Innstilling fra justiskomiteen om endringer i statsbudsjettet for 2010 under Justis- og politidepartementet
Dette dokument
- Innst. 102 S (2010–2011)
- Kildedok: Prop. 21 S (2010–2011) unntatt kap. 456, 3456, 490, 491 og 3490
- Dato: 26.11.2010
- Utgiver: justiskomiteen
- Sidetall: 8
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Forslag om endringar
- Kap. 400 Justisdepartementet
- Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane
- Kap. 3410 Rettsgebyr
- Kap. 413 Jordskiftedomstolane
- Kap. 3413 Jordskiftedomstolane
- Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
- Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning
- Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning
- Kap. 432 Kriminalomsorga sitt utdanningssenter
- Kap. 3432 Kriminalomsorga sitt utdanningssenter
- Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmanns-etaten
- Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
- Kap. 441 Oslo politidistrikt
- Kap. 3441 Oslo politidistrikt
- Kap. 442 Politihøgskulen
- Kap. 3442 Politihøgskulen
- Kap. 455 Redningstenesta
- Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
- Kap. 5630 Aksjar i Norsk Eiendomsinformasjon as
- Kap. 470 Fri rettshjelp
- Kap. 3470 Fri rettshjelp
- Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar
- Kap. 474 Konfliktråd
- Kap. 3474 Konfliktråd
- Kap. 475 Bubehandling
- 2. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Justisdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2010. Endringsforslaga er m.a. basert på rekneskapstal per 30. september 2010.
I samband med overføringa av Norsk Eiendomsinformasjon as frå Justisdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet frå 1. juli 2010, vert det foreslått å overføre 75 000 kroner frå kap. 400 post 1 til kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet post 1 Driftsutgifter.
Løyvinga på posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkludert i rettsgebyret, jf. kap. 3410 Rettsgebyr, til dømes kunngjeringsutgifter, naudsynte utgifter ved tvangsforretning, registrering m.m. under offentleg bubehandling, forkynning som er naudsynt etter lova og utgifter til rettsvitne.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 410 post 21 foreslått redusert med 10 mill. kroner.
På posten vert det ført inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretning, skifte, konkurs m.m.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410 post 1 med 5 mill. kroner.
Jordskifteretten har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekkje det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene vert ført i eigne saksrekneskap, og utgifter og inntekter skal balansere når saka er avslutta.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 413 post 21 foreslått auka med 2 mill. kroner.
Løyvinga på posten samsvarar med tilsvarande utgifter under kap. 413 post 21.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 3413 post 2 foreslått auka med 5 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer godtgjering og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, lagrettemedlemer, vitne, rettsvitne og reiseutgifter til desse. Løyvinga på posten dekkjer også utgifter til vitne som møter eller på annan måte gir forklaring for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker samt naudsynte blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 414 post 1 foreslått auka med 10 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.
Kontroll av urinprøver er eit viktig verkemiddel for å hindre narkotika i fengsla. Kriminalomsorga sine kostnader til kontroll av urinprøvar har auka. For å dekkje deler av meirutgiftene vert det foreslått å omdisponere 1,08 mill. kroner frå kap. 430 post 70 Tilskot.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Inntektene under kap. 3430 post 3 er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 5,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga under kap. 3430 post 3.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 4. Som følgje av at tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid i 2010 er lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga for 2010, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 430 post 1 med 424 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 3430 post 4, jf. omtale under kap. 3430 post 4.
Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 6,156 mill. kroner.
Løyvinga dekkjer tilskot til frivillig verksemd i kriminalomsorga.
Innafor løyvinga er det sett av 1,08 mill. kroner til tilskot til Tyrilistiftinga Frankmotunet. Tilskotet vert ikkje nytta i 2010. Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 430 post 70 med 1,08 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga under kap. 430 post 1. Midlane vil under kap. 430 post 1 verte nytta til kontroll av urinprøvar.
Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå sal av arbeidsdrifta sin produksjon.
Inntektene som vert ført under posten er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 3430 post 2 med 7 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer m.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustad, refundert kost og husleige samt klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadane.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Inntektene som vert ført under posten er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 3430 post 3 med 5,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga under kap. 430 post 1, jf. omtale under kap. 430 post 1.
Løyvinga på posten dekkjer tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 4. Ettersom tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid er lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010, vert det foreslått å redusere løyving under kap. 3430 post 4 med 424 000 kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 430 post 1.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 432 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432 post 3. Inntektene under kap. 3432 post 3 er venta å verte lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 432 post 1 med 362 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 3432 post 3.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 432 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432 post 3. Inntektene som vert ført under posten er venta å verte lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 3432 post 3 med 362 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 432 post 1.
Løyvinga dekkjer alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta, politireserven og politiet sine særorgan.
Det er venta ein nedgang i talet på produserte pass. Dette vil gje reduserte utgifter på 4,3 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440 post 1 med 4,3 mill. kroner.
Inntektene under kap. 3440 post 3 er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 20 mill. kroner.
Løyvinga for 2010 vart auka med 8 mill. kroner i samband med endringar i lov om vaktverksemd. Forskrifta vil ikkje tre i kraft før i 2011, og det vert på denne bakgrunn foreslått å redusere løyvinga under kap. 440 post 1 med 8 mill. kroner.
Då politi- og lensmannsetaten tok over ansvaret for den sivile rettspleia på grunnplanet i 2006 fekk Statens innkrevjingssentral (SI) ansvar for saksbehandlingssystemet SIAN. Dei siste åra har det vore ei auke i talet på utleggssaker, og dette har ført til auka saksmengde i SIAN. Det vert på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 2,79 mill. kroner til dekking av politiet sin kompensasjon til SI i samband med dei auka utgiftene.
Justisdepartementet har for 2010 fått fullmakt til å bestille varer for inntil 40 mill. kroner utover den gitte løyvinga under kap. 440 post 1. Det vert foreslått å auke bestillingsfullmakta med 28 mill. kroner til 68 mill. kroner.
Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 10,49 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer sideutgifter som politi- og lensmannsetaten har i samband med asylsaker, under dette utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker.
Måltalet for uttransporteringar med tvang var 3 700 i saldert budsjett 2010. Etter ei tilleggsløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart måltalet auka med 500 til 4 200.
For å kunne auke talet på uttransporteringar av utlendingar utan lovleg opphald ytterlegare i 2010, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 21 med 3,5 mill. kroner.
I oktober vart det avgjort å stanse returar til Hellas for søkjarar som er omfatta av Dublin II-forordninga. Søknadene frå denne gruppa skal prioriterast med sikte på rask retur til heimlandet i staden for Hellas.
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til søk etter omkomne på havet, innsjøar og vassdrag.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 22 med 3 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer sideutgifter i samband med dei sivile gjeremåla.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 23 med 8,5 mill. kroner.
Noregs tilskot til EUs yttergrensefond for 2009 og 2010 er betalt, og det skal ikkje kome ytterlegare utbetalingar i 2010. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440 post 73 med 14,679 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå gebyr for pass og våpenløyve.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440 post 1 med 20 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå innbyte og sal av utskifta køyretøy m.m.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440 post 3 med 20 mill. kroner.
Løyvinga på posten omfattar eingongsgebyr til dekking av utgifter ved behandling av søknader og gebyr ved feilalarmar der politi- og lensmannsetaten rykker ut.
Løyvinga for 2010 vart auka med 10 mill. kroner i samband med endringar i lov om vaktverksemd. Forskrifta vil ikkje tre i kraft før i 2011, og det vert på denne bakgrunn foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440 post 4 med 10 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet – dvs. gebyr for tvangsforretning og forliksrådsbehandling.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440 post 7 med 110 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer alle ordinære driftsutgifter ved Oslo politidistrikt.
Løyvinga for 2010 vart auka med 2 mill. kroner i samband med endringar i lov om vaktverksemd. Forskrifta vil ikkje tre i kraft før i 2011, og det vert på denne bakgrunn eit mindrebehov under kap. 441 post 1 på 2 mill. kroner i 2010.
Vidare vert det eit meirbehov under kap. 441 post 1 på 2 mill. kroner knytt til drift av personalbarnehagen.
Løyvinga på posten omfattar foreldreinnbetaling og statstilskot til personalbarnehage.
På bakgrunn av venta auke i inntektene frå personalbarnehagen, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3441 post 5 med 2 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskulen.
På bakgrunn av endra inntektsanslag under kap. 3442 post 3, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 442 post 1 med 9,5 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå drifta av Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern.
På bakgrunn av endra inntektsanslag vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3442 post 3 med 9,5 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer m.a. utgifter til den offentlege redningshelikoptertenesta.
På bakgrunn av eit meirbehov under kap. 455 post 21, vert det foreslått å omdisponere 900 000 kroner frå kap. 455 post 1 til kap. 455 post 21.
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til å engasjere private selskap, til dømes helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i det enkelte redningstilfelle, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell.
Forbruket på posten er vanskeleg å anslå, då utgiftene varierar med tal på hendingar og omfang av redningsaksjonar. Forutan ein generell auke i tal på hendingar, har fleire av hendingane innebore større bruk av sivile helikopter- og flyressursar enn tidlegare. Refusjonar til frivillige organisasjonar har også auka utover ordinær prisutvikling.
På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 455 post 21 med totalt 6 mill. kroner. 1,9 mill. kroner av dette vert foreslått motsvara av reduserte utgifter under kap. 455 post 1 og kap. 455 post 45.
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til investeringar til Hovudredningssentralen. Posten dekkjer også enkelte investeringskostnader knytt til det internasjonale, satellittbaserte naudmeldesystemet COSPAS-SARSAT.
På bakgrunn av eit meirbehov på kap. 455 post 21, vert det foreslått å omdisponere 1 mill. kroner frå kap. 455 post 45 til kap. 455 post 21.
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til salær og reise- og kostgodtgjering til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnd av retten i den einskilde saka eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekkjer òg tapt arbeidsforteneste til tolkar og sakkunnige som ikkje har krav på salær i straffesaker. Løyvinga dek-kjer vidare visse utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon, som honorar/godtgjering, og reise- og kursutgifter. Løyvinga dekkjer dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, visse utgifter i sivile saker og utgifter i Justisdepartementet til omsetting i rettsoppmodings- og utleveringssaker.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 466 post 1 med 52 mill. kroner.
Gjeldande løyving under posten i 2010 er 3,3 mill. kroner. Det er vedteke ein utbyttepolitikk for selskapet kor utbytte vert fastsett til 80 pst. av års-overskotet etter skatt. På generalforsamling til Norsk Eiendomsinformasjon as i 2010 vart det vedteke eit utbytte på 7,665 mill. kroner for rekneskapsåret 2009. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 5630 post 85 med 4,365 mill. kroner.
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakføring. Grunna ordninga si karakter er det vanskeleg å anslå utgiftene.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 1 med 1 mill. kroner.
Sakskostnader tilkjend staten i benefiserte saker vert ført under denne posten.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3470 post 1 med 5 mill. kroner.
Utbetalingar som følgjer av at staten er erstatningsansvarleg etter dei alminnelege erstatningsreg-lane eller har inngått forlik utan å vedgå ansvar, vert belasta denne posten. Unnateke er utbetalingar som følgjer av staten sitt ansvar i kontrakttilhøve og ansvar i samband med staten si forretningsdrift.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 471 post 71 med 10 mill. kroner.
Etter straffeprosesslova kapittel 30 og 31, jf. forskrift om standardsatsar for erstatning etter strafforfølging, har ein sikta rett til erstatning for økonomisk tap og til oppreising etter faste satsar for krenking eller anna skade av ikkje-økonomisk art viss vedkommande vert frifunnen, forfølginga vert innstilt eller vedkommande har vore pågripen eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 471 post 72 med 32 mill. kroner.
Justisdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 474 post 1 mot tilsvarande meir-inntekter under kap. 3474 post 2.
På bakgrunn av at venta inntekt i 2010 under kap. 3470 post 2 er auka, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 474 post 1 med 1,5 mill. kroner.
Inntekter på posten er refusjonar som skal dekkje utgiftene til konfliktråda i samband med kurs og konferansar.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3474 post 2 med 1,5 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekkjer staten sine regelstyrte utgifter i samband med behandling av saker om tvangsoppløysing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 475 post 1 med 11 mill. kroner.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jan Bøhler, Sigvald Oppebøen Hansen, Stine Renate Håheim, Thor Lillehovde og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Morten Ørsal Johansen, Åse Michaelsen og lederen Per Sandberg, fra Høyre, André Oktay Dahl og Anders B. Werp, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2010 gjøres følgende endringer:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
400 | Justisdepartementet | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 75 000 | |
frå kr 320 991 000 til kr 320 916 000 | |||
410 | Tingrettane og lagmannsrettane | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, vert redusert med | 10 000 000 | |
frå kr 68 589 000 til kr 58 589 000 | |||
413 | Jordskiftedomstolane | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, vert auka med | 2 000 000 | |
frå kr 5 268 000 til kr 7 268 000 | |||
414 | Forliksråd og andre domsutgifter | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 10 000 000 | |
frå kr 113 231 000 til kr 123 231 000 | |||
430 | Kriminalomsorga si sentrale forvaltning | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 6 156 000 | |
frå kr 3 262 363 000 til kr 3 268 519 000 | |||
70 | Tilskot, vert redusert med | 1 080 000 | |
frå kr 20 631 000 til kr 19 551 000 | |||
432 | Kriminalomsorga sitt utdanningssenter (KRUS) | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 362 000 | |
frå kr 169 197 000 til kr 168 835 000 | |||
440 | Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten | ||
1 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441 post 1, vert auka med | 10 490 000 | |
frå kr 9 102 288 000 til kr 9 112 778 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, vert auka med | 3 500 000 | |
frå kr 188 904 000 til kr 192 404 000 | |||
22 | Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag, kan overførast, vert auka med | 3 000 000 | |
frå kr 6 917 000 til kr 9 917 000 | |||
23 | Sideutgifter i samband med sivile gjeremål, vert auka med | 8 500 000 | |
frå kr 53 383 000 til kr 61 883 000 | |||
73 | Tilskot til EUs yttergrensefond, vert redusert med | 14 679 000 | |
frå kr 96 200 000 til kr 81 521 000 | |||
442 | Politihøgskulen | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 9 500 000 | |
frå kr 402 170 000 til kr 411 670 000 | |||
455 | Redningstenesta | ||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 900 000 | |
frå kr 632 527 000 til kr 631 627 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, vert auka med | 6 000 000 | |
frå kr 8 099 000 til kr 14 099 000 | |||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, vert redusert med | 1 000 000 | |
frå kr 6 358 000 til kr 5 358 000 | |||
466 | Særskilde straffesaksutgifter m.m. | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 52 000 000 | |
frå kr 828 111 000 til kr 880 111 000 | |||
470 | Fri rettshjelp | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 1 000 000 | |
frå kr 5 015 000 til kr 6 015 000 | |||
471 | Staten sitt erstatningsansvar | ||
71 | Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving, vert auka med | 10 000 000 | |
frå kr 97 692 000 til kr 107 692 000 | |||
72 | Erstatning etter straffeforfølging, overslagsløyving, vert auka med | 32 000 000 | |
frå kr 18 336 000 til kr 50 336 000 | |||
474 | Konfliktråd | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 1 500 000 | |
frå kr 58 225 000 til kr 59 725 000 | |||
475 | Bubehandling | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 11 000 000 | |
frå kr 59 959 000 til kr 70 959 000 | |||
Inntekter | |||
3410 | Rettsgebyr | ||
1 | Rettsgebyr, vert auka med | 5 000 000 | |
frå kr 170 739 000 til kr 175 739 000 | |||
3413 | Jordskiftedomstolane | ||
2 | Sideutgifter, vert auka med | 5 000 000 | |
frå kr 5 344 000 til kr 10 344 000 | |||
3430 | Kriminalomsorga si sentrale forvaltning | ||
2 | Inntekter frå arbeidsdrifta, vert auka med | 7 000 000 | |
frå kr 57 966 000 til kr 64 966 000 | |||
3 | Andre inntekter, vert auka med | 5 500 000 | |
frå kr 14 973 000 til kr 20 473 000 | |||
4 | Tilskot, vert redusert med | 424 000 | |
frå kr 1 624 000 til kr 1 200 000 | |||
3432 | Kriminalomsorga sitt utdanningssenter (KRUS) | ||
3 | Andre inntekter, vert redusert med | 362 000 | |
frå kr 862 000 til kr 500 000 | |||
3440 | Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten | ||
1 | Gebyr - pass og våpen, vert redusert med | 20 000 000 | |
frå kr 281 600 000 til kr 261 600 000 | |||
3 | Salsinntekter, vert auka med | 20 000 000 | |
frå kr 50 000 000 til kr 70 000 000 | |||
4 | Gebyr - vaktselskap, vert redusert med | 10 000 000 | |
frå kr 11 207 000 til kr 1 207 000 | |||
7 | Gebyr - sivile gjeremål, vert auka med | 110 000 000 | |
frå kr 505 021 000 til kr 615 021 000 | |||
3441 | Oslo politidistrikt | ||
5 | Personalbarnehage,vert auka med | 2 000 000 | |
frå kr 2 844 000 til kr 4 844 000 | |||
3442 | Politihøgskulen | ||
3 | Inntekter frå Justissektorens kurs- og øvingssenter, vert auka med | 9 500 000 | |
frå kr 9 493 000 til kr 18 993 000 | |||
3456 | Direktoratet for nødkommunikasjon | ||
2 | Refusjonar, vert redusert med | 16 300 000 | |
frå kr 23 496 000 til kr 7 196 000 | |||
5630 | Aksjar i Norsk Eiendomsinformasjon as | ||
85 | Utbytte, vert auka med | 4 365 000 | |
frå kr 3 300 000 til kr 7 665 000 | |||
3470 | Fri rettshjelp | ||
1 | Tilkjende sakskostnader m.m., vert auka med | 5 000 000 | |
frå kr 1 232 000 til kr 6 232 000 | |||
3474 | Konfliktråd | ||
2 | Refusjoner, vert auka med | 1 500 000 | |
frå kr 1 124 000 til kr 2 624 000 |
II
BestillingsfullmaktStortinget samtykkjer i at Justis- og politidepartementet i 2010 kan bestille varer utover gitt løyving, men slik at samla ramme for nye bestillingar og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
Kap. | Post | Formål | Samla ramme |
440 | Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten | ||
1 | Driftsutgifter | 68 mill. kroner |
Oslo, i justiskomiteen, den 26. november 2010
Per Sandberg |
leder og ordfører |