Internasjonalt
personvernarbeid
Dei siste åra har
det vore arbeidd med utvikling og modernisering av personvernregelverk
i mange internasjonale fora. Både OECD, Europarådet og EU har gått
gjennom sine reglar med mål om å fornye. Det arbeidet som får dei
største konsekvensane for norsk personvernrett, er revisjonen av
EU sitt personvernregelverk. Noreg har deltatt i arbeidet.
I desember 2015 blei
det nådd politisk semje både om utkastet til ny generell personvernforordning
og utkastet til direktiv om behandling av personopplysningar i justissektoren.
Rådet, EU-parlamentet og EU-kommisjonen vedtok regelverka ved formelle
avgjerder i april 2016. Noreg vil måtte gjennomføre både forordninga
og direktivet i kraft av EØS-avtalen og Schengen-avtalen. Forordninga inneber
at det må gjerast store endringar i norsk rett, både av den generelle
personopplysningslova frå 2000 og i sektorspesifikt regelverk. Det
vil gjelde ein to års gjennomføringsfrist for EU-medlemslanda etter
at forordninga er formelt vedtatt i EU. Same fristen vil også gjelde
for Noreg om ikkje noko anna blir fastsett.
Det er fleire grunnar
til at EU no har revidert personvernregelverket sitt. Sjå omtale
i meldinga.
Det går fram av meldinga
at regjeringa meiner den nye forordninga om behandling av personopplysningar
er eit regelverk som gjev eit godt personvern. På mange område er
forordninga ei vidareføring av gjeldande norsk regelverk og ei regelfesting av
norsk praksis. På andre område vil vi få nye reglar, sjå omtale
i meldinga.
Regjeringa tek sikte
på å utvikle eit norsk personvernregelverk som er lett tilgjengeleg
for borgarane, og som sikrar eit sterkt personvern. Samstundes vil handlingsrommet
i EØS-retten og Schengen-reglane bli nytta for å finne løysingar
som sikrar norske interesser der dette er naudsynt.
Det blir i meldinga
peikt på ei viktig avgjerd i EU-domstolen, den såkalla Safe Harbor-avgjerda. Dommen
inneber at personopplysningar ikkje lenger kan overførast mellom
EU/EØS-land og USA med grunnlag i Safe Harbor-avtalen. Sjå omtale
i meldinga.