Som det går fram
av Prop. 182 S (2012–2013), utarbeidde Hitra, Frøya og Snillfjord
kommunar og Sør-Trøndelag fylkeskommune i 2009 ein plan for delvis
bompengefinansiert utbygging av delar av fv. 714 mellom Stokkhaugen
og Sunde. Trinn 1 er delvis opna, delvis under ferdigstilling. Trinn
2 blir lagt fram i denne proposisjon.
Det er gjennomført
ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektstyringsunderlag, samfunnsøkonomisk
analyse, kostnadsoverslag og trafikkgrunnlag for trinn 2. Ved den
lokalpolitiske handsaminga av prosjektet vart det lagt til grunn
eit samla kostnadsoverslag (styringsramme) for utbygginga
på 1 667 mill. 2017-kroner. Ekstern kvalitetssikrar tilrår ei styringsramme
på 1 650 mill. 2016-kroner og ei kostnadsramme på 1 840 mill. 2016-kroner.
I samråd med Sør-Trøndelag fylkeskommune blir resultatet frå den
eksterne kvalitetssikringa lagt til grunn for utbyggings- og finansieringsopplegget
for prosjektet. Rekna om til 2017-prisnivå gjev dette ei styringsramme
på 1 691 mill. kroner og ei kostnadsramme på 1 886 mill. kroner.
Prosjektet sin samfunnsøkonomiske
netto nytte er rekna til om lag -190 mill. 2017-kroner. Netto nytte
pr. budsjettkrone er rekna til -0,3. Netto nytte over totale kostnader
er rekna til -0,1.
Forslag til opplegg
for utbygging og finansiering av prosjekt og tiltak på fv. 714 Stokkhaugen–Sunde, trinn
2, blei handsama av aktuelle kommunar og Sør-Trøndelag fylkeskommune
i juni 2016.
Finansieringa av
trinn 2 er basert på bompengar og fylkeskommunale midlar.
I tråd med dei lokalpolitiske
vedtaka er det lagt til grunn at 44 pst. av utbyggingskostnadene
blir finansierte med fylkeskommunale midlar. Med utgangspunkt i
ei styringsramme for prosjektet på 1 691 mill. 2017-kroner, blir
samla fylkeskommunalt bidrag 744 mill. kroner. Av dette har fylkeskommunen
alt løyvd 252 mill. kroner.
Det er lagt opp til
at prosjekta i trinn 2 blir delfinansierte med bompengar ved å vidareføre
eksisterande innkrevjing i bomstasjonane på Valslag og ved Våvatnet
etter at trinn 1 er nedbetalt i 2018. Det er lagt til grunn innkrevjing
i om lag 15 år, frå 2019 til 2033.
For at prosjektet
skal vere nedbetalt i løpet av 15 år, er det rekna ut at gjennomsnittleg
inntekt pr. passering må vere på 75 kroner i bomstasjonen på Valslag
og 58 kroner i bomstasjonen ved Våvatnet. Brutto bompengeinntekter
i 2017-kroner er rekna til om lag 1 300 mill. kroner. Av dette er
947 mill. kroner føresett nytta til å dekkje delar av investeringskostnadene,
om lag 260 mill. kroner til å dekkje finansieringskostnader og om
lag 90 mill. kroner til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader
til drift av bompengeselskapet.
Fylkestinget i Sør-Trøndelag
har vedteke å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit bompengelån
på maksimalt 1 018,1 mill. kroner til finansieringa av prosjektet.