Det vises til Prop.
1 S (2016–2017) for omtale av norsk svalbardpolitikk og nærmare
omtale av «Forslag til svalbardbudsjett for 2017» samt «Forslag
til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet».
Svalbard omfattar
alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd
og 74 og 81 grader nordleg breidd. Svalbardtraktaten av 9. februar
1920 anerkjenner norsk suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har
Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas
øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser
på øygruppa.
Artikkel 8 i Svalbardtraktaten
avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard
og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det
blir fremja eit eige svalbardbudsjett.
Justis- og beredskapsdepartementet
fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig
med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen
av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er
mellom anna verksemd på Svalbard underlagt Justis- og beredskapsdepartementet,
og verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre
får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.
Regjeringa la fram
ei ny melding til Stortinget om Svalbard 11. mai 2016. Gjennom Meld.
St. 32 (2015–2016) stadfestar regjeringa at dei overordna måla for
svalbardpolitikken ligg fast. Svalbardpolitikken skal framleis vere
føreseieleg og prega av kontinuitet. Ei føreseieleg forvaltning
av Svalbard i tråd med måla medverkar både til tryggleik for befolkninga
og til stabilitet og ein føreseieleg situasjon i regionen.
Regjeringas forslag
til budsjettramme på svalbardbudsjettet for 2017 er 461 012 000
kroner. Dette er 10,1 mill. kroner, eller 2,2 prosent meir i forhold til
vedtatt budsjett for 2015.