Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2017 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Søk
Til Stortinget

Sammendrag

Helse- og omsorgsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2017. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjort på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemde organisasjonane er enno ikkje avslutta.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Freddy de Ruiter, Ruth Grung, Ingvild Kjerkol, Tove Karoline Knutsen og Torgeir Micaelsen, fra Høyre, Kristin Ørmen Johnsen, Elisabeth Røbekk Nørve, Sveinung Stensland og Tone Wilhelmsen Trøen, fra Fremskrittspartiet, Bård Hoksrud, lederen Kari Kjønaas Kjos og Morten Wold, fra Kristelig Folkeparti, Olaug V. Bollestad, fra Senterpartiet, Kjersti Toppe, og fra Venstre, Ketil Kjenseth, viser til proposisjonen og støtter forslaget om at departementet får fullmakt til å gjøre endringer i statsbudsjettet under Helse- og omsorgsdepartementet for 2017 som følge av endrede takster for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi fra 1. juli 2017.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til dei regionale helseføretaka, kommunane og trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2017. Endringane vil bli gjort på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening, Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund.

Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 12. juni 2017

Kari Kjønaas Kjos

leder og ordfører