I denne proposisjonen legg Barne-, likestillings- og
inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet
for 2010 i samsvar med punkt 1.2 nedanfor.
Godtgjersla til meklarar utanom familievernet
i 2010 er rekna til 13,1 mill. kroner, 315 000 kroner mindre enn
løyvinga.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap.
841 post 21 med 315 000 kroner.
BLD føreslår å auke posten med 177 000 kroner for
å dekkje inn meirutgifter til godtgjersle til tilsyn under samvær
mot tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 842 post 21, jf.
omtale under posten.
Av løyvinga er 400 000 kroner sett av til finansiering
av prosjektleiar i Bufdir, 265 000 og 135 000 kroner er sett av
til høvesvis dei offentlege og dei kyrkjelege familievernkontora.
BLD føreslår at midlane til prosjektleiar og
midlane som skal nyttast av dei offentlege familievernkontora, til
saman 665 000 kroner, blir flytta til kap. 858 post 1 og at 135 000
kroner blir flytta til kap. 842 post 70, jf. omtale under desse
postane.
BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga
under posten med 800 000 kroner.
Det ligg an til eit mindreforbruk under kap.
842 post 21 på om lag 200 000 kroner. BLD føreslår å flytte 177 000
kroner av desse midlane til kap. 841 post 22, jf. omtale under posten.
BLD føreslår å flytte 135 000 kroner til kap.
842 post 70 frå kap. 841 post 71, jf. omtale under posten. Midlane
skal nyttast av dei kyrkjelege familievernkontora til tiltak for
barn i konfliktfylte familiar ved samlivsbrot.
Utgiftene til kontantstøtte i 2010 er anslått
til 1 390 mill. kroner, 50 mill. kroner lågare enn løyvinga.
Mindrebehovet kjem av færre barn med kontantstøtte
enn føresett i vedteke budsjett som følgje av at fleire nye eitt-
og toåringar har fått plass i barnehage enn tidlegare lagt til grunn.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap.
844 post 70 med 50 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd i 2010 er anslått til 14 860
mill. kroner, 30 mill. kroner lågare enn løyvinga i vedteke budsjett
for 2010.
Mindrebehovet kjem mellom anna av reduserte anslag
på utbetalingar av ordinær barnetrygd.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap.
845 post 70 med 30 mill. kroner.
Det er behov for å auke løyvinga på posten i
hovudsak som følgje av meirutgifter knytt til Kvinnepanelet og Likestillingsutvalet
som vart sett ned i 2010.
BLD føreslår å dekkje meirbehovet gjennom flytting
frå kap. 846 post 50 Forsking med 1,1 mill. kroner, post 70 Tilskot
med 1,7 mill. kroner og post 79 Tilskot til internasjonalt familie-
og likestillingsarbeid med 1,9 mill. kroner, jf. omtale under desse
postane.
Anslått mindreforbruk på 1,1 mill. kroner blir føreslått
nytta til å delvis dekkje meirforbruket under kap. 846 post 21,
i samsvar med stikkordsfullmakta kan nyttast under post 21, jf.
omtale under post 21.
BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 846 post
50 med 1,1 mill. kroner.
Anslått mindreforbruk på 1,7 mill. kroner blir føreslått
nytta til å dekkje delar av meirforbruket på kap. 846 post 21, jf.
omtale under posten.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap.
846 post 70 med 1,7 mill. kroner.
BLD føreslår å nytte 1,9 mill. kroner av venta mindreforbruk
under post 79 til inndekning av resterande meirbehov under kap.
846 post 21, jf. omtale under denne posten.
Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak,
mellom anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering
av nye metodar i barnevernet. BLD føreslår å auke løyvinga på kap. 854
post 21 med 2 mill. kroner mot ein reduksjon på kap. 854 post 50
med 1,7 mill. kroner og ein reduksjon på kap. 854 post 71 med 0,3
mill. kroner.
Posten skal i hovudsak stimulere til forsking
og forsøks- og utviklingsverksemd om utsette familiar og utsette
barn og unge. For å få ein meir riktig bruk av posten, foreslår
BLD å redusere løyvinga på kap. 854 post 50 med 1,7 mill. kroner
mot ein tilsvarande auke av kap. 854 post 21.
Posten dekkjer det særskilte tilskotet som blir
utbetalt til kommunane når einslege mindreårige flyktningar og asylsøkarar
blir busette.
Basert på ein prognose med 850 nye busette,
vil det vere behov for å auke løyvinga med 18,8 mill. kroner.
BLD føreslår derfor å auke løyvinga på posten med
18,8 mill. kroner.
Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter
til barnevernstiltak inkludert utgifter til bufellesskap og refusjon
av utgifter for plassering i statlege tiltak eller ved kjøp av private
plassar. Refusjonsordninga omfattar òg Oslo kommune.
Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn
som blir busette i kommunane og kor stor del av alle einslege mindreårige
asylsøkjarar og flyktningar som har behov for barnevernsteneste.
Basert på nye prognosar for 2010, føreslår BLD å
auke løyvinga på posten med 127 mill. kroner.
Posten dekkjer tilskotet til ulike tiltak innanfor barnevernet,
tilskot til formål som dekkjer særlege behov for tilbod hos utsette
barn, unge og familiar. For å få ein meir riktig bruk av posten, føreslår
BLD å redusere løyvinga på kap. 854 post 71 med 0,3 mill. kroner
mot ein tilsvarande auke av kap. 854 post 21.
Det har vore ein auke i talet barn og unge som etaten
mottek refusjon for. Auken i talet på einslege, mindreårige flyktningar
som er busette i kommunane og plassert i statlege eller private institusjonar
fører til auka utgifter til det statlege barnevernet.
BLD føreslår å auke posten med 32 mill. kroner, jf.
tilsvarande meirinntekter under kap. 3855 post 3.
BLD føreslår å redusere post 45 med 31 mill. kroner
som inndekning for mindreinntekter under kap. 3855 post 1 med 9
mill. kroner og kap. 3855 post 60 med 22 mill. kroner.
BLD føreslår at midlane til prosjektleiar og
midlane som skal nyttast av dei offentlege familievernkontora knytt
til tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar på
665 000 kroner blir flytta til posten frå kap. 841 post 71.
BLD føreslår òg å auke løyvinga under kap. 858 post
1 med 1,7 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga
under kap. 847 post 21, jf. omtale under posten.
Bufdir overtok frå 1. juni 2010 oppgåver og
om lag 23 årsverk frå Helsedirektoratet. I samband med overføringa
er det knytte nokre meirutgifter som ikkje er dekte frå før. BLD
føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 858 post 1 med 770 000
kroner.
BLD føreslår samla å auke kap. 858 post 1 med 3,2
mill. kroner.
Kap. 858 post 22 skal dekkje utbetalingar til
pensjonskasser der tilsette i Bufetat var medlemmer før staten overtok
det fylkeskommunale barne- og familievernet. Reguleringspremien
blir rekna årlig ut frå endringane i lønns- og trygdeoppgjøret og
førre års avkastning frå premiefond. Reguleringspremien varierer
følgjeleg kvart år. I tillegg til premien skal det reknast arbeidsgivaravgift
av premiebeløpet.
BLD føreslår å auke kap. 858 post 22 med 4,1 mill.
kroner som følgje av meirutgifter til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2010
er anslått til 13 660 mill. kroner, 30 mill. kroner lågare enn løyvinga
i vedteke budsjett for 2010.
Færre barn i aktuell alder og redusert overslag
på generell lønnsvekst frå 2009 til 2010 forklarar mindrebehovet.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530
post 70 med 30 mill. kroner.
Ein ventar nokre fleire utbetalingar av eingongsstønad
i 2010 enn lagt til grunn i vedteke budsjett for 2010, som tilseier
ein auke i utgiftsbehovet på 0,5 mill. kroner.
BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post
71 med 0,5 mill. kroner.
Vanlegvis vil det meste av feriepengane vere
utbetalte per juni månad. Utbetalingane hittil i år overstig budsjettet
med 5 mill. kroner.
BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post
72 med 5 mill. kroner.
Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i
2010 er anslått til 100 mill. kroner, 15 mill. kroner meir enn løyvinga
i vedteke budsjett for 2010.
Ved utgangen av tredje kvartal var talet på
mottakarar av foreldrepengar ved adopsjon 16,5 prosent høgare enn
i same periode i fjor.
BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post
73 med 15 mill. kroner.
Nye anslag tyder på at dei ODA-godkjende utgiftene
vil utgjere om lag 44,5 mill. kroner i 2010, noko som er 11,8 mill.
kroner høgare enn tidlegare lagt til grunn.
BLD foreslår å auke kap. 3854 post 4 med 11,8 mill.
kroner.
Inntektsanslaget på posten er 26 mill. kroner.
Ei framskriving av venta inntekter gir ei inntekt på 17 mill. kroner,
som er 9 mill. kroner mindre enn inntektsanslaget. Posten omfattar
i all hovudsak refusjonar for utlegg for kommunen.
BLD føreslår å redusere på kap. 3855 post 1
med 9 mill. kroner, jf. ein tilsvarande reduksjon av kap. 855 post
45.
Posten omfattar refusjonar for utgifter utover den
kommunale eigendelen til einslege mindreårige flyktningar som er
busette i kommunane og plasserte i statlege eller private institusjonar. Refusjonane
motsvarer utgiftene som blir rekneskapsførte på kap. 854 post 65
Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege
mindreårige asylsøkarar og flyktningar.
BLD føreslår å auke inntektene på posten med 32
mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 855 post 1.
På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar
i samband med opphald i barnevernsinstitusjonar, fosterheim eller
hjelpetiltak i heimen.
Ein ventar 22 mill. kroner mindre i inntekter
enn det som blei lagt til grunn i vedteke budsjett.
BLD føreslår å redusere inntektene på kap. 3855 post
60 med 22 mill. kroner, jf. ein tilsvarande reduksjon på kap. 855
post 45.
Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak
av asylsøkjarar og flyktningar kan i samsvar med OECD/DACs statistikkdirektiv
godkjennast som offisiell utviklingshjelp. I tråd med tidlegare berekningar
legg BLD til grunn at om lag 74 prosent av utgiftene per plass vil
godkjennast som ODA-midlar. Reduksjonen i dei ODA-godkjende utgifter
utgjer 40,6 mill kroner.
BLD føreslår å redusere kap. 3856 post 4 med 40,6
mill. kroner.