Innstilling fra justiskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2012 under Justis- og beredskapsdepartementet
Dette dokument
- Innst. 114 S (2012–2013)
- Kildedok: Prop. 23 S (2012–2013), unntatt kap. 490, 491, 3490, 456 og 3456
- Dato: 29.11.2012
- Utgiver: justiskomiteen
- Sidetall: 12
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- Sammendrag
- Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane
- Kap. 413 Jordskiftedomstolane
- Kap. 3413 Jordskiftedomstolane
- Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
- Kap. 430 Sentralforvaltninga for kriminalomsorga
- Kap. 3430 Sentralforvaltninga for kriminalomsorga
- Kap 432 Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS)
- Kap 3432 Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS)
- Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
- Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441 post 1
- Passproduksjon
- Salsinntekter
- Gebyr – vaktselskap
- Omdisponeringar
- Flaum og naturskadetakstar
- Avvikling av siviltenesta – overføring av tilsette til politiet
- Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag, kan overførast
- Post 73 Tilskot til EU sitt yttergrensefond
- Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
- Kap. 441 Oslo politidistrikt
- Kap. 450 Sivile vernepliktige
- Kap. 451/3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
- Kap. 455 Redningstenesta
- Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
- Kap. 467 Norsk Lovtidend
- Kap. 470 Fri rettshjelp
- Kap. 3470 Fri rettshjelp
- Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar
- Kap. 472 Valdsoffererstatning og rådgjeving til offer for kriminalitet
- Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning
- Kap. 3473 Statens sivilrettsforvaltning
- Kap. 474 Konfliktråd
- Kap. 3474 Konfliktråd
- Kap. 476 Fyrstelinerettshjelp
- Komiteens merknader
- 3. Forslag fra mindretall
- 4. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Justis- og beredskapsdepartementet legger i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2012.
Løyvinga på posten dekker utgifter til faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar.
Domstolanes løyving blei auka med 97,7 mill. kroner til gjennomføring av straffesaka etter terrorangrepa 22. juli 2011. Dei faktiske utgiftene i samband med fyrsteinstansbehandlinga var på 94,4 mill. kroner. Samtidig har det vore utgifter knytt til førebuingar av ei mogeleg ankeinstansbehandling på til saman 2,6 mill. kroner.
På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 410 post 1 med 0,7 mill. kroner.
I samband med innføring av datalagringsdirektivet er det fastsett at domstolane skal behandle alle krav om utlevering av teletrafikkdata. Løyvinga til domstolane er i år auka med 7 mill. kroner til vaktordninga. Innføring av datalagringsdirektivet er nå utsett til 2013. Midlane til vaktordninga vil derfor vere ubrukt i 2012. Det foreslås at midlane nyttast til IKT-formål i domstolane.
Jordskifteretten har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene vert ført i eigne saksrekneskap, og utgifter og inntekter skal balansere når saka er avslutta.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 413 post 21 foreslått auka med 1 mill. kroner.
Løyvinga på posten samsvarar med tilsvarande utgifter under kap. 413 post 21.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 3413 post 2 foreslått auka med 1 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker godtgjering og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, lagrettemedlemer, enkelte sakkyndige, vitne, rettsvitne og reiseutgifter til desse. Løyvinga på posten dekker også utgifter til vitne som møter eller på anna måte gir forklaring for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker samt naudsynte blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 414 post 1 foreslått auka med 10 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.
Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 430 post 1 med 0,496 mill. kroner i 2012.
Løyvinga på posten dekker refusjoner til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslatne frå forvaring og varetektssurrogat.
I 2012 er det venta ein reduksjon i utgiftene under kap. 430 post 60. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 430 post 60 med 8 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker mellom anna leigeinntekter for teneste- og leigebustadar, refundert kost og husleige, klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadene og tilskot frå andre offentlege verksemder til gjennomføring av prosjekt.
Inntektene på posten er venta å verte lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012.
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 3430 post 3 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 430 post 1, jf. omtale under kap. 430 post 1.
Løyvinga på posten dekker tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid.
Tilskot til internasjonalt fengselssamarbeid og samarbeid med EØS er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. EØS-samarbeidet blei etablert i 2011. Prosjektmidlar blir gjort tilgjengeleg for kriminalomsorga etterskotsvis etter innsendt dokumentasjon av utgifter. Utbetalingane i 2012 er venta å bli 1,934 mill. kroner. I tillegg har kriminalomsorga mottatt tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselsarbeid, slik at det samla tilskotet på posten er venta å bli 3,996 mill. kroner i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvingane under kap. 3430 post 3 og kap. 430 post 1 med 1,934 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430 post 1.
Løyvinga på posten omfattar lønnsutgifter til personale ved Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS), lønn til aspirantar og drifts- og husleigeutgifter for skulebygget.
Inntekter frå konferansar og sal av opplæringstenester til Politiets utlendingseining (Trandum utlendingsinternat) under kap. 3432 post 3 er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 432 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432 post 3. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvingane under kap. 432 post 1 og kap. 3432 post 3 med 1,088 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3432 post 3.
Løyvinga på posten omfattar mellom anna inntekter frå aspirantane sin del av utgifter til skulebøker.
Inntektene under kap. 3432 post 3 er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 432 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432 post 3. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvingane under kap. 432 post 1 og kap. 3432 post 3 med 1,088 mill. kroner, jf. omtale under kap. 432 post 1.
Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskulen).
Det er venta ein nedgang i talet på produserte pass. Dette vil gi reduserte utgifter til politiet på 2,3 mill. kroner i 2012. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440 post 1 med 2,3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440 post 1.
Inntektene under kap. 3440 post 3 Salsinntekter er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440 post 3. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 17,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440 post 3.
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440 post 4. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2012, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440 post 1 med 9,2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 441 post 1 og kap. 3440 post 4.
Det vert foreslått å auke løyvinga på kap. 440 post 1 med 1,84 mill. kroner mot å redusere løyvinga under kap. 441 post 1 tilsvarande, jf. omtale under kap. 441 post 1.
Flaumane i 2012 har påført politi- og lensmannsetaten meirarbeid med naturskadetakstar, særleg i Troms politidistrikt og i Søndre Buskerud politidistrikt. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 3,45 mill. kroner.
Siviltenesta blei avvikla med verknad frå 1. juli 2012. Som ein del av omstillinga vert dei tilsette overført til politi- og lensmannsetaten, konfliktråda og kriminalomsorga. Det vert på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 1,795 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 450 post 1, jf. omtale under kap. 450 post 1.
Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 13,385 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker utgifter til søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag. Løyvinga på posten dekker også nokre personellutgifter og eventuelle utgifter til å betre søkjemetodane.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 22 med 5 mill. kroner.
Noregs tilskot til EUs yttergrensefond for 2012 er betalt, og det skal ikkje kome ytterlegare utbetalingar i 2012. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440 post 73 med 3,083 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyr for pass og våpenløyve. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440 post 1 med 11 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440 post 1.
Løyvinga på posten dekker inntekter frå innbyte og sal av utskifta køyretøy m.m. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440 post 3. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440 post 3 med 17,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440 post 1.
Løyvinga på posten omfattar eingongsgebyr til dekking av utgifter ved behandling av søknader og gebyr ved feilalarmar der politi- og lensmannsetaten rykkjer ut. Posten dekker også gebyr for Oslo politidistrikt. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440 post 4. Løyvinga under kap. 3440 post 4 er auka i 2012 som følgje av at vaktverksemdslova vart endra frå 2011. Då kontrollarbeidet har hatt mindre omfang enn venta, vert det foreslått å redusere løyvinga med 9,2 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring og løyve for arbeid, busetting og utdanning. Som følgje av auka gebyr og sakstilgang, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440 post 6 med 31,52 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet – dvs. gebyr for tvangsforretning og forliksrådshandsaming. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440 post 7 med 7 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker alle ordinære driftsutgifter ved Oslo politidistrikt.
På bakgrunn av forslag om å redusere løyvinga under kap. 3440 post 4, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 441 post 1 med 1,84 mill. kroner mot tilsvarande auke av løyvinga under kap. 440 post 1.
Siviltenesta vart avvikla med verknad frå 1. juli 2012. Som ein del av omstillinga vert dei tilsette gitt tilbod om stilling ved andre verksemder i justissektoren. Politiet, konfliktråda og kriminalomsorga har i den samanheng motteke medarbeidarar frå Siviltenesta, og overgang til anna verksemd vart gjennomført i løpet av juni/juli 2012.
Justis- og beredskapsdepartementet foreslår at lønns- og driftsmidlar for 2012 vert omdisponert frå kap. 450 til dei respektive kapitla som vert omfatta av omstillinga.
Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 450 post 1 med 3,116 mill. kroner.
Som følgje av avviklinga av siviltenesta vil eigedomen på Dillingøy bli selt. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap skal handtere avslutninga av rekneskapen under kap. 450/3450 i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451 post 1 med inntil 75 pst. av meirinntektene under kap. 3451 post 40. I tillegg har departementet fullmakt til å trekke omkostningane ved sal av fast eigedom frå inntektene ved sal før overskytande beløp inntektsførast under kap. 3451 post 40. På denne bakgrunn vert det foreslått at begge fullmaktene under kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, post 40 Sal av eigedom mv. vert utvida til også å omfatte sal av eigedomar tidlegare knytt til Siviltenesta, jf. Prop. 1 S (2012–2013).
Med bakgrunn i Prop. 1 S Tillegg 1 (2011–2012) vart det gjort endringar i statsbudsjettet 2012 som følgje av regjeringas forslag om omdanning av Luftforsvaret sin hovudverkstad Kjeller (LHK) til statsforetak, jf. Prop. 3 S (2011–2012). Budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet vart auka med 22,037 mill. kroner i 2012, som ein kompensasjon for meirkostnader i samband med organiseringa av vedlikehaldsarbeidet av redningshelikoptra. Forsvarsdepartementet har berekna at tenesta, som følgje av omstillinga, vil utløyse ein ytterlegare meirkostnad i 2012 på 7,713 mill. kroner. Det vert i denne samanheng foreslått å auke løyvinga under kap. 455 post 1 med 7,713 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon av løyvinga på Forsvarsdepartementets budsjett, jf. omtale i Forsvarsdepartementets proposisjon om endringar i statsbudsjettet 2012.
Posten gjeld utgifter til å engasjere private selskap, til dømes helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i det enkelte redningstilfellet, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell mv. Forbruket på posten er vanskeleg å anslå. Utgiftene varierer med mengde og omfang av redningsaksjonar. Det har m.a. vore ei generell auke i talet på hendingar.
Rekneskapstal hausten 2012 visar at det har vore eit vesentleg meirforbruk på posten i siste halvår 2012. Dette skuldast at hendingane har kravd større bruk av sivile helikopter- og flyressursar enn før. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 455 post 21 med 6 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjering til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnd av retten i den einskilde sak eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekker òg tapt arbeidsforteneste til tolkar og sakkunnige som ikkje har krav på salær i straffesaker. Løyvinga dekker vidare visse utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon, som honorar/godtgjering og reise- og kursutgifter. Løyvinga dekker dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, visse utgifter i sivile saker og utgifter i Justis- og beredskapsdepartementet til omsetting i rettsoppmodings- og utleveringssaker.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 466 post 1 med 60 mill. kroner.
Norsk Lovtidend inneheld kunngjeringar av lover, forskrifter og ein del andre vedtak. Løyvinga på posten dekker utgifter til tilverking av manuskript og arbeidet med den elektroniske utgåva av Norsk Lovtidend.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 467 post 1 med 0,9 mill. kroner.
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakføring. Grunna ordninga si karakter er det vanskeleg å anslå utgiftene.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 1 med 1,5 mill. kroner.
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat m.m. i saker der det er gitt heil eller delvis fri sakførsel.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 70 med 15 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gitt fritt rettsråd.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470 post 71 med 25 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker primært tilskot for å sikre arbeid med rettstryggleik og tilskot til rettshjelpsverksemd.
Det er gitt tilskot som overstig løyvinga på posten med 70 000 kroner blant anna fordi det blei gitt tilskot til ein kommune i 2011 som fyrst blei utbetalt i 2012.
Det vert på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 72 med 70 000 kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 476 post 1.
Sakskostnader tilkjend staten i benefiserte saker vert ført under denne posten.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3470 post 1 med 2 mill. kroner.
Etter straffeprosesslova kapitla 30 og 31, jf. forskrift om standardsatsar for erstatning etter strafforfølging, har ein sikta rett til erstatning for økonomisk tap og til oppreising etter faste satsar for krenking eller anna skade av ikkje-økonomisk art dersom vedkommande vert frifunnen, forfølginga vert innstilt eller vedkommande har vore arrestert eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Løyvinga på posten er regelstyrt.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471 post 72 med 4 mill. kronar.
Posten er ei regelstyrt overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova, m.a. sakskostnader i samband med søknaden og klagebehandlinga.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 472 post 70 med 76 mill. kroner.
Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 473 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3473 post 1.
På bakgrunn av venta inntekt i 2012 under kap. 3473 post 1 vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 473 post 1 med 175 000 kroner.
Inntekt på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene som Den rettsmedisinske kommisjon har i samband med kurs og andre mogelege inntekter.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3473 post 1 med 175 000 kroner.
Siviltenesta blei avvikla frå 1. juli 2012. Som ein del av omstillingsprosessen er dei tilsette i siviltenesta overført til politi- og lensmannsetaten, konfliktråda og kriminalomsorga. På denne bakgrunn foreslår Justis- og beredskapsdepartementet å auke løyvinga under kap. 474 post 1 med 0,751 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 450 post 1, jf. omtale under kap. 450 post 1.
Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 474 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3474 post 2. På bakgrunn av venta inntekt i 2012 under kap. 3474 post 2 vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 474 post 1 med 1,329 mill. kroner.
Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 474 post 1 med 578 000 kroner.
Inntekter på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene til konfliktråda i samband med kurs og konferansar.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3474 post 2 med 1,329 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker primært utgifter til rettshjelp i pilotprosjekt med fyrstelinerettshjelp, blant anna til utgifter til prosjektet i en rekke kommunar i Rogaland, Buskerud og Lindesnesregionen.
Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 476 post 1 med 70 000 kroner mot ei tilsvarande auke i løyvinga under kap. 470 post 72, jf. omtale under kap. 470 post 72. Det vert også foreslått å redusere løyvinga under kap. 476 post 1 med 3,21 mill. kroner på bakgrunn av at venta forbruk vil vere mindre enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012.
Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 476 post 1 med 3,28 mill. kroner.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jan Bøhler, Tore Hagebakken, Sigvald Oppebøen Hansen, Anna Ljunggren og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Ulf Leirstein, Åse Michaelsen og lederen Per Sandberg, fra Høyre, André Oktay Dahl og Anders B. Werp, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til de omdisponeringer regjeringen har foreslått i proposisjonen. Videre registrerer komiteen at utgiftene til terrorrettssaken ble omtrent slik man hadde forventet og at det derfor ikke er behov for større justeringer etter denne. Komiteen er også tilfreds med at domstolene får benytte de budsjetterte midler som var ment til innføring av Datalagringsdirektivet til andre ting når det viser seg at innføringen blir utsatt. Domstolene har et stort behov for opprusting av IKT-strukturen, og pengene kommer således til god nytte uansett.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre ser også at det gjøres enkelte endringer under kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten, og mener de ekstra midler som utløses her burde vært overført til kap. 441, Oslo politidistrikt. I denne sammenheng vises det til at budsjettet for 2013 gir et kutt på 50 mill. kroner i Oslo, og man kunne benyttet denne anledningen til å kompensere deler av dette kuttet.
Disse medlemmer registrerer avviklingen av siviltjenesten og at ressursene etter denne prosessen er overført til andre enheter i justissektoren. Disse medlemmer er tilfredse med at avviklingen har gått bra og at de ansatte har fått annet arbeid i politiet, kriminalomsorgen og konfliktrådene.
Disse medlemmer er bekymret for den nye utsettelsen som kommer i prosjektet med innføring av nytt nødnett. Disse medlemmer ser at dette har gitt færre utgifter i 2012, men at pengene er ment brukt i 2013. Disse medlemmer er ikke tilfredse med hvordan dette prosjektet styres verken når det gjelder tidsbruk eller pengebruk.
Disse medlemmer registrerer økningen i utgifter til fri rettshjelp. Det vil være nyttig å finne ut hva disse økningene skyldes. På denne bakgrunn fremmes følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen på egnet måte fremlegge oversikt over om omfanget av fri saksførsel og fritt rettsråd har økt og hva økningen skyldes.»
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet beklager at man nå avvikler førstelinjeprosjektet for rettshjelp, jf. Prop. 1 S (2012–2013). I denne sammenhengen vises det til at dette tiltaket har fått mange positive tilbakemeldinger. Det er således beklagelig at regjeringspartiene stopper ordningen med henvisning til en evaluering. Det er ingenting i veien for at en god ordning kan bestå mens evalueringsprosessen pågår.
I denne sammenhengen vil disse medlemmer vise til regjeringens innføring av elektronisk hjemmesoning. Også her var det meningen å ha en prøveperiode som skulle evalueres før eventuell utvidelse. Noen evaluering kom aldri, men soningsformen har blitt utvidet gjentatte ganger etter innføringen, trolig fordi dette er en billig soningsform sammenliknet med alternativene. Når en så lettvint fremgangsmåte kan brukes med elektronisk soning, er det merkelig at man ikke kan gjøre det samme med førstelinjeprosjektet.
På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen opprettholde førstelinjeprosjektet for rettshjelp frem til en evalueringsrapport er behandlet i Stortinget.»
Forslag fra Fremskrittspartiet og Høyre:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringen på egnet måte fremlegge oversikt over om omfanget av fri saksførsel og fritt rettsråd har økt og hva økningen skyldes.
Forslag fra Fremskrittspartiet:
Forslag 2
Stortinget ber regjeringen opprettholde førstelinjeprosjektet for rettshjelp frem til en evalueringsrapport er behandlet i Stortinget.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2012 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
410 | Tingrettane og lagmannsrettane | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 700 000 | |
frå kr 1 768 260 000 til kr 1 767 560 000 | |||
413 | Jordskiftedomstolane | ||
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, vert auka med | 1 000 000 | |
frå kr 8 692 000 til kr 9 692 000 | |||
414 | Forliksråd og andre domsutgifter | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 10 000 000 | |
frå kr 139 222 000 til kr 149 222 000 | |||
430 | Sentralforvaltninga for kriminalomsorga | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 496 000 | |
frå kr 3 461 914 000 til kr 3 461 418 000 | |||
60 | Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv., kan overførast, vert redusert med | 8 000 000 | |
frå kr 72 000 000 til kr 64 000 000 | |||
432 | Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS) | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 1 088 000 | |
frå kr 172 617 000 til kr 173 705 000 | |||
440 | Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten | ||
1 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441 post 1, vert auka med | 13 385 000 | |
frå kr 10 065 933 000 til kr 10 079 318 000 | |||
22 | Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag, kan overførast, vert auka med | 5 000 000 | |
frå kr 7 352 000 til kr 12 352 000 | |||
73 | Tilskot til EU sitt yttergrensefond, vert redusert med | 3 083 000 | |
frå kr 72 800 000 til kr 69 717 000 | |||
441 | Oslo politidistrikt | ||
1 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440 post 1, vert redusert med | 1 840 000 | |
frå kr 2 100 365 000 til kr 2 098 525 000 | |||
450 | Sivile vernepliktige | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 3 116 000 | |
frå kr 10 541 000 til kr 7 425 000 | |||
455 | Redningstenesta | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 7 713 000 | |
frå kr 783 400 000 til kr 791 113 000 | |||
21 | Særskilde driftsutgifter, vert auka med | 6 000 000 | |
frå kr 16 857 000 til kr 22 857 000 | |||
466 | Særskilde straffesaksutgifter m.m. | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 60 000 000 | |
frå kr 1 008 944 000 til kr 1 068 944 000 | |||
467 | Norsk Lovtidend | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 900 000 | |
frå kr 3 249 000 til kr 4 149 000 | |||
470 | Fri rettshjelp | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 1 500 000 | |
frå kr 6 365 000 til kr 7 865 000 | |||
70 | Fri sakførsel, vert auka med | 15 000 000 | |
frå kr 469 922 000 til kr 484 922 000 | |||
71 | Fritt rettsråd, vert redusert med | 25 000 000 | |
frå kr 175 900 000 til kr 150 900 000 | |||
72 | Tilskot til særskilde rettshjelptiltak, vert auka med | 70 000 | |
frå kr 29 456 000 til kr 29 526 000 | |||
471 | Staten sitt erstatningsansvar | ||
72 | Erstatning etter straffeforfølging, overslagsløyving, vert redusert med | 4 000 000 | |
frå kr 29 800 000 til kr 25 800 000 | |||
472 | Valdsoffererstatning og rådgjeving til offer for kriminalitet | ||
70 | Erstatning til offer for vald, overslagsløyving, vert redusert med | 76 000 000 | |
frå kr 376 478 000 til kr 300 478 000 | |||
473 | Statens sivilrettsforvaltning | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 175 000 | |
frå kr 39 901 000 til kr 40 076 000 | |||
474 | Konfliktråd | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 578 000 | |
frå kr 74 490 000 til kr 73 912 000 | |||
476 | Fyrstelinerettshjelp | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 3 280 000 | |
frå kr 7 714 000 til kr 4 434 000 | |||
Inntekter | |||
3413 | Jordskiftedomstolane | ||
2 | Sideutgifter, vert auka med | 1 000 000 | |
frå kr 8 774 000 til kr 9 774 000 | |||
3430 | Sentralforvaltninga for kriminalomsorga | ||
3 | Andre inntekter, vert redusert med | 3 000 000 | |
frå kr 20 100 000 til kr 17 100 000 | |||
4 | Tilskot, vert auka med | 1 934 000 | |
frå kr 2 062 000 til kr 3 996 000 | |||
3432 | Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS) | ||
3 | Andre inntekter, vert auka med | 1 088 000 | |
frå kr 462 000 til kr 1 550 000 | |||
3440 | Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten | ||
1 | Gebyr – pass og våpen, vert redusert med | 11 000 000 | |
frå kr 261 600 000 til kr 250 600 000 | |||
3 | Salsinntekter, vert auka med | 17 800 000 | |
frå kr 62 173 000 til kr 79 973 000 | |||
4 | Gebyr – vaktselskap, vert redusert med | 9 200 000 | |
frå kr 11 207 000 til kr 2 007 000 | |||
6 | Gebyr – utlendingssaker, vert auka med | 31 520 000 | |
frå kr 112 100 000 til kr 143 620 000 | |||
7 | Gebyr – sivile gjeremål, vert auka med | 7 000 000 | |
frå kr 670 021 000 til kr 677 021 000 | |||
3470 | Fri rettshjelp | ||
1 | Tilkjende saksomkostnader m.m., vert auka med | 2 000 000 | |
frå kr 3 340 000 til kr 5 340 000 | |||
3473 | Statens sivilrettsforvaltning | ||
1 | Diverse inntekter, vert auka med | 175 000 | |
frå kr 5 000 til kr 180 000 | |||
3474 | Konfliktråd | ||
2 | Refusjonar, vert redusert med | 1 329 000 | |
frå kr 2 329 000 til kr 1 000 000 |
Oslo, i justiskomiteen, den 29. november 2012
Per Sandberg |
leder og ordfører |