2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet, leiaren Geir Pollestad, og frå Venstre, Pål Farstad, viser til at forslaget legg til rette for at to rederi kan inngå ein privatrettsleg avtale om overføring av fisketillating utan at dei samstundes må overdra fartøyet som fisketillatinga er knytt til. Ein slik avtale vil ikkje vera bindande for fiskerimyndigheitene, og det skal framleis vere, ei føresetnad at fiskeriforvaltninga tildeler naudsynt fisketillatelse til det aktuelle fartøyet, noko som igjen forutset at fartøyeigar og fartøy oppfyller øvrige vilkår for slik tillating. Dersom vilkåra er oppfylte, vil det vera opp til forvaltninga sitt frie skjønn om tillating skal tildelast.

Komiteen viser til at lovendringa også omhandlar ei lovfesting av gjeldande regler om tildeling av konsesjon, ved utskifting av fartøy og sal av fartøy for fortsatt drift. Desse er i dag forankra i forskrifter. Komiteen støttar dette.

Komiteen viser til at alle sentrale delar om tildeling av konsesjon dermed vil framkomme av deltakerlova. Det vert også foreslått å lovfeste at kongen kan fastsettje tilsvarande reglar om utskifting, sal for framleis drift, splitting og oppsamling av driftsgrunnlag i den årlege forskrifta om adgangsbegrensingar i bestemte fiskeri i medhald av deltakerlova § 21.

Komiteen er kjend med at utgangspunktet for splittingsinstituttet er departementet sine instruksar av 15. januar 1999, 7. juli 2000 og 26. juni 2003, der føremålet var å tilgodesjå eigar av fleirbåtsrederi med ein fleksibel ordning til sjølv å avgjere kva fartøy reiaren til ein kvar tid ønska å fiske driftsgrunnlaget sitt med.

Enkeltbåtsrederi som i dag ynskjer å få tildelt/kjøpe ein fisketillating for fartøyet sitt, der andre rederi oppgjev tilsvarande tillating for sitt fartøy, må i dag gjennomføre minst tre forskjellige søknadsprosessar overfor fiskeriforvaltninga og i tillegg gjennomføre kjøp og tilbakesal av eit av fartøya. Komiteen har merka seg at det fram til i dag har vore ein klar føresetnad om reelle transaksjonar som har vore tillate. Dette kravet vil nå falle bort. Komiteen vil påpeike at framlegg til nytt regelverk ikkje inneber at det å omgå tidlegare regelverk og bryte dette, no vert gjort lovleg.

Komiteen har merkt seg at kjernen i departementet sitt framlegg er å opne for tildeling av fisketillating til eit fartøy til erstatning for tilsvarande tillating som vert oppgjeve frå eit anna fartøy, utan omsyn til om fartøya har same eigar. Komiteen har merka seg at regjeringa karakteriserer endringa som rein forenkling.

Hovudmålet med forslaget er å forenkle ein prosess der enkeltbåtsrederi i dag må gjennomføre minst tre søknadsprosessar og foreta reelle fram- og attendesal av eit fartøy for å oppfylle fiskeriforvaltninga sine krav. Komiteen har merka seg at i dag vert det ikkje stilt krav om at fartøyet skal nyttast i fiske av den midlertidige eigaren, og heller ikkje krav om at det midlertidige eigarskapet må ha ei bestemt varigheit.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, ser det som viktig ved ei lovfesting å presisere at forslaget ikkje inneber «fri flyt» av tillatingar mellom ulike fartøy/rederi. Det bør difor krevjast at den einskilde tildeling av fisketillatingar vert gjeve ein meir permanent karakter enn det forslaget legg opp til. Dette er for å unngå å få ein ny arena av «smarte løysingar» som bør unngåast, sett i ljos av forenklingsomsyn.

Fleirtalet understrekar at utleige av kvoter framleis ikkje er lovleg.

Komiteen viser til at høyringsinnspelet frå Fiskebåt legg til grunn at ordninga ikkje inneber at grunnkvotar kan splittast og overførast mellom fartøy. Komiteen støttar dette synet.

Komiteen understrekar at rekrutteringskvotar ikkje er omsettelege.

Komiteen understrekar at deltakerlova stiller fleire vilkår for tildeling av ervervstillating. To sentrale vilkår er nasjonalitetskravet og aktivitetskravet, jf. deltakerlova §§ 5 og 6. Komiteen har merka seg at enkelte av høyringsinstansane er skeptiske til endring som medfører at graden av omsetnad av fisketillatelser vil auke ved denne lovendringa, og einskilde påpeikar at koplinga eigar-fartøy-tillating og kvote forsvinn. Komiteen er samd med departementet i at koplinga eigar-fartøy-tillating og kvote vil bestå ved at ein ikkje kan nyttiggjere seg tillatinga på andre måtar enn å fiske med fartøyet ein er tildelt tillating for, og tillating vil fortsatt vere underlagt fiskerimyndigheitene sitt frie skjønn. Det som er nytt er at ein kan få inntekt frå tillatinga ved sal av denne, eller deler av denne, og at graden av omsetnad aukar.

Fleire høyringsinstansar ser det som positivt at det her vert foreslege å lovfeste sentrale prinsipp om sal av fartøy for fortsatt drift, utskifting av fartøy, splitting og oppsamling av driftsgrunnlag. Desse prinsippa er i dag kun forankra i forskrifter og forvaltningspraksis. Komiteen deler synet med å samle sentrale prinsipp i deltakerlova, men det er ulikt syn i komiteen når det gjeld om alt skal handsamast under eitt saman med handsaminga av Sjømatindustriutvalget (NOU 2014:6 Sjømatindustrien Utredning av sjømatindustriens rammevilkår) for å få heilskap, eller om ein skal handsame lovendringar stykkevis og delt.

Komiteen har merka seg diskusjonen kring deltakerlova, der to sentrale vilkår er nasjonalitetskravet og aktivitetskravet, jf. deltakerlova §§ 5 og 6.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, har også merka seg at det er to utredningar, ein frå Stortinget sin utredningsseksjon bestilt av Arbeidarpartiet og ein utredning bestilt av regjeringa, som gjev forskjellig svar når det gjeld om ein kan gjere endringar i aktivitetskravet på ein slik måte at nasjonalitetskravet likevel vil bestå. Stortinget si utgreiing viser at det er risikosport å endre eit så sentralt punkt som aktivitetskravet, for då vil nasjonalitetskravet kunne bli sett under press. Fiskeriministeren kan ikkje garantere for at nasjonalitetskravet består viss ein endrar aktivitetskravet, jf. spørjetimespørsmål 29.4.2015 fra Geir Pollestad, og spørsmål frå komiteen. I regjeringa si utgreiing er det einast jussen som er utreda, og det er heller ikkje gjort under hand undersøkingar overfor EU.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser til at Sjømatindustriutvalget konkluderte i NOU 2014:16 med at den samla effekten av å fjerne aktivitetskravet i deltakerloven er usikker. Utvalet foreslo likevel å opne opp for at industrileddet skal kunne eige båt og kvote. Dette har ført til stor uro i næringa, og at ein har fått ein debatt om lovverket i staden for korleis ein kan betre lønsemda i sjømatindustrien. Eit samla sjømatindustriutval hadde som føresetnad at nasjonalitetskravet skulle bestå, det same slår eit samla storting fast.

Komiteen understreker at nasjonalitetskravet i deltakerloven skal bestå.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, understreker at aktivitetskravet i deltakerlova skal bestå som i dag.

Komiteen strekar under at noverande og framtidige dispensasjonar frå aktivitetskravet skal godkjennast av departementet.

Komiteen er kjend med at det ikkje er eit fleirtal for å utsetje handsaminga av dette lovforslaget til handsaminga av Sjømatindustriutvalget slik at alt kan sjåast i samanheng.

Komiteen er enig i at det ikke må legges til rette for løsninger som undergraver den nye ordningen. Komiteen viser til at det i høringsnotatet er drøftet innføring av karantenebestemmelse, men at konklusjonen er at det ikke er nødvendig. Vurderingene tilsier at gjeldende bestemmelser om kvoteutnyttelse i reguleringsforskriftene i tilstrekkelig grad vil motvirke at ordningen benyttes til omgåelse av regelverket.

Komiteen viser til at det i dag ikke er karantenebestemmelse for de som ønsker å benytte seg av splittingsinstituttet eller samle opp driftsgrunnlag i kombinasjon med kjøp og tilbakesalg av fartøyer for fortsatt drift.

Komiteen vil videre understreke at et forslag om karantenetid innebærer en innstramming av rederienes valgmuligheter både iht. gjeldende rett og iht. lovproposisjonen. Det er et grunnleggende premiss for hele lovproposisjonen at rederiene skal ha nøyaktig samme muligheter som tidligere til å få tildelt fisketillatelse, og at det kun er prosessen for å nå dette resultatet som blir enklere.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet ser det som viktig at regjeringa fylgjer nøye med på korleis praksisen utviklar seg og om naudsynt kjem tilbake til Stortinget på egna måte med forslag til tiltak.