Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/50/EU om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon
Dette dokument
- Innst. 206 S (2014–2015)
- Kildedok: Prop. 55 S (2014–2015)
- Dato: 19.03.2015
- Utgiver: arbeids- og sosialkomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 2. Komiteens merknader
- 3. Utenriks- og forsvarskomiteens uttalelse
- 4. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 av 25. september 2014 vart vedlegg VI (Trygd) til EØS-avtala endra. Endringa vart gjord for å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/50/EU om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon.
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for Stortingets samtykke til godkjenning, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. Grunnlova § 26 andre leddet.
Det vises til proposisjonens kapittel 2 der det er gjort generelt greie for direktivet og proposisjonens kapittel 3 der det er gjort greie for innhaldet i direktivet.
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 av 25. september 2014 inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at vedlegg VI til EØS-avtala vert endra ved at følgjande vert lagt til som nr. 13:
«32014 L 0050: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/50/EU av 16. april 2014 om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon (EUT L 128 av 30.4.2014, s. 1).»
Artikkel 2 slår fast at teksta i direktiv 2014/50/EU på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 26. september 2014, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Ei innlemming av direktivet i norsk rett vil gjere det naudsynt med visse endringar i lov av 14. desember 2001 nr. 95 om beskyttelse av supplerende pensjonsrettigheter for arbeidstakere og selvstendig næringsdrivende som flytter innenfor EØS-området. Denne lova inneheld mellom anna reglar for lik handsaming av vern av pensjonsrettar og nærmare reglar med krav til informasjon til medlemmer av supplerande pensjonsordningar når arbeidstakarar flyttar til ein annan EØS-stat. Paragraf 6 om informasjon til medlemmer av supplerande pensjonsordningar i lova må utvidast for at ho skal oppfylle minstekrava i direktivet. Dei private tenestepensjonslovene har reglar om medlemskap og krav til tenestetid for å halde på retten til pensjon. Lovene har òg reglar om informasjonsplikt for pensjonstilbydarane. Lovene oppfyller i store trekk minstekrava i direktivet, men det kan vere naudsynt å presisere nokre av reglane om informasjonsplikt og vilkåret om pliktig medlemskap i folketrygda for opptak i tenestepensjonsordningar.
Finansdepartementet vil be om at Finanstilsynet utarbeider eit forslag til dei naudsynte lovendringane i norsk rett, som deretter kan sendast på alminneleg høyring.
Ei innlemming av direktivet i norsk rett har truleg mindre å seie for Noreg sin del, fordi dei gjeldande norske reglane i hovudsak er i samsvar med reglane i direktivet. Gjennomføringa av direktivet vil mest sannsynleg ha avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar.
Føremålet med direktivet er å leggje til rette for arbeidstakarmobilitet ved å redusere hindringar for dette som kan følgje av nasjonale reglar om supplerande pensjonsrettar.
Finansdepartementet tilrår godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/50/EU om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Anette Trettebergstuen, fra Høyre, Stefan Heggelund, lederen Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet, Tor André Johnsen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Sveinung Rotevatn, og fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, samtykker til godkjenning av avgjørelse i EØS- komiteen nr. 188/2014 om innlemming i EØS- avtalen av direktiv 2014/50/EU om minstekrav med hensyn til styrking av arbeidstakermobiliteten mellom medlemsstatene gjennom bedring av opptjeningen og videreføringen av retten til supplerende pensjon.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Senterpartiet, mener det er viktig å ivareta arbeidstakeres mulighet til å søke arbeid i andre europeiske land.
Flertallet mener derfor at hindringer i retten til fri bevegelse og mobilitet for arbeidstakere bør reduseres.
Flertallet støtter formålet med direktivet som er å gjøre det lettere for arbeidstakere å benytte retten til fri bevegelse og medvirke til mobilitet for arbeidstakere, ved å redusere hindringene som oppstår som følge av visse regler om supplerende pensjonsrettigheter knyttet til et arbeidsforhold. På pensjonsområdet blir den sosiale tryggheten til arbeidstakere sikret gjennom lovfestede trygdeordninger sammen med supplerende pensjonsordninger knyttet til arbeidsavtaler, noe som er stadig mer vanlig i de europeiske landene.
Flertallet støtter at direktivet bare skal gjelde de arbeidstakere som bytter jobb på tvers av landegrensene, og ikke ved jobbbytte innenfor samme medlemsstat.
Flertallet understreker at direktivet ikke påvirker eksisterende nasjonal lovgivning og nasjonale regler for supplerende pensjonsordninger.
Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til at direktiv 2014/50/EU er eit såkalla minimumsdirektiv. Føremålet med direktivet er å gjere det lettare for arbeidstakarar å nytte retten til fri rørsle og medverke til mobilitet for arbeidstakarar, ved å redusere hindringane som oppstår som følgje av visse reglar om supplerande pensjonsrettar knytte til eit arbeidstilhøve. Denne medlemen sluttar seg ikkje til føremålet om å gjera det lettare for arbeidstakarar å nytte retten til fri rørsle og medverke til endå større mobilitet for arbeidstakarar på tvers av landegrenser i Europa.
Denne medlemen er derimot positiv til at direktivet inneheld reglar om minimumsvilkår for opptening og sikring av pensjonsrettar, i tillegg til nærmare reglar om informasjon til arbeidstakarane.
Denne medlemen merkar seg at direktivet berre gjeld dersom arbeidstakarar skiftar jobb på tvers av landegrensene, og gjeld altså ikkje ved jobbskifte innanfor same medlemsstat. Vidare merker denne medlemen seg at direktivet ikkje skal påverka eksisterande nasjonal lovgjeving og nasjonale reglar for supplerande pensjonsordningar. Dette er avgjerande for at denne medlemen skal kunne støtta direktivet.
Komiteens utkast til innstilling har vært forelagt utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse, jf. vedtak i Stortinget 29. januar 2015.
Utenriks- og forsvarskomiteen uttaler i brev av 18. mars 2015 følgende:
«Utenriks- og forsvarskomiteens medlemmer slutter seg til arbeids- og sosialkomiteens utkast til innstilling til Prop. 55 S (2014–2015) og har ingen ytterligere merknader.»
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/50/EU om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon.
Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 19. mars 2015
Arve Kambe | Bengt Morten Wenstøb |
leder | ordfører |