringen.

Komiteen merker seg at det fredsbyggende arbeidet til FN ble løftet høyt opp på agendaen i FN i løpet av 2016, og at Norge i januar 2017 ble medlem av Fredsbyggingskommisjonen til FN for en toårsperiode.

Komiteen merker seg Norges innsats for en nødvendig reform av FN og vil særlig trekke fram oppfordringen fra de nordiske utenriksministrene i et brev til den nye generalsekretæren om å reformere FNs pilar for fred og sikkerhet, sikre integrering av menneskerettigheter og likestilling i FNs samlede virksomhet og bedre samordning og administrasjon i organisasjonen. Komiteen merker seg at arbeidet med en FN-reform har fått en ny giv etter at ny generalsekretær tiltrådte ved årsskiftet, og at Guterres vil fokusere spesielt på konfliktforebygging, mekling, bærekraftig fred og bedre samspill mellom de tre FN-pilarene fred og sikkerhet, utvikling og menneskerettigheter.

Komiteen understreker viktigheten av Norges vektlegging av internasjonalt samarbeid og multilaterale løsninger, og merker seg at Norge investerer både politisk og økonomisk i bredden av FNs arbeid. Komiteen vil understreke viktigheten av å jobbe med utgangspunkt i folkeretten, internasjonal rett og havretten som viktige pilarer i Norges FN-arbeid.

Komiteen viser til at FNs generalforsamlings 1. komite (internasjonal fred og sikkerhet) behandler atomnedrustning og ikke-spredning, og merker seg at Norge, sammen med de andre NATO-landene, stemte imot en resolusjon om å innlede forhandlinger om et forbud mot kjernevåpen i 2017. Ingen av kjernevåpenmaktene stemte for resolusjonen. Komiteen merker seg at Norge fremmet en resolusjon om verifikasjon av kjernefysisk nedrustning, som fikk bred oppslutning.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Kristelig Folkeparti, understreker viktigheten av at Norge i tråd med Stortingets vedtak av 26. april 2016 arbeider aktivt for en verden fri for atomvåpen, medvirker til gjennomføringen av forpliktelsene i ikke-spredningsavtalen (NPT), tar på seg en aktiv rolle som pådriver for ikke-spredning og nedrustning med sikte på en balansert, gjensidig, irreversibel og verifiserbar avskaffing av atomvåpen og på dette grunnlaget arbeider langsiktig for et rettslig bindende rammeverk for å sikre at dette målet blir nådd.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet understreker at Norge fører en aktiv pådriverrolle for nedrustning og ikke-spredning av atomvåpen, og at FN-resolusjonen om forbud mot atomvåpen ikke ivaretar hensynet til at avskaffelsen av atomvåpen gjennomføres balansert og gjensidig, slik Stortingets vedtak av 26. april 2016 forutsetter. Disse medlemmer viser i denne sammenheng til Innst. 199 S (2015–2016), jf. Meld. St. 37 (2014–2015). Disse medlemmer mener at Norge ikke kan slutte seg til forbudstraktaten uten å komme i konflikt med vårt NATO-medlemskap, og viser til at NATOs strategiske konsept fastholder den kjernefysiske dimensjonen ved alliansen.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti merker seg at Norge valgte å stemme imot et flertall på 122 av FNs medlemsland i avstemningen om traktaten om et atomvåpenforbud i juli 2017. Disse medlemmer er svært kritiske til den passive rollen Norge spilte i denne saken ved å stå på utsiden av prosessen fra start til slutt. Disse medlemmer viser til Dokument 8:23 S (2017–2018), hvor det foreslås at regjeringen utreder muligheten for at Norge kan slutte seg til traktaten.

Komiteen mener det er bra at de nordiske landene samarbeider og samordner seg der det er naturlig, også i FN-sammenheng. Komiteen støtter at Norge stiller til valg for medlemskap i Sikkerhetsrådet for perioden 2021–2022.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og råder Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Meld. St. 44 (2016–2017) – Noregs deltaking i den 71. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) – vedlegges protokollen.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 19. desember 2017

Anniken Huitfeldt

Knut Arild Hareide

leder

ordfører