1.10.5.2 Kulturminneområdet
Med bakgrunn i gjeldande kriterium
for oppgåvefordeling mellom staten og regionalt folkevalt nivå har
Stortinget vore samd i at oppgåver og funksjonar på kulturminnefeltet
skal overførast frå Riksantikvaren til nytt folkevalt regionalt
nivå, jf. Innst. 377 S (2015–2016).
I proposisjonen blir det peika på
at fleire av oppgåvene som blir overførte til nye regionar, vil
saman med oppgåver som allereie ligg hos fylkeskommunen, medverke
til å tydeleggjere og forsterke den rolla regionalt folkevalt nivå
har som aktør for regional samfunnsutvikling. Dette vil òg gjelde
i spørsmål om vern og bruk av kulturarven. Det vil samstundes sikre at
eit meir heilskapleg grep blir lagt til grunn for avgjerder som
gjeld ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø.
Riksantikvaren er i dag tillagd avgjerdsmakt
etter kulturminnelova som førsteinstans på ei rekkje område. Ved
overføring av oppgåver er det lagt til grunn at det regionale folkevalde
nivået har tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet, slik at det er
sikra kvalitet i tenesta. Det er òg lagt til grunn at det regionale
nivået skal ha eit politisk handlingsrom i oppgåveløysinga. Oppgåvene
som skal overførast, er av eit omfang som gjer det mogleg å byggje
robuste kompetansemiljø.
I proposisjonen blir det vist til
at det skal overførast eit større ansvar i forvaltninga av dei fleste
automatisk freda kulturminna. Oppgåvene vil mellom anna innebere
å avgjere søknader om dispensasjon etter kulturminnelova, også i
samband med planbehandlinga. Når det gjeld automatisk freda kulturminne,
har dagens fylkeskommunar førstelinjeansvar for delar av kulturminneforvaltninga.
Saksfeltet knytt til automatisk
freda kulturminne blir i hovudsak samla på eitt forvaltningsnivå,
noko som vil gjere feltet enklare og meir oversiktleg for eigarar,
eigedomsutviklarar, kommunar og andre.
Fleire oppgåver knytte til forvaltninga
av fartøy, tekniske og industrielle kulturminne og dei fleste forskriftsfreda
kulturhistoriske eigedomar i statleg eller privat eige skal overførast.
Oppgåvene vil innebere å drive skjøtsel, å vurdere søknader om tilskot
og å avgjere dispensasjon for dei kulturminna som er freda.
Klima- og miljødepartementet vil
i samarbeid med Riksantikvaren arbeide vidare med å konkretisere
innhaldet av oppgåvene. Overføring av oppgåvene vil krevje at Klima-
og miljødepartementet gjer endringar i forskrift om faglag ansvarsfordeling
etter kulturminnelova.
Riksantikvarens tilskotsmidlar er
i dag i stor grad knytte til ti nasjonale bevaringsprogram. I bevaringsprogrammet
retta mot private eigarar av freda bygningar fordeler Riksantikvaren
rammer til fylkeskommunane, som deretter sjølv prioriterer tildelinga etter
søknad. På same måte kan ein sjå for seg at Riksantikvaren overfører
rammer til nytt regionalt nivå innanfor dei andre bevaringsprogramma.
Overføring etter ein slik modell kan òg skje til Sametinget for
eventuelle nye tilskotsordningar som omfattar samiske kulturminne.
Med overføring av førstelinjeansvar,
avgjerdsmakt og oppgåver til nytt regionalt folkevalt nivå vil Riksantikvaren
få høve til å vidareutvikle funksjonen som rådgivande og utøvande
faginstans og styrkje rolla som direktorat. Riksantikvaren skal mellom
anna framleis ha førstelinjeansvaret for kulturminne av internasjonal
eller særleg stor nasjonal verdi og avgjerdsmakt til å slå fast
om noko er automatisk freda og til å vedta freding av kulturminne. For
visse saksområde som krev særleg spisskompetanse, og der det er
få saker, må det gjerast ei særleg vurdering av om det vil vere
føremålstenleg og effektivt å overføre oppgåvene til nytt regionalt
folkevalt nivå. Direktoratet skal utvikle verktøy som sikrar ei einskapleg
kulturminneforvaltning. Det skal utarbeidast nødvendige retningslinjer,
rutinar, rettleiingsmateriale og digitale fagsystem, noko som skal
sikre lik forvaltningspraksis i regionane. Riksantikvaren blir klageinstans
for forvaltningsoppgåver som blir overførte til regionane.
Riksantikvaren skal følgje opp ansvaret
sitt i gjennomføringa av ein samla nasjonal kulturminnepolitikk
og sikre at kulturminne av nasjonal verdi ikkje går tapt. Det skal
vurderast nærare kriterium for når Riksantikvaren kan fremje motsegn
i saker der nasjonale interesser er trua. Sametinget er samisk kulturminnestyresmakt
og har i dag tilsvarande rolle og avgjerdsmakt etter kulturminnelova
som fylkeskommunane når det gjeld forvaltninga av samiske kulturminne
i heile landet. Dette er ei ordning som vil bli søkt vidareført
i oppfølginga av regionreforma. Arbeidet med å vidareutvikle og
tydeleggjere Riksantikvaren som direktorat og premissleverandør
for heile kulturminneforvaltninga har vore ei prioritert oppgåve
i oppfølginga av Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste –
Kulturminnepolitikken. Ei slik reindyrking av direktoratrolla er
ein viktig føresetnad for ei vellykka gjennomføring av regionreforma.