Innstilling fra næringskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2013 under Landbruks- og matdepartementet
Dette dokument
- Innst. 53 S (2013–2014)
- Kildedok: Prop. 17 S (2013–2014)
- Dato: 05.12.2013
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 1.1 Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel
og postar i 2013
- 1.1.1 Kap. 1115 Mattilsynet
- 1.1.2 Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
- 1.1.3 Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
- 1.1.4 Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
- 1.1.5 Kap. 4115 Mattilsynet
- 1.1.6 Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
- 1.1.7 Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
- 1.1.8 Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
- 1.2 Andre saker
- 1.1 Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel
og postar i 2013
- 2. Komiteens merknader
- 3. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Det blir gjort framlegg om ei samla auke av posten på 4,6 mill. kroner til Mattilsynet sitt arbeid med husdyrregisteret, felles ID-nummer og innføring av RFID-merking (strekkode) av storfe.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar blir det gjort framlegg om at løyvinga på posten blir auka med 2 mill. kroner.
Arbeid finansiert under post 23 eSporingsløysinga er i hovudsak avslutta. Det blir gjort framlegg om at løyvinga på posten blir omdisponert med 1,6 mill. kroner til Mattilsynet sitt driftsbudsjett og 1,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd, sjå omtale under kap. 1115 post 1 og kap. 1137 post 50.
Samla gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 3.1 mill. kroner.
Det har vore større utbetalingar til erstatningar enn forutsett. For å sikre ei meir realistisk budsjettering foreslår departementet å auke posten med 3,3 mill. kroner, til 4,4 mill. kroner.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 64 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1150 post 71 med 68,4 mill. kroner.
Departementet gjer difor framlegg om ein reduksjon i løyvinga tilsvarande 108,2 mill. kroner, til 2 294,1 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om at kap. 1151 post 51 blir auka med 5 mill. kroner.
I tråd med omtale under kap. 1151 post 51 blir det gjort framlegg om at kap. 1151 post 75 blir redusert med 5 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om å redusere posten med 22,7 mill. kroner for inneverande budsjettår for å sikre realistisk budsjettering.
Departementet gjer framlegg om å auke inntekstposten med 3 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om å redusere posten med 59,5 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om at løyvinga på kap. 4162 post 90 blir redusert med 25 mill. kroner til 225 mill. kroner.
For å sikre realistisk budsjettering blir det gjort framlegg om ei auke av løyvinga på posten med 6,1 mill. kroner knytta til utbytte frå Graminor AS, Kimen Såvarelaboratoriet AS og Veso.
Kap. 1148 post 71 er ei overslagsløyving, og skadeerstatningar blir gitte etter nærare fastsette reglar. Oppdaterte prognoser viser at det vil bli gitt tilsegn om erstatningar i 2013 som ikkje vil komme til utbetaling same året. Landbruks- og matdepartementet foreslår difor å auke tilsegnsfullmakta for 2013 med 39,8 mill. kroner, til 125 mill. kroner.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Lasse Juliussen og Odd Omland, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Benjamin Grønvold, Gunnar Gundersen og Ove Bernt Trellevik, fra Fremskrittspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, fra Senterpartiet, lederen Marit Arnstad, og fra Venstre, Pål Farstad, viser til Prop. 17 S (2013–2014) med forslag til endringer i statsbudsjettet 2013 under Landbruks- og matdepartementet.
Komiteen har merket seg økningene i erstatningsutbetalinger som følge av avlingstap og store naturskader.
Komiteen viser til at proposisjonen omhandler endringer på poster i statsbudsjettet som gjelder større/mindre utgifter og større/mindre inntekter enn budsjettert. Komiteen gir sin tilslutning til de endringer som proposisjonen omtaler.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2013 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
1115 | Mattilsynet: | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 4 599 000 | |
frå kr 1 210 688 000 til kr 1 215 287 000 | |||
22 | Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser, blir auka med | 2 000 000 | |
frå kr 53 323 000 til kr 55 323 000 | |||
23 | eSporingsløysinga, kan overførast,blir redusert med | 3 099 000 | |
frå kr 3 099 000 til kr 0 | |||
71 | Tilskott til erstatningar, overslagsløyving,blir auka med | 3 300 000 | |
frå kr 1 131 000 til kr 4 431 000 | |||
1148 | Naturskade – erstatningar, | ||
71 | Naturskade, erstatningar, overslagsløyving,blir auka med | 64 000 000 | |
frå kr 190 000 000 til kr 254 000 000 | |||
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | ||
71 | Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving,blir auka med | 68 400 000 | |
frå kr 40 000 000 til kr 108 400 000 | |||
73 | Pristilskott, overslagsløyving,blir redusert med | 108 150 000 | |
frå kr 2 402 200 000 til kr 2 294 050 000 | |||
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | ||
51 | Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet, blir auka med | 5 000 000 | |
frå kr 47 700 000 til kr 52 700 000 | |||
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast, blir redusert med | 5 000 000 | |
frå kr 50 400 000 til kr 45 400 000 | |||
Inntekter | |||
4115 | Mattilsynet | ||
1 | Gebyr m.m., blir redusert med | 22 700 000 | |
frå kr 124 692 000 til kr 101 992 000 | |||
2 | Driftsinntekter og refusjonar mv., blir auka med | 3 000 000 | |
frå kr 5 253 000 til kr 8 253 000 | |||
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | ||
85 | Marknadsordninga for korn, blir redusert med | 59 519 000 | |
frå kr 59 520 000 til kr 1000 | |||
4162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap | ||
90 | Avdrag på lån, blir redusert med | 25 000 000 | |
frå kr 250 000 000 til kr 225 000 000 | |||
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet | ||
85 | Utbytte, blir auka med | 6 053 000 | |
frå kr 5 000 000 til kr 11 053 000 |
Fullmakt til å pådra staten forpliktingar ut over gitte løyvingar
II
TilsegnsfullmakterStortinget samtykkjer i at Landbruks- og matdepartementet i 2013 kan gi tilsegn om tilskott utover gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye tilsegn og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
Kap. | Post | Nemning | Samla ramme |
1148 | Naturskade – erstatningar | ||
71 | Naturskade, erstatningar | 125 mill. kroner |
Oslo, i næringskomiteen, den 5. desember 2013
Marit Arnstad |
leder og ordfører |