Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå næringskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Landbruks- og matdepartementet

Innhold

Til Stortinget

Landbruks- og matdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 2014.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1137 post 53.

Departementet gjer framlegg om at løyvinga på kap. 1100 post 50 blir redusert med 0,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av kap. 1137 post 53.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner. Dette er knytta til reduserte utgifter til kjøtkontroll fordi visse oppgåver er flytta frå Mattilsynet til slakteria. Det er i tillegg endringar i slakteristrukturen i Noreg som også påverkar oppgåvene til Mattilsynet. Det blir også vist til omtale i proposisjonen under kap. 4115 post 1.

Revidert prognose for inntektene på posten er 134,5 mill. kroner. Dette er om lag 8 mill. kroner lågare enn løyving. Det blir foreslått ein reduksjon på posten på 8 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei omdisponering på 2,5 mill. kroner frå kap. 1147 post 82 og 0,5 mill. kroner frå post 45.

Det blir gjort framlegg om at kap. 1147 post 1 blir auka med totalt 3 mill. kroner.

I tråd med omtalen under kap. 1147 post 1 blir det gjort framlegg om at kap. 1147 post 45 blir redusert med 0,5 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om at kap. 1147 post 82 blir redusert med 2,5 mill. kroner.

På bakgrunn av oppdaterte prognosar gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 22,1 mill. kroner.

Oppdaterte prognosar viser at det vil bli gitt tilsegn om erstatningar i 2014 som ikkje vil komme til utbetaling same året. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med 18,2 mill. kroner, til 131,1 mill. kroner.

I samband med budsjettet for 2014 vart det i jordbruksoppgjeret 2014 omdisponert 5 mill. kroner til post 1 for å finansiere første del av den store IT-omlegginga av forvaltningssystemet for produksjonstilskotta (eStil). Departementet gjer framlegg om at løyvinga blir flytta til ny post 21 og at posten får stikkord «kan overførast». Det blir også gjort framlegg om å redusere løyvinga på post 1 med 4,4 mill. kroner til 3 mill. kroner.

Departementet viser til omtalen under post 1 og gjer framlegg om å opprette ny post 21, der ein del av løyvinga på post 1 blir omdisponert til denne posten.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten tilsvarande 4,4 mill. kroner i 2014, ved omdisponering frå post 1 under same kapittel.

Posten dekkjer erstatning for avlingsskade. Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit forbruk på 93,5 mill. kroner i 2014, som er 6,5 mill. kroner meir enn løyvinga på posten.

Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1150 post 71 med 6,5 mill. kroner til 93,5 mill. kroner.

Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit underforbruk på posten tilsvarande 57,8 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei redusert løyving på posten tilsvarande 57,8 mill. kroner til 2 516,5 mill. kroner.

Marknadsprisane internasjonalt på protein og feitt er venta å halde seg så høge at det ikkje er prognosert med prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvare i 2014.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 59,5 mill. kroner.

I samband med at Statskog SF kjøpte skogselskap frå Orkla ASA fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner. Med grunnlag i usikkerheit om Statskog SF sin likviditetssituasjon mot slutten av året, blir forventninga til innbetaling av låneavdrag redusert frå 50 mill. kroner til 10 mill. kroner i 2014.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på posten på 40 mill. kroner.

Grunna lågare utbytte enn budsjettert blir det gjort framlegg om ein reduksjon på posten tilsvarande 2,1 mill. kroner.

Sjå omtale i proposisjonen under kap. 4162 post 90. Rentekostnaden for lånet i 2014 aukar noko. Departementet gjer difor framlegg om å auke kap. 5652 post 80 med 1,2 mill. kroner.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, fra Fremskrittspartiet, Harald Eivind Bakke, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, fra Senterpartiet, lederen Geir Pollestad, og fra Venstre Pål Farstad, viser til Prop 28 S (2014–2015).

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til at kap. 1150 post 1 er redusert med 4,4 mill. kroner. Dette er knytt til den store IT-omlegginga av forvaltningssystemet for produksjonstilskotta (eStil). Det går fram at framdrifta i prosjektet er usikker. Departementet grunngjev dette med «fleire faktorar». Denne medlemen har merka seg at i Prop. 106 S (2013–2014) så er eStil framheva som eit av dei ti viktigaste forenklingsforslaga frå regjeringa innan jordbruket. Denne medlemen registrerer at departementet ikkje er i stand til å følgje opp dette i 2014.

Komiteens medlemmer fra Høyre og FrP viser til at det ikke er uttalt usikkerhet knyttet til prosjektets framtid, men en noe forsinket oppstart. Forsinkelsen i oppstartsfasen er knyttet til tilleggsutredninger fram mot jordbruksoppgjøret 2015 (jf. Prop. 106 S (2013–2014) kap 7.10.3), i tillegg til at anskaffelsesprosesser tar tid. Disse medlemmer viser til at utbetalinger over denne posten kan være knyttet til kjøp av eksterne tjenester i forbindelse med utredninger, inkludert utvikling av IKT-løsninger. Dette er ofte oppgaver som blir gitt i jordbruksforhandlingene i mai. Disse medlemmer viser til at en anskaffelsesprosess med anbudsinnhenting og evaluering av tilbud, kan gjøre det vanskelig allerede under jordbruksoppgjøret å bedømme hvor mye av utbetalingen som kommer på inneværende kalenderår, og hvor mye som kommer påfølgende år.

Komiteen har ellers ingen merknader.

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å fatte følgende

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1100

Landbruks- og matdepartementet

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast,blir redusert med

500 000

frå kr 1 069 000 til kr 569 000

50

Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, blir redusert med

179 000

frå kr 272 000 til kr 93 000

1115

Mattilsynet

1

Driftsutgifter, blir redusert med

4 000 000

frå kr 1 228 671 000 til kr 1 224 671 000

1147

Statens reindriftsforvaltning

1

Driftsutgifter, blir auka med

3 000 000

frå kr 45 625 000 til kr 48 625 000

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast, blir redusert med

500 000

frå kr 7 289 000 til kr 6 789 000

82

Radioaktivitetstiltak, kan overførast, blir redusert med

2 500 000

frå kr 2 500 000 til kr 0

1148

Naturskade – erstatningar

71

Naturskade, erstatningar, overslagsløyving, blir auka med

22 050 000

frå kr 216 700 000 til kr 238 750 000

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

1

Driftsutgifter, blir redusert med

4 360 000

frå kr 7 360 000 til kr 3 000 000

21 (ny)

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

4 360 000

frå kr 0 til kr 4 360 000

71

Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving, blir auka med

6 500 000

frå kr 87 000 000 til kr 93 500 000

73

Pristilskott, overslagsløyving, blir redusert med

57 835 000

frå kr 2 574 350 000 til kr 2 516 515 000

Inntekter

4115

Mattilsynet

1

Gebyr m.m., blir redusert med

8 000 000

frå kr 142 493 000 til kr 134 493 000

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

85

Marknadsordninga for korn, blir redusert med

59 519 000

frå kr 59 520 000 til kr 1 000

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

90

Avdrag på lån, blir redusert med

40 000 000

frå kr 50 000 000 til kr 10 000 000

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

85

Utbytte, blir redusert med

2 068 000

frå kr 5 000 000 til 2 932 000

5652

Statskog SF – renter og utbytte

80

Renter, blir auka med

1 200 000

frå kr 4 700 000 til kr 5 900 000

Fullmakt til å pådra staten forpliktingar ut over gitte løyvingar

II

Tilsegnsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Landbruks- og matdepartementet i 2014 kan gi tilsegn om tilskott utover gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye tilsegn og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:

Kap.

Post

Nemning

Samla ramme

1148

Naturskade – erstatningar

71

Naturskade, erstatningar

131,1 mill. kroner

Oslo, i næringskomiteen, den 4. desember 2014

Geir Pollestad

leiar og ordførar