Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. DEL II: Tilstandsbeskrivinga

Det blir her gjort greie for sentrale utviklingstrekk i arbeidslivet og næringslivet, mellom anna når det gjeld yrkesdeltaking, arbeidsløyse, demografi, utdanningsnivå i arbeidsstyrken, omfang av sjukefråvær, uførepensjon, næringsstruktur, bedriftsstruktur, omfang av utleige av arbeidskraft, omfang av omorganiseringar i norsk arbeidsliv, omfang av arbeidsinnvandring og arbeidsmarknadstilknyting blant innvandrarar.

Deltakinga i arbeidslivet er høg. Sysselsetjinga i Noreg er høg og arbeidsløysa er låg både i historisk perspektiv og samanlikna med andre land. Etter EU/EØS-utvidinga i 2004 auka arbeidsinnvandringa kraftig. Nettoinnvandringa gjekk markert ned i 2009, men har auka i 2010. Polakkar utgjer den største gruppa av arbeidsinnvandrarar. Innvandrarar kjem godt ut på den norske arbeidsmarknaden når det gjeld sysselsetjingsgrad samanlikna med innvandrarar i mange andre land, men her er det store variasjonar når det gjeld landbakgrunn.

Mange blir råka av omstillingar i arbeidslivet. Generelt ser det ut til å vere størst omorganiseringsgrad innanfor yrkesgrupper med høgre utdanning og i bransjar som helse- og sosialtenester og i undervisningssektoren. Også tilsette i prosessindustrien rapporterer om høg førekomst av omorganiseringar.

Sjølv om yrkesdeltakinga er høg, er likevel enkelte næringar prega av høgt sjukefråvær og stor uføretilgang. Det har gjennom mange år vore ein sterk vekst i talet på mottakarar av helserelaterte ytingar. Det er ein kvart million fleire som får utbetalt uføretrygd, arbeidsavklaringspengar eller sjukepengar i dag enn for 15 år sidan.

Det blir her gjort greie for omfanget av arbeidstidsordningar, også ufrivillig deltid og undersysselsetjing, omfanget av ulike typar tilsetjingsforhold og omfanget av kontroll, overvaking og varsling.

I 2010 arbeidde to av tre yrkesaktive mellom kl. 0600 og 1800. Prosentdelen personar som arbeider utanom alminneleg arbeidstid, har vore relativt stabil dei ti siste åra. I 2010 var det 67 000 deltidstilsette, som tilsvarer om lag 10 pst. av dei deltidstilsette som ønskte og hadde prøvd å få lengre arbeidstid. Deltidstilsette som ønskjer å få lengre arbeidstid, uavhengig av andre føresetnadar, utgjer om lag 19 pst. av dei deltidstilsette. Om lag 8 pst. av heiltidstilsette kvinner ønskjer kortare arbeidstid (gjennomsnitt for årene 2006–2007). Det er stor gjennomstrøyming i gruppa av undersysselsette, og det er forholdsvis få som blir verande undersysselsette over lengre tid. Den forventa tidslengda som undersysselsett er om lag to kvartal.

I motsetning til i mange andre land er prosentdelen mellombels tilsette i Noreg blitt redusert sidan midten av 1990-talet og har vore relativt stabil det siste tiåret. I underkant av ti pst. av norske arbeidstakarar er mellombels tilsette. Fleirtalet av dei mellombels tilsette vil ende opp med fast tilsetjing i løpet av ein toårsperiode.

Dei siste åra har det vore ein auke i prosentdelen bedrifter som nyttar innleigd arbeidskraft. Næringa utleige av arbeidskraft utgjer likevel ein relativt liten del av arbeidsmarknaden, i underkant av 2 pst. av dei sysselsette totalt.

Dei fleste arbeidstakarar i Noreg har skriftleg tilsetjingskontrakt. Om lag 6 pst. var utan skriftleg tilsetjingskontrakt i 2009.

Dei mest vanlege formene for kontroll og overvaking i norsk arbeidsliv er bruk av tilgangskontroll/tilgangskort. I ein studie frå 2007 svarte nærmare éin av to at det var slik kontroll på arbeidsplassen, medan det i 2001 var éin av fem som svarte det same. Dei fleste oppgir at dei kjenner seg tryggare med tilgangskontroll og kameraovervaking. Ein liten prosentdel meiner at direkte overvaking av arbeidsplassen i form av tilgangskontroll og kameraovervaking verkar krenkjande. I 2005 var det 5 pst. som opplevde tilgangskontroll som krenkjande. I 2007 svarte 4 pst. at dei opplevde tilgangskontroll som krenkjande. I underkant av éin av fem svarer at telefon, e-post eller nettsidebruk blir kontrollert. Samtidig er det relativt mange som svarer «veit ikkje» på desse spørsmåla.

Ein studie viser at 34 pst. av eit utval på 6 000 arbeidstakarar oppgir at dei i løpet av dei siste 12 månadene har vore vitne til, har avdekt eller har opplevd kritikkverdige forhold på arbeidsplassen som burde ha vore stoppa. I overkant av halvparten av desse arbeidstakarane varsla om forholda. Brot på HMS-instruksar blir oftast oppgitt. Nesten 50 pst. svarer at forholdet blir løyst eller forbetra ved varslinga. 13 pst. seier at dei har fått negative eller blanda reaksjonar.

Arbeidsmiljøtilstanden i Noreg blir her samanlikna med tilstanden i andre europeiske land. Noreg kjem godt ut i den einaste arbeidsmiljøundersøkinga som samanliknar arbeidsmiljøforhold i Noreg og EU. Samtidig kjem det fram at ein har nokre utfordringar. Noreg er blant dei landa som skårar høgst på jobbintensitet. Noreg er òg blant dei landa der flest arbeidstakarar seier at arbeidstempoet er styrt av direkte krav frå kundar, klientar eller liknande. Ein noko større prosentdel opplever også at dei blir utsette for vald frå pasientar, klientar eller liknande. Nærmare éin av fire arbeidstakarar i dei nordiske landa seier at arbeidet påverkar helsa negativt, samtidig som desse landa rapporterer lågt på risikofaktorar i arbeidet generelt. Undersøkinga viser òg at Noreg, saman med dei andre nordiske landa, er blant dei landa der det i størst grad blir rapportert om helserelatert fråvær.

Det blir her gjer greie for arbeidsmiljøtilstanden i Noreg, og samanhengen mellom arbeid, sjukdom og helse blir drøfta. Den generelle trenden dei siste 20 åra er at ein stadig mindre prosentdel av arbeidstakarane er utsette for negative arbeidsmiljøfaktorar. Kapitlet ser nærmare på psykososiale, organisatoriske, fysiske, kjemiske og biologiske risikofaktorar i arbeidsmiljøet.

Det blir her gjer greie for arbeidsforhold, arbeidsmiljø og helse i desse næringane og bransjane: industrien, bergverksdrift og utvinning, bygg og anlegg, overnatting og servering, reinhaldsbransjen, helse- og sosialtenester, transportnæringane, primærnæringane og bemanningsbransjen. Fleire av desse næringane er prega av høgt sjukefråvær og/eller høg uføretilgang.

Det blir her gjort greie for arbeidsvilkår og arbeidsmiljøforhold for arbeidsinnvandrarar, mellom anna omfanget av sosial dumping og arbeidsmiljøforhold for innvandrarar frå Aust-Europa utanom EU og frå Asia (inklusive Tyrkia), Afrika, Sør- og Mellom-Amerika og Oseania utanom Australia og New Zealand.

Kunnskapen om arbeidsvilkår for arbeidsinnvandrarar er mangelfull og vanskeleg å kartleggje. Fleire studiar viser at det har vore ei svak positiv utvikling frå 2006 til 2010 når det gjeld lønnsnivået til polske bygningsarbeidarar og omfanget av normal arbeidstid for denne gruppa. Det er også ein vesentleg auke frå 2006 til 2010 når det gjeld prosentdelen bedrifter som rapporterer om fast tilsetjing som tilknytingsform for austeuropeisk arbeidskraft.

Innvandrarar rapporterer oftare enn den yrkesaktive befolkninga elles at dei er utsette for belastningar og ulykker i arbeidslivet. 11 pst. av innvandrarane rapporterer at dei har vore utsette for så alvorlege ulykker at det førte til fråvær frå arbeidsplassen utover sjukedagen. Tilsvarande tal for alle sysselsette er 4 pst. 60 pst. av dei sysselsette innvandrarane arbeider i dei seks næringane som har høgst uføretilgang.

Her blir det gitt ei statusbeskriving av storulykkesrisikoen i petroleumsverksemda. Faktorar som bidreg vesentleg til storulykkerisiko er hydrokarbonlekkasjar, brønnkontrollhendingar og skip på kollisjonskurs. Måling av risiko relatert til storulykker har dei fem siste åra generelt sett vist ei positiv utvikling når ein studerer risiko på eit overordna nivå, men vi kan spore ei svakt negativ utvikling i 2010. Den negative utviklinga som kan sporast, kjem særleg av ein auke i talet på hydrokarbonlekkasjar og brønnkontrollhendingar.

Det blir her gjort greie for omfanget av organisering og tariffavtaledekning i norsk arbeidsliv. Litt over halvparten av norske arbeidstakarar er organiserte i ein lønnstakarorganisasjon. Organisasjonsgraden nådde ein topp i 1989 og heldt seg ganske stabil fram til 1995. Deretter har organisasjonsgraden i hovudsak gått litt ned kvart år. Frå 2008 til 2009 steig likevel organisasjonsgraden frå 51 til 52 pst. Også i tidlegare periodar med sysselsetjingsnedgang har organisasjonsgraden gått opp. Tariffavtaledekninga er etter berekningsmetoden som er brukt, i overkant av 50 prosent, noko som gir rundt 70 pst. for alle arbeidstakarar når ein reknar med at offentleg sektor er fullt dekt av tariffavtalar.

Det blir her gjort greie for kor god kjennskap verksemdene har til HMS-krava, korleis det systematiske HMS-arbeidet blir gjennomført i praksis, og erfaringar med internkontrollsystemet. Det har vore ei positiv utvikling når det gjeld kjennskapen til internkontrollforskrifta og innføring av internkontroll i perioden frå 1999 til 2009. Ei undersøking viser likevel at det er eit godt stykke att før alle oppfyller krava i internkontrollforskrifta. 70 pst. av verksemdene har formulert ei målsetjing for HMS-arbeidet, 73 pst. har gjennomført HMS-kartleggingar i 2009, 71 pst. har utarbeidd ein handlingsplan for HMS-arbeidet, og 85 pst. har utarbeidd og dokumentert ein skriftleg HMS-plan. Det systematiske HMS-arbeidet blir styrkt dersom verksemdene har verneleiar, verneombod, bedriftshelseteneste og er IA-bedrift. Dette er forhold som er viktigare for å forklare høg grad av systematikk i HMS-arbeidet enn talet på tilsette, bransje og geografisk tilhøyrsel. Berre halvparten av norske arbeidstakarar svarer at dei har fått opplæring i HMS.

Ei undersøking blant bedriftsleiarar i byggjebransjen og delar av industrien viser at tre av fire i stor eller til ein viss grad meiner at allmenngjeringsforskrifta blir etterlevd av bedriftene i deira bransje. Men det er ein forskjell mellom byggjenæringa og industrien. Høvesvis 38 og 49 pst. seier at vedtaket i stor grad blir etterlevd i deira bransje. I begge bransjane meiner rundt éin av fire at forskrifta i liten eller ingen grad blir etterlevd i deira bransje.

Det blir her gjort greie for utbreiinga av dei ulike medbestemmingsordningane i norsk arbeidsliv. Ordningane har stor oppslutning både hos leiinga og dei tilsette i arbeidslivet, men kunnskapen om ordningane er svak. Ein studie viser at åtte av ti tilsette i verksemder med 10 tilsette og fleire rapporterer å ha etablert ordninga med verneombod. Etter lova skal alle verksemder ha verneombod. To av tre tilsette i verksemder med 50 tilsette og fleire svarer at arbeidsmiljøutval er etablert. Det er ein relativt stor prosentdel som ifølgje lova skal ha arbeidsmiljøutval, men som ikkje har det.