Helse- og omsorgsdepartementet
gjer i proposisjonen framlegg om at departementet får fullmakt til å
gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar
for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2017. Endringane
for legehjelp og psykologhjelp vert gjort på grunnlag av forhandlingar
med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane
for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei
tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening
og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane
blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemde organisasjonane
er enno ikkje avslutta.
Regjeringa vil kome
attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.
Basistilskot, driftstilskot
og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett
for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.