Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om endrin-gar i statsbudsjettet 2010 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Dette dokument
- Innst. 134 S (2010–2011)
- Kildedok: Prop. 23 S (2010–2011) unntatt kap. 820, 821, 822 og 847
- Dato: 07.12.2010
- Utgiver: familie- og kulturkomiteen
- Sidetall: 8
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Samandrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Endringsforslag
- 1.2.1 Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
- 1.2.2 Kap. 842 Familievern
- 1.2.3 Kap. 844 Kontantstøtte
- 1.2.4 Kap. 845 Barnetrygd
- 1.2.5 Kap. 846 Forskings- og utgreiings-verksemd, tilskot mv.
- 1.2.6 Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
- Post 21 Spesielle driftsutgifter
- Post 50 Forsking, kan nyttast under post 71
- Post 64 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
- Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
- Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 50
- 1.2.7 Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
- 1.2.8 Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
- 1.2.9 Kap. 2530 Foreldrepengar
- 1.2.10 Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdoms-vernet
- 1.2.11 Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet
- 1.2.12 Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
- 2. Merknader frå komiteen
- 3. Tilråding frå komiteen
Til Stortinget
I denne proposisjonen legg Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2010 i samsvar med punkt 1.2 nedanfor.
Godtgjersla til meklarar utanom familievernet i 2010 er rekna til 13,1 mill. kroner, 315 000 kroner mindre enn løyvinga.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 841 post 21 med 315 000 kroner.
BLD føreslår å auke posten med 177 000 kroner for å dekkje inn meirutgifter til godtgjersle til tilsyn under samvær mot tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 842 post 21, jf. omtale under posten.
Av løyvinga er 400 000 kroner sett av til finansiering av prosjektleiar i Bufdir, 265 000 og 135 000 kroner er sett av til høvesvis dei offentlege og dei kyrkjelege familievernkontora.
BLD føreslår at midlane til prosjektleiar og midlane som skal nyttast av dei offentlege familievernkontora, til saman 665 000 kroner, blir flytta til kap. 858 post 1 og at 135 000 kroner blir flytta til kap. 842 post 70, jf. omtale under desse postane.
BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga under posten med 800 000 kroner.
Det ligg an til eit mindreforbruk under kap. 842 post 21 på om lag 200 000 kroner. BLD føreslår å flytte 177 000 kroner av desse midlane til kap. 841 post 22, jf. omtale under posten.
BLD føreslår å flytte 135 000 kroner til kap. 842 post 70 frå kap. 841 post 71, jf. omtale under posten. Midlane skal nyttast av dei kyrkjelege familievernkontora til tiltak for barn i konfliktfylte familiar ved samlivsbrot.
Utgiftene til kontantstøtte i 2010 er anslått til 1 390 mill. kroner, 50 mill. kroner lågare enn løyvinga.
Mindrebehovet kjem av færre barn med kontantstøtte enn føresett i vedteke budsjett som følgje av at fleire nye eitt- og toåringar har fått plass i barnehage enn tidlegare lagt til grunn.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 844 post 70 med 50 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd i 2010 er anslått til 14 860 mill. kroner, 30 mill. kroner lågare enn løyvinga i vedteke budsjett for 2010.
Mindrebehovet kjem mellom anna av reduserte anslag på utbetalingar av ordinær barnetrygd.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 30 mill. kroner.
Det er behov for å auke løyvinga på posten i hovudsak som følgje av meirutgifter knytt til Kvinnepanelet og Likestillingsutvalet som vart sett ned i 2010.
BLD føreslår å dekkje meirbehovet gjennom flytting frå kap. 846 post 50 Forsking med 1,1 mill. kroner, post 70 Tilskot med 1,7 mill. kroner og post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid med 1,9 mill. kroner, jf. omtale under desse postane.
Anslått mindreforbruk på 1,1 mill. kroner blir føreslått nytta til å delvis dekkje meirforbruket under kap. 846 post 21, i samsvar med stikkordsfullmakta kan nyttast under post 21, jf. omtale under post 21.
BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 846 post 50 med 1,1 mill. kroner.
Anslått mindreforbruk på 1,7 mill. kroner blir føreslått nytta til å dekkje delar av meirforbruket på kap. 846 post 21, jf. omtale under posten.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 846 post 70 med 1,7 mill. kroner.
BLD føreslår å nytte 1,9 mill. kroner av venta mindreforbruk under post 79 til inndekning av resterande meirbehov under kap. 846 post 21, jf. omtale under denne posten.
Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, mellom anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet. BLD føreslår å auke løyvinga på kap. 854 post 21 med 2 mill. kroner mot ein reduksjon på kap. 854 post 50 med 1,7 mill. kroner og ein reduksjon på kap. 854 post 71 med 0,3 mill. kroner.
Posten skal i hovudsak stimulere til forsking og forsøks- og utviklingsverksemd om utsette familiar og utsette barn og unge. For å få ein meir riktig bruk av posten, foreslår BLD å redusere løyvinga på kap. 854 post 50 med 1,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 854 post 21.
Posten dekkjer det særskilte tilskotet som blir utbetalt til kommunane når einslege mindreårige flyktningar og asylsøkarar blir busette.
Basert på ein prognose med 850 nye busette, vil det vere behov for å auke løyvinga med 18,8 mill. kroner.
BLD føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 18,8 mill. kroner.
Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak inkludert utgifter til bufellesskap og refusjon av utgifter for plassering i statlege tiltak eller ved kjøp av private plassar. Refusjonsordninga omfattar òg Oslo kommune.
Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette i kommunane og kor stor del av alle einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som har behov for barnevernsteneste.
Basert på nye prognosar for 2010, føreslår BLD å auke løyvinga på posten med 127 mill. kroner.
Posten dekkjer tilskotet til ulike tiltak innanfor barnevernet, tilskot til formål som dekkjer særlege behov for tilbod hos utsette barn, unge og familiar. For å få ein meir riktig bruk av posten, føreslår BLD å redusere løyvinga på kap. 854 post 71 med 0,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 854 post 21.
Det har vore ein auke i talet barn og unge som etaten mottek refusjon for. Auken i talet på einslege, mindreårige flyktningar som er busette i kommunane og plassert i statlege eller private institusjonar fører til auka utgifter til det statlege barnevernet.
BLD føreslår å auke posten med 32 mill. kroner, jf. tilsvarande meirinntekter under kap. 3855 post 3.
BLD føreslår å redusere post 45 med 31 mill. kroner som inndekning for mindreinntekter under kap. 3855 post 1 med 9 mill. kroner og kap. 3855 post 60 med 22 mill. kroner.
BLD føreslår at midlane til prosjektleiar og midlane som skal nyttast av dei offentlege familievernkontora knytt til tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar på 665 000 kroner blir flytta til posten frå kap. 841 post 71.
BLD føreslår òg å auke løyvinga under kap. 858 post 1 med 1,7 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 847 post 21, jf. omtale under posten.
Bufdir overtok frå 1. juni 2010 oppgåver og om lag 23 årsverk frå Helsedirektoratet. I samband med overføringa er det knytte nokre meirutgifter som ikkje er dekte frå før. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 858 post 1 med 770 000 kroner.
BLD føreslår samla å auke kap. 858 post 1 med 3,2 mill. kroner.
Kap. 858 post 22 skal dekkje utbetalingar til pensjonskasser der tilsette i Bufetat var medlemmer før staten overtok det fylkeskommunale barne- og familievernet. Reguleringspremien blir rekna årlig ut frå endringane i lønns- og trygdeoppgjøret og førre års avkastning frå premiefond. Reguleringspremien varierer følgjeleg kvart år. I tillegg til premien skal det reknast arbeidsgivaravgift av premiebeløpet.
BLD føreslår å auke kap. 858 post 22 med 4,1 mill. kroner som følgje av meirutgifter til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2010 er anslått til 13 660 mill. kroner, 30 mill. kroner lågare enn løyvinga i vedteke budsjett for 2010.
Færre barn i aktuell alder og redusert overslag på generell lønnsvekst frå 2009 til 2010 forklarar mindrebehovet.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 70 med 30 mill. kroner.
Ein ventar nokre fleire utbetalingar av eingongsstønad i 2010 enn lagt til grunn i vedteke budsjett for 2010, som tilseier ein auke i utgiftsbehovet på 0,5 mill. kroner.
BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 71 med 0,5 mill. kroner.
Vanlegvis vil det meste av feriepengane vere utbetalte per juni månad. Utbetalingane hittil i år overstig budsjettet med 5 mill. kroner.
BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 72 med 5 mill. kroner.
Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i 2010 er anslått til 100 mill. kroner, 15 mill. kroner meir enn løyvinga i vedteke budsjett for 2010.
Ved utgangen av tredje kvartal var talet på mottakarar av foreldrepengar ved adopsjon 16,5 prosent høgare enn i same periode i fjor.
BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 73 med 15 mill. kroner.
Nye anslag tyder på at dei ODA-godkjende utgiftene vil utgjere om lag 44,5 mill. kroner i 2010, noko som er 11,8 mill. kroner høgare enn tidlegare lagt til grunn.
BLD foreslår å auke kap. 3854 post 4 med 11,8 mill. kroner.
Inntektsanslaget på posten er 26 mill. kroner. Ei framskriving av venta inntekter gir ei inntekt på 17 mill. kroner, som er 9 mill. kroner mindre enn inntektsanslaget. Posten omfattar i all hovudsak refusjonar for utlegg for kommunen.
BLD føreslår å redusere på kap. 3855 post 1 med 9 mill. kroner, jf. ein tilsvarande reduksjon av kap. 855 post 45.
Posten omfattar refusjonar for utgifter utover den kommunale eigendelen til einslege mindreårige flyktningar som er busette i kommunane og plasserte i statlege eller private institusjonar. Refusjonane motsvarer utgiftene som blir rekneskapsførte på kap. 854 post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkarar og flyktningar.
BLD føreslår å auke inntektene på posten med 32 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 855 post 1.
På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjonar, fosterheim eller hjelpetiltak i heimen.
Ein ventar 22 mill. kroner mindre i inntekter enn det som blei lagt til grunn i vedteke budsjett.
BLD føreslår å redusere inntektene på kap. 3855 post 60 med 22 mill. kroner, jf. ein tilsvarande reduksjon på kap. 855 post 45.
Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan i samsvar med OECD/DACs statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. I tråd med tidlegare berekningar legg BLD til grunn at om lag 74 prosent av utgiftene per plass vil godkjennast som ODA-midlar. Reduksjonen i dei ODA-godkjende utgifter utgjer 40,6 mill kroner.
BLD føreslår å redusere kap. 3856 post 4 med 40,6 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Gunn Karin Gjul, Kåre Simensen, Arild Stokkan-Grande og Lene Vågslid, frå Fremskrittspartiet, Solveig Horne, Øyvind Korsberg og Ib Thomsen, frå Høgre, Linda C. Hofstad Helleland og Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, Gina Knutson Barstad, frå Senterpartiet, Christina Nilsson Ramsøy, og frå Kristeleg Folkeparti, Øyvind Håbrekke, syner til forslaget frå regjeringa og støttar dette.
Komiteen syner til proposisjonen og til sine merknadar og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2010 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
841 | Samliv og konfliktløysing | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving,blir redusert med | 315 000 | |
frå kr 13 416 000 til kr 13 101 000 | |||
22 | Opplæring, forsking, utvikling mv., blir auka med | 177 000 | |
frå kr 6 314 000 til kr 6 491 000 | |||
71 | Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar, blir redusert med | 800 000 | |
frå kr 3 000 000 til kr 2 200 000 | |||
842 | Familievern | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, blir redusert med | 177 000 | |
frå kr 7 280 000 til kr 7 103 000 | |||
70 | Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 1, blir auka med | 135 000 | |
frå kr 124 107 000 til kr 124 242 000 | |||
844 | Kontantstøtte | ||
70 | Tilskot, overslagsløyving, blir redusert med | 50 000 000 | |
frå kr 1 440 000 000 til kr 1 390 000 000 | |||
845 | Barnetrygd | ||
70 | Tilskot, overslagsløyving, blir redusert med | 30 000 000 | |
frå kr 14 890 000 000 til kr 14 860 000 000 | |||
846 | Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv. | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50, blir auka med | 4 656 000 | |
frå kr 16 093 000 til kr 20 749 000 | |||
50 | Forsking, kan nyttast under post 21, blir redusert med | 1 102 000 | |
frå kr 11 348 000 til kr 10 246 000 | |||
70 | Tilskot, blir redusert med | 1 661 000 | |
frå kr 16 108 000 til kr 14 447 000 | |||
79 | Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast, blir redusert med | 1 893 000 | |
frå kr 10 247 000 til kr 8 354 000 | |||
854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, blir auka med | 2 000 000 | |
frå kr 36 846 000 til kr 38 846 000 | |||
50 | Forsking, kan nyttast under post 71, blir redusert med | 1 700 000 | |
frå kr 13 719 000 til kr 12 019 000 | |||
64 | Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, blir auka med | 18 800 000 | |
frå kr 238 721 000 til kr 257 521 000 | |||
65 | Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, blir auka med | 127 000 000 | |
frå kr 372 762 000 til kr 499 762 000 | |||
71 | Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 50, blir redusert med | 300 000 | |
frå kr 48 048 000 til kr 47 748 000 | |||
855 | Statleg forvalting av barnevernet | ||
1 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60, blir auka med | 32 000 000 | |
frå kr 3 333 165 000 til kr 3 365 165 000 | |||
45 | Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, blir redusert med | 31 000 000 | |
frå kr 64 997 000 til kr 33 997 000 | |||
858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | ||
1 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 1, blir auka med | 3 175 000 | |
frå kr 179 226 000 til kr 181 631 000 | |||
22 | Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar, blir auka med | 4 100 000 | |
frå kr 29 197 000 til kr 33 297 000 | |||
2530 | Foreldrepengar | ||
70 | Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving, blir redusert med | 30 000 000 | |
frå kr 13 690 000 000 til kr 13 660 000 000 | |||
71 | Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, blir auka med | 500 000 | |
frå kr 409 500 000 til kr 410 000 000 | |||
72 | Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving, blir auka med | 5 000 000 | |
frå kr 380 000 000 til kr 385 000 000 | |||
73 | Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving, blir auka med | 15 000 000 | |
frå kr 85 000 000 til kr 100 000 000 | |||
Inntekter | |||
3854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | ||
4 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter, blir auka med | 11 800 000 | |
frå kr 32 746 000 til kr 44 546 000 | |||
3855 | Statleg forvalting av barnevernet | ||
1 | Diverse inntekter, blir redusert med | 9 000 000 | |
frå kr 25 868 000 til kr 16 868 000 | |||
3 | Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, blir auka med | 32 000 000 | |
frå kr 73 060 000 til kr 105 060 000 | |||
60 | Kommunale eigendelar, blir redusert med | 22 000 000 | |
frå kr 896 746 000 til kr 874 746 000 | |||
3856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar | ||
4 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter, blir redusert med | 40 600 000 | |
frå kr 311 466 000 til kr 270 866 000 |
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 7. desember 2010
Gunn Karin Gjul |
leiar og ordførar |