Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Mazyar Keshvari og Hanne Dyveke Søttar, frå Senterpartiet, Nils
T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og
frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, syner til Dokument
3:11 (2016–2017) Riksrevisjonens undersøkelse av effekten store
investeringer i jernbanen har på togtilbudet.
Komiteen minner om at det
er brei politisk semje om at det er viktig at me har ein veldriven
jernbane. Det transportpolitiske målet for jernbanen er å tilby
eit effektivt, tilgjengeleg og sikkert transportsystem.
Komiteen synest derfor det
er positivt at Riksrevisjonen har kome med ein rapport til Stortinget
som har som mål å vurdera om dei store jernbaneinvesteringane har
bidrege til at me har fått eit meir attraktivt togtilbud, og i kva
grad investeringane har medverka til reduserte reisetider, betre
forutsigbarheit og fleire avgangar for dei reisande, i perioden
frå 2005 til 2016.
Komiteen er einig med Riksrevisjonen
i at auka jernbanetransport er viktig for at me skal nå målet om eit
meir effektivt og miljøvennleg transportsystem. Det er også spesielt
viktig i lys av at investeringane til jernbanen har auka betydeleg,
frå 1,4 mrd. kroner til om lag 10 mrd. kroner årleg.
Komiteen viser til Riksrevisjonen
sitt hovudfunn om at betydelege effektar av investeringane først
blir oppnådd gjennom større endringar i ruteplanane. Men dessverre
blir slike endringar sjeldan gjennomførte. Komiteen vil understreka at
det er viktig at desse endringane blir gjennomførte hyppigare. Førre
grunnruteendring blei gjennomført gradvis i 2012–2015. Den neste
ruteendringa er planlagt først i 2027, noko komiteen meiner er altfor
langt fram i tid.
Endringane i togtilbodet
har heller ikkje medført at talet på reisande med tog har auka meir
enn talet på reisande med bil. Rapporten peikar også på at arbeidet med
signalanlegg og andre naudsynte tiltak for å få betre effekt, ikkje
har vore ein integrert del av investeringsprosjekta. Styringa har
i liten grad vore innretta mot å ta ut effektar av investeringane.
Komiteen er også einig i at
det er viktig at investeringane i jernbanen fører til ei merkbar
betring i togtilbodet for dei reisande så raskt som mogleg. Gjennom klimameldinga
og klimaforliket har Stortinget vedteke at veksten i persontransporten
i storbyområda skal takast blant anna med kollektivtransport. Komiteen meiner
det derfor er heilt nødvendig at investeringane fører til at jernbanen
blir meir attraktiv, slik at fleire vel å reisa med tog.
Komiteen vil òg understreka
at arbeidet med å få på plass velfungerande signalanlegg er svært
viktig. Jernbaneverket har i alle dei store investeringsprosjekta
i perioden 2005 til 2016 hatt utfordringar med å få på plass signalanlegg
for planlagt ferdigstilling av prosjekta, noko som har forsinka
framdrifta av desse. Velfungerande signal- og sikringsanlegg er
ein føresetnad for at eit prosjekt kan ferdigstillast. Komiteen er
einig med Riksrevisjonen i at arbeidet med å få på plass godkjende signalanlegg
i tide er svært viktig, og at dette blir fulgt opp slik at det samla
togtilbodet blir betre.
Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen
si tilråding om at Samferdselsdepartementet må sørga for at ruteplanlegginga
betrar tilbodet i takt med at infrastrukturen sin kapasitet blir
utvida, at Jernbanedirektoratet og Bane NOR SF er godt koordinerte,
slik at forhold som påverkar og aukar effektar av investeringane
er ein integrert del av prosjekta, og at dei store investeringsprosjekta
har klare, tidsfastsette og etterprøvbare mål for korleis togtilbodet
kan bli betre.
Komiteen merkar seg statsråden
sine utfyllande kommentarar til Riksrevisjonen sine funn og kommentarar. Komiteen merkar
seg óg at statsråden i sitt svar i hovudsak seier seg samd i Riksrevisjonen
sine tilrådingar, og at tilrådingane vil bli fulgt opp i etatsstyringsdialogen
med Jernbanedirektoratet, i eigarstyringa av Bane NOR SF og ved
langtidsplanlegginga av sektoren.