Post
51 Tapsavsetting, eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen
Kulkompani AS Post 90 (ny) Lån Post 95 Eigenkapitalinnskot til Store
Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK)
Departementet har
i haust vurdert situasjonen i SNSG og saman med selskapet forhandla
med SNSG sin bank om moglege rammer for å kunne føre vidare drifta
i Gruve 7 og sette i verk driftskvile i Svea/Lunckefjell frå 2017.
Partane har kome fram til ein avtale som føreset tilslutnad frå
Stortinget. Avtalen er basert på førebelse prognosar for SNSG si
finansielle stilling ved utgangen av 2016. Avtalen inneber at SNSK-konsernet
vert tilført likviditet frå staten gjennom lån med pant i bustader
i SNB og kapitalinnskot som vert stilt til disposisjon for SNSG.
Avtalen inneber også at banken medverkar til ei løysing, og at banken
vil frigje sine panterettar i driftsmidlar som er naudsynte for
drifta i Gruve 7 og gjennomføring av driftskvile i Svea/Lunckefjell.
I tillegg til å inngå
ein avtale med banken, vert det lagt opp til å etablere drifta av
Gruve 7 i eit nytt heleigd dotterselskap av SNSK.
På denne bakgrunn
gjer departementet framlegg om ei løyving på 100 mill. kroner over
kap. 950, ny post 90 Lån og 144 mill. kroner over kap. 950 post
95 Eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS.
Slik den finansielle stillinga i SNSG no står, vil det vere naudsynt
å tilføre selskapet 94 mill. kroner i eigenkapital. Resterande 50
mill. kroner av eigenkapitalløyvinga på 144 mill. kroner er knytt
til usikkerheita om den endelege finansielle stillinga i SNSG per
31. desember 2016. Denne vil bli avklart i 2017 når endeleg rekneskap
for 2016 er utarbeida. På bakgrunn av dette foreslår departementet
at løyvinga blir gjort overførbar ved å leggje til stikkordet «kan
overførast». I tillegg vert det lagt fram forslag om ei løyving
på 144 mill. kroner over kap. 950 post 51 Tapsavsetting, eigenkapitalinnskot til
Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS.
Ved Stortinget si
handsaming av Prop. 52 S (2015–2016) blei det løyvd 112 mill. kroner
i ny eigenkapital til SNSK. Dersom dei faktiske kostnadane er mindre
enn kva som blei lagt til grunn i Prop. 52 S (2015–2016), kan tidlegare
løyve, med unntak av midlane til pensjon, nyttast av SNSK som ein
del av oppgjeret med banken.
Regjeringa vil kome
tilbake til Stortinget om kolverksemda på Svalbard og SNSK si framtidige
rolle på eigna måte, jf. Stortinget si handsaming av Svalbardmeldingen,
Meld. St. 32 (2015–2016).
Nærings- og fiskeridepartementet
gjer framlegg om å auke løyvingane under postane 51 og 95 med 150,5
mill. kroner, frå 138 til 288,5 mill. kroner, og at det vert løyvd
100 mill. kroner under ny post 90.